Meld. St. 38 (2015–2016)

Noregs deltaking i den 70. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN)

Til innhaldsliste

3 Tryggingsrådet

Konfliktane i Syria, Sør-Sudan, Burundi, Libya, Israel og Palestina prega dagsordenen til Tryggingsrådet hausten 2015. Tryggingsrådet var framleis prega av det kjølege tilhøvet mellom Russland og vestlege land. Trass i dette klarte Tryggingsrådet å semjast på viktige område, til dømes tiltak mot internasjonal terrorisme/ISIL, skiping av ei gruppe som undersøkjer bruken av kjemiske våpen i Syria, og oppfølging av FNs fredsoperasjonar.

Det viktigaste vedtaket hausten 2015 var resolusjonen om eit politisk vegkart for å løyse konflikten i Syria. Etter nesten fem år med krig og steile frontar mellom USA og Russland, klarte stormaktene å verte samde om dette historiske vedtaket. Den vanskelege utviklinga på bakken gjer at oppfølginga av resolusjonen vil vere krevjande. Tryggingsrådet forlenga resolusjonane om humanitær tilgang, noko som førte til ei viss betring i den humanitære situasjonen, men ikkje for menneska i kringsette område som er vanskelege å nå inne i Syria. Ei viktig utvikling er vedtaket av tryggingsrådsresolusjon 2253, som utvidar det regimet som gjeld for Al Qaida, til òg å gjelde for ISIL og tilhøyrande grupper. Noreg og 67 andre land var medframleggsstillarar til resolusjonen.

Den fastlåste politiske situasjonen i Libya kom endå høgare opp på dagsordenen til Tryggingsrådet på grunn av at ISIL har styrkt stillinga si i landet, og på grunn av migrasjonsstraumane over Middelhavet.

Tryggingsrådet vedtok ein resolusjon om kamp mot menneskesmuglarar. Denne resolusjonen gav eit rettsleg grunnlag for tiltak på det opne havet utanfor kysten av Libya, men ikkje i libysk territorialfarvatn, der det er mistanke om menneskesmugling eller menneskehandel. FN var ein sentral aktør i å forhandle fram ein politisk avtale mellom ulike libyske fraksjonar. Det har likevel vist seg å vere fleire utfordringar knytte til ei formell libysk godkjenning av avtalen og etablering av ei samlingsregjering i Tripoli.

Israel-Palestina-konflikten stod på dagsordenen til Tryggingsrådet hausten 2015 òg, særleg som følgje av det høge valdsnivået i Israel og Palestina. Det var retta nokså lite merksemd mot Jemen jamført med lidingane på bakken. Om lag 21,1 millionar menneske, det vil seie 82 prosent av befolkninga, treng naudhjelp. Berre eitt ope møte om Jemen vart halde gjennom hausten.

Tryggingsrådet medverka aktivt til at fredsavtalen i Sør-Sudan vart inngått hausten 2015. Etter at avtalen var inngått, vart mandatet for den fredsbevarande FN-operasjonen i Sør-Sudan (UNMISS) fornya, med sikte på å støtte opp om oppfølginga av avtalen. Situasjonen i Burundi kom stadig høgare på dagsordenen til Tryggingsrådet, i takt med valdsspiralen og det aukande omfanget av hatefulle ytringar utover hausten. Tryggingsrådet vedtok 12. november resolusjon 2248, som mellom anna tok klar avstand frå valden og mangelen på genuin dialog mellom partane, og fordømte offentlege fråsegner som oppmodar til hat og vald mot ulike delar av befolkninga.

Menneskerettssituasjonen i Nord-Korea vart i 2015 òg sett på dagsordenen i Tryggingsrådet på den internasjonale menneskerettsdagen 10. desember.

Under den årlege opne debatten i Tryggingsrådet om kvinner, fred og tryggleik vart det i oktober markert at det er 15 år sidan den første resolusjonen om tematikken, resolusjon 1325, vart vedteken. Statssekretær Tone Skogen deltok på markeringa frå norsk side, og i innlegget sitt la ho vekt på norsk støtte, både finansielt og politisk, til arbeidet med kvinner, fred og tryggleik, både heime og ute. Ho viste også til paradokset i at det framleis er få kvinner rundt bordet i fredsforhandlingar. Den åttande resolusjonen om kvinner, fred og tryggleik vart òg samrøystes vedteken i Tryggingsrådet. Resolusjon 2242 hadde rekordmange medframleggsstillarar, der Noreg og 74 andre land stilte seg bak teksten. Resolusjonen omfattar mellom anna språk om kvinner si rolle i kampen mot valdeleg ekstremisme.

Ein resolusjon om ungdom, fred og tryggleik vart vedteken i desember, etter initiativ frå Jordan. Resolusjonen strekar mellom anna under den viktige rolla som ungdom spelar i kampen mot valdeleg ekstremisme.