Meld. St. 3 (2023–2024)

Statsrekneskapen 2023

Til innhaldsliste

4 Statens balanse med kommentarar til finanspostar m.m.

Kapittel 4 tek føre seg desse emna: statens balanse med notar til viktige endringar (4.1), statens finansinntekter og finansutgifter (4.2), garantiar (4.3) og hovudprinsippa for føring av statsrekneskapen (4.4).

4.1 Statens balanse med notar

Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av statens balanse med hovudvekt på finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital i staten. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Ei balanseoppstilling på samanstilt nivå er òg presentert i tabell 1.11 i vedlegg 1.

Dei viktigaste eigedelane i balansen er spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel ein del av balansen, jf. vedlegg 5, som syner balansen for desse verksemdene. Den viktigaste gjeldsposten er statsgjelda, som inneheld statskassevekslar, kortsiktige kontolån og faste lån opptekne innanlands.

Tabell 4.1 Statens eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)1)

Tekst

Note

31.12.2022

31.12.2023

Endring

Eigedelar

60. Kontantbehaldning

1

304 606

281 816

-22 790

61. Spesielle fond og forsikringar

2

12 812 628

16 199 858

3 387 230

62. Verdipapir

3

178 518

181 663

3 145

63. Utlån og uteståande krav

4

583 606

643 870

60 264

64. Ordinære fond

5

161 567

64 461

-97 105

65. Forskot

6

540

191

-349

66. Kapital i statsbankane

7

620

620

68. Fast kapital i statsverksemdene

8

261 746

266 579

4 833

69. Eigenbehaldning statspapir

9

88 933

54 208

-34 725

70–72. Mellomvære med rekneskapsførarar

10

1 881

6 415

4 533

77. Overkurs/underkurs statspapir

11

-981

4 357

5 339

Sum eigedelar

14 393 664

17 704 038

3 310 374

Gjeld og eigenkapital

80. Statsgjelda

12

733 264

709 529

-23 735

81. Kontolån frå ordinære fond

13

170 512

74 951

-95 561

82. Verksemder med særskilde fullmakter

14

24 793

24 805

11

84. Deposita og avsetjingar

15

-15 188

4 855

20 043

87. Overførte unytta løyvingar

16

21 648

20 803

-845

Sum gjeld

935 031

834 943

-100 087

99. Avslutningskonto (eigenkapital)

17

13 458 633

16 869 095

3 410 461

Sum gjeld og eigenkapital

14 393 664

17 704 038

3 310 374

1) Det kan vere avvik mellom sumtala i tabellen og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med kapitalrekneskapen i tabell 3.1 i vedlegg 3.

Statens eigedelar auka med 3 310,4 mrd. kroner i 2023, frå 14 393,7 mrd. kroner til 17 704,0 mrd. kroner. Gjeldssida utanom eigenkapitalen hadde ein netto nedgang på 100,1 mrd. kroner i 2023, frå 935,0 mrd. kroner til 834,9 mrd. kroner. Eigenkapitalen auka med 3 410,5 mrd. kroner, frå 13 458,6 mrd. kroner til 16 869,1 mrd. kroner. Vesentlege endringar vert omtalt i notane nedanfor.

Notar:

Note 1. Kontantbehaldninga til staten minka med 22,8 mrd. kroner i 2023. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank. Sjå tabell 1.14 i vedlegg 1.

Note 2. Spesielle fond og forsikringar auka med 3 387,2 mrd. kroner. Dette kjem av ein auke i bokført verdi av Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på 36,1 mrd. kroner, og ein auke i bokført verdi av Statens pensjonsfond utland (SPU) på 3 347,3 mrd. kroner. Statens pensjonsfond vert bokført til marknadsverdi i kapitalrekneskapen. Sjå kapittel 3 for nærare omtale.

