Ot.prp. nr. 103 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 4. juli 1991 nr. 47 om ekteskap (ekteskapslova) m.m.

Til innhaldsliste

8 Vigselrett til livssynssamfunn

8.1 Gjeldande rett

Det følgjer av ekteskapslova § 12 kven som er vigslarar. Denne føresegna er nærmare omtalt under punkt 4.1. Etter same føresegn bokstav a kan ein godkjend prest eller ein forstandar i eit registrert trussamfunn utføre vigslar når Kongen har godkjent forma for inngåing av ekteskap. Ein tilsvarande lovregel for livssynssamfunn er ikkje gitt. Det fører til at livssynssamfunn, til dømes Human-Etisk Forbund (HEF), etter gjeldande rett ikkje kan få vigselrett.

8.2 Søknad frå Human-Etisk Forbund

Livssynssamfunnet Human-Etisk Forbund (HEF) søkte i 1997 om vigselkompetanse. Dei søkte primært om ein avgrensa vigselkompetanse som innebar at all prøving av ekteskapsvilkåra skulle skje ved notarius publicus. Søknaden blei avslått av Barne- og familiedepartementet, med den grunngivinga at det ikkje var ønskjeleg å gi Human-Etisk Forbund kompetanse til å stå for ein bindande vigselseremoni utan at dei også skulle stå for sjølve prøvinga av ekteskapsvilkåra.

Etter avslaget søkte Human-Etisk Forbund om full vigselkompetanse, og i eit eige brev av 24. november 1999 spesifiserte dei korleis forbundet tenkjer seg å praktisere vigselretten.

Ein offentleg borgarleg vigsel er livssynsnøytral. Han skal kunne godtakast av alle, uavhengig av trus- eller livssynstilhøyrsle. Human-Etisk Forbund ønskjer å tilby ein vigsel der humanistiske verdiar blir framheva spesielt som det grunnlaget paret vil byggje samlivet sitt på.

Human-Etisk Forbund er oppteke av rettsleg og faktisk likestilling med trussamfunna og har erfaring med at mange etterlyser eit alternativ til den borgarlege vigselen hos notarius publicus.

Human-Etisk Forbund er eit livssynssamfunn som tek imot like store tilskot frå stat og kommune per medlem som registrerte trussamfunn. Trass i dette har dei ikkje høve til å tilby medlemmene sine dei same tenestene som Den norske kyrkja og registrerte trussamfunn kan tilby sine medlemmer. Human-Etisk Forbund har over 60 000 medlemmer og opplever at mange stiller seg uforståande til at dei ikkje har vigselkompetanse.

Human-Etisk Forbund har alt erfaring frå medverknad ved arrangement i samband med ekteskapsinngåing. Vidare gjennomfører forbundet borgarlege gravferder, borgarleg konfirmasjon og namneseremoniar for barn. Dei arrangerer kurs for medlemmer som er funne skikka til å ha ansvaret for slike seremoniar.

8.3 Forslag i høyringsnotatet

I høyringsnotatet blei det foreslått ei tilføying i ekteskapslova § 12, som likestiller registrerte trussamfunn og livssynssamfunn, slik at «seremonimester i livssynssamfunn»kan få vigselrett når Kongen har godkjent forma for inngåing av ekteskap.

Det blei vidare foreslått ein forskriftsheimel i ekteskapslova til å fastsetje vilkår for så vel tildeling som eventuell tilbaketrekking av vigselrett og også til den enkelte vigslaren. Desse vilkåra bør ta utgangspunkt i dei vilkåra som blir stilte for å bli godkjend som forstandar eller prest i eit registrert trussamfunn.

8.4 Synspunkt frå høyringsinstansane

Justisdepartementet, Sosialdepartementet, Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Fylkesmannen i Buskerud, Fylkesmannen i Nord-Trøndelag, Salten tingrett, Asker og Bærum tingrett, Trondheim byfogdembete, Kyrkjerådet, Agder bispedømmeråd og biskop, Bjørgvin bispedømmeråd, Hamar bispedømmeråd, Møre bispedømmeråd og biskop, Nidaros bispedømmeråd og biskop, Sør-Hålogaland biskop, Nord-Hålogaland biskop, Nord-Hålogaland bispedømmeråd, Oslo biskop, Tunsberg bispedømmeråd, Norges frikirkeråd, Offentlige familievernkontorers organisasjon (OFO), Kirkens Familievern, Landsorganisasjonen i Norge (LO), Dommerforeningens utvalg for familierett, arverett, skifte- og personrett, Advokatforeningen, Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH), Human-Etisk Forbund (HEF), Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, Senter mot etnisk diskrimineringog Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD)uttrykkjer støtte til eller har ingen innvendingar mot forslaget.

Ingen av høyringsinstansane som har uttalt seg, er negative. Fleirtalet av høyringsinstansane støttar forslaget utan å kommentere det nærmare.

Fleire høyringsinstansar, mellom dei Kyrkjerådet og Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn,er positive til at det skjer ei likestilling på vigselområdet mellom trus- og livssynssamfunn i Noreg.

