Meld. St. 3 (2022–2023)

Statsrekneskapen 2022

Til innhaldsliste

4 Statens balanse med kommentarar til finanspostar m.m.

Kapittel 4 tek føre seg desse emna: statens balanse med notar til viktige endringar (4.1), statens finansinntekter og finansutgifter (4.2), garantiar (4.3) og hovudprinsippa for føring av statsrekneskapen (4.4).

4.1 Statens balanse med notar

Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av statens balanse med hovudvekt på finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital i staten. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Ei balanseoppstilling på samanstilt nivå er òg presentert i tabell 1.11 i vedlegg 1.

Dei viktigaste eigedelane i balansen er spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel ein del av balansen, jf. vedlegg 5, som syner balansen for desse verksemdene. Den viktigaste gjeldsposten er statsgjelda, som inneheld statskassevekslar, kortsiktige kontolån og faste lån opptekne innanlands.

Tabell 4.1 Statens eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)1)

Tekst

Note

31.12.2021

31.12.2022

Endring

Eigedelar

60. Kontantbehaldning

1

344 142

304 606

-39 536

61. Spesielle fond og forsikringar

2

12 764 939

12 812 628

47 688

62. Verdipapir

3

177 269

178 518

1 249

63. Utlån og uteståande krav

4

553 158

583 606

30 448

64. Ordinære fond

5

162 779

161 567

-1 212

65. Forskot

6

-33

540

573

66. Kapital i statsbankane

7

620

620

68. Fast kapital i statsverksemdene

8

254 573

261 746

7 173

69. Eigenbehaldning statspapir

9

74 514

88 933

14 419

70–72. Mellomvære med rekneskapsførarar

10

-4 355

1 881

6 236

77. Overkurs/underkurs statspapir

11

-5 068

-981

4 087

Sum eigedelar

14 322 538

14 393 664

71 126

Gjeld og eigenkapital

80. Statsgjelda

12

652 533

733 264

80 732

81. Kontolån frå ordinære fond

13

171 512

170 512

-1 000

82. Verksemder med særskilde fullmakter

14

24 134

24 793

659

84. Deposita og avsetjingar

15

15 274

-15 188

-30 462

87. Overførte unytta løyvingar

16

26 878

21 648

-5 229

Sum gjeld

890 331

935 031

44 700

99. Avslutningskonto (eigenkapital)

17

13 432 208

13 458 633

26 426

Sum gjeld og eigenkapital

14 322 538

14 393 664

71 126

1) Det kan vere avvik mellom sumtala i tabellen og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med kapitalrekneskapen i tabell 3.1 i vedlegg 3.

Statens eigedelar auka med 71,1 mrd. kroner i 2022, frå 14 322,5 mrd. kroner til 14 393,7 mrd. kroner. Gjeldssida utanom eigenkapitalen hadde ein netto auke på 44,7 mrd. kroner i 2022, frå 890,3 mrd. kroner til 935,0 mrd. kroner. Eigenkapitalen auka med 26,4 mrd. kroner, frå 13 432,2 mrd. kroner til 13 458,6 mrd. kroner. Vesentlege endringar vert omtalt i notane nedanfor.

Notar:

Note 1. Kontantbehaldninga til staten minka med 39,5 mrd. kroner i 2022. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank. Sjå tabell 1.14 i vedlegg 1.

Note 2. Spesielle fond og forsikringar auka med 47,7 mrd. kroner. Dette kjem av ein minke i bokført verdi av Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på 14,7 mrd. kroner, og ein auke i bokført verdi av Statens pensjonsfond utland (SPU) på 58,3 mrd. kroner. Statens pensjonsfond vert bokført til marknadsverdi i kapitalrekneskapen. Sjå kapittel 3 for nærare omtale.