Bokført verdi for Norfund auka med 3,9 mrd. kroner. Norfund vart i 2023 tilført 2,7 mrd. kroner grunnfondskapital og reservekapital frå staten (jf. kap. 162, postane 95/96 og 75/76), men der 0,7 mrd. kroner av kapitalen gjeld risikokapital/(tapsavsetjing) som ikkje vert aktivert i kapitalrekneskapen. I tilførte midlar for 2023 inngår òg kapitalinnskot og risikokapital på 1,0 mrd. kroner knytte til det Klimainvesteringsfondet som er ein del av Norfunds investeringsverksemd. Annan auke på 1,9 mrd. kroner kjem frå Norfunds årsresultat. Sjå tabell 5.7 i vedlegg 5 for balansetal med notar for Norfund.

Note 3. Verdipapir, medrekna kapitalen i sjølvstendige verksemder i staten, auka med netto 3,1 mrd. kroner i 2023. Sal av aksjar i Equinor AS, (som ledd i attkjøpsprogrammet av eigne aksjar), minka kapitalen med 2,1 mrd. kroner. Nysnø klimainvestering AS auka med 1,6 mrd. kroner, Investinor AS auka med 109,5 mill. kroner, Space Norway AS auka med 2,85 mrd. kroner, og Siva SF auka med 715 mill. kroner. For dei børsnoterte selskapa DNB Bank ASA, Norsk Hydro ASA og Kongsberg Gruppen ASA minka kapitalen med høvesvis 74,7 mill. kroner, 75,3 mill. kroner og 22,1 mill. kroner som følgje av attkjøpsprogram av eigne aksjar i desse selskapa. Kapitalen i Rygge 1 AS vart oppjustert med 128 mill. kroner, som følgje av eit kapitalinnskot i selskapet i desember 2019 som tidlegare ikkje har vore registrert i kapitalrekneskapen.

Følgjande organisatoriske endringar vart gjennomført i 2023: Eigarskap til Spordrift AS vart overført til Bane NOR SF frå staten v/Samferdselsdepartementet.

Sjå tabell 3.6 i vedlegg 3 for oversyn over aksjeinteressene i staten.

Note 4. Netto utlån og uteståande krav auka med 60,3 mrd. kroner. Av dette kjem 17,0 mrd. kroner frå netto auke i utlån frå Statens lånekasse for utdanning og 8,4 mrd. kroner frå Husbanken. Netto utlån under bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse auka med 22,2 mrd. kroner. Investeringslåna til helseføretaka auka med 11,1 mrd. kroner, medan driftskredittramma for helseføretaka auka med 9,4 mrd. kroner.

Netto lån under Innovasjon Noreg minka med 0,7 mrd. kroner, medan Investinor AS auka med 27,2 mill. kroner. Utlån frå Eksportfinansiering Noreg (Statleg eksportfinansieringsordning) auka netto med 3,0 mrd. kroner. I dette beløpet inngår òg omrekning av lån i utanlandsk valuta til kursen på balansedagen og kapitaliserte renter, sjå òg kapittel 2.17 Statlege utlån. Nytta trekkfullmakt for Eksportfinansiering Noreg (alminneleg garantiordning) minka uteståande med netto 8,8 mrd. kroner. Lån til Avinor AS minka med 0,4 mrd. kroner og driftskredittramma for Nye Veier AS minka med 0,9 mrd. kroner.

Note 5. Ordinære fond minka med 97,1 mrd. kroner. Infrastrukturfondet minka med 100 mrd. kroner og vart avvikla i 2023. Klima- og energifondet, inkludert straumstøtteordninga på 1,0 mrd. kroner, auka med 3,8 mrd. kroner. Lånekassa sitt konverteringsfond auka med 0,5 mrd. kroner. Garantiordninga for Norsk Luftfart minka med 4,0 mrd. kroner, medan garantiordningane knytte til kredittforsikring og reisegaranti minka med høvesvis 66 mill. kroner og 12 mill. kroner. Dei to mellombelse lånegarantiordningane som vart oppretta som følgje av krigen i Ukraina og av høge straumprisar, minka med høvesvis 125 mill. kroner og 2 mill. kroner. Garantiordning for lån til små og mellomstore bedrifter minka med 198 mill. kroner og Fond for OPS-prosjekt på veg minka med 82 mill. kroner. Tilskotsfond landsdekkjande innovasjonsordning minka med 1,0 mrd. kroner, medan Tapsfond landsdekkjande innovasjonslån og garantiar auka med 0,2 mrd. kroner. Fond for tilrettelegging og kvalifiserande næringsutvikling auka med 78 mill. kroner.

Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond, jf. note 13. Midlane som fonda har ståande på konto i Noregs Bank, er òg førte opp som kontolån til staten. Sjå òg tabell 3.1 i vedlegg 3 om ordinære fond (eigedelar).

Note 6. Forskot minka med 349 mill. kroner. Forskot på rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar minka med høvesvis 382,5 mill. kroner og 74,1 mill. kroner. Oppgjersordningane som vert balanseførte under Helse- og omsorgsdepartementet, jf. kap. 0740 Helsedirektoratet, auka med netto 119 mill. kroner. Forskot på valutakonto EU-prosjekt under SD minka med 11 mill. kroner.

Note 7. Det var inga endring i samla kapital i statsbankane i 2023

Note 8. Fast kapital i statsverksemdene auka med 4,8 mrd. kroner i 2023. Kapitalen i SDØE minka med 2,0 mrd. kroner, og kapitalen i Statsbygg auka med 6,7 mrd. kroner. Kapitalen i SPK forvaltningsbedrift auka med 93 mill. kroner. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3 for detaljar om kapitalen i statsverksemdene.

Note 9. Eigenbehaldning av statspapir minka med 34,7 mrd. kroner. Statsobligasjonar minka med 23,1 mrd. kroner, og statskassevekslar minka med 11,7 mrd. kroner.

Note 10. Statlege verksemder sine mellomvære med statskassa endra seg med 4,5 mrd. kroner, frå 1,9 mrd. kroner i 2022 til 6,4 mrd. kroner i 2023, slik at statskassa netto har ei fordring på verksemdene på 6,4 mrd. kroner per 31.12.2023. Den store endringa gjeld for ein stor del Skatteetaten sin inntektsrekneskap for skatt og folketrygd. Sjå òg tabell 3.9 i vedlegg 3 der departementa sine mellomvære med staten er spesifiserte.

Stortinget har i saker under 1 mill. kroner gjeve Finansdepartementet fullmakt til å postere differansar og uoppklara saker mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen). I større saker kan Stortinget vedta særskilde fullmakter. Det vart i 2023 ikkje gjort nokon føringar på konto for forskyving i balansen mot kontogruppe 70–72.

Note 11. Overkurs/underkurs på statspapir er per 31.12.2023 bokført med 4,4 mrd. kroner. Dette er ei endring på 5,3 mrd. kroner, frå -1,0 mrd. kroner året før. Overkurs/underkurs knyter seg til statsobligasjonar med fast rentesats og statskassevekslar og vert mellom anna påverka av rentenivå på tidspunktet for utgjeving eller kjøp, løpetid på statspapiret og endringar i rentenivå og -forventningar framover.

Note 12. Statsgjelda minka med 23,7 mrd. kroner. Statskassevekslar minka med 13,7 mrd. kroner og kortsiktige kontolån auka med 5,5 mrd. kroner. Faste lån opptekne innanlands minka med 15,6 mrd. kroner. Endringa i statsgjelda for 2023 er nærare spesifisert i tabell 3.3 i vedlegg 3.

Note 13. Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond minka med 95,6 mrd. kroner i 2023. Kontogruppa omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plassert i statskassa på konto i Noregs Bank. Fonda der staten både eig og kan disponere fondskapitalen, er i tillegg aktiverte i kontogruppe 64 Ordinære fond. Det var ein nedgang i desse fondsmidlane på 97,1 mrd. kroner, jf. omtale i note 5. Andre fondsmidlar som inngår i kontogruppe 81 auka med netto 1,5 mrd. kroner. Gjeldsbrevordninga under Utanriksdepartementet og Norad minka samla med 11 mill. kroner. Norsk pasientskadeerstatning – privat sektor auka med 20,2 mill. kroner. Alminneleg garantiordning under Eksportfinansiering Noreg auka med 818 mill. kroner, medan andre garantiordningar auka med 270 mill. kroner. Landbrukets utviklingsfond og andre fond under Landbruks- og matdepartementet auka samla med 442,6 mill. kroner. Statens fiskefond auka med 2,6 mill. kroner, medan Statens prisreguleringsfond og Velferdsfondet for tolletaten minka med høvesvis 0,6 mill. kroner og 0,8 mill. kroner. Nasjonalt sikkerheitsfond – verjemål auka med 3,1 mill. kroner.

