Meld. St. 3 (2023–2024)

Statsrekneskapen 2023

Til innhaldsliste

3 Statens pensjonsfond

Lov om Statens pensjonsfond tok til å gjelde 1. januar 2006. Same dato vart Statens pensjonsfond skipa som overbygning over det som før var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Desse to fonda skifta samstundes namn til høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i fonda er vidareført under den nye overbygningen. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 16 115,0 mrd. kroner ved utgangen av 2023, tilsvarande ein auke på 3 383,4 mrd. kroner frå utgangen av 2022. Kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.

Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)

2022

2023

Endring

SPU

12 413 461

15 760 765

3 347 304

SPN

318 200

354 264

36 064

Statens pensjonsfond

12 731 662

16 115 029

3 383 368

3.1 Statens pensjonsfond utland

Inntektene og utgiftene i SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2023 er summen av statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanstransaksjonar (medrekna ev. kjøp og sal av aksjar i Equinor ASA), og avkastninga av fondets investeringar. Utgiftene i fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget.1 Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen om handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond vart det etablert som praksis at overføringa svarer til det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. Overføringa frå SPU til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett. Etter handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle, oljekorrigerte underskotet over tid svare til venta realavkastning av SPU.

SPU vert forvalta som eit kroneinnskot i Noregs Bank og er ein del av balansen i rekneskapen til banken. Kroneinnskotet har same verdi som banken sin særskilde portefølje av utanlandske eigedelar tilknytt SPU. Rekneskapen for kroneinnskotet vert såleis ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter IFRS. Det stortingsoppnemnde representantskapet skal etter sentralbanklova føre tilsyn med drifta av banken, medrekna kapitalforvaltninga. Representantskapet peikar ut ekstern revisor for Noregs Bank.

Tabell 3.3 nedanfor syner eit resultatoppsett for SPU med resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond. Tabell 3.4 syner balansen til fondet. I tabell 3.2 er dei månadlege kontantoverføringane mellom fondet og statskassa spesifiserte.

Resultatoppsettet i tabell 3.3 syner ein auke i verdiane i SPU på 3 347,3 mrd. kroner i 2023. Netto kontantstraum frå statens petroleumsverksemd var på 978,1 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2023 vart det overført 286,2 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet. Staten hadde i 2023 også netto finanstransaksjonar som påverka resultatet i SPU2, jf. lov om Statens pensjonsfond § 4. Avkastninga av plasseringane til fondet var 2 616,4 mrd. kroner, jf. Noregs Banks årsmelding om SPU. Av dette kjem til saman 338,6 mrd. kroner3 frå renter, utbyte, og netto andre postar inkludert skattekostnad, med frådrag for forvaltningskostnader, medan 148,7 mrd. kroner kjem frå netto realiserte vinstar/tap på verdipapir og 1 719,7 mrd. kroner kjem frå netto urealiserte vinstar/tap på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ein auke i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 409,4 mrd. kroner som følgje av svekka kronekurs i 2023. Noregs Banks årsmelding om SPU syner eit positivt resultat frå forvaltning på 2 213,6 mrd. kroner, før valutakursregulering og forvaltningskostnader (jf. spesifikasjon i tabell 3.3, note 4).

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna eventuelle finanstransaksjonar i samband med at staten har kjøpt eller selt aksjar i Equinor ASA, og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet i statsbudsjettet. For 2023 er netto avsetjing 730,9 mrd. kroner.4 Kontantoverføringane mellom statskassa og fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing der ein òg tek omsyn til om det vart overført for mykje eller for lite året før. Dei månadlege kontantoverføringane og samanhengen med netto avsetjing til SPU kjem fram i tabell 3.2.

Tabell 3.2 Kontantoverføringar SPU (tal i mill. kroner)

Overføring til SPU

2022

2023

Januar

30 000

74 000

Februar

30 000

72 000

Mars

80 000

71 000

April

80 000

55 000

Mai

62 000

60 000

Juni

76 000

60 000

Juli

76 000

60 000

August

100 000

37 000

September

130 000

42 000

Oktober

150 000

52 000

November

141 000

82 000

Desember

134 800

46 000

Sum kontantoverføringar til/frå(-) SPU*)

1 089 800

711 000

+ Oppgjer av mellomrekninga frå i fjor

-15 084

15 872

– Netto avsetjing til SPU i år, inkl. finanspostar

1 058 844

730 918

For lite (-)/mykje overført til SPU i år

15 872

-4 046

*) For 2023 vart det til saman overført 711,0 mrd. kroner til fondet. I 2022 vart det overført 15 872 mill. kroner for mykje til fondet frå statskassa, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2022. Dei kontante overføringane frå statskassa til SPU i 2023 enda opp med å vere 4 046 mill. kroner lågare enn netto avsetjing til SPU inkl. finanspostar og mellomrekninga per 31.12.2022 skulle tilseie, slik at statskassa har ei gjeld til SPU. I kapitalrekneskapen per 31. desember er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. Sjå òg tabell 3.4 for spesifikasjon. I tråd med tidlegare praksis vert mellomrekninga gjord opp i overføringane mellom fondet og staten året etter.

