Ot.prp. nr. 103 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 4. juli 1991 nr. 47 om ekteskap (ekteskapslova) m.m.

Til innhaldsliste

10 Merknader til lovutkastet

10.1 Endringar i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre

Til § 30 a. Avtale om ekteskap

Det blir foreslått ei ny føresegn i barnelova som slår fast at ein avtale foreldre eller eventuelt andre gjer om ekteskap på vegner av mindreårige, ikkje er rettslig bindande. Dette er ei tydeleggjering av eit prinsipp som alt følgjer av norsk rett i dag. Ein avtale om framtidig ekteskap inngått på vegner av mindreårige, vil heller ikke med rettstilstanden vi har i dag, vere rettsleg bindande. Det inneber inga endring i ekteskapslova § 1 om at den som er under 18 år, ikkje kan inngå ekteskap utan samtykke frå dei eller den som har foreldreansvaret m.m.

Sjå meir om denne føresegna under kapittel 7.

10.2 Merknader til endringar i lov 4. juli 1991 nr. 47 om ekteskap

Til § 6 Når prøving skal skje, og hvem som skal foreta prøvingen.

Føresegna handlar om når prøvinga skal skje, og kven som skal stå for prøvinga. Denne føresegna blir endra slik at det går klart fram av andre ledd at det er folkeregisteret eller norsk utanrikstenestemann som skal stå for prøvinga. Prøvinga skal utførast av folkeregisteret der ein av brudefolka bur. Det går vidare fram av føresegna at norsk utanrikstenestemann berre skal prøve ekteskapsvilkåra for norske borgarar som er fast busette i embetsdistriktet, og berre i dei tilfella der prøvinga ikkje kan utførast av norsk folkeregister. Dette er ei praktisk ordning og inneber at norsk utanrikstenestemann også kan prøve ekteskapsvilkåra for norske borgarar fast busette i embetsdistriktet som skal inngå ekteskap for norsk vigslar i dette landet. I alle andre tilfelle skal folkeregisteret prøve ekteskapsvilkåra.

Til § 7 Bevis for at ekteskapsvilkårene er oppfylt.

Bokstav a

Føresegna er endra, som ein konsekvens av at folkeregistra tek over prøvinga av ekteskapsvilkåra. Det skal leggjast fram fødselsattest berre i dei tilfella der andre enn folkeregisteret skal prøve ekteskapsvilkåra. Unntaket i andre punktum blir ført vidare. Når folkeregisteret prøver ekteskapsvilkåra, kontrollerer folkeregisteret at opplysningane om namn og alder som brudefolka har gitt i eigenerklæringane, er rette.

Bokstav h

Det følgjer av denne føresegna at ein utanlandsk statsborgar som ikkje er fast busett i Noreg, må leggje fram dokumentasjon frå styresmaktene i heimlandet sitt om at det ikkje er noko til hinder for at han eller ho inngår ekteskap i Noreg. Vigslarar har hatt høve til å gjere unntak frå kravet når særlege grunnar taler for det.

Det er berre gjort ei konsekvensendring slik at det blir folkeregisteret eller norsk utanrikstenestemann som skal ha høve til å gjere eit slikt unntak.

Til § 9 Kontroll med at brudefolkene har rettslig handleevne.

Det er berre gjort ei konsekvensendring i første ledd første punktum, slik at det blir foreslått at folkeregisteret eller norsk utanrikstenestemann skal stå for prøvinga av ekteskapsvilkåra. Konsekvensen blir at det går klart fram av føresegna at både den som prøver vilkåra, og den som skal utføre vigselen, skal føre kontroll med den rettslege handleevna til brudefolka.

Til § 10 Attest om at ekteskapsvilkårene er prøvet.

Regelen blir endra slik at det i første ledd tydeleg går fram at der folkeregisteret eller norsk utanrikstenestemann finn at brudefolka oppfyller ekteskapsvilkåra og det ikkje ligg føre hindringar etter § 8 eller § 9, skal brudefolka få ein attest som viser at det ikkje er noko til hinder for at ekteskap blir inngått. Denne attesten blir avgjerande for om ein gyldig vigsel kan gjennomførast. Som gyldig prøvingsattest gjeld også gyldig prøving gjord i eit anna nordisk land, etter Nordisk konvensjon av 6. februar 1931. Etter artikkel 2 i denne konvensjonen kan ein vigsel, så lenge prøvinga eller lysinga er gyldig, utførast av styresmaktene i ein annan kontraherande stat utan ny prøving eller lysing.

Det blir samtidig foreslått at det skal gå fram av lovteksten at prøvingsattesten ikkje må vere eldre enn fire månader. Er attesten eldre enn fire månader, skal det skje ei ny prøving. Det inneber ein ny regel om at ein prøvingsattest er gyldig i fire månader etter at han er utskriven.

Det blir foreslått eit nytt andre ledd, som gir heimel for at kvar av partane kan klage til fylkesmannen dersom folkeregisteret eller norsk utanrikstenestemann gjer vedtak om ikkje å skrive ut prøvingsattest.