Bokført verdi for Norfund auka med 4,1 mrd. kroner. Norfund vart i 2022 tilført 2,7 mrd. kroner grunnfondskapital og reservekapital frå staten (jf. kap. 162, postane 95/96 og 75/76), men der 0,7 mrd. kroner av kapitalen gjeld risikokapital/tapsavsetning som ikkje vert aktivert i kapitalrekneskapen. I tilførte midlar for 2022 inngår òg kapitalinnskot og risikokapital på 1,0 mrd. kroner knytte til det nye Klimainvesteringsfondet som vert ein del av Norfunds investeringsverksemd. Annan auke kjem frå Norfunds årsresultat. Sjå tabell 5.7 i vedlegg 5 for balansetal med notar for Norfund.

Note 3. Verdipapir, medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder, auka med netto 1,2 mrd. kroner i 2022. Statens kapitalinnskot i Statskog SF auka kapitalen med 2,3 mrd. kroner. Sal av aksjar i Equinor AS, som ledd i selskapets attkjøpsprogram av eigne aksjar, minka kapitalen med 1,0 mrd. kroner. Sal av aksjar i Aker Solution ASA minka kapitalen med 0,5 mrd. kroner.

Nysnø klimainvestering AS auka med 325 mill. kroner og Store Norske Spitsbergen Kullkompani AS auka med 16 mill. kroner. Kapitalen i Investinor AS auka med 92 mill. kroner og Kongsberg Gruppen ASA minka med 24 mill. kroner. Eksportkreditt Norge AS vart formelt avvikla i 2022 og minka kapitalen med 14 mill. kroner.

Følgjande organisatoriske endringane vart gjennomført i 2022: Equinor ASA og Petoro AS vart overført frå OED til NFD, Electronic Chart Center AS vart overført frå NFD til KDD, og Framsenteret AS vart overført frå SD til NFD.

Sjå tabell 3.6 i vedlegg 3 for oversyn over statens aksjeinteresser.

Note 4. Netto utlån og uteståande krav auka med 30,4 mrd. kroner. Av dette kjem 15,0 mrd. kroner frå netto auke i utlån frå Statens lånekasse for utdanning og 6,0 mrd. kroner frå Husbanken. Netto utlån under bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse auka med 7,3 mrd. kroner. Investeringslåna til helseføretaka auka med 6,1 mrd. kroner, medan driftskredittramma for helseføretaka auka med 3,4 mrd. kroner. Netto lån under Innovasjon Noreg minka med 0,2 mrd. kroner, medan Investinor AS minka med 0,1 mrd. kroner. Utlån frå Eksportfinansiering Norge (Statleg eksportfinansieringsordning) minka netto med 11,0 mrd. kroner. I dette beløpet inngår òg omrekning av lån i utanlandsk valuta til kursen på balansedagen og kapitaliserte renter, sjå òg kapittel 2.17 Statlege utlån. Nytta trekkfullmakt for Eksportfinansiering Norge auka uteståande med netto 3,8 mrd. kroner. Lån til Avinor minka med 0,4 mrd. kroner medan utlån til Statskog SF auka med 0,3 mrd. kroner.

Note 5. Ordinære fond minka med 1,2 mrd. kroner. Lånekassa sitt konverteringsfond auka med 0,4 mrd. kroner. Garantiordninga for Norsk Luftfart minka med 1,5 mrd. kroner, medan garantiordningane knytte til kredittforsikring og reisegaranti minka med høvesvis 268 mill. kroner og 381 mill. kroner. Dei to mellombelse lånegarantiordningane oppretta som følgje av krigen i Ukraina og av høge straumprisar auka med høvesvis 125 mill. kroner og 204 mill. kroner. Garantiordning for lån til små og mellomstore bedrifter minka med 163 mill. kroner. Infrastrukturfondet minka med 2,1 mrd. kroner, medan Fond for OPS-prosjekt på veg auka med 0,9 mrd. kroner. Tilskotsfond landsdekkjande innovasjonsordning minka med 1,3 mrd. kroner, medan Tapsfond landsdekkjande innovasjonslån og garantiar auka med 509 mill. kroner. Fond for tilrettelegging og kvalifiserande næringsutvikling auka med 246 mill. kroner. Klima- og energifondet, inkludert straumstøtteordninga på 1,1 mrd. kroner, auka med 2,1 mrd. kroner.

Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond, jf. note 13. Midlane som fonda har ståande på konto i Noregs Bank, er òg førte opp som kontolån til staten. Sjå òg tabell 3.1 i vedlegg 3 om ordinære fond (eigedelar).

