Ot.prp. nr. 13 (1999-2000)

Om lov om endringar i lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø m.v. (arbeidsmiljøloven) og lov 4. juni 1993 nr. 58 om allmenngjøring av tariffavtaler m.v. (allmenngjøringsloven)

Til innhaldsliste

3 Direktivet om utsending av arbeidstakarar

3.1 Verkeområde - artikkel 1

Artikkel 1 nr. 1 opplyser om verkeområdet for direktivet. Det omfattar i utgangspunktet alle verksemder i EØS-landa som i samband med tenesteyting sender ut arbeidstakarar til territoriet til ein annan medlemsstat. Direktivet omfattar ikkje handelsflåten med omsyn til mannskapet om bord på skip, jf. artikkel 1 nr. 2.

Artikkel 1 nr. 3 seier i kva for situasjonar direktivet gjeld. Det gjeld når ei verksemd anten

  • sender ut arbeidstakarar for eiga rekning og under eiga leiing etter avtale gjord med ein tenestemottakar i eit anna EØS-land, eller

  • sender ut arbeidstakarar til ein forretningsstad eller ei verksemd i eit anna EØS-land som gruppa eller konsernet eig, eller

  • i eigenskap av vikarbyrå eller verksemd som stiller arbeidstakarar til rådvelde, sender ut arbeidstakarar til ei brukarverksemd i eit anna EØS-land.

I alle tilfella er det ein føresetnad at det ligg føre eit arbeidstakarforhold mellom arbeidstakaren og utsendingsverksemda.

Etter artikkel 1 nr. 4 skal ein ikkje gi verksemder som er etablerte utanfor EØS-området, gunstigare behandling enn verksemder innanfor EØS-området. Det inneber at dei same arbeids- og tilsetjingsvilkåra må gjerast gjeldande for arbeidstakarar frå alle land, ikkje berre frå EØS-landa. Bakgrunnen for denne regelen er at verksemder utanfor EØS-området ikkje skal kunne sikre seg ein konkurransefordel ved å sende ut arbeidstakarar med dårlegare arbeids- og tilsetjingsvilkår.

3.2 Definisjonar - artikkel 2

Etter artikkel 2 nr. 1 blir ein utsend arbeidstakar etter direktivet definert som ein arbeidstakar som i eit avgrensa tidsrom utfører arbeid i eit anna EØS-land enn der vedkomande til vanleg arbeider.

Kva som utgjer eit avgrensa tidsrom, er ikkje definert, men føresetnaden må vere at arbeidsopphaldet i vertslandet er av mellombels karakter. Dersom ei utsending er meint å vere lenger og meir permanent, vil arbeidsforholdet alt etter gjeldande rett få nærmast tilknyting til Noreg. I ein slik situasjon vil alle dei norske arbeidsrettslege reglane gjelde.

Etter artikkel 2 nr. 2 skal arbeidstakaromgrepet definerast i samsvar med lovgivinga i det landet vedkomande er utsend til.

3.3 Arbeids- og tilsetjingsvilkår - artikkel 3

Artikkel 3 inneheld hovudregelen om at arbeidstakarar som blir utsende, skal sikrast arbeids- og tilsetjingsvilkåra i vertslandet frå første dag av ei utsending, under føresetnad av at slike vilkår er fastsette i lov eller forskrift. For verksemder som driv med byggjearbeid, skal også arbeids- og tilsetjingsvilkåra som er nedfelte i tariffavtale eller skilsdom med allmenn rettskraft, gjelde for utsende arbeidstakarar. Kva som er meint med byggjearbeid i denne samanheng, går fram av vedlegg til direktivet, sjå undervedlegg 1.

Dei arbeids- og tilsetjingsvilkåra som skal sikrast, er etter artikkel 3 nr. 1 desse:

  • lengste arbeidstid og kortaste kviletid,

  • minste tal på feriedagar med lønn pr. år,

  • minstelønn, herunder overtidsbetaling,

  • vilkår for utleige av arbeidstakarar, særleg gjennom vikarbyrå,

  • helse, tryggleik og hygiene på arbeidsplassen,

  • vernetiltak med omsyn til arbeids- og tilsetjingsvilkår for gravide eller kvinner som nyleg har fødd, og for barn og ungdom og

  • likebehandling av kvinner og menn og andre føresegner om likebehandling.