Samtidig blir føresegna i noverande § 10 andre ledd om at attest vanlegvis ikkje blir gitt før ei veke etter at vigslaren har fått dei bevisa som brudefolka skal skaffe etter §§ 7 til 9, oppheva, sidan denne føresegna då ikkje lenger har nokon praktisk funksjon. Dersom folkeregisteret har fått nødvendig dokumentasjon og har tid til å behandle saka med det same, kan departementet ikkje sjå at det skal vere grunn til å vente med å skrive ut prøvingsattesten.

Til § 12 Vigslere.

Føresegna regulerer kven som er vigslarar, sjå punkt 4.1, som gjer greie for gjeldande rett. Ekteskapslova § 12 a er utvida til også å omfatte livssynssamfunn som tek imot tilskot etter lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn.

Etter § 12 nytt andre ledd blir det gitt heimel for forskrift om fastsetjing av utfyllande reglar om tildeling og tilbaketrekking av vigselrett for seremonileiar eller tilsvarande i livssynssamfunn. For nærmare omtale, sjå kapittel 8.

Til § 13 En vigslers adgang til å nekte å foreta vigsler.

Det følgjer av denne føresegna at ein prest i Den norske kyrkja og ein prest eller forstandar i eit registrert trussamfunn jf. § 12 a kan nekte å utføre ein vigsel dersom ein av brudefolka ikkje høyrer til trussamfunnet, eller dersom ingen av dei høyrer til kyrkjelyden. Første punktum i føresegna blir endra slik at ein slik rett til å nekte å utføre vigslar skal gjelde for alle vigslarar som er omtalte i § 12 a. Ein vigslar i eit livssynssamfunn kan såleis nekte å utføre ein vigsel dersom ein eller begge brudefolka ikkje høyrer til det aktuelle livssynssamfunnet, jf. elles punkt 8.5.3.

Til § 14 Kontroll med at ekteskapsvilkårene er prøvet.

Det første leddet i føresegna blir foreslått endra slik at det går fram at før ein vigsel blir utført, skal vigslaren ha fått ein attest frå folkeregisteret eller norsk utanrikstenestemann som seier at ekteskapsvilkåra er prøvde. Eventuelt at gyldig prøving er gjord i eit anna nordisk land, jf. Nordisk konvensjon av 6. februar 1931.

Dersom ein prest eller misjonær har kompetanse til å utføre vigslar i utlandet, må vedkomande ha teke imot attest frå folkeregisteret eller frå norsk utanrikstenestemann i dei tilfella der parten eller partane er busett i utlandet.

Andre ledd i denne føresegna er foreslått oppheva. Departementet legg til grunn at når det blir foreslått at prøvinga og sjølve vigselen blir lagd til to instansar, inneber det at det i alle tilfelle vil gå noko tid frå prøvinga skjer, til vigselen kan haldast, med unntak der utanrikstenestemann både skal prøve og utføre vigselen. Når først prøvingsattesten er utskriven, kan ikkje departementet sjå nokon særskild grunn for å vente med å utføre ein vigsel. Også etter gjeldande rett kan ein vigsel som skal utførast av ein annan vigslar enn den som har prøvd vilkåra, skje når denne vigslaren har teke imot ein attest som seier at ekteskapsvilkåra er prøvde.

Til § 16 Ugyldighet.

Første ledd i føresegna får eit nytt andre punktum, der det blir uttrykkjeleg slått fast at eit ekteskap er ugyldig dersom ekteskapet blei inngått utan at det låg føre ein gyldig prøvingsattest. Det går fram av andre ledd at Kongen i unntakstilfelle kan godkjenne ekteskapet som gyldig etter krav frå ein av partane. Det gjeld også for dei tilfella der vigselen har skjedd utan at det låg føre ein gyldig prøvingsattest.

Til § 16 a Fylkesmannens adgang til å reise sak om ekteskapets gyldighet.

Føresegna er ny og gir fylkesmannen heimel for å reise sak for å få dom for at eit ekteskap er gyldig eller ikkje gyldig. Føresegna kan bl.a. nyttast i samband med spørsmålet om det ligg føre bigami. Vidare gir føresegna fylkesmannen heimel for å reise sak der det kan vere mogleg at det ligg føre eit tvangsekteskap. Heimelen kan også nyttast der det kan stillast spørsmål om eit ekteskap inngått i utlandet, strir mot norsk rettskjensle (ordre public) til dømes på grunn av låg ekteskapsalder. Eksempla er ikkje uttømmande.

Tidlegare fanst ei tilsvarande føresegn i tvistemålslova § 417 fjerde ledd. Ved behandlinga av den nye ekteskapslova av 4. juli 1991 nr. 47 blei tvistemålslova § 417 endra, slik at denne føresegna blei oppheva. Sjå nærmare om dette i kapittel 6.

Til § 18 Om ugildhet for vigslere.

Første ledd i føresegna blir foreslått endra slik at føresegna om ugildskap berre blir knytt til vigselen og ikkje lenger til andre avgjerder etter kapittel 2 og 3. Dette er ein konsekvens av at det blir foreslått at folkeregisteret og norsk utanrikstenestemann blir prøvingsinstans.

Andre ledd blir oppheva, sidan det ikkje synest å vere behov for denne presiseringa.

Til forsida