Meld. St. 38 (2015–2016)

Noregs deltaking i den 70. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN)

Til innhaldsliste

2 Generalforsamlinga

2.1 Generaldebatten

Generalforsamlinga vert kvart år opna med ein generaldebatt der dei 193 medlemslanda i FN held innlegg. Denne generaldebatten gjev eit innblikk i kva saker dei einskilte landa ønskjer å rette internasjonal merksemd mot. Dei ulike talane frå statsleiarane illustrerte grunnleggjande motsetnader i samfunnssyn og tilnærming til konfliktane i verda, noko som òg kjem til syne i store delar av FN-arbeidet. Samstundes er debatten ein viktig møteplass som gjev høve til å drøfte felles løysingar på utfordringane i verda. Ein fellesnemnar i talane frå stormaktene var behovet for å kome til semje om ein avtale på klimatoppmøtet i Paris i desember 2015.

FNs 70-årsjubileum var ramma for generalforsamlinga i år. Ettersom høgnivådelen av den 70. generalforsamlinga var utvida med toppmøtet om berekraftsmåla, var rekordmange av statsleiarane i verda samla i New York desse dagane i slutten av september. Generalsekretær Ban Ki-moon opna generaldebatten, som vanleg følgt av Brasil og USA. Stemninga i salen var i starten prega av at det på ingen måte er kvardagskost at presidentane Barack Obama, Xi Jinping og Vladimir Putin står på same talarstolen rett etter kvarandre. Dette streka under den unike rolla FN har som møteplass for leiarane i verda.

Mange av talarane delte refleksjonane sine om kva FN har hatt å seie og har oppnådd dei siste 70 åra, og kva utfordringar som ligg framfor oss. Fleire land framheva behovet for å reformere FN, særleg samansetnaden av Tryggingsrådet. Behovet for reform av FNs fredsoperasjonar, med utgangspunkt i rapporten til det uavhengige ekspertpanelet med reformframlegg, vart omtala av fleire land. Mange trekte òg fram kor viktig det er med førebygging og behovet for politiske løysingar, i tillegg til meir effektive fredsbevarande operasjonar. Elles var klima eit tema som dei aller fleste omtala både med uro og forventing fram mot Paris-toppmøtet i desember. Det var fleire som streka under kor viktig det er at landa i verda vert samde om dei nye berekraftsmåla, og særleg var gjennomføringa og finansieringa av måla eit hovudtema. Samstundes vart det framheva at fred og stabilitet er grunnleggjande for at utvikling skal lukkast. Mange var opptekne av migrasjonsutfordringane som Europa står overfor, og ønskte å finne meir effektive måtar å hjelpe på, samstundes som ein må takle hovudproblemet, nemleg konflikten i Syria. Tysklands utanriksminister Steinmeier streka under at det trengst ei solid europeisk løysing på flyktningsituasjonen, i tillegg til eit godt samarbeid med Tyrkia. Godt naboskap landa imellom, saman med respekt for grensene til kvarandre, er naudsynt. Ekstremisme, krise og konflikt var andre fellesnemnarar i innlegga frå mange land. Forsvar av sivilsamfunnet og vern av menneskerettar vart òg trekt fram av mange, ikkje minst problemet med diskriminering av jenter og kvinner. Ukraina var tema i mange innlegg. EU-president Donald Tusk viste til Russland sitt brot på FN-pakta og folkeretten ved å annektere Krim og intervenere i Aust-Ukraina. Den ukrainske presidenten Petro Poroshenko heldt eit kjensleladd innlegg der han gjekk i rette med den russiske annekteringa av Krim og Donbass.

Konflikten i Midtausten var òg eit tilbakevendande tema i generaldebatten. Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas bad den israelske regjeringa om å stanse maktbruken før konflikten går frå å vere ein politisk til å verte ein religiøs konflikt. Den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu tok på si side eit kraftig oppgjer med Iran, FN og president Abbas, og dessutan med diverse grupperingar som etter Netanyahus syn går Irans ærend.

I talen sin kom USAs president Barack Obama med eit sterkt forsvar for universelle verdiar, pluralistiske samfunn, folkerett og internasjonalt diplomati. Han meinte at historia viser at undertrykkjande regime er ustabile av natur. Den kinesiske presidenten Xi Jinping la vekt på kor viktig det er med respekt for ulike samfunnsmodellar og samarbeid med grunnlag i prinsippa i FN-pakta om statane sin suverenitet og ikkje-innblanding. Xi kunngjorde monalege bidrag frå Kina til dei fredsbevarande operasjonane og utviklingsaktivitetane til FN. Den russiske presidenten Vladimir Putin meinte at FN var unik i sin representativitet og legitimitet. Med referanse til kritikken av FNs manglande effektivitet når stormaktene er usamde, meinte han at dette på ingen måte var overraskande eller nytt, og at det var naturleg at dei sterkaste landa hadde ulike interesser og måtte kome fram til kompromiss.

Statsminister Erna Solberg opna det norske hovudinnlegget med å vise til at FN-pakta har tent verda vel i dei 70 åra som er gått sidan ho vart underteikna. Solberg peikte òg på at vi no dessverre opplever ein periode med ustabilitet, diskriminering og vald, der internasjonale normer vert sette til side. Ho streka under behovet for ein internasjonal orden der rett går føre makt, og la vekt på at ein må finne politiske løysingar på dei mange konfliktane og humanitære krisene i dag.

Solberg uttrykte støtte til det franske initiativet for å få dei faste medlemmene i Tryggingsrådet til å avstå frå å bruke vetoretten i situasjonar der det ligg føre fare for alvorlege brot på menneskerettane. Statsministeren sa vidare at Noreg vil auke støtta si til FNs fredsoperasjonar og medverke til å styrkje FN si evne til å hindre konflikt. Solberg kom òg inn mellom anna på helse, utdanning, tiltak mot valdeleg ekstremisme, menneskerettar, berekraftig utvikling og klima. Vidare streka ho under at utviklingslanda må få ei større og viktigare rolle i avgjerdsprosessane i FN.

2.2 Høgnivåmøte

Opninga av FNs generalforsamling er den viktigaste politiske møteplassen i verda, med svært mange møte mellom statsleiarar, utanriksministrar og andre politikarar frå dei 193 medlemslanda i FN. Samstundes med generaldebatten vert det halde ei rekkje andre møte og arrangement. Dei nye berekraftsmåla vart vedtekne på eit toppmøte. 20-årsjubileet for vedtakinga av handlingsplanen frå Beijing om kvinners rettar vart markert med eit høgnivåmøte. Den amerikanske presidenten Barack Obama tok initiativ til to toppmøte, eitt om fredsbevarande operasjonar og eitt om ISIL og valdeleg ekstremisme. Den norske delegasjonen vart leidd av statsminister Erna Solberg og utanriksminister Børge Brende. Klima- og miljøminister Tine Sundtoft og europaminister Vidar Helgesen deltok òg. Dei hadde eit høgt aktivitetsnivå. Politikarane våre tok del i til saman 240 arrangement og hadde 85 bilaterale politiske samtalar.

Nedanfor følgjer ei omtale av nokre av dei møta som Noreg tok del i under høgnivåveka:

Toppmøte om berekraftsmåla (Agenda 2030)

Før opninga av generaldebatten i Generalforsamlinga i FN samla stats- og regjeringsleiarane i verda seg til toppmøte for å vedta dei 17 nye berekraftsmåla til FN (Agenda 2030). Måla erstattar tusenårsmåla til FN og skal vere retningsgjevande for det berekraftige utviklingssamarbeidet fram mot 2030. Til skilnad frå tusenårsmåla har berekraftsmåla vore forhandla fram gjennom breie konsultasjonar mellom statane i verda, med omfattande bidrag frå sivilsamfunnet. Berekraftsmåla er fleire og meir omfattande enn tusenårsmåla, og omfattar klima, miljø, økonomisk utvikling og godt styresett.

Fleire av statsleiarane i verda påpeikte frå talarstolen behovet for å gjennomføre måla på ein måte som tek omsyn til miljø og menneske, så vel som til velstand og fred. I tillegg vart det streka under kor naudsynt det er med felles tiltak mot klimaendringane, både for å redusere fattigdom og verne livsgrunnlaget til kloden.

I innlegget sitt oppmoda statsminister Erna Solberg leiarane i verda til å vidareføre det gode samarbeidet om berekraftsmåla fram mot klimakonferansen til FN i Paris, og oppmoda til auka humanitær bistand og utviklingsbistand, investering i utdanning og helse og fremjing av godt styresett. Ho la vidare vekt på likestilling og omsyn til miljø og livsgrunnlag. Solberg tok òg til orde for auka humanitær bistand til dei millionane av flyktningar, fordrivne og andre som er råka av Syria-krisa, og slo fast at humanitær bistand til ernæring og skolegang for barn og unge òg er ei investering i langsiktig menneskeleg utvikling.