Samla verdi av fondet ved utgangen av 2023 er bokført til 15 760,8 mrd. kroner i kapitalrekneskapen. Dette svarer til marknadsverdien av fondet på 15 756,7 mrd. kroner og mellomrekninga på 4,1 mrd. kroner i favør av SPU. Balansen i SPU er nærare spesifisert i tabell 3.4, der bruttotal for balansen til fondet òg kjem fram.

Kapitalen i SPU er plassert i renteberande verdipapir, i aksjar noterte på børs og i unotert eigedom og infrastruktur. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i mandatet for fondet definert nærare innretting for forvaltninga. Samansetjinga av referanseindeksen for fondet vert nærare omtalt i Meld. St. 22 (2023–2024) Statens pensjonsfond 2024.

Den 27. februar 2024 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for forvaltninga av SPU.

Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarer til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2023. I samsvar med forskrift om årsrekneskap m.m. gjeldande frå 2011 følgjer Noregs Bank dei internasjonale rekneskapsstandardane IFRS i rekneskapsrapporteringa.5 Årsmeldinga syner at den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 15 756,7 mrd. kroner ved utgangen av 2023. Avkastninga av dei utanlandske investeringane i fondet vart på 16,1 prosent for heile 2023 målt i valutakorga til fondet. Valutakorga er ei vekta samansetjing av valutaene i referanseindeksane for aksjar og obligasjonar. Når ein fordeler avkastninga på aksje-, obligasjons- og eigedomsporteføljane, ser ein at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 21,3 prosent, obligasjonsinvesteringane gav 6,1 prosent, dei unoterte eigedomsinvesteringane -12,4 prosent og dei unoterte infrastrukturinvesteringane 3,7 prosent.

Verdien av den norske krona svekka seg i 2023 mot fleire av valutaene fondet er investert i. Isolert sett vart verdien av fondet målt i norske kroner 409,4 mrd. kroner høgare som følgje av dette. Det er avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.

Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastninga i fondet i samsvar med mandatet for Noregs Bank si forvaltning av SPU. For 2023 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,05 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med, og kom på 1 343 mill. kroner i 2023 mot 718 mill. kroner i 2022. Til saman utgjorde forvaltningskostnadene til Noregs Bank, medrekna eksterne forvaltarar, 6 632 mill. kroner i 2023, mot 5 226 mill. kroner i 2022. Forvaltningskostnadene er nærare spesifiserte i note 12 i Noregs Bank si årsmelding om SPU for 2023, og kostnadsutviklinga vert nærare omtalt i Meld. St. 22 (2023–2024) Statens pensjonsfond 2024, der årsmeldinga til Noregs Bank er uprenta vedlegg.

Tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU1) (tal i mill. kroner)

Notar

2022

2023

Inntekter frå netto kontantstraum (jf. kap. 2800, 50)

1

1 285 223

978 064

Inntekt frå netto finanstransaksjonar (jf. kap. 2800, 96)

2

83 496

39 071

Utgift ved overføring til statsbudsjettet (jf. kap. 5800, 50)

3

-309 875

-286 217

Netto avsetjing til SPU i statsbudsjettet

1 058 844

730 918

Avkastning av plasseringane til fondet

4

-1 000 551

2 616 385

Samla endring SPU

58 292

3 347 304

1) Tabellen inneheld resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond.

Note 1 Inntekter frå netto kontantstraum

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vert overført til SPU over kapittel 2800, post 50 i statsbudsjettet. Netto kontantstraum utgjer desse postane i statsbudsjettet (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

2022

2023

INNTEKTER

5507

Skatt og avgift på utvinning av petroleum

71

Ordinær skatt på formue og inntekt

212 995

188 239

72

Særskatt på oljeinntekter

500 626

426 187

74

Arealavgift m.m.