Note 6. Forskot auka med 573 mill. kroner. Forskot på rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar auka med høvesvis 507 mill. kroner og 74 mill. kroner. Oppgjersordningane som vert balanseførte under Helse- og omsorgsdepartementet, jf. kap. 0740 Helsedirektoratet, minka med netto 37 mill. kroner. Forskot på valutakonto EU-prosjekt under SD auka med 29 mill. kroner, sjå òg tabell 3.9 i vedlegg 3.

Note 7. Det var inga endring i samla kapital i statsbankane i 2022.

Note 8. Fast kapital i statsverksemdene auka med 7,2 mrd. kroner i 2022. Kapitalen i SDØE auka med 2,7 mrd. kroner, og kapitalen i Statsbygg auka med 4,4 mrd. kroner. Kapitalen i SPK Forvaltningsbedrift auka med 27 mill. kroner. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3 for detaljar om kapitalen i statsverksemdene.

Note 9. Eigenbehaldning av statspapir auka med 14,4 mrd. kroner. Statsobligasjonar auka med 12,3 mrd. kroner, og statskassevekslar auka med 2,1 mrd. kroner.

Note 10. Statlege verksemder sine mellomvære med statskassa endra seg med 6,2 mrd. kroner, frå -4,4 mrd. kroner i 2021 til 1,9 mrd. kroner i 2022, slik at statskassa netto har ei fordring på verksemdene på 1,9 mrd. kroner per 31.12.2022. Omlegging av pensjonspremieordninga i Statens pensjonskasse (SPK) frå 2022, og nye retningsliner for bokføring av skuldig pensjonspremie mot mellomværet med statskassa, inneber at statlege verksemder isolert sett får ei fordring mot statskassa, medan SPK får ei gjeld mot statskassa. Sjå òg tabell 3.9 i vedlegg 3 der departementa sine mellomvære med staten er spesifiserte.

Stortinget har i saker under 1 mill. kroner gjeve Finansdepartementet fullmakt til å postere differansar og uoppklara saker mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen). I større saker kan Stortinget vedta særskilde fullmakter. Det vart i 2022 ikkje gjort nokon føringar på konto for forskyving i balansen mot kontogruppe 70-72.

Note 11. Overkurs/underkurs på statspapir er per 31.12.2022 bokført med -1,0 mrd. kroner. Dette er ei endring på 4,1 mrd. kroner, frå -5,1 mrd. kroner året før. Overkurs/underkurs knyter seg til statsobligasjonar med fast rentesats og statskassevekslar og vert mellom anna påverka av rentenivå på tidspunktet for utgjeving eller kjøp, løpetid på statspapiret og endringar i rentenivå og -forventningar framover.

Note 12. Statsgjelda auka med 80,7 mrd. kroner. Statskassevekslar auka med 7,7 mrd. kroner og kortsiktige kontolån auka med 6,6 mrd. kroner. Faste lån opptekne innanlands auka med 66,5 mrd. kroner. Endringa i statsgjelda for 2022 er nærare spesifisert i tabell 3.3 i vedlegg 3.

Note 13 Kontogruppe 81 minka med 1,0 mrd. kroner i 2022. Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plasserte i statskassa på konto i Noregs Bank. Dei fonda der staten både eig og kan disponere fondskapitalen, er i tillegg aktiverte i kontogruppe 64 Ordinære fond. Det var ein nedgang i desse fondsmidlane på 1,2 mrd. kroner, jf. omtale i note 5. Andre fondsmidlar som inngår i kontogruppe 81 auka med netto 212 mill. kroner. Gjeldsbrevordninga under Utanriksdepartementet og Norad samla auka med 103 mill. kroner. Norsk pasientskadeerstatning – privat sektor auka med 33 mill. kroner. Alminneleg garantiordning under Eksportfinansiering Norge minka med 124 mill. kroner, medan andre garantiordningar auka med 112 mill. kroner. Landbrukets utviklingsfond og andre fond under Landbruks- og matdepartementet auka samla med 89 mill. kroner. Statens prisreguleringsfond minka med 2 mill. kroner, medan Statens fiskefond og Velferdsfondet for tolletaten auka med 0,3 mill. kroner kvar.