I samband med dette tok statsminister Solberg del i eit dialogmøte om utrydding av fattigdom og svolt, saman med leiarar frå land og regionale organisasjonar i nord og sør, mellom anna presidentane frå Mali, Namibia og Zambia og ei rekkje statsministrar, FN-leiarar og leiarar frå organisasjonar og næringsliv. Bill og Melinda Gates, saman med toppsjefen for Unilever, Paul Polman, var blant dei deltakarane som likeins med statsministeren framheva behovet for auka satsing på mødre- og barnehelse og ernæring og mattryggleik i partnarskap med privat sektor.

Høgnivåmøte om likestilling og kvinners rettar

20 år etter at den fjerde verdskonferansen til FN om kvinners rettar i Beijing, der det vart vedteke ein handlingsplan, leidde presidenten i Kina, Xi Jinping, og generalsekretær i FN, Ban Ki-moon, eit høgnivåmøte om likestilling og kvinners rettar. Over 80 stats- og regjeringsleiarar tok del, noko som er den største samlinga av leiarar om temaet likestilling nokon gong. Leiarane forplikta seg til sterkare innsats for å oppnå full likestilling. Svært mange land viste til at dei har fått til større deltaking frå kvinner i sentrale posisjonar i politikk og næringsliv. Frå norsk side deltok statsminister Erna Solberg. I innlegget sitt la Solberg vekt på at dersom jenter og kvinner skal kjenne og nyttiggjere seg dei rettane dei har, må dei ha utdanning. Kunnskap er grunnleggjande for politisk og økonomisk deltaking. I oppsummeringa si streka leiaren for UN Women, Phumzile Mlambo-Ngcuka, under at samlinga av leiarane i verda viser at kvinner ikkje lenger vert sett på som ei «lita interessegruppe», men at likestilling høyrer med til alle område i livet. Ho la vekt på at kamp mot vald mot kvinner og barneekteskap, og balanse mellom ubetalt og betalt arbeid, var tema som mange av leiarane tok opp. Ho sa at leiarane i verda har forplikta seg til å gjennomføre tryggingsrådsresolusjonane om kvinner, fred og tryggleik. Dei skal setje i verk tiltak mot straffefridom for overgrep og tiltak for å stoppe vald mot kvinner og for å sikre kvinner og menn like rettar og like vilkår.

Møte om FNs fredsbevarande operasjonar

Statsminister Solberg tok del i eit møte om dei fredsbevarande operasjonane til FN, saman med over femti statsleiarar og leiarar for internasjonale organisasjonar. Møtet vart arrangert etter initiativ frå president Obama, og vart ei kraftfull politisk markering av den aukande innverknaden til FNs fredsbevarande operasjonar for internasjonal fred og tryggleik. Hovudføremålet med møtet var å få landa til å forplikte seg til å gje konkrete bidrag for å styrkje operasjonane. Det viktigaste var difor dei omfattande lovnadene om ulike bidrag som statsleiarane framførte.

Obama og mange av dei andre talarane viste til at operasjonane var vortne fleire og meir komplekse, men at kapasiteten ikkje heldt tritt med behovet. USA ville auke støtta si, både med personell og logistikk, og Obama oppmoda samstundes andre land til å bidra med fleire troppar. Han la òg vekt på vern av sivile og nulltoleranse for seksuelle overgrep, og på reform og modernisering av dei fredsbevarande operasjonane. Han forventa fleire kvinnelege leiarar, betre planlegging og meir samarbeid med regionale organisasjonar, og at FN skulle styrkje arbeidet sitt for å unngå væpna konfliktar.

Generalsekretæren i FN viste til høgnivårapporten om reform av FNs fredsoperasjonar og sin eigen oppfølgingsrapport, og sa at behovet for fredsbevarande operasjonar aldri hadde vore større. Han viste til at det er stort behov for støttepersonell, kvalifisert politi, særleg kvinner, og styrkar i ståande beredskap. Han nemnde òg kor viktig det er med vern av sivile.

Den kinesiske presidenten sa at Kina ville gje Den afrikanske unionen (AU) 100 millionar dollar i militær støtte i dei neste fem åra. Afrika måtte bli i stand til å løyse problema i Afrika. Kina ville òg bidra med 8000 personell, ingeniørkapasitet og ein helikopterstyrke til Afrika. I tillegg ville dei trene opp 2000 personell frå andre land gjennom dei neste fem åra. Fredsbevaring måtte gå hand i hand med diplomati og vere i tråd med FN-pakta og de respektive tryggingsrådsresolusjonane. Tryggingsrådet måtte vere meir koordinert med dei landa som stiller troppar og politibidrag til rådvelde, og med relevante regionale organisasjonar.

Statsminister Solberg viste til det store behovet for fredsbevarande innsats og den norske støtta til slik innsats. Ho kunngjorde norske militære bidrag til FN-operasjonen i Mali, med eit transportfly for ein periode på ti månader i 2016, vidareføring av ein personelleir i Bamako til oktober 2016 og eit mogleg ingeniørbidrag i 2017. I tillegg viste Solberg til at Noreg ville halde fram med å fremje aktiv deltaking av kvinner i fredsoperasjonar, styrkje samarbeidet med AU og vurdere vidare støtte til kapasitetsbygging i den austafrikanske beredskapsstyrken (Eastern Africa Standby Force).

Toppmøte om ISIL og valdeleg ekstremisme

Statsministeren tok del i eit toppmøte om førebygging av valdeleg ekstremisme og kamp mot ISIL. Toppmøtet kom i stand etter initiativ frå USA. Stats- og regjeringssjefar frå over 100 land, saman med ei rekkje representantar frå internasjonale organisasjonar og sivilsamfunnet, drøfta korleis ein i fellesskap skal møte utfordringane frå alle typar valdeleg ekstremisme, og særleg korleis det internasjonale samfunnet kan medverke i kampen mot ISIL. Statsministeren var ein av fem hovudinnleiarar, saman med president Obama og generalsekretæren i FN, Ban Ki-moon.

I innlegget sitt la Solberg vekt på at verdssamfunnet må stå saman for å møte og kjempe mot all ekstremisme, og at dette best kan oppnåast gjennom å mobilisere sivilsamfunnet, unge menneske, kvinner og lokalsamfunn i eit felles løft med regjeringar og det internasjonale fellesskapet. Noreg arrangerte i juni ein førebuande konferanse før toppmøtet i New York, der europeiske land var samla og der det vart lansert eit europeisk ungdomsnettverk for førebygging av valdeleg ekstremisme, som seinare er vorte utvida til å omfatte Samveldet av nasjonar. Noreg medverka til å skipe ein global kvinneallianse og eit nettverk av «sterke byar» som arbeider mot valdeleg ekstremisme. Noreg er med i kjernegruppa i anti-ISIL-koalisjonen og tek del langs alle dei fem spora i innsatsen til koalisjonen: militært, stabilisering i Irak, tiltak mot framandkrigarar, finansiering av ISIL og propaganda. I tillegg er Noreg ein viktig humanitær bidragsytar til Syria og Irak.

President Obama streka under at kampen mot ISIL og andre valdelege ekstremistiske grupper ville verte vanskeleg og langvarig. Han viste til at ein tredel av dei områda som ISIL hadde kontrollert i Irak, no var tekne tilbake av den irakiske regjeringa. Vidare var president Obama oppteken av at ein ikkje berre må kjempe mot dei ekstremistiske nettverka, men òg mot ideologiane som ligg bak. Obama var oppteken av å gjere noko med politiske og økonomiske tilhøve som kan gje grobotn for valdeleg ekstremisme, og sa at det beste forsvaret var meir demokrati, menneskerettar og respekt for rettsstatsprinsippa.

Klimamøte med statsleiarar i regi av generalsekretæren i FN

Statsministeren tok del i eit klimamøte som vart arrangert av generalsekretæren i FN, Ban Ki-moon. Møtet vart arrangert saman med president François Hollande frå Frankrike og president Ollanta Humala frå Peru. Om lag 30 stats- og regjeringsleiarar tok del. Statsminister Solberg la vekt på at Paris-avtalen må gje eit sterkt signal om at alle land må omstille seg til ei utvikling med lågare utslepp. Ho streka under at leiarane i verda bør samle seg om eit langsiktig mål i avtalen. Noreg var spesielt invitert til å orientere om korleis bevaring av regnskog kan medverke til reduserte utslepp av klimagassar. Det var brei semje om at det er viktig å kome fram til ein god, global klimaavtale i Paris. Dei politiske signala frå klimamøtet til Ban hadde ein positiv innverknad på sluttforhandlingane om klimaavtalen.