1 050

1 319

Sum kap. 5507

714 671

615 746

5508

70

Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

6 258

7 496

5509

70

Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

1

4

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat

528 720

277 003

30

Avskrivingar

26 314

27 206

80

Renter av statens kapital

2 383

2 708

85

Renter på mellomvære

-5

-11

Sum kap. 5440

557 412

306 906

5685

85

Utbyte frå Equinor ASA

35 258

78 309

Sum inntekter frå petroleumsverksemda

1 313 601

1 008 461

UTGIFTER

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

30

Investeringar

28 378

30 396

Sum utgifter til petroleumsverksemda

28 378

30 396

Sum netto kontantstraum

1 285 223

978 064

2800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring til fondet

1 285 223

978 064

Note 2 Inntekt frå netto finanstransaksjonar

I 2022 var det finanstransaksjonar på til saman 83,5 mrd. kroner som påverka resultatet for SPU. I 2023 vart det seld aksjar til Equinor ASA for innløysing for 39 071 mill. kroner, som ledd i Equinors atterkjøpsprogram av eigne aksjar. Dette påverkar resultatoppsettet for SPU i 2023, jf. tabell 3.3 ovanfor.

Kap.

Post

2022

2023

3955

Equinor ASA

96

Sal av aksjar

13 496

39 071

Sum finanstransaksjonar

13 496

39 071

2800

Statens pensjonsfond utland

96

Finanspostar overført til fondet

83 496

39 071

Note 3 Utgift ved overføring til statsbudsjettet

Overføringa frå SPU til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember og ført til inntekt over kapittel 5800, post 50 (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

2022

2023

5800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring frå fondet

309 875

286 217

Note 4 Inntekter frå avkastning av fondet

Noregs Banks resultatrekneskap for SPU (tal i mill. kroner):

2022

2023

Resultat frå porteføljen før vinst/tap valuta

Inntekt/kostnad frå

– aksjar

-1 201 835

2 030 561

– obligasjonar

-453 128

231 769

– unotert eigedom

-2 213

-47 389

– unotert infrastruktur

897

-257

– finansielle derivat

23 926

15 752

– utlån med sikkerhetsstillelse

4 845

9 922

– innlån med sikkerhetsstillelse

-4 792

-13 278

Skattekostnad1)

-4 850

-13 555

Renteinntekt/-kostnad

-22

49

Annan inntekt/kostnad

-4

4

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta2)

-1 637 176

2 213 577

Vinst/tap valuta

641 850

409 441

Porteføljeresultat

-995 326

2 623 018

Forvaltningskostnad

-5 226

-6 632

Resultat og totalresultat

-1 000 551

2 616 385

1) Sjå note 9 Skattekostnad i Noregs Banks årsrapport for SPU.

2) I Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er porteføljeresultat før vinst/tap valuta spesifisert nærare i notane 4, 6, 7, 10 og 13. Referanse til tabellar med slik spesifikasjon står i parentes nedanfor (tal i mill. kroner):

Renter

Utbyte

Real. vinst/tap

Ureal. vinst/tap

Andre postar

Sum

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

- aksjar (4.1)

240 842

236 321

1 553 398

2 030 561

- obligasjonar (4.2)

109 431

-101 065

223 402

231 769

- unotert eigedom (6.1)

6 8611)

-54 251

-47 389

- unotert infrastruktur (7.1)

752

-1 010

-257

- finansielle derivat (4.3)

4 185

13 404

-1 837

15 752

Inntekt/kostnad frå utlån med sikkerhetsstillelse (13.1)

9 922

9 922

Inntekt/kostnad frå innlån med sikkerhetsstillelse (13.1)

-13 278

-13 278

Renteinntekt/kostnad

49

49

Skattekostnad (10.1)

-13 555

-13 555

Annan inntekt/kostnad

4

4

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta

121 278

240 842

148 660

1 719 702

-16 907

2 213 577

Summen av renteinntekter (121,3 mrd. kroner), aksjeutbyte (240,8 mrd. kroner) og netto andre postar inkludert skattekostnad (-16,9 mrd. kroner), med frådrag av forvaltningskostnader (6,6 mrd. kroner) utgjer 338,6 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

1) Talet inkluderer renter og utbyte som ikkje er fordelte.

Tabell 3.4 Balanse for SPU per 31.12. (tal i mill. kroner)

Eigedelar

2022

2023

Mellomrekning med statskassa1)

0

4 046

Konto i Noregs Bank2)

12 429 334

15 756 719

Sum eigedelar

12 429 334

15 760 765

Gjeld og eigenkapital

Mellomrekning med statskassa1)

15 872

0

Eigenkapital

12 413 461

15 760 765

Sum gjeld og eigenkapital

12 429 334

15 760 765

1) Dei kontante overføringane frå statskassa til SPU i 2023 vart 4 046 mill. kroner lågare enn netto avsetjing til SPU inkl. finanspostar og mellomrekninga per 31.12.2022 skulle tilseie. Denne differansen utgjer per 31.12.2023 ei gjeld som statskassa har til fondet, og som vert avrekna i overføringane mellom fondet og statskassa i 2024. Tilsvarande tal per 31.12.2022 var ei fordring som statskassa hadde på fondet på 15 872 mill. kroner som vart avrekna i overføringane i 2023.