Note 14. Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføre utgifter og inntekter. Dei likvide midlane til verksemdene er plasserte i Noregs Bank og auka med 659 mill. kroner i 2022. Midlane utgjer 24,8 mrd. kroner ved utgangen av året. Staten kan nytte denne likviditeten, som vert notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Eit meir detaljert oversyn over midlane i desse verksemdene står i tabell 3.1 og tabell 3.10 i vedlegg 3.

Auken i 2022 gjeld særleg Noregs forskingsråd som hadde ein auke i bankbehaldninga med 773 mill. kroner. Kunnskapssektorens tenesteleverandør (Sikt) hadde ein auke på 155 mill. kroner, medan universitet og høgskular hadde ein netto nedgang på 268 mill. kroner. Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) hadde ein nedgang på 83 mill. kroner etter avviklinga av Diku som nettobudsjettert verksemd. Veterinærinstituttet hadde ein auke på 44 mill. kroner og Meteorologisk institutt hadde ein auke på 90 mill. kroner. Norsk kulturminnefond hadde ein nedgang på 33 mill. kroner. Andre verksemder hadde ein samla netto nedgang på 20 mill. kroner.

Note 15. Deposita og avsetjingar minka med 30,5 mrd. kroner. Avsetjinga for mellomvære med Statens pensjonsfond utland minka med 31,0 mrd. kroner (slik at staten per 31.12.2022 har 15,9 mrd. kroner til gode på SPU), sjå kapittel 3.1. Avsetjing i statsgjelda (konto 84 00 16) auka med 5,7 mill. kroner, medan avsetjing i Statens vegvesen auka med 490,2 mill. kroner. Avsetjinga i Svalbardrekneskapen (konto 84 50 04) minka med 1,5 mill. kroner. Detaljar om Svalbardrekneskapen står i tabell 5.1–5.3 i vedlegg 5.

Note 16. Unytta løyvingar som vert overførte til neste budsjettår, er registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane frå 2022 til 2023 utgjer til saman 21,6 mrd. kroner, som er 5,2 mrd. kroner mindre enn overført løyving frå 2021 til 2022.

Note 17. Avslutningskontoen syner at statens eigenkapital i 2022 auka med 26,4 mrd. kroner, frå 13 432,2 mrd. kroner til 13 458,6 mrd. kroner. Brutto endring i statens eigedelar og gjeld går fram av tabell 4.1 og note 1–16 ovanfor. Netto endring i konto for forskyving i balansen, som syner endring i eigenkapitalen som skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, går fram av spesifikasjonen nedanfor. Sjå òg tabell 1.13 i vedlegg 1.

Endring i eigenkapitalen over konto for forskyving i balansen (mill. kroner):

2021

2022

61. Endra verdi Statens pensjonsfond

1 488 813

-39 938

99. Overskot før lånetransaksjonar

21 097

27 133

87. Endring avsetjing overførte midlar

-955

5 229

Andre endringar:

41 541

34 002

61. Endra verdi Norfund, ikkje ført på 90-post

5 961

2 140

62. Nettovinst verdipapir

2 744

936

62. Equinor ASA, korreksjon kostpris 2021

8 131

62. Sal av aksjar, vinst Equinors attkjøpsprogram

12 502

63. Driftskreditt Nye veier AS

1 000

63. Lån til Institutt for energiforskning

2

63. Anna tap/ettergiving av lån

1

1

63. Auka utlån til helseføretaka

7 393

6 827

63. Justert driftskredittramme, helseføretaka

6 018

3 377

63. Eksportkredittordninga, valutakurseffekt m.m., jf. note 4

551

2 264

64. Inneståande fond, ikkje ført på 90-post

628

-1 212

65. HOD, oppgjersordningar for H-resept/fritt behandlingsval m.m., jf. kap. 0740

-4

-37

65. Endring i avsetjing av forskot under Statens vegvesen

-111

29

68. Auke i fast kapital i forvaltningsverksemdene

9 229

7 173

Sum endring

1 550 497

26 426

4.2 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 2022 renteinntekter på 14,5 mrd. kroner og renteutgifter på 8,3 mrd. kroner. Netto renteutgifter vart dermed 6,2 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2021 til 2022 minka renteutgiftene med 1,6 mrd. kroner, medan renteinntektene auka med 5,5 mrd. kroner.