Finansiering av helse og utdanning

Utanriksminister Børge Brende deltok på eit møte om finansiering av helse og utdanning, som var organisert av Det globale partnarskapet for utdanning, FNs barnefond (UNICEF), FNs aidsprogram (UNAIDS) og Det globale fondet for kamp mot aids, tuberkulose og malaria. Utanriksministeren viste til det store løftet som er gjort innanfor global helse dei siste 10-15 åra, og sa at det internasjonale samfunnet no må få til eit tilsvarande løft for utdanningssektoren. Både nasjonal ressursmobilisering, deltaking frå privat sektor og auka utviklingsbistand vil vere naudsynt. Satsinga må ikkje gå utover satsinga på helsesektoren, der behova framleis er store. Brende viste til at statsminister Solberg på utdanningskonferansen i Oslo i juli annonserte skipinga av ein global kommisjon for finansiering av utdanning. Kommisjonen, som vert leidd av Gordon Brown, hadde det første møtet sitt i New York den same veka, og vil kome med framlegga sine under Generalforsamlinga i 2016.

Utdanning og utvikling

Brende tok òg del på eit sidearrangement om utdanningsinitiativet til Generalsekretæren, Global First Education Initiative, der det vart fokusert på overgangen frå dei utdanningsrelaterte tusenårsmåla til det tilsvarande berekraftsmålet. Kinas førstedame, Koreas president, generaldirektøren for FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon (UNESCO) og FNs spesialutsending for utdanning opna arrangementet saman med Malala. Malala bad alle leiarar om å setje utdanning øvst på utviklingsagendaen, og retta søkelyset på dei fattigaste barna i verda og på jenter. Malala lova at ho vil arbeide utrøytteleg for tolv års skolegang, i tråd med ambisjonane i det nye berekraftsmålet om utdanning. Utanriksminister Børge Brende slo fast at vi ikkje vil nå måla om berekraftig utvikling utan utdanning, og at det er mogleg å få alle barn på skole. Han oppmoda til felles handling no, og hausta applaus for skiping av den kommisjonen som skal arbeide med auka finansiering til utdanning.

Utdanning i krise og konflikt

Utanriksminister Brende deltok på eit frukostmøte arrangert av Global Business Coalition for Education om utdanning i krise og konflikt og innovative tilnærmingar. USAs viseutanriksminister Tony Blinken og Christos Stylianides frå EU-kommisjonen var til stades og heldt innlegg, i tillegg til ministrar frå Libanon, Tyrkia, Jordan og Liberia.

I innlegget sitt streka Brende under dei store behova som aukande flyktningstraumar skapar, og kor naudsynt det er med auka støtte til utdanning i krise og konflikt. Utdanning for barn er ein viktig faktor når familiar i vanskelege situasjonar set seg føre å flykte. Det internasjonale samfunnet må gjere meir for å unngå «tapte generasjonar». Her kan òg den private sektoren spele ei viktig rolle. Stylianides stadfesta avgjerda til EU-kommisjonen om auka støtte til utdanning i krise og konflikt, mellom anna ved å oppfylle målet om fire prosent støtte til utdanningstiltak innanfor humanitær bistand.

Høgnivåmøte om Somalia

På høgnivåmøtet om Somalia gav eit samstemt internasjonalt samfunn positiv tilbakemelding på dei framstega overgangsregjeringa i Somalia har gjort på vegen mot varig fred og utvikling. Det var særleg stor velnøye med skipinga av ein valkommisjon og nasjonale konsultasjonar om det komande valet i 2016, skiping av regionale administrative einingar som del av føderaliseringsprosessen og frigjering av større område frå den militante gruppa Al Shabaab. Samstundes var det ønske om å oppmuntre regjeringa i Somalia til å halde fram prosessen med valførebuingar og ny grunnlov. Arbeidet med å reformere og styrkje den somaliske hæren måtte halde fram for at dei frigjevne områda skulle kunne konsoliderast. Utanriksminister Brende streka under at kampen mot radikalisering må omfatte alternativ der menneskerettane vert respekterte og verdige levevilkår skapte. Den britiske statsministeren David Cameron lova militær støtte til opplæring av den somaliske hæren. Tyrkia lova å vere vertskap for det neste høgnivåforumet om Somalia i byrjinga av 2016, og Italia vil invitere til eit eige møte om samarbeid med privat sektor for å skape økonomisk vekst.

Ministermøte om klima

Statsminister Solberg, utanriksminister Brende og klima- og miljøminister Tine Sundtoft tok del på fleire møte i samband med klimaforhandlingane og internasjonalt samarbeid på klimaområdet. Klima- og miljøminister Tine Sundtoft heldt eit av opningsinnlegga under eit møte om styrking av samarbeidet mellom regnskogland og gjevarland. Perus miljøvernminister Manuel Pulgar-Vidal og FNs spesialutsending for klima Mary Robinson inviterte til ministermøte. Sundtoft snakka om kor viktig det er med nasjonalt leiarskap for å stanse avskoginga, i tillegg til samarbeid mellom offentleg og privat sektor, sivilsamfunnsorganisasjonar og urfolk for å få til ein effektiv og varig reduksjon av avskoging. Skoglanda viste til sin eigen innsats for å redusere avskoginga, til dømes gjennom frivillige nasjonale bidrag fram mot klimakonferansen til FN i Paris, og andre forpliktingar. Sentrale gjevarland, som Tyskland, Storbritannia og Noreg, sa seg villige til å bidra med støtte. Den norske innsatsen på skogområdet fekk lovord frå både møteleiaren og fleire av deltakarane. Særleg vart det vist til Noregs bidrag til utvikling av gode system for skogovervaking i Brasil, noko som har medverka til at avskoginga i Amazonas har gått ned.

Paneldebatt om vegen til berekraftig økonomisk vekst

Klima og miljøminister Sundtoft tok del i ein paneldebatt om omstilling til berekraftig økonomisk vekst. Den tyske miljøministeren Barbara Hendricks var vert for arrangementet, saman med UNEP og UNDP, og Sør-Afrikas miljøminister Edna Molewa og UNEPs eksekutivdirektør Achim Steiner var blant deltakarane. Noreg vart trekt fram som eit føregangsland på grunn av støtta vår til internasjonale grøne partnarskap innanfor skog, grøn økonomi og energi, samstundes som klima- og miljøministeren vart utfordra på rolla vår som produsent av olje og gass. Tine Sundtoft stadfesta at Noreg er i ein omstillingsfase og treng fleire bein å stå på i økonomien. Samstundes gjev kombinasjonen av sosial tryggleik og konkurranseevne ei god evne til omstilling, og vi arbeider for å styrkje den grøne konkurransekrafta vår. Ministrane delte røynsler med bruk av økonomiske verkemiddel som CO2-avgift og frivillige avtalar med industrien. Sør-Afrika hevda at ei ordning med karbonbudsjett for verksemder er meir populær enn avgifter. Leiaren i FNs miljøprogram såg endringar i det globale finanssystemet som mest lovande. Han meinte at eit skifte frå skattlegging av arbeid til skattlegging av ting som svekkjer naturgrunnlaget, ville vere mogleg og populært.

Høgnivåmøte om Sør-Sudan

Generalsekretær Ban Ki-moon innleidde høgnivåmøtet om Sør-Sudan med å leggje vekt på at det no vert forventa at partane respekterer våpenkvila, gjennomfører føresegnene i fredsavtalen, sikrar uhindra humanitær tilgang og startar ein forsoningsprosess. Det var brei tilslutning til desse bodskapane, og partane sit no med det heile og fulle ansvaret for å gjennomføre avtalen, noko som den etiopiske statsministeren Hailemariam Desalegn la vekt på.

Bodskapen frå mange av deltakarane var at dersom ikkje fredsavtalen vert gjennomført, må partane ta konsekvensane av dette, men spørsmålet om sanksjoner stadfesta òg at det var usemje blant medlemmene i Tryggingsrådet om sanksjonar og våpenembargo.

Utanriksminister Brende heldt eit innlegg som vart godt motteke, og som balanserte mellom forventningar og insentiv, og han var den som klarast gav uttrykk for at gjennomføringa av fredsavtalen krev ein inklusiv prosess der den interne opposisjonen, kvinner og sivilsamfunnet, òg må ha ei framståande rolle.