Note 14. Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføre utgifter og inntekter. Dei likvide midlane til verksemdene er plasserte i Noregs Bank og auka med 11 mill. kroner i 2023. Midlane er 24,8 mrd. kroner ved utgangen av året. Staten kan nytte denne likviditeten, som vert notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Eit meir detaljert oversyn over midlane i desse verksemdene står i tabell 3.1 og tabell 3.10 i vedlegg 3.

Endringa i 2023 gjeld mellom anna Noregs forskingsråd som hadde ein nedgang i bankbehaldninga med 504 mill. kroner. Kunnskapssektorens tenesteleverandør (Sikt) hadde ein nedgang på 52 mill. kroner, medan universitet og høgskular hadde ein netto auke på 488 mill. kroner. Norsk Romsenter hadde ein auke på 133 mill. kroner. Veterinærinstituttet hadde ein nedgang på 11 mill. kroner og Meteorologisk institutt hadde ein nedgang på 33 mill. kroner. Norsk kulturminnefond hadde ein nedgang på 15 mill. kroner. NIBIO hadde ein nedgang på 13,7 mill. kroner, medan Statens arbeidsmiljøinstitutt hadde ein auke på 17,0 mill. kroner. Andre verksemder hadde ein samla netto auke på 1,7 mill. kroner.

Note 15. Deposita og avsetjingar auka med 20,0 mrd. kroner. Avsetjinga for mellomvære med Statens pensjonsfond utland auka med 19,9 mrd. kroner (slik at staten per 31.12.2023 har 4,0 mrd. kroner i gjeld til SPU), sjå kapittel 3.1. Avsetjing i statsgjelda (konto 84 00 16) minka med 121 mill. kroner, medan avsetjing i Statens vegvesen auka med 245 mill. kroner. Avsetjinga i Svalbardrekneskapen (konto 84 50 04) auka med 0,4 mill. kroner. Detaljar om Svalbardrekneskapen står i tabell 5.1–5.3 i vedlegg 5.

Note 16. Unytta løyvingar som vert overførte til neste budsjettår, er registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane frå 2023 til 2024 utgjer til saman 20,8 mrd. kroner, som er 0,8 mrd. kroner mindre enn overført løyving frå 2022 til 2023.

Note 17. Avslutningskontoen syner at statens eigenkapital i 2023 auka med 3 410,5 mrd. kroner, frå 13 458,6 mrd. kroner til 16 869,1 mrd. kroner. Brutto endring i statens eigedelar og gjeld går fram av tabell 4.1 og note 1–16 ovanfor. Netto endring i konto for forskyving i balansen, som syner endring i eigenkapitalen som skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, går fram av spesifikasjonen nedanfor. Sjå òg tabell 1.13 i vedlegg 1.

Endring i eigenkapitalen over konto for forskyving i balansen (mill. kroner):

2022

2023

61. Endra verdi Statens pensjonsfond

-39 938

3 344 296

99. Overskot før lånetransaksjonar

27 133

-4 246

87. Endring avsetjing overførte midlar

5 229

845

Andre endringar:

34 002

69 567

61. Endra verdi Norfund, ikkje ført på 90-post

2 140

1 872

62. Nettovinst verdipapir

936

1 359

62. Sal av aksjar, vinst Equinors attkjøpsprogram

12 502

36 987

63. Driftskreditt Nye veier AS

-900

63. Lån til Institutt for energiforskning

2

8

63. Anna tap/ettergiving av lån

1

-1

63. Auka utlån til helseføretaka

6 827

11 662

63. Justert driftskredittramme, helseføretaka

3 377

9 425

63. Eksportkredittordninga, valutakurseffekt m.m., jf. note 4

2 264

1 320

64. Inneståande fond, ikkje ført på 90-post

-1 212

2 895

65. HOD, oppgjersordningar for H-resept/fritt behandlingsval m.m., jf. kap. 0740

-37

119

65. Endring i avsetjing av forskot under Statens vegvesen

29

-11

68. Auke i fast kapital i forvaltningsverksemdene

7 173

4 833

Sum endring

26 426

3 410 461

4.2 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 2023 renteinntekter på 35,7 mrd. kroner og renteutgifter på 12,2 mrd. kroner. Netto renteutgifter vart dermed 23,6 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2022 til 2023 auka renteutgiftene med 3,9 mrd. kroner, medan renteinntektene auka med 21,2 mrd. kroner.