2) I samsvar med mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland fastsett 8. november 2010 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12:

Tal i mill. kroner

2022

2023

Eigedelar

Innskot i bankar

12 061

8 584

Utlån med sikkerhetsstillelse

462 982

728 559

Avgiven kontantsikkerheit

21 601

19 361

Uoppgjorde handlar

11 428

33 812

Aksjar

8 138 602

10 577 325

Utlånte aksjar

451 799

493 949

Obligasjonar

2 968 272

3 563 613

Utlånte obligasjonar

886 555

1 006 711

Finansielle derivat

20 498

19 192

Unotert eigedom

329 732

300 541

Unotert infrastruktur

14 489

17 593

Fordring kjeldeskatt

8 937

10 522

Andre eigedelar

2 017

2 752

Fordring forvaltningsgodtgjering

274

168

Sum eigedelar

13 329 248

16 782 681

Gjeld og eigenkapital

Innlån med sikkerhetsstillelse

796 082

911 548

Motteken kontantsikring

14 801

28 754

Uoppgjorde handlar

44 329

44 247

Finansielle derivat

40 159

33 055

Utsett skatt

4 488

8 246

Anna gjeld

56

112

Sum gjeld

899 915

1 025 962

Eigenkapital SPU

12 429 334

15 756 719

Sum gjeld og eigenkapital

13 329 248

16 782 681

3.2 Statens pensjonsfond Noreg

Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på oppdrag frå Finansdepartementet.

Folketrygdfondet offentleggjorde 16. februar 2024 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2023.

Aksje- og obligasjonsplasseringane vert førte til marknadsverdi i Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN, jf. tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN. Eigenkapitalen i SPN var ved utgangen av 2023 354,3 mrd. kroner, mot 318,2 mrd. kroner året før. I årsmeldinga til Folketrygdfondet vert dei ulike eigedels- og gjeldspostane fordelte til høvesvis aksjeporteføljen og renteporteføljen. Sjå note 5 Porteføljeområde i Folketrygdfondet sin rekneskap for SPN. Fordelinga syner at bokført verdi av SPNs aksjeportefølje (målt ved statens kapitalinnskot alt. eigenkapitalen) ved utgangen av 2023 var 218,0 mrd. kroner, og bokført verdi av renteporteføljen var 136,3 mrd. kroner. Tilsvarande tal for 2022 var høvesvis 191,5 mrd. kroner og 126,7 mrd. kroner.

I 2023 syner resultatet til SPN eit overskot på 36,1 mrd. kroner, jf. tabell 3.5 nedanfor.6 Det var ei vinst på aksjar på 25,9 mrd. kroner. Vinsten på obligasjonar og andre renteberande papir var 9,9 mrd. kroner, og det var 1,3 mrd. kroner i vinst på finansielle derivat. Spesifikasjonen under tabell 3.5 nedanfor syner at renteinntekter utgjorde 3,7 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 12,9 mrd. kroner. Netto realisert vinst/tap på verdipapir var 2,5 mrd. kroner, medan netto urealisert vinst/tap var 17,3 mrd. kroner. Samla forvaltningskostnader var 207 mill. kroner, som er 0,06 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 2023. Forvaltningskostnadene er kostnadene til Folketrygdfondet si forvaltning av fondet. Dette er nærare omtalt i årsmeldinga til Folketrygdfondet og i Meld. St. 22 (2023–2024) Statens pensjonsfond 2024.

Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2023. Avkastninga av fondet i 2023 var på 11,4 prosent før forvaltningskostnader. Avkastninga av plasseringane i renteinstrument var på 8,1 prosent, medan avkastninga av aksjar var på 13,6 prosent.

Folketrygdfondet si forvaltning av SPN vart i 2023 revidert av revisjonsselskapet KPMG, som er oppnemnt av Finansdepartementet.