Reservasjonane som president Salva Kiir og opprørsleiaren Riek Machar hadde mot fredsavtalen, fekk liten tilslutnad under høgnivåmøtet. Det var semje om at det framleis er behov for omfattande humanitær bistand og økonomisk støtte til overgangsperioden.

Ministermøte om Syria

Utanriksminister Brende tok òg del i eit ministermøte om Syria-krisa. Jordan og EU var vertskap for møtet, og ei rekkje ministrar og FN-leiarar heldt innlegg. Det vart lagt vekt på behovet for ei politisk løysing på konflikten og auka humanitær bistand og utviklingsbistand. Brende heldt innlegg under sesjonen om utdanning, og la vekt på kor viktig det er å prioritere utdanning tidleg i kriseresponsen, i tillegg til husly, mat og vatn. Han oppmoda til auka støtte, mellom anna til utdanning, og viste til auka norske løyvingar, og til at 20 prosent av den norske støtta til Syria-krisa går til utdanning. Eit anna sentralt tema var behovet for betre løysingar for støtte til mellominntektsland med stor flyktningbefolkning. FNs naudhjelpskoordinator Stephen O'Brien viste mellom anna til utfordringane med humanitær tilgang og kor hardt helsetenestene er råka av krigen.

Møte i partnarskapsgruppa for Myanmar

FNs generalsekretær Ban Ki-moon var vertskap for eit møte i partnarskapsgruppa for Myanmar, der land som er støttespelarar for fred og demokratisering i Myanmar, tok del. Både Generalsekretæren, utanriksminister Brende og andre lova å vidareføre støtta til freds- og demokratiseringsprosessen i landet, og peikte samstundes på dei viktigaste utfordringane som Myanmar no står overfor. For det første er det den forverra humanitære situasjonen i delstaten Rakhine etter flaumen i sommar. For det andre er det kor viktig det er med eit ope og rettferdig val i november. For det tredje er det måten styresmaktene handterer religiøse og etniske konfliktar og skiljelinjer og veksande fundamentalisme på. Og sist, men ikkje minst, at oppfølginga og framdrifta i fredsprosessen må halde fram etter at den nasjonale våpenkvileavtalen vert underskriven og ei ny regjering kjem på plass.

Myanmar kunne kunngjere at dei har slutta seg til tilleggsprotokollen til FNs barnekonvensjon om barns rettar i væpna konflikt.

Ministermøte om Midtausten i Tryggingsrådet

Utanriksminister Brende heldt innlegg i eit ope ministermøte i Tryggingsrådet om konfliktløysing og motverking av terror i Midtausten. Møtet var leidd av den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov, ettersom Russland hadde formannskapet i Tryggingsrådet denne månaden. Over 70 medlemsland heldt innlegg. Syria-konflikten var hovudtemaet i mange av innlegga. Lavrov informerte om det russiske utkastet til ein tryggingsrådsresolusjon med sikte på å koordinere den internasjonale innsatsen mot ISIL.

Utanriksminister Brende streka under at problema i Syria og regionen må møtast med eit breitt spekter av verkemiddel, òg medrekna militære. Difor er eit norsk militært bidrag på plass i Irak for å støtte styresmaktene i kampen mot ISIL. Brende streka òg under at det å førebyggje radikalisering av unge menneske bør stå heilt sentralt i kampen mot terrorisme, noko som Noreg òg medverkar til. Det må skapast gode tilhøve og framtidshåp for nye generasjonar. Det internasjonale samfunnet må stå samla, og noko må gjerast med dei underliggjande årsakene til krig og konflikt i regionen.

2.3 Norske sidearrangement under høgnivåveka

Noreg arrangerte fleire sidearrangement. Som ei oppfølging av Oslo-konferansen om utdanning leidde statsminister Solberg eit møte om skipinga av den nye internasjonale kommisjonen for finansiering av utdanning. Statsministeren leidde òg eit arrangement om kvinners rettar og likestilling, som ho inviterte til saman med Chiles president Michelle Bachelet. Ebola-epidemien og global responsevne stod på dagsordenen for eit norsk-tysk sidearrangement som statsministeren tok del i, saman med mellom anna den tyske forbundskanslaren Angela Merkel.

Utanriksminister Brende var vert for eit høgnivåmøte om humanitær finansiering, saman med Kristalina Georgieva, visepresident i EU-kommisjonen. Noreg stod for det årlege møtet i gjevarlandsgruppa for Palestina (AHLC). Det årlige Trygve Lie-symposiet om menneskerettar handla om sivilsamfunnet under press. Noreg og USA, som hadde formannskapet, leidde det årlege styremøtet for Lifeline, ein støttemekanisme for menneskerettsforkjemparar og aktørar frå sivilsamfunnet.

Den internasjonale kommisjonen for finansiering av utdanning

Statsminister Solberg leidde eit møte med initiativtakarane for skipinga av den nye internasjonale kommisjonen for finansiering av utdanning, som vart annonsert under Oslo-konferansen i juli. I tillegg deltok Malawis president, Indonesias visepresident, generaldirektøren for FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon (UNESCO) og leiaren for kommisjonen, Gordon Brown. Statsministeren og dei andre initiativtakarane deltok deretter på opninga av det første formelle møtet i kommisjonen, der 14 av i alt 25 medlemmer var med, medrekna den tidlegare norske utdanningsministeren Kristin Clemet.

I innlegga sine peikte Solberg på at retten til utdanning er ein menneskerett, men at manglande politisk prioritering i ei rekkje land, saman med utilstrekkelig finansiering, har gjort denne retten til ein illusjon for millionar av barn og unge, ikkje minst for jenter. Den viktigaste oppgåva til kommisjonen vil vere å peike på dei økonomiske og sosiale føremonene ved å investere i kvalitetsutdanning og kome fram til korleis ressursane kan nyttast på best måte. Ho kom òg inn på korleis finansieringsholet kan dekkjast, der både nasjonale midlar – offentlege og private – og bistand vil inngå. Rapporten frå kommisjonen skal leggjast fram i september 2016.

Norsk-chilensk arrangement om kvinners rettar

Likestilling og kvinners rettar stod òg i fokus då statsminister Solberg, saman med president Bachelet frå Chile, inviterte ei rekkje kvinnelege leiarar, mellom anna president Ellen Johnson Sirleaf frå Liberia og leiaren for Den afrikanske unionen, Nkosazana Dlamini-Zuma, FN-leiarar og representantar frå sivilsamfunnet, til frukostmøte. Temaet for drøftingane var kva som skal til for å sikre gjennomføringa av dei rammeverka for likestilling som alt ligg føre.

Statsminister Solberg framheva utdanning for jenter som ein avgjerande innsatsfaktor for å oppnå likestilling, og peikte på kor viktig det er å involvere menn i likestillingsarbeidet. Solberg streka under at vi aktivt må motarbeide krefter som nyttar kultur, religion eller tradisjon til å svekkje kvinners rettar. Ho viste òg til den norske handlingsplanen for kvinner, fred og tryggleik. Statsministeren tok opp radikalisering og terrorisme, som må motarbeidast og førebyggjast fordi det er eit trugsmål både mot kvinners liv og mot rettane deira.

Møte om ebola-epidemien og global responsevne

Statsministeren innleidde på et norsk-tysk møte om ebola-epidemien og den globale responsevna mot denne typen kriser. Blant deltakarane var Tysklands forbundskanslar Angela Merkel, Ghanas president John Dramani Mahama, generalsekretær Ban Ki-moon, leiaren for Verdshelseorganisasjonen (WHO) Margaret Chan, Bill Gates, Tanzanias president Jakaya Kikwete og president Johnson Sirleaf frå Liberia. Utgangspunktet er eit høgnivåpanel som er skipa for kome med framlegg til korleis epidemiar skal møtast i framtida. I innleiinga si la statsministeren vekt på at nye epidemiutbrot potensielt kunne undergrave dei nye berekraftsmåla, og la vekt på følgjande: 1) Bygging av helsetenester som er tilgjengelege for folk, og som har den overvakings- og responskapasiteten mot utbrot som er naudsynt, 2) ein snøgg, global responskapasitet som kan støtte innsatsen mot lokale utbrot, 3) betre koordinering mellom helseinnsats og humanitære innsats, 4) betre vaksine og medisinar mot ebola-liknande utbrot.