Tabell 4.2 Renter (tal i mill. kroner)

2021

2022

2023

1 Renteinntekter i alt1)

9 117

14 508

35 735

Renter frå statsbankane og statsføretaka

6 268

7 339

15 422

Renter av kapital i statens fovaltningsverksemd

699

1 930

2 070

Sum renter av kontantbehaldning og andre krav, av dette:

2 150

5 238

18 243

renter av innskot og andre krav

1 352

4 206

15 809

renter av lån til helseføretaka

224

282

315

renter av lån til aksjeselskap

24

25

29

renter frå folketrygda

2

2

2

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga

549

723

2 088

2. Renteutgifter i alt

9 871

8 255

12 185

Av innanlandsk statsgjeld

9 760

7 993

11 130

Av utanlandsk statsgjeld

0

-0,2

0

Av investeringslån, helseføretak f.o.m. 2008

111

263

1 055

Netto renteinntekter/renteutgifter (-)

-754

6 253

23 550

1) Sjå òg kapittel 2.17 for omtale av statlege utlån gjennom Statens lånekasse for utdanning, Husbanken, bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, Innovasjon Noreg og eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportfinansiering Noreg.

Renteinntekter frå statsbankane og statsføretaka er i 2023 på 15,4 mrd. kroner. Av dette er 4,8 mrd. kroner frå Husbanken, 9,1 mrd. kroner frå Lånekassa, 0,9 mrd. kroner frå eksportfinansieringsordninga, 554 mill. kroner frå Innovasjon Noreg og 21 mill. kroner frå SIVA.

Renteinntekter av innskot og andre krav på 15,8 mrd. kroner er i hovudsak førte på kap. 5605 Renter av kontantbehaldning i statskassa og andre krav. Av dette er 0,7 mrd. kroner renteinntekter av innanlandske verdipapir knytte til statsgjeldsforvaltninga. Renteinntekter av alminnelege fordringar vart 233 mill. kroner, driftskreditt til statsverksemder vart 1,2 mrd. kroner, under Eksportfinansiering Noreg vart renter av allmenn garantiordning 170,4 mill. kroner og renter av hybridlån Norwegian Air Shuttle 95,6 mill. kroner, Renter frå Statsskog vart 15,1 mill. kroner og Garantiprovisjon vart 40,1 mill. kroner i 2023. Renter av inneståande på statens foliokonto i Noregs Bank vart 13,3 mrd. kroner.

Opptrekksrenter for investeringslån til helseføretaka på kap. 0732 Regionale helseføretak vart 1,1 mrd. kroner. Renteutgiftene på 11,1 mrd. kroner på kap. 1650 Statsgjelda er mellom anna 10,0 mrd. kroner i renteutgifter knytte til statsobligasjonar og statskassevekslar. Det er òg 636 mill. kroner i renteutgifter på kontolån frå ordinære fond og 95 mill. kroner knytte til attkjøps- og rentebyteavtalar. Det er 360 mill. kroner i renteutgifter på kontolån frå verksemder som er pålagte å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten.

Per 31.12.2023 var statsgjelda 710 mrd. kroner, jf. vedlegg 3, tabell 3.1 og 3.3. Nærare omtale av låna til staten i kapitalmarknaden står i Meld. St. 1 (2022−2023) Nasjonalbudsjettet 2023, kap. 3.6 Statens gjeldsforvaltning. Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter i 2023 er omtalt i Prop. 1 S (2022–2023) Statsbudsjettet 2023, kap. 7.

4.3 Garantiar

Staten kan ikkje gje garantiar som kan føre til tap i seinare terminar, utan at Stortinget har gjeve ei garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterer for at låntakarar oppfyller skyldnadene sine overfor långivarar.