Etter artikkel 3 nr. 2 skal det gjerast unntak frå reglane om minstelønn og ferie for installasjons- og monteringsarbeid som er nødvendig for å kunne ta leverte varer i bruk. Føresetnaden er at arbeidet blir utført av fag- eller spesialarbeidarar hos leverandøren, og at utsendingsperioden ikkje er over åtte dagar. Unntaket gjeld ikkje byggjearbeid av den typen som er opplista i vedlegget.

Det kan vidare gjerast unntak frå reglane om minstelønn og overtidsbetaling når utsendingsperioden ikkje er over ein månad, jf. artikkel 3 nr. 3. Eit slikt unntak kan berre gjerast for verksemder som sender ut arbeidstakarar for eiga rekning og under eiga leiing eller til ei verksemd innanfor eige konsern, jf. artikkel 1 nr. 3. Eit eventuelt unntak etter artikkel 3 nr. 3 skal drøftast med partane i arbeidslivet.

Landa kan også gjere unntak frå reglane om minstelønn og ferie dersom det arbeidet som skal utførast, er av svært avgrensa («ubetydelig») omfang, jf. artikkel 3 nr. 5. Dersom det blir gjort eit slikt unntak, skal det fastsetjast kriterium for kva som skal reknast som svært avgrensa («ubetydelig»).

Artikkel 3 nr. 6 inneheld reglar om korleis ein skal rekne ut lengda på utsendingsperioden. Lengda skal reknast ut på grunnlag av ein referanseperiode på eitt år frå byrjinga av utsendinga. Ved utrekninga skal det takast omsyn til tidlegare periodar som andre arbeidstakarar har vore utsende i samband med det same arbeidet. Utrekninga av lengda på utsendinga har m.a. relevans i høve til unntaket i artikkel 3 nr. 2 for monterings- og installasjonsarbeid.

I artikkel 3 nr. 7 blir det slått fast at reglane i artikkel 3 ikkje er til hinder for at ein avtaler arbeids- og tilsetjingsvilkår som er gunstigare for arbeidstakarane. Denne føresegna har relevans for utsende arbeidstakarar som etter avtale eller etter retten i heimlandet har gunstigare arbeids- og tilsetjingsvilkår enn det dei er sikra etter direktivet.

Artikkel 3 nr. 8 inneheld ein definisjon av «tariffavtaler eller voldgiftskjennelser som er erklært å ha allmenn gyldighet». Dette er tariffavtalar eller skilsdommar som alle verksemder innanfor eit aktuelt geografisk område og innanfor det aktuelle yrket eller den aktuelle næringa må følgje. I utgangspunktet vil dette vere tariffavtalar som er erklærte allmenngjorde. Men direktivet opnar også for at landa kan basere seg på tariffavtalar som generelt blir nytta av alle tilsvarande verksemder innanfor eit geografisk område og eit yrke eller ei næring, og/eller som er inngått av dei mest representative arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane, og som blir nytta innanfor heile det nasjonale territoriet. Føresetnaden er at det blir sikra likebehandling mellom nasjonale verksemder og verksemder som sender ut arbeidstakarar, dvs. at alle verksemder i same situasjon som opererer innanfor det same området, skal vere pålagde å følgje dei same vilkåra. Denne føresegna inneber at landa, sjølv om dei ikkje har eit system for allmenngjering av tariffavtalar, kan påleggje utsendingsverksemdene å bruke arbeids- og tilsetjingsvilkår som er fastsette i tariffavtalar med den nødvendige utbreiinga.

Artikkel 3 nr. 9 opnar for at landa kan påleggje verksemdene å sikre arbeidstakarar som er utsende frå eit vikarbyrå eller liknande, jf. artikkel 1 nr. 3 c, dei vilkåra som gjeld for vikarar i vertslandet.