Høgnivåmøte om humanitær finansiering

Den 26. september var utanriksminister Brende vertskap for eit høgnivåmøte om humanitær finansiering, saman med Kristalina Georgieva, visepresident for EU-kommisjonen og leiar av FNs generalsekretærs høgnivåpanel om humanitær finansiering. I møtet vart det lagt vekt på dei store humanitære behova og kor viktig det er å styrkje samspelet med utviklingsaktørar, særleg i sårbare statar og i langvarige flyktningsituasjonar. Arrangementet samla fleire FN-leiarar, utanriks- og utviklingsministrar frå fleire land, leiarar frå Verdsbanken, Den internasjonale Raude Kross-komiteen og frivillige organisasjonar. I opningsinnlegget sitt la utanriksministeren vekt på behovet for å mobilisere ressursar frå fleire aktørar, auke støtta til land som Jordan og Libanon, som husar svært mange flyktningar. Han påpeikte òg at det er viktig å få utviklingsaktørar inn tidlegare, styrkje utdanning i krise og konflikt, arbeide for førebygging av konflikt og naturkatastrofar og søkje meir fleksibel og føreseieleg finansiering.

Møte i gjevarlandsgruppa for Palestina

Utanriksministeren leidde ministermøtet for gjevarlandsgruppa for Palestina (AHLC). Møtet vart halde i FN, og generalsekretær Ban Ki-moon var vert for møtet, medan utanriksminister Kerry og høgrepresentant Mogherini var medarrangørar. Møtet vart halde rett etter at president Abbas hadde halde talen sin til Generalforsamlinga og det palestinske flagget var heist utanfor FN-bygningen. Dette gav møtet eit tyngre politisk preg enn det som var vanleg. Samanstøytane ved Al Aqsa-moskeen medverka òg til ein meir spent stemning.

Partane hadde ulike oppfatningar om kva tilhøve som gjorde det vanskeleg å finne ei løysing, men stadfesta likevel at dei forplikta seg til tostatsløysinga. Alle dei andre representantane på møtet streka òg under kor viktig det er å kome fram til ei fredeleg tostatsløysing. Det var brei semje om at den palestinske økonomien må styrkjast. Sjølv om den palestinske økonomien ikkje kan nå det fulle potensialet sitt før den israelske okkupasjonen tek slutt, er det svært mange tiltak som kan setjast i verk alt no for å stimulere til utvikling og vekst i Palestina.

Eit konkret oppfølgingspunkt frå møtet vil vere å styrkje lokale samarbeidsordningar på bakken for å sikre betre koordinering mellom partane og sentrale gjevarar. I møtet informerte Israel om kva tiltak som var vortne sette i verk det siste året for å betre situasjonen for palestinarane, både på Vestbreidda og i Gaza, og det vart kunngjort ei rekkje nye tiltak for det same føremålet. Dette vart positivt motteke av deltakarane. Det vart likevel streka under, både frå partane og andre deltakarar, at økonomisk utvikling og framgang på ingen måte kan erstatte ei politisk løysing.

Trygve Lie-symposiet

Utanriksministeren opna det årlege Trygve Lie-symposiet om sivilsamfunnet under press, med mellom anna FNs høgkommissær for menneskerettar Zeid Ra'ad Al-Hussein, Salil Shetty frå Amnesty International og den liberiske fredsaktivisten Leymah Gbowee. I paneldiskusjonen, som vart leidd av Lyse Doucet frå BBC, la utanriksministeren vekt på samanhengen mellom vern av menneskerettar og eit aktivt sivilsamfunn på den eine sida og fred, stabilitet, demokrati og berekraftig utvikling på den andre. Han oppmoda til internasjonalt engasjement for å slutte opp om og verne grunnleggjande og universelle rettar og sivilsamfunnet. I diskusjonen var det fokus på kva sivilsamfunnet har å seie for at styresmaktene vert haldne ansvarlege for å styre med utgangspunkt i folks rettar, vilje og behov. Det demokratiske spelerommet krympar i stadig fleire land. Konfrontert med brot på menneskerettane og åtak på demokratiske verdiar må FN opptre mykje meir resolutt.

Lifeline – støtte for menneskerettsforkjemparar

Utanriksminister Brende leidde det årlege styremøtet for Lifeline, ein støttemekanisme for menneskerettsforkjemparar og sivilsamfunnsaktørar, saman med den amerikanske viseutanriksministeren Tony Blinken. I 2015 delte Noreg formannskapet i Lifeline med USA. Til stades på møtet var representantar frå dei 17 landa som støttar opp om Lifeline, representantar frå NGO-konsortiet under mekanismen som vert leidd av Freedom House, og aktivistar frå Burundi og Aserbajdsjan som har fått støtte gjennom Lifeline. Utanriksministeren la vekt på samanhengen mellom brot på menneskerettane og restriksjonar på sivilsamfunnet på den eine sida, og krise og konflikt på den andre. Både Brende og Blinken la vekt på at utviklinga i mange delar av verda går i negativ retning, med aukande press på sivilsamfunnet og ein forverra situasjon for menneskerettsforkjemparane. Det er brei oppslutning blant støttelanda for innsatsen til Lifeline, og fleire indikerte fornya, auka og fleirårig støtte. I 2016 er det Estland som har formannskapet, saman med USA.

FN70 – møte med partnarland

Statssekretær Skogen var vertskap for møtet med partnarlanda for reforminitiativet FN70: Ein ny dagsorden under FNs høgnivåveke. Deltakarlanda streka under behovet for breiare reformer av FN, og stadfesta støtta si til dette initiativet. Statssekretær Skogen oppsummerte møtet med å framheve at vi har ei god plattform for vidare debatt med FN70-partnarlanda framover.

Boks 2.1 FNs generalforsamling

Generalforsamlinga er skipa gjennom FN-pakta, og det er FN-pakta som definerer funksjonane og avgjerdsområda til forsamlinga. I utgangspunktet kan Generalforsamlinga drøfte alle spørsmål eller saker som høyrer inn under pakta. Alle medlemslanda i FN er representerte i Generalforsamlinga, og kvart land har éi røyst.

Dei fleste sakene vert drøfta i ein av dei seks faste komiteane i Generalforsamlinga, som dekkjer ulike tematiske område. Det er i komiteane arbeidet med å fremje framlegg, drøfte saker og forhandle resolusjonar i hovudsak går føre seg. Etter behandlinga i komiteane vert resolusjonane òg formelt vedtekne i plenum i Generalforsamlinga, og som oftast skjer dette utan ytterlegare debatt. Visse saker vert behandla direkte i plenum utan å ha vore gjennom ein komité først. Ein del resolusjonar vert vedtekne ved konsensus, medan andre vert røysta over. Komiteane har ulik tradisjon og praksis når det gjeld bruk av avrøystingar, til dømes vert det røysta over dei fleste resolusjonane i 1. komité om internasjonal fred og tryggleik, medan i 5. komité om budsjettspørsmål og 6. komité om rettslege spørsmål vert alle resolusjonar vedtekne ved konsensus.

Resolusjonane som vert vedtekne i Generalforsamlinga, er ikkje juridisk bindande for medlemslanda, men har politisk vekt fordi Generalforsamlinga representerer verdssamfunnet si røyst.

2.4 Generalforsamlingas 1. komité (internasjonal fred og tryggleik)

Komiteen arbeider med internasjonal fred og tryggleik, og særleg nedrusting og ikkje-spreiing. I denne sesjonen vedtok komiteen om lag 60 resolusjonar og andre avgjerder. Noreg heldt eigne innlegg under generaldebatten og under den tematiske debatten om kjernefysiske våpen. Vi var òg tilslutta eit felles nordisk innlegg i generaldebatten. Vi slutta oss til røysteforklaringar om resolusjonar som er prinsipielt viktige for Noreg, og teikna oss som medframleggsstillarar for om lag ti resolusjonar.

Arbeidet i komiteen var prega av auka polarisering som følgje av eit internasjonalt spenningsnivå som generelt er vorte høgare. I denne sesjonen var det endå ein ny rekord i talet på innlegg i generaldebatten og dei tematiske debattane, noko som speglar att dei mange motsetnadene blant medlemslanda når det gjeld nedrusting. Det var òg langt fleire replikkutvekslingar enn før, og dette galdt spørsmål i samband med både Midtausten og Nord-Korea. I tillegg skulda USA og Russland kvarandre for å bryte den bilaterale INF-avtalen (Intermediate-Range Nuclear Forces Treaty) av 1987 om kjernefysiske mellomdistanserakettar. Vi såg òg ei vidareføring av tendensen dei siste åra, til at stadig færre resolusjonar vert vedtekne ved konsensus, noko som svekkjer sjansane til å oppnå samlande løysingar på viktige utfordringar når det gjeld nedrusting og ikkje-spreiing.

Når det gjeld kjernefysisk nedrusting, var sesjonen særleg prega av frustrasjon over at Tilsynskonferansen for ikkje-spreiingsavtalen ikkje vart samd om eit sluttdokument våren 2015, og misnøye over manglande framdrift i det internasjonale nedrustingsarbeidet. Den nyleg inngåtte Iran-avtalen vart derimot trekt fram som eit positivt utviklingstrekk.

