Meld. St. 38 (2015–2016)

Noregs deltaking i den 70. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN)

Til innhaldsliste

4 Styrking av FN, reform, og aktørar

Reform av FN er eit krevjande og mødesamt arbeid. Hovudutfordringa er som oftast ikkje mangel på idear om korleis organisasjonen skal styrkjast og møte utfordringane ein står overfor, men heller å få alle dei 193 medlemslanda til å verte samde om konkrete reformer. Under den 70. generalforsamlinga spela Noreg ei aktiv rolle i mange store og små prosessar for å effektivisere og styrkje FN.

Hausten 2015 var det lite framgang i spørsmålet om reform av Tryggingsrådet, men det har vore ein viss framgang når det gjeld reform av arbeidsmetodane til Rådet. Noko av dette kjem etter innspel frå ACT-samarbeidet, ei gruppe av 26 land der Noreg tek del, og som arbeider aktivt for ei meir open og ansvarleg haldning og større grad av innsyn i arbeidet til Tryggingsrådet.

I FN-arbeidet for fred og tryggleik har Noreg spelt ei aktiv rolle for å følgje opp tre FN-gjennomgangar av høvesvis FNs fredsoperasjonar, fredsbyggingsarkitektur og agenda for kvinner, fred og tryggleik. Frå norsk side har vi særleg prioritert å styrkje FNs konfliktførebyggjande evne, FNs fredsoperative evne, partnarskapet mellom FN og regionale organisasjonar og kvinners deltaking i alle freds- og tryggleiksprosessar. Delegasjonen har spelt ei viktig rolle når det gjeld å støtte det uavhengige panelet som i juni la fram rapporten sin om FNs fredsoperasjonar. Saman med Etiopia leidde Noreg ei vennegruppe for panelet, som har vore eit viktig forum for drøfting av tilrådingane til panelet òg etter at rapporten vart lagd fram. Noreg har òg aktivt støtta Generalsekretæren sitt initiativ Human Rights Up Front. Vidare følgde delegasjonen dei FN-relaterte vala og kandidatura tett og arbeidde strategisk rundt desse med tanke på norske utanrikspolitiske interesser.

Det er framgang i arbeidet med å effektivisere utviklingsaktivitetane til FN, men det er framleis potensial for betringar. Utviklingssystemet i FN har sett i verk ein handlingsplan for oppfølging av rammeresolusjonen om den operasjonelle verksemda til FN frå 2012. Over 50 land har no valt tilnærminga «levere som éin» for FN-arbeidet på landnivå, og nye arbeidsmetodar og harmonisering av administrative prosedyrar viser lovande resultat. I diskusjonane om FNs operasjonelle aktivitetar uttrykte mange land, medrekna Noreg, varsemd mot å leggje inn føringar i årets resolusjon som føregrip utfallet av den pågåande dialogen om korleis utviklingsaktivitetane til FN skal innrettast, og kva tilrådingar Generalsekretæren skal leggje fram før forhandlingane av den nye rammeresolusjonen om den operasjonelle verksemda til FN tek til hausten 2016. Ein sterk koordinator på landnivå er ein føresetnad for å lukkast med ei einskapleg handtering på tvers av FN-organisasjonane og effektivisering av FN, og det er urovekkjande at 5. komité ikkje har lukkast i å kome til semje om inndekkinga av FN-sekretariatet sin del av utgiftene til lokale koordinatorar, trass i at det er semje om kostnadsinndeling internt i FN og støtte for denne byrdefordelinga i 2. komité.

I fleire år har ei ad hoc-gruppe arbeidd med spørsmålet om revitalisering av Generalforsamlinga, utan at dette tidlegare har ført til større resultat. For første gongen, i 2015 som det aller siste punktet på dagsordenen under 69. sesjon, var det konsensus om ein resolusjon som la grunnlaget for reelle reformer. Det viktigaste som det vart semje om, var endringar som fører til at generalsekretæren i FN vert vald på ein meir open måte. Hausten 2015 vart den nye prosedyren innført ved at presidenten for Generalforsamlinga og leiaren for Tryggingsrådet sende ut eit brev der dei i fellesskap inviterte medlemslanda til å kome med framlegg til kandidatar. Utover våren 2016 vart det halde høyringar av kandidatane. Det er òg semje om ei liste med kvalifikasjonar som ein ny generalsekretær bør ha, og medlemslanda vert oppmoda til å fremje kvinnelege kandidatar.

Det er òg eit behov for å gå kritisk gjennom arbeidsmetodane til alle komiteane, både når det gjeld organisering av debattar og resolusjonsforhandlingar og med tanke på kor mange resolusjonar som skal fremjast. Tida det tek å forhandle fram ein resolusjon, er òg eit tilbakevendande problem. Dette gjeld særleg i 5. komité for budsjettspørsmål, som har ein meir samansett struktur enn dei andre komiteane, med eit eige rådgjevingsorgan som går gjennom alle framlegg og legg fram tilrådingar for komiteen (ACABQ). Ettersom 5. komité tek bindande avgjerder, er det viktig at prosessane vert meir effektive og at prosedyrane for budsjettbehandlinga vert etterlevde. Dessverre har det vore få betringar både med omsyn til nye metodar og ny praksis, sjølv om komiteen viste meir disiplin i forhandlinga i år enn i tidlegare år. Eit grunnleggjande problem for Generalforsamlinga er at den rigide gruppedynamikken ofte står i vegen for konsensusløysingar. Dessverre ser vi ofte at meir ytterleggåande element vinn fram i G77/NAM. I tillegg spelar Russland ofte ei sjølvhevdande og lite konstruktiv rolle. Russarane har vore kritiske til ei rekkje reformframlegg, både når det gjeld arbeidsmetodane i Generalforsamlinga og tiltaka for å få eit meir ope Tryggingsråd.

2016 blir eit viktig år for FN, ikkje minst i lys av at det skal veljast ny generalsekretær. Gjennom prosjektet FN70: Ein ny dagsorden har Noreg teke initiativ til å utvikle og fremje ei liste med tilrådingar til ein ny generalsekretær om politikk og idear til reform. I dette arbeidet arbeider vi saman med andre land, tankesmier, forskarar, FN-tilsette og sivilsamfunnet. Målet er å påverke, og støtte, den neste generalsekretæren i FN i arbeidet med å styrkje organisasjonen når det gjeld saker som ho eller han har innverknad på. Det er store forventningar til den som skal leie FN frå 2017. Òg i framtida vil evna blant medlemslanda i FN til å finne fram til konsensusløysingar verte testa på nytt. I 2016 held Noreg fram arbeidet for at FN skal fungere betre og bli ein meir effektiv og moderne organisasjon. Vi vil òg prøve å spele ei brubyggjarrolle, slik at dei 193 medlemslanda i FN forhåpentlegvis kan verte samde om korleis FN kan reformerast på ein slik måte at organisasjonen vert betre rusta til å møte dei utfordringane som kjem i framtida.