Etter artikkel 3 nr. 10 kan EØS-landa, utan at direktivet er til hinder for det, gi nasjonale og andre verksemder pålegg om å følgje arbeids- og tilsetjingsvilkår på andre område dersom det dreiar seg om område som har innverknad på den offentlege orden. I dette ligg det at reglar som er eit utslag av grunnleggjande rettsprinsipp, alltid kan påleggjast verksemder som sender ut arbeidstakarar. Det kan t.d. gjelde retten til å organisere seg eller andre grunnleggjande arbeidsrettslege rettar. Verksemdene kan også bli pålagde å sikre arbeids- og tilsetjingsvilkår som er fastsette i tariffavtalar eller skilsdommar innanfor andre område enn byggjearbeid. Føresetnaden for eit slikt pålegg er at det blir sikra likebehandling mellom nasjonale og andre verksemder.

3.4 Samarbeid om informasjon - artikkel 4

Artikkel 4 inneheld reglar om informasjonsutveksling. Landa skal setje i verk eigna tiltak for å gjere informasjon om dei arbeids- og tilsetjingsvilkåra som gjeld, allment tilgjengeleg.

Etter artikkel 4 nr. 1 skal det peikast ut eit samarbeidskontor eller eit eller fleire nasjonale organ. Oppgåvene til samarbeidskontoret går ikkje fram av direktivet, men det bør kunne gi informasjon om dei arbeids- og tilsetjingsvilkåra som skal gjelde, til arbeidsgivarar, arbeidstakarar og organisasjonane i arbeidslivet. Det vil også medverke til å oppfylle kravet i artikkel 5 andre leddet, der landa blir pålagde å stille eigna ordningar til rådvelde for arbeidstakarane og deira representantar, jf. punkt 3.5. Landa skal etter artikkel 4 nr. 2 også syte for å opprette eit samarbeid mellom dei organa som fører tilsyn med at dei aktuelle arbeids- og tilsetjingsvilkåra blir følgde. Samarbeidet skal særleg omfatte det å svare på grunngitte førespurnader om informasjon om utleige av arbeidstakarar over landegrensene, særleg førespurnader om misbruk eller mogleg ulovleg verksemd. Det er ikkje noko krav etter direktivet at dette samarbeidet skal leggjast til samarbeidskontoret eller organa etter nr. 1, men det er naturleg at ansvaret blir lagt dit. Hjelp frå samarbeidskontoret eller det aktuelle organet skal vere gratis.

3.5 Tiltak - artikkel 5

Etter artikkel 5 skal landa setje i verk eigna tiltak i tilfelle direktivet ikkje blir følgt. Arbeidstakarane eller deira representantar skal sikrast eigna ordningar med sikte på at forpliktingane som er fastsette i direktivet, blir følgde. Eit slikt tiltak vil, som nemnt ovanfor, vere enkel tilgang på informasjon. Kravet om tilgang til domstolar i vertslandet etter artikkel 6, jf. punkt. 3.6, er også eit tiltak som er eigna til å sikre at reglane blir følgde.

3.6 Domsmakt - artikkel 6

Artikkel 6 gir landa pålegg om å sikre at retten til arbeids- og tilsetjingsvilkår i artikkel 3 kan gjerast gjeldande ved rettargangsskritt i vertslandet, utan at det vedrører retten til å innleie rettargang i ein annan stat i samsvar med internasjonale konvensjonar om domsmakt. Dette inneber at arbeidstakaren skal kunne gjere rettane sine gjeldande for domstolane både i vertslandet og i heimlandet.

3.7 Gjennomføring - artikkel 7

Etter artikkel 7 skal direktivet vere gjennomført i nasjonal rett innan 16. desember 1999.

3.8 Gjennomgåing av Kommisjonen

Gjennomføringsreglane skal innan 16. desember 2001 gjennomgåast av Kommisjonen med sikte på å føreslå nødvendige endringar.

Til forsida