Dommerforeningens utvalg for familierett, arverett, skifte- og personrettseier i si fråsegn at det synest å vere på høg tid at Human-Etisk Forbund får vigselkompetanse.

Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH)stiller seg positiv til forslaget. Det blir vist til at mange homofile og lesbiske er medlemmer av Human-Etisk Forbund og ønskjer ein humanistisk partnarskapsseremoni som ramme for partnarskapsinngåinga. Foreininga saknar ei stadfesting på at registrert partnarskap også er omfatta.

Human-Etisk Forbund (HEF)reagerer på nemninga «seremonimester», som verkar framand på dei. Dei uttaler:

«Mange vil nok assosiere «seremonimester» med organisasjonssystemer HEF ikke ønsker å bli assosiert med, eller i beste fall vil betegnelsen kalle på smilebåndet. Vi vet av erfaring at det er vanskelig å finne en god betegnelse her. Men det vil for oss være bedre å bli kalt «godkjent seremonileder». I vår sammenheng vil det henspeile på en person som har et overordnet ansvar for seremonien, og som har gått på kurs hos oss for å bli vigsler.»

Human-Etisk Forbund (HEF)stiller også spørsmål til korleis heimelen for føresegna er formulert. Vidare presiserer dei at det er viktig at dei har ein reservasjonsrett, sidan dei ikkje kan garantere at dei har kapasitet til å vie alle som ønskjer det.

Human-Etisk Forbundviser til at dei i sitt brev / sin søknad av 24. november 1999 også ønskte å registrere partnarskap, og i den samanheng siterer departementet:

«HEF er opptatt av å likestille homofile og heterofile når det gjelder rettigheter og muligheter i forhold til seremoni når valg av livsledsager skal markeres. Selv om det er Ekteskapsloven som er konkret gjenstand for endringsforslag i dette høringsnotatet, har vi gått ut fra at endringer i lov og forskrifter vil bli tilsvarende endret når det gjelder Partnerskapsloven. Det vil være en naturlig konsekvens i arbeidet med den likebehandlingen som departementet nå tilstreber. Dette kunne med fordel ha vært presisert.»

8.5 Vurderingar og forslag frå departementet

8.5.1 Generelt

Departementet ønskjer å halde på forslaget om å likestille registrerte trussamfunn og livssynssamfunn ved å gi dei same høve til å få vigselkompetanse. Forslaget fekk brei støtte i høyringsrunden.

Eit argument som kan brukast mot å opne for gi livssynssamfunn vigselkompetanse, er at det alt er eit godt utbygt og dekkjande system for borgarlege vigslar. Men Human-Etisk Forbund peiker på at dei ønskjer å tilby ein humanistisk vigsel- eller partnarskapseremoni og ikkje ein livssynsnøytral seremoni, slik det borgarlege vigselritualet er.

Human-Etisk Forbund er det einaste livssynssamfunnet som tek imot tilskot etter lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn. Medlemstalet, økonomisk støtte frå det offentlege og verksemda til organisasjonen tilseier etter departementet si vurdering at det er naturleg at Human-Etisk Forbund blir likestilt med registrerte trussamfunn når det gjeld retten til å utføre vigslar. Departementet legg vidare til grunn at dei med si erfaring med andre seremoniar også har gode føresetnader for å kunne ta seg av dei offentlegrettslege oppgåvene som følgjer med vigselkompetansen.

Human-Etisk Forbund har arbeidd lenge for å få vigselkompetanse, og det verkar som om forbundet har fått brei støtte for dette arbeidet.

I si høyringsfråsegn reagerer Human-Etisk Forbund på nemninga «seremonimester» og foreslår i staden «seremonileder». Departementet har ingen innvendingar mot å endre nemninga i tråd med dette forslaget og vil følgje det opp i lovforslaget.

Forslaget til lovendring er grunngitt i ønsket om å likestille registrerte trussamfunn og livssynssamfunn ved å gi dei same høve til å få vigselkompetanse. Registrerte trussamfunn har i dag ikkje høve til å registrere partnarskap. Det er berre notarius publicus som har slik registreringskompetanse, jf. Forskrift til partnerskapsloven om prøving av vilkår og fremgangsmåte m.v. ved registrering av partnerskap av 10. juli 1993 nr. 748 § 15. Dersom fleire skal få registreringskompetanse, krev det ei endring av § 15 i den nemnde forskrifta, noko som føreset ei høyring. Om livssynssamfunn skal få registreringskompetanse, blei ikkje drøfta i høyringsnotatet og vil ikkje bli foreslått.

8.5.2 Kven skal ha rett til å vere vigslar i eit livssynssamfunn?

For at livssynssamfunn skal få vigselkompetanse på linje med registrerte trussamfunn, bør det opprettast ei godkjenningsordning tilsvarande den ordninga som gjeld for registrerte trussamfunn. Etter ekteskapslova § 12 a kan ein godkjend prest eller ein forstandar i eit registrert trussamfunn utføre vigslar dersom Kongen (delegert til Barne-, ungdoms- og familieforvaltninga (BUFA)) har godkjent forma for inngåing av ekteskap.

Lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna (trussamfunnslova) § 24 gir uttømmande greie for krava til den personen som skal godkjennast som prest eller forstandar i eit registrert trussamfunn. Det er berre ein slik godkjend person som kan utføre dei offentlegrettslege oppgåvene, herunder vigslar, som trussamfunnet har. Personen må vere mellom 23 og 75 år gammal, leve eit heiderleg liv, ha evne til å utføre pliktene sine etter lova og avgi ei skriftleg erklæring til fylkesmannen om at plikter som følgjer av lover eller anna regelverk blir oppfylte. Det følgjer også av forarbeida at presten eller forstandaren må ha kjennskap til mellom anna ekteskapslova.

Etter at fylkesmannen har godkjent lovnaden til presten eller forstandaren, skal vedkomande få eit godkjenningsbrev. Først når vedkomande har fått eit slikt godkjenningsbrev, har presten eller forstandaren kompetanse til å utføre vigslar. Eit trussamfunn står fritt til sjølv å avgjere kor mange forstandarar eller prestar det vil søkje godkjenning for. Av omsyn til ei ordna og forsvarleg utøving av dei offentlege funksjonane kan fylkesmannen som godkjenningsinstans avgrense talet. Etter det departementet kjenner til, er det samfunn med mange medlemmer som har fått godkjent to.

Lov om tilskot til livssynssamfunn har ingen tilsvarande krav som trussamfunnslova har til administrativ leiing i samfunnet. Det finst inga godkjenningsordning for administrative leiarar av livssynssamfunn. Ein må derfor ta stilling til kven som skal godkjennast som vigslar.

Human-Etisk Forbund foreslår at vigslarane må vere medlemmer av forbundet, og at dei må vere mellom 23 og 75 år. Human-Etisk Forbund er delt inn i 19 fylkeslag, og forbundet foreslår at fylkeslaga skal ha ei sentral rolle når det gjeld utveljing av vigslarar. Sjølve godkjenninga skal likevel skje sentralt i Human-Etisk Forbund, som vil etablere ei godkjenningsordning internt. Alle vigslarar må gå igjennom eit obligatorisk kurs før dei får godkjenning. Dette kurset skal mellom anna gå igjennom lovgivinga rundt inngåing av ekteskap, dei godkjenningskrava offentlege styresmakter vil stille til vigslarar, seremonirådgiving og innhald i talen, korleis samtalane med para skal utførast, og i tillegg framføring av talen. Human-Etisk Forbund foreslår at fylket skal vere verkeområdet for vigslarane, men meiner at behovet for vigslarar kan variere frå fylke til fylke. Av den grunn foreslår dei å få oppnemnt eit sentralt beredskapsteam når fylket ikkje sjølv kan utføre vigselen.

I si høyringsfråsegn stiller Human-Etisk Forbund (HEF) spørsmål ved om det er behov for ein forskrifttekst. Til dette vil Barne- og familiedepartementet vise til at lova om tilskot til livssynssamfunn ikkje har noka godkjenningsordning for administrativ leiing på linje med trussamfunnslova. Departementet har i høyringsnotatet peikt på at det må takast stilling til kven som skal godkjennast som vigslar, og at desse vilkåra må ta utgangspunkt i dei vilkåra som blir stilte for å bli godkjend som prest eller forstandar i eit registrert trussamfunn. Dersom departementet skal setje slike vilkår, er det nødvendig med ein forskriftsheimel.

På denne bakgrunn held departementet på forslaget om å gi ein forskriftsheimel i ekteskapslova til å fastsetje vilkår for både tildeling og eventuell tilbaketrekking, og også til den enkelte vigslaren.

8.5.3 Reservasjonsrett

Det følgjer av ekteskapslova § 13 første ledd at ein prest i Den norske kyrkja og ein prest eller forstandar i eit registrert trussamfunn kan nekte å utføre ein vigsel dersom ein av brudefolka ikkje høyrer til trussamfunnet, eller dersom ingen av dei høyrer til kyrkjelyden.

Human-Etisk Forbund ønskjer ein tilsvarande reservasjonsrett som den som går fram av ekteskapslova § 13 første ledd. Sidan Human-Etisk Forbund vil tilby ein vigsel der humanistiske verdiar blir framheva spesielt som det grunnlaget paret vil byggje samlivet sitt på, ønskjer dei til dømes å ha rett til å nekte å utføre vigslar dersom ingen av partane er medlem av dette samfunnet.

Departementet vil halde fram at reservasjonsretten etter § 13 første ledd i ekteskapslova gjeld retten til å nekte å utføre ein vigsel dersom ein av brudefolka ikkje er medlem av trussamfunnet, eller ingen av dei høyrer til kyrkjelyden. Nekting på grunn av manglande kapasitet kjem ikkje inn under denne føresegna. Men departementet legg til grunn at i dei tilfella då det oppstår kapasitetsproblem, må problemet løysast på ein formålstenleg måte, til dømes ved ventelister.

Barne- og familiedepartementet foreslo i høyringsnotatet at også livssynssamfunn får ein slik reservasjonsrett som følgjer av ekteskapslova § 13 første ledd. Departementet held oppe forslaget. Forslaget samsvarer også med reglane for registrerte trussamfunn.

Til forsida