Tabell 4.2 Renter (tal i mill. kroner)

2020

2021

2022

1. Renteinntekter i alt1, 2)

12 584

9 117

14 508

Renter frå statsbankane og statsføretaka

9 413

6 268

7 339

Renter av kapital i statens forretningsverksemd

99

699

1 930

Sum renter av kontantbehaldning og andre krav, av dette:

3 073

2 150

5 238

renter av innskot og andre krav

1 838

1 352

4 206

renter av lån til helseføretaka

262

224

282

renter av lån til aksjeselskap

28

24

25

renter frå folketrygda

1

2

2

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga

943

549

723

2. Renteutgifter i alt

10 583

9 871

8 255

Av innanlandsk statsgjeld

10 463

9 760

7 993

Av utanlandsk statsgjeld

0

0

-0,2

Av investeringslån, helseføretak f.o.m. 2008

120

111

263

Netto renteinntekter/renteutgifter (-)

2 002

-754

6 253

1) Sjå òg kapittel 2.17 for omtale av statlege utlån gjennom Statens lånekasse for utdanning, Husbanken, bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, Innovasjon Noreg og eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportfinansiering Noreg.

2) Tal for 2021 avvik noko frå same tabellen i fjor. Renter frå låneordning for pakkereisearrangørar under Innovasjon Noreg er innarbeidd i renter frå statsbankane. Renter av såkornfond er innarbeidd i renter av innskot og andre krav.

Renteinntekter frå statsbankane og statsføretaka er i 2022 på 7,3 mrd. kroner. Av dette er 2,0 mrd. kroner frå Husbanken, 4,3 mrd. kroner frå Lånekassa, 0,8 mrd. kroner frå eksportfinansieringsordninga, 212 mill. kroner frå Innovasjon Noreg og 12 mill. kroner frå SIVA.

Renteinntekter av innskot og andre krav på 4,2 mrd. kroner er i hovudsak førte på kap. 5605 Renter av statskassas kontantbehaldning og andre krav. Av dette er 1,0 mrd. kroner renteinntekter av innanlandske verdipapir knytte til statsgjeldsforvaltinga. Renteinntekter av alminnelege fordringar vart 302,0 mill. kroner, driftskreditt til statsverksemder vart 284,1 mill. kroner, under Eksportfinansiering Noreg vart renter av allmenn garantiordning 109,4 mill. kroner og renter av hybridlån Norwegian Air Shuttle 54,2 mill. kroner og Garantiprovisjon vart 44,4 mill. kroner i 2022. Renter av inneståande på statens foliokonto i Noregs Bank vart 2,4 mrd. kroner.

Opptrekksrenter for investeringslån til helseføretaka på kap. 0732 Regionale helseføretak vart 262,9 mill. kroner. Renteutgiftene på 8.0 mrd. kroner på kap. 1650 Statsgjelda er mellom anna 7,9 mrd. kroner i renteutgifter knytte til statsobligasjonar og statskassevekslar. Det er 5 mill. kroner i netto utgift som er drygt 137 mill. kroner i renteutgifter på kontolån frå ordinære fond og knapt 133 mill. kroner i inntekter knytte til attkjøps- og rentebyteavtalar. Det er 69 mill. kroner i renteutgifter på kontolån frå verksemder som er pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten.

Per 31.12.2022 var statsgjelda 733 mrd. kroner, jf. vedlegg 3, tabell 3.1 og 3.3. Nærare omtale av statens lån i kapitalmarknaden står i Meld. St. 1 (2021?2022) Nasjonalbudsjettet 2022, kap. 3.6 Statens gjeldsforvaltning. Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter i 2022 er omtalt i Prop. 1 S (2021–2022) Statsbudsjettet 2022, kap. 7.