Målet om ei verd fri for kjernevåpen er noko som dei fleste landa deler. Noreg streka under kor viktig det er med ei faktabasert tilnærming for å kaste lys over dei humanitære konsekvensane av kjernefysiske våpen. Ei gruppe land, med Austerrike, Mexico og Sør-Afrika i spissen, nytta den humanitære tilnærminga som eit påskot for å få innført eit forbod mot atomvåpen. Dei lanserte fire resolusjonar som har som føremål å innføre eit slikt forbod. Ingen NATO-land kunne støtte dette initiativet, ettersom det er i konflikt med det strategiske konseptet til NATO, som opererer med kjernefysisk avskrekking så lenge det finst slike våpen. Saman med likesinna land streka Noreg òg under behovet for prosessar som inkluderer både kjernevåpenstatar og ikkje-kjernevåpenstatar dersom målet om ei verd utan kjernevåpen skal kunne nåast.

Vidare streka Noreg under behovet for å kome fram til effektive metodar for å verifisere kjernefysisk nedrusting, med utgangspunkt i det banebrytande samarbeidet mellom Storbritannia og Noreg på dette området. Noreg deltok òg i panelet på eit sidearrangement om det internasjonale partnarskapet for verifikasjon av nedrusting (IPNDV). Arbeidet i partnarskapet samlar kjernevåpenstatane og ikkje-kjernevåpenstatane, og kan gje reell framgang når det gjeld kjernefysisk nedrusting. Fleire andre likesinna land la òg stor vekt på at verifikasjon er viktig.

Noreg sa seg nøgd med den sterke oppslutninga om minekonvensjonen, som no omfattar over 160 statspartar. Tilsvarande framheva vi kor viktig det er at det vert stadig større oppslutning om konvensjonen om klasevåpen. Denne konvensjonen omfattar no om lag 100 statspartar.

Noreg og fleire andre land sa seg dessutan nøgde med utfallet av det første statspartsmøtet til den internasjonale våpenhandelsavtalen (ATT), som fann stad i Cancún i Mexico i august 2015.

Komiteen behandla òg saker som gjeld kjemiske og biologiske våpen, tiltak for å hindre eit våpenkappløp i det ytre verdsrommet, og cyberspørsmål. Forhandlingane om resolusjonen om kjemivåpenkonvensjonen vart særs vanskelege på grunn av usemje om omtalen av granskingsarbeidet når det gjeld bruk av kjemiske stridsmiddel i Syria. Denne resolusjonen, som normalt vert vedteken ved konsensus, er teken til avrøysting i dei siste åra. I spørsmålet om det ytre verdsrommet var det ein ganske hissig debatt om det er behov for eit nytt rettsleg instrument, noko som Russland og Kina framheva og som USA avviste. Komiteen tok likevel samrøystes avgjerd om å skipe ei ny mellomstatleg ekspertgruppe for cybertryggleik. Dei fleste landa uttrykte frustrasjon over den fastlåste situasjonen i nedrustingskonferansen (CD) og over eit generelt dysfunksjonelt nedrustingsmaskineri. Men det er vanskeleg å sjå korleis medlemslanda vil kunne verte samde om konkrete reformer for å få maskineriet på rett kjøl.

2.5 Generalforsamlingas 2. komité (økonomiske og sosiale spørsmål)

Arbeidet i 2. komité vart på mange måtar eit antiklimaks etter dei store utviklingspolitiske forhandlingssuksessane i 2015 – først med Finansiering for utvikling i Addis Abeba og deretter med semje om Agenda 2030 og dei nye berekraftsmåla. Noreg sitt arbeid i komiteen vart i stor grad prega av skadeavgrensing – om å unngå uheldige føringar eller parallelle spor for oppfølginga av desse to agendaene – og om å unngå politiske tilbakeslag i saker som det var semje om i Addis Abeba og Agenda 2030. Noreg heldt fleire plenumsinnlegg i komiteen – eitt hovudinnlegg og fleire tematiske innlegg om berekraftig utvikling, utviklingsaktivitetane til FN og globale økonomiske spørsmål, i tillegg til eit innlegg om reform av arbeidsformene i komiteen.

I det norske hovudinnlegget vart det oppmoda til større politisk vilje for ei effektiv og samstemt oppfølging av berekraftsmåla og finansiering for utviklingsagendaen i 2. komité, og det vart vist til kor viktig det er å sikre ein økonomisk og berekraftig vekst som er driven fram av likestilling, kamp mot ulovleg kapitalflukt, mobilisering av nasjonale ressursar og auka bidrag frå den private sektoren.

Resolusjonsforhandlingane i 2. komité vart avslutta fleire veker på overtid. Fleire resolusjonsframlegg vart lagde fram lenge etter fristen, noko som fekk USA, Japan, Canada og Australia til å nekte å engasjere seg i forhandlingane. Mange resolusjonar enda dermed opp som reine prosedyreresolusjonar. Mange hadde venta at resolusjonane om operasjonelle aktivitetar og sør-sør-samarbeid, som vart tekne til votering året før, skulle bli kompliserte. Men her synte G77 seg konstruktive og var villige til å halde seg innanfor den vedtekne ordlyden, slik at det nokså snøgt vart oppnådd konsensus. Resolusjonen om samarbeid med mellominntektsland vart lagd fram etter tidsfristen og inneheldt mange krevjande framlegg, mellom anna om auka FN-innsats i desse landa. På grunn av tidsnaud og boikott frå store vestlege land klarte G77, EU og Noreg å verte samde om ein pragmatisk resolusjon tufta på den tidlegare vedtekne ordlyden. Noreg bidrog med ein kompromisstekst om at ein skal diskutere korleis FN kan gje meir effektiv og betre fokusert støtte til mellominntektsland, og at ein bør sjå på korleis FN kan gje betre støtte i ulike landkontekstar.

I resolusjonen om kvinner i utvikling lukkast det etter lange og vanskelege forhandlingar å verte samde om å ta omsyn til likestilling i politikk i samband med freds- og konfliktløysing, om å fremje kvinners rett til land og eigedom, og om gode formuleringar om hiv/aids. I resolusjonane om gjeldsberekraft og oppfølging av konferansen om finansiering for utvikling var det sterke motsetnader om innhaldet, og vegen til semje vart òg her korte, nærmast prosedyremessige resolusjonar. Resolusjonen om internasjonale finanssystem vart styrkt med ein tekst om kamp mot korrupsjon og skatteunndraging, ulovleg kapitalflyt og gjeldsberekraft. I tillegg vart det gjort store framsteg med ein ny og meir omfattande tekst om kvinner og likestilling i økonomiske spørsmål og finanssystemet.

Forhandlingane om den såkalla Agenda 21-resolusjonen om berekraftig utvikling, som var sentral for oppfølging av FN-konferansen om miljø og utvikling (Rio+20-konferansen) i 2012, vart svært vanskelege. G77 prøvde å gjere han til ein resolusjon om oppfølging av Agenda 2030, noko som alle dei andre motsette seg, fordi det i praksis ville skape ein parallell oppfølgingsprosess i 2. komité til den prosessen som er vedteken i Agenda 2030. G77 var ikkje villige til å forhandle om anna enn sin egen tekst, og forhandlingane stranda. Løysinga vart ein sterkt nedkorta tekst frå den brasilianske tilretteleggjaren, der dei uheldige føringane for Agenda 2030 var fjerna.

Sverige og Fiji tok initiativ til ein resolusjon om å halde ein serie FN-konferansar for gjennomføring av utviklingsmål 14 om berekraftig utnytting av havområda i verda. Noreg var, saman med andre tunge havretts- og utviklingsaktørar, uroa for at dette kunne undergrave eksisterande havrettsstrukturar og fragmentere utviklingsagendaen gjennom skiping av eigne mekanismar for dei ulike utviklingsmåla. Kompromisset vart til slutt å halde éin FN-konferanse på Fiji i juni 2017, der føremålet skal vere å medverke til politisk momentum om utviklingsmål 14. Japan var pådrivar for ein resolusjon om innføring av ein eigen dag for større merksemd om tsunamiar. Noreg følgde òg forhandlingane om International Strategy for Disaster Reduction (ISDR), der det var mykje diskusjon om finansiering. Alle desse resolusjonane vart vedtekne ved konsensus.

Resolusjonen i år om global helse og utanrikspolitikk handla om å styrkje FN si handtering av internasjonale helsekriser, og vart vedteken ved konsensus etter først å ha gjennomgått ein innleiande forhandlingsrunde i Genève. I år vart forhandlingane leidde av Senegal på vegner av sjulandsgruppa for global helse, der Noreg, Indonesia, Sør-Afrika, Thailand, Brasil og Frankrike utgjer resten av medlemmene.