Tabell 4.3 syner samla garantiansvar etter departement for 2022 og 2023. Per 31.12.2023 har staten gjeve garantiar med eit samla garantiansvar på 228,9 mrd. kroner. Dette er 39,8 mrd. kroner høgare enn i 2022.

Under Nærings- og fiskeridepartementet auka ansvaret i 2023 netto med 34,7 mrd. kroner, og det meste gjeld den allmenne garantiordninga og «gammal allmenn ordning» under Eksportfinansiering Noreg (Eksfin) som auka netto med 31,8 mrd. kroner, medan byggelånsgarantiar til skipsbyggingsindustrien auka med netto 2,1 mrd. kroner og Skipsgarantiordninga minka netto med 0,2 mrd. kroner.

Samla garantiansvar under Utanriksdepartementet auka med 2,7 mrd. kroner. Under Samferdselsdepartementet auka samla garantiansvar med 4,3 mrd. kroner, medan under Finansdepartementet minka garantiansvaret med netto 1,9 mrd. kroner.

Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2023 var på 2,1 mrd. kroner, og dette kjem av utbetalingar under Eksfin, alminneleg garantiordning og gammal alm. ordning og Innovasjon Noreg, realinvesteringar og driftskreditt og utbetalingar under den statlege garantiordninga for Norsk luftfart, garantiordninga for re-forsikring av kredittforsikring og Garanti for lån til små og mellomstore bedrifter.

Vedlegg 4 inneheld meir informasjon om dei ulike garantiordningane (tabell 4.1 og 4.2 med notar).

Tabell 4.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12. (tal i mill. kroner)

Garantiansvar per 31.12.2022

Utbetalt ved tap i 2023

Garantiansvar per 31.12.2023

Utanriksdepartementet

50 764,6

53 478,0

Kommunal- og distriktsdepartementet

15,8

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

200,9

197,0

Nærings- og fiskeridepartementet

93 348,2

1 879,0

128 088,6

Samferdselsdepartementet

18 100,1

22 366,7

Finansdepartementet

25 657,4

198,7

23 770,8

Olje- og energidepartementet

1 000,0

1 000,0

Sum

189 071,3

2 077,7

228 916,9

4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Desse hovudprinsippa ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i samsvar med løyvingsvedtak i Stortinget. Av Finansdepartementets rundskriv R-101 går det av pkt. 5.1.1. fram einskilde tilfelle der statlege verksemder har unntak frå eit reindyrka kontantprinsipp.

  • Rekneskapen vert kvart år sett opp med ein rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Han skal òg innehalde eit oversyn over garantiar, tilsegnsfullmakter og bestillingsfullmakter som gjeld per 31. desember.

  • Løyvingsrekneskapen vert sett opp etter den inndelinga som Stortinget har fastsett for budsjettet.

  • Løyvingsrekneskapen vert ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter vert sette opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien i kapitalrekneskapen vert sett til historisk verdi på transaksjonstidspunktet. Unntak er Statens pensjonsfond og Norfund, som nyttar marknadsverdi. Lån under eksportkredittordninga i utanlandsk valuta vert omrekna til kursen på balansedagen.

  • Lånetransaksjonar på 90-postar i løyvingsrekneskapen (lån, tilbakebetalingar m.m.) vert førte i kapitalrekneskapen som auke/nedgang i statens eigedelar og gjeld.

  • Statsrekneskapen er bygd på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterer til statsrekneskapen, og rapportering frå kvart departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemder sine mellomvære med statskassa er stadfesta av kvart departement.

  • Rapporterte betalingar i kvar verksemd er avstemte mot statens konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Statens løyvingsrekneskap vert gjord opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.9. Brutto finansieringsbehov går fram av kapittel 5999 Statslånemidlar og vert ført mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen) i kapitalrekneskapen. Tabell 1.14 i vedlegg 1 syner samanhengen mellom finansieringsbehovet og faktisk endring i kontantbehaldninga. Netto endring i konto for forskyving i balansen skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, jf. note 17 i kapittel 4.1.

Til forsida