Tabell 3.5 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN1) (tal i mill. kroner)

2022

2023

Inntekt og kostnad på finansielle eigedelar og gjeld til verkeleg verdi over resultatet:

– aksjar

-3 176

25 869

– obligasjonar og andre renteberande papir

-3 016

9 917

– finansielle derivat og tilknytta sikkerhetsstillelse

-8 380

1 287

– Utlån, innlån og tilknytta sikkerhetsstillelse

-112

-1 084

Bankkontoar

128

266

Andre porteføljeinntekter/-kostnader

4

15

Porteføljeresultat2)

-14 551

36 271

Forvaltningskostnader

-183

-207

Totalresultat SPN

-14 735

36 064

1) Det er frå rekneskapsåret 2023 gjort endringar i presentasjonen av oppstilling over SPNs totalresultat og finansielle stilling. Dette er gjort ved å dele inn oppstillinga over totalresultat og finansiell stilling i postar/ liner som gjer det enklare å relatere resultatpostar til tilhøyrande postar i finansiell stilling. Samanlikningstal for 2022 er omklassifiserte tilsvarande. Sjå òg note 1 til Folketrygdfondets rekneskapsoppstilling for SPN for dokumentasjon av korleis tala er omarbeidde.

2) I Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN er porteføljeresultatet spesifisert nærare i note 6. Referanse til tabellar med slik spesifikasjon står i parentes nedanfor (tal i mill. kroner):

Utbyte

Renter

Real. vinst/tap

Ureal. vinst/tap

Andre postar

Sum

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

– aksjar (6.1)

12 886

3 168

9 841

-26

25 869

– obligasjonar (6.2)

6 052

-82

3 947

9 917

– finansielle derivat m.m. (6.3)

-2 107

-599

3 489

504

1 287

– utlån/innlån med sikkerhetsstillelse (6.4)

-436

-648

- 1 084

– Bankkontoar (6.5)

224

42

266

Annan inntekt/kostnad

15

15

Porteføljeresultat

12 886

3 733

2 487

17 277

-113

36 271

Summen av renteinntekter (3 733 mill. kroner), aksjeutbyte (12 886 mill. kroner fråtrukke kjeldeskatt) og netto andre inntekter (-113 mill. kroner), med frådrag for forvaltningskostnader (207 mill. kroner), utgjer 16 299 mill. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4, i kapittel 1.

Tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN1) per 31.12. (tal i mill. kroner)

2022

2023

Eigedelar

Kontantar og kontantekvivalentar

5 446

5 716

Stilt kontantsikring knytte til utlån og innlån

1 738

914

Stilt kontantsikring knytte til finansielle derivat

6 168

3 102

Uoppgjorde handlar

24

911

Aksjar

182 087

208 528

Utlånte aksjar

9 279

8 786

Obligasjonar og andre renteberande papir

126 120

131 967

Utlånte obligasjonar og andre renteberande papir

5 798

5 223

Finansielle derivat

2 698

3 582

Fordringar

140

95

Sum eigedelar

339 498

368 824

Gjeld og eigenkapital

Motteken kontantsikring knytte til utlån og innlån

12 272

7 095

Motteken kontantsikring knytte til finansielle derivat

4

343

Uoppgjorde handlar

32

790

Finansielle derivat

8 956

6 306

Andre forpliktingar og avsetjingar

13

-

Skuldig forvaltningsgodtgjersle

21

26

Sum gjeld

21 298

14 560

Eigenkapital SPN

318 200

354 264

Sum gjeld og eigenkapital

339 498

368 824

1) Det er frå rekneskapsåret 2023 gjort endringar i presentasjonen av oppstilling over SPNs totalresultat og finansielle stilling. Dette er gjort ved å dele inn oppstillinga over totalresultat og finansiell stilling i poster/ liner som gjer det enklare å relatere resultatpostar til tilhøyrande postar i finansiell stilling. Samanlikningstal for 2022 er omklassifiserte tilsvarande. Sjå òg note 1 til Folketrygdfondets rekneskapsoppstilling for SPN for dokumentasjon av korleis tala er omarbeidde.

Fotnotar

1.

Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember.

2.

Sjå omtale i note 2 til tabell 3.3.

3.

Summen av renteinntekter og aksjeutbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, utgjer 338,6 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1. I tabell 3.3, note 4 er elementa i dette sumtalet nærare spesifiserte.

4.

Sjå tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU. Netto avsetjing til SPU i 2023 (730 918 mill. kroner) er netto kontantstraum (978 064 mill. kroner), netto finanstransaksjonar (39 071 mill. kroner), og med frådrag av overføringa til statsbudsjettet frå fondet (286 217 mill. kroner).

5.

Meir om retningsliner for Noregs Banks årsrekneskap og rekneskapsprinsipp står i notane 1 og 2 i Noregs Banks årsrekneskap for SPU.

6.

Sjå fotnotar til resultatet i tabell 3.5 som syner samanhengen med statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

Til forsida