2.6 Generalforsamlingas 3. komité (menneskerettar, humanitære og sosiale spørsmål)

I 3. komité markerte Noreg seg som ein tydeleg og aktiv menneskerettsaktør i sentrale resolusjonsforhandlingar, og vi fekk gjennomslag for dei viktigaste prioriteringane våre. Noreg tok òg aktivt og tydeleg del i fleire av generaldebattane og i svært mange interaktive dialogar, tematiske så vel som geografiske. I tillegg var Noreg aktivt med i fleire sidearrangement.

Overordna sett var det ein konstruktiv sesjon. Det samla talet på resolusjonar går framleis litt ned, delvis som eit resultat av innsatsen frå Noreg og andre land for å betre arbeidsmetodane i komiteen. 62 resolusjonar vart vedtekne i denne sesjonen, 18 av desse ved avrøysting. Dette er fleire enn før, noko som viser at motsetnadene ofte er store. Samstundes var usemja størst når det galdt dei resolusjonane som det var røysta over. Dei andre resolusjonane var prega av eit litt mindre motsetnadsfylt forhandlingsklima enn før.

Dei mest kontroversielle temaene dreidde seg i stor grad om kvinners rettar og ikkje minst spørsmål i samband med kvinners seksuelle og reproduktive helse og rettar. Seksuell orientering og identitet er framleis eit svært vanskeleg tema, og rettane til homofile er framleis blant dei mest omstridde temaene i komiteen, trass i at det ikkje var resolusjonar med eksplisitte referansar under denne sesjonen.

Noreg leidde to resolusjonsforhandlingar om høvesvis menneskerettsforkjemparar og internt fordrivne. Den sistnemnde resolusjonen vart vedteken ved konsensus. Språket vart styrkt på fleire viktige område, mellom anna med klarare referanse til normativt rammeverk og internasjonal humanitærrett (IHL). Resolusjonen om menneskerettsforkjemparar vart teken til votering for første gong. Etter lange og harde forhandlingar vart han vedteken med klart fleirtal. Stridens kjerne i forhandlingane var behovet for å anerkjenne den viktige rolla som menneskerettsforkjemparane har, og, på bakgrunn av ein situasjon med aukande førekomst av trugsmål, skremsler og åtak, kor viktig det er å gje dei særskilt vern.

Som før deltok Noreg i kjernegruppa for resolusjonen om menneskerettssituasjonen i Iran. Resolusjonen vart vedteken med litt mindre oppslutning enn før. Noreg deltok òg aktivt i arbeidet med dei tre andre landspesifikke resolusjonane om Syria, Nord-Korea og Myanmar. Resolusjonen om Nord-Korea vart vedteken utan den same dramatikken som under den førre sesjonen. Teksten viser i år òg til Den internasjonale straffedomstolen (ICC). Syria-resolusjonen fekk monaleg lågare oppslutning enn før, etter at teksten vart sterkt prega av motsetnader mellom Iran og Saudi-Arabia, der Saudi-Arabia var den som la fram resolusjonen. Myanmar-resolusjonen la vekt på å balansere mellom å anerkjenne framgangen i den demokratiske overgangsprosessen, samstundes som utfordringane på menneskerettsområdet varar ved. Resolusjonen vart vedteken ved konsensus.

Noreg la elles særleg vekt på å delta aktivt i forhandlingane om resolusjonane om kamp mot tortur, vern av menneskerettane i kampen mot terrorisme, rettane til barn, vern av journalistar, demokratiske val og rettane til urfolk.

2.7 Generalforsamlingas 4. komité (særskilte politiske spørsmål)

Generalforsamlingas 4. komité har ansvaret for særskilte politiske spørsmål, mellom anna avkolonisering, Palestina, FNs fredsbevarande operasjonar og FNs spesielle politiske oppdrag. I tillegg finst det einskiltståande punkt på dagsordenen til komiteen, til dømes radioaktiv stråling, informasjon og fredeleg bruk av det ytre rommet. Som tidlegare vart det røysta over svært mange resolusjonar og vedtak i komiteen, mellom anna resolusjonane om avkolonisering og om Palestina-spørsmålet.

Under den årlege debatten om FNs fredsoperasjonar stod rapporten frå høgnivåpanelet for fredsoperasjonar i fokus, saman med gjennomføringsrapporten til Generalsekretæren. Mange land ønskte begge rapportane velkommen, men med ulik vektlegging. Medan Den alliansefrie rørsla (NAM) var mest positiv til rapporten frå høgnivåpanelet, uttrykte USA og EU meir støtte til Generalsekretæren sin rapport. Behovet for større merksemd om førebygging, mekling og solide politiske prosessar vart trekt fram på tvers av gruppene. NAM tok til orde for at det politiske oppdraget til FN skal finansierast etter modell av dei fredsbevarande operasjonane. Fleire afrikanske land tok til orde for meir robuste mandat og oppgåver som krev meir bruk av makt på taktisk nivå, mellom anna for å verne sivile. Mange land var opptekne av at det må vere nulltoleranse for seksualisert vald i FN-operasjonar. Dette temaet var ei stor sak under Generalforsamlinga i år. Frå norsk side la ein òg vekt på at det må vere samsvar mellom mandat og ressursar, snøggare etablering av nye operasjonar, ei heilskapleg tilnærming til vern av sivile, vidareføring av reform av politiinnsatsen og styrking av kvinners deltaking og av kjønnsperspektivet. Noreg og Etiopia har teke på seg ei særskilt rolle for å følgje opp reformrapportane for å sjå til at viktige element og naudsynte reformer vert følgde opp.

Resolusjonen om politiske operasjonar (Special Political Missions – SPMs) vart vedteken utan avrøysting, med små endringar jamført med tidlegare. Noreg tok opp behovet for å betre den administrative støtta til dei politiske operasjonane for å sikre at nye operasjonar kjem på plass snøggare. 90 prosent av personellet i dei politiske operasjonane til FN arbeider no med førebygging og konfliktløysing. Styrkinga av desse instrumenta er avgjerande for at FN skal kunne realisere målet sitt om «å spare nye generasjonar for krig og konflikt».

Midtausten- og Palestina-debatten og handsaminga av dei einskilde resolusjonane følgde eit velkjent mønster. Det var mykje fokus på den økonomiske situasjonen til FN-organisasjonen for palestinske flyktningar (UNRWA), som var meir kritisk enn på mange tiår. Skoletilbodet for ein halv million barn i Jordan, Libanon, Syria og Palestina stod hausten 2015 i fare for å verte redusert. Noreg medverka til å synleggjere dei finansielle utfordringane for UNRWA gjennom rolla som rapportør for FNs arbeidsgruppe om finansiering av UNRWA, og framlegging av rapporten for komiteen.

Under spørsmålet om avkolonialisering og debatten om ikkje-sjølvstyrte territorium var det som i tidlegare år sterke motsetnader mellom Marokko og fleire afrikanske land i spørsmålet om Vest-Sahara. Det same galdt tilhøvet mellom Storbritannia og Argentina om Falklandsøyane og mellom Storbritannia og Spania om Gibraltar. Voteringane følgde røystemønsteret frå tidligare år med tilhøyrande røysteforklaringar.

Fleire tematiske resolusjonar, til dømes om det ytre rommet, radiologisk stråling og minetiltaka til FN, vart vedtekne. Nytt i år var at USA fremja ein prosedyreresolusjon med avgjerd om å utvide komiteen for fredeleg utnytting av det ytre rommet (Committee on the Peaceful Uses of Outer Space – COPUOS) med dei seks landa som søkte medlemskap: El Salvador, Israel, Oman, Qatar, Sri Lanka og Dei sameinte arabiske emirata. Dette var for å unngå at det vart avrøysting på kvar søkjar, noko som ville ha gjort det vanskeleg for Israel. Resolusjonen vart vedteken ved avrøysting.

2.8 Generalforsamlingas 5. komité (budsjettspørsmål)

For første gong på fleire år klarte FN-komiteen for budsjettspørsmål å verte ferdig før jul. Dette var eit tydeleg uttrykk for eit monaleg betre forhandlingsklima i komiteen. Ikkje minst medverka G77 sine forhandlarar til dette. Det var ikkje mogleg å stå imot kravet frå EU, USA og Japan om nedskjeringar, noko som førte til eit relativt sett lågt budsjettnivå for FN dei neste to åra. Noreg medverka likevel til å auke talet på stillingar ved FNs organisasjon for palestinske flykningar (UNRWA) og til at FNs miljøorganisasjon (UNEP) fekk overført fleire stillingar frå frivillige bidrag til det regulære budsjettet.