4.3 Garantiar

Staten kan ikkje gje garantiar som kan føre til tap i seinare terminar, utan at Stortinget har gjeve ei garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterer for at låntakarar oppfyller skyldnadene sine overfor långivarar.

Tabell 4.3 syner samla garantiansvar etter departement for 2021 og 2022. Per 31.12.2022 har staten gjeve garantiar med eit samla garantiansvar på 189,1 mrd. kroner. Dette er 11,7 mrd. kroner lågare enn i 2021.

Under Nærings- og fiskeridepartementet minka ansvaret i 2022 netto med 22,2 mrd. kroner, og det meste gjeld den allmenne garantiordninga og «gammal allmenn ordning» under Eksportfinansiering Noreg (Eksfin) som minka netto med 19,3 mrd. kroner, medan garantiordninga for Norsk Luftfart minka med netto 1,9 mrd. kroner og Skipsgarantiordninga minka netto med 0,7 mrd. kroner.

Samla garantiansvar under Utanriksdepartementet auka med 5,1 mrd. kroner. Under Samferdselsdepartementet auka samla garantiansvar med 5,7 mrd. kroner, medan under Finansdepartementet minka garantiansvaret med netto 0,4 mrd. kroner.

Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2022 var på 9,5 mrd. kroner, og dette kjem av utbetalingar under Eksfin, alminneleg garantiordning og gammal alm. ordning og Innovasjon Noreg, realinvesteringar og driftskreditt og utbetalingar under den statlege garantiordninga for Norsk luftfart, og garantiordninga for re-forsikring kredittforsikring.

Vedlegg 4 inneheld meir informasjon om dei ulike garantiordningane (tabell 4.1 og 4.2 med notar).

Tabell 4.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12. (tal i mill. kroner)

Garantiansvar per 31.12.2021

Utbetalt ved tap i 2022

Garantiansvar per 31.12.2022

Utanriksdepartementet

45 677,4

50 764,6

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

202,7

200,9

Nærings- og fiskeridepartementet

115 499,0

9 378,3

93 348,2

Samferdselsdepartementet

12 415,3

18 100,1

Finansdepartementet

26 013,9

159,3

265 657,4

Olje- og energidepartementet

1 000,0

1 000,0

Sum

200 808,2

9 537,6

189 071,3

4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Desse hovudprinsippa ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i samsvar med løyvingsvedtak i Stortinget. Av Finansdepartementets rundskriv R-101 går det av pkt. 5.1.1 fram einskilde tilfelle der statlege verksemder har unntak frå eit reindyrka kontantprinsipp.

  • Rekneskapen vert kvart år sett opp med ein rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Han skal òg innehalde eit oversyn over garantiar, tilsegnsfullmakter og bestillingsfullmakter som gjeld per 31. desember.

  • Løyvingsrekneskapen vert sett opp etter den inndelinga som Stortinget har fastsett for budsjettet.

  • Løyvingsrekneskapen vert ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter vert sette opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien i kapitalrekneskapen vert sett til historisk verdi på transaksjonstidspunktet. Unntak er Statens pensjonsfond og Norfund, som nyttar marknadsverdi. Lån under eksportkredittordninga i utanlandsk valuta vert omrekna til kursen på balansedagen.

  • Lånetransaksjonar på 90-postar i løyvingsrekneskapen (lån, tilbakebetalingar m.m.) vert førte i kapitalrekneskapen som auke/nedgang i statens eigedelar og gjeld.

  • Statsrekneskapen er bygd på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterer til statsrekneskapen, og rapportering frå kvart departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemder sine mellomvære med statskassa er stadfesta av kvart departement.

  • Rapporterte betalingar i kvar verksemd er avstemte mot statens konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Statens løyvingsrekneskap vert gjord opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.9. Brutto finansieringsbehov går fram av kapittel 5999 Statslånemidlar og vert ført mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen) i kapitalrekneskapen. Tabell 1.14 i vedlegg 1 syner samanhengen mellom finansieringsbehovet og faktisk endring i kontantbehaldninga. Netto endring i konto for forskyving i balansen skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, jf. note 17 i kapittel 4.1.

Til forsida