Dei attståande norske prioriteringane var blant dei vanskelegaste og mest kompliserte sakene under hovudsesjonen i år. Spørsmålet om eigne budsjett for politiske operasjonar (SPMs), med årlege tildelingar på lik linje med dei fredsbevarande operasjonane, var til behandling i komiteen for femte gongen, utan at det var mogleg å finne ei løysing som alle kunne vere samde om. Noreg heldt eit innlegg på vegner av Noreg og Sveits til støtte for denne budsjettmessige reforma som vil medverke til betre organisering av det førebyggjande diplomatiet til FN. Sjølv om utfallet enno ein gong vart utsetjing, medverka Noreg, saman med fleire andre land, til eit positivt momentum i å finne ei løysing på den fastlåste saka. Noreg arbeidde målretta for å få støtte for at FNs høgkommissær for menneskerettar skal få gjennomføre ei desentraliseringsreform. Her hadde vi innlegg saman med Tyrkia og Sveits.

Ei anna sak på dagsordenen der Noreg spela ei svært aktiv rolle, var arbeidet for å vedta at sekretariatet skal gje finansiell støtte til FNs system for lokale koordinatorar. Sjølv om alle dei prioriterte temaene våre på hovudsesjonen i år enda med utsetjing, gav forhandlingane visse positive indikasjonar på at komiteen vil kunne semjast når desse sakene kjem opp til ny behandling i år. Det er tradisjon for at alt som vert behandla i 5. komité, vert avgjort ved konsensus og ikkje ved avrøysting.

Komiteen vedtok òg dei to bidragsskalaene for fordelinga av faste løyvingar frå medlemslanda til FN for de neste tre åra, både regulære budsjett og budsjettet for fredsbevarande operasjonar. Spesielt førte bidragsskalaen for dei fredsbevarande operasjonane til ein hard debatt mellom den gruppa av utviklingsland som nyt godt av rabattar på sine bidrag, og dei faste medlemmene i Tryggingsrådet, som dekkjer størstedelen av kostnadene. Unntaket var Kina, som stolt kunne melde at dei frå 2016 ville bli den nest største bidragsytaren til FNs fredsbevarande operasjonar.

2.9 Generalforsamlingas 6. komité (rettslege spørsmål)

Under 6. komité i år vart det i alt behandla 19 saker og vedteke 11 resolusjonar, alle ved konsensus. Noreg heldt innlegg om internasjonal terrorisme, Program of Assistance (fellesnemning for FNs audiovisuelle bibliotek, regionale program og stipend), universaljurisdiksjon, straffansvar for FN-tilsette og innlegg om ulike tema som er behandla av den årlege rapporten til FNs folkerettskommisjon. Fleire av desse innlegga vart haldne på vegner av dei nordiske landa.

Det viktigaste som hende på sesjonen i år, var framgangen som vart oppnådd om straffansvar for FN-tilsette, noko som har vore ein hovudprioritet for Noreg i mange år. I resolusjonen i år vert statane bedne om å rapportere detaljert om nasjonale tiltak, mellom anna med ei eventuell grunngjeving for ikkje å setje i verk tiltak. Vidare seier resolusjonen at Generalsekretæren skal gje full rapport om saker som er vortne overførte frå FN til nasjonale jurisdiksjonar for etterforsking etter 1. juli 2007, då tilvisingsordninga vart innført. Dette vil leggje til rette for ytterlegare tiltak for å sikre betre rapportering og effektiv nasjonal oppfølging av overførte saker. Det vil òg kunne påverke andre liknande prosessar, ikkje minst freistnadene på å syte for at militære kontingentar i FN-teneste vert haldne ansvarlege for seksuelle overgrep. Debatten om universaljurisdiksjon gjekk føre seg langs kjente linjer, og det lukkast for Noreg med fleire å motverke at prinsippet om universaljurisdiksjon vart offer for ytterlegare tilbakeslag. Debatten om internasjonal terrorisme fokuserte på kampen mot ekstremisme og framandkrigarverksemd. Når det galdt arbeidet med den heilskaplege terrorkonvensjonen (CCIT), som har til hovudføremål å innføre ein internasjonal definisjon av terrorisme, vart det snøgt klart at ingen av dei sentrale aktørane, USA og visse EU-statar på den eine sida og dei islamske landa (OIC) på den andre, hadde nemneverdig vilje til å forhandle konstruktivt. Resultatet inneber at det neppe vert semje om ein definisjon av terrorisme med det første.

2.10 Saker som har gått direkte i plenum i Generalforsamlinga

Kvart år er det nokre resolusjonar som går direkte i Generalforsamlinga, utan først å ha vore til behandling i nokon av komiteane.

Den såkalla flaggsaka fekk stor merksemd i år. Generalforsamlinga vedtok at flagga til observatørstatar kunne heisast utanfor FN-hovudkvarteret og FN-kontora. Resolusjonen, som vart fremja av Palestina, vart vedteken med 119 røyster for, 8 imot og 45 avståande. 21 land var ikkje til stades. Noreg røysta avståande og heldt røysteforklaring. Mange av dei europeiske landa som avstod, hadde liknande røysteforklaringar som Noreg, det vil seie at resolusjonen ville endre den etablerte praksisen at det er flagga til medlemslanda som heng utanfor FN-hovudkvarteret, og at vedtaket ville skape uheldig presedens, men at ei avståing ikkje måtte skape tvil om at støtta til ei tostatsløysing står ved lag. Partane vart difor oppmoda til å halde fram med forhandlingane. Landa som røysta for resolusjonen, meinte at avrøystinga var ei naturleg forlenging av 2012-avrøystinga, då Palestina fekk observatørstatus. USA røysta imot, fordi dei meinte at eit palestinsk flagg utanfor FN ikkje var eit alternativ til forhandlingar.

Noreg var medframleggsstillar til ein resolusjon til støtte for samarbeidet mellom FN og Forumet for samarbeid mellom øystatar i Stillehavet. Resolusjonen om krav om oppheving av USAs handelsblokade mot Cuba er ei årleg tilbakevendande sak i Generalforsamlinga. Dette er den resolusjonen i Generalforsamlinga som får flest ja-røyster gjennom sesjonen. Også i 2015 vart han vedteken med overveldande fleirtal. 191 av 193 medlemsland røysta for. Trass i det positive klimaet med etablering av diplomatisk samband mellom USA og Cuba, røysta Israel og USA, i tråd med tradisjonen, imot resolusjonen. Men for første gongen var det ingen øystatar som lèt vere å røyste, noko som i dei tidlegare åra har vore sett som ein måte å signalisere støtte til USA. Stemninga i salen etter avrøystinga tydde på at denne auken i ja-røyster vart oppfatta som ein stor siger.

Generalforsamlinga i FN vedtok å utvikle ein folkerettsleg avtale under FNs havrettskonvensjon om vern og berekraftig bruk av marint naturmangfald i havområde utanfor nasjonal jurisdiksjon. Generalforsamlinga skipa ein førebuande komité som skal førebu forhandlingane om ein slik avtale ved å kome med tilrådingar om element til ein ny avtale. Den nye avtalen skal mellom anna regulere tilgang til og fordelsdeling frå marine genetiske ressursar, bruk av marine verneområde og konsekvensutgreiingar. Den førebuande komiteen skal ha to møte i 2016 og to møte i 2017 før han skal kome med tilrådingar til Generalforsamlinga om element til ny avtale innan utgangen av 2017. Dette er ei viktig sak for Noreg, og arbeidet i den førebuande komiteen vert difor følgt tett frå norsk side.

Det er lagt opp til at Generalforsamlinga skal ta avgjerd om tilskiping av ein diplomatkonferanse innan utgangen av den 72. sesjonen i Generalforsamlinga (innan hausten 2018).

Noreg kom med tekstframlegg til og støtta initiativ frå andre land om prioriterte område i havretts- og fiskeriresolusjonane, til dømes om havureining, plast og mikroplast, kamp mot faunakriminalitet, medrekna fiskerikriminalitet, mattryggleik og tiltak som gjeld småskalafiske. Vi fekk gjennomslag for fleire av framlegga våre, men møtte òg motstand på visse område. Som tidlegare var det førande for den generelle norske tilnærminga å sikre systemet til havrettskonvensjonen som den overordna rettslege ramma for tiltak i den marine sektoren. Det vart røysta over havrettsresolusjonen, og det var berre Tyrkia, som før, som røysta imot. Fiskeriresolusjonen vart vedteken ved konsensus.