Ot.prp. nr. 13 (1999-2000)

Om lov om endringar i lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø m.v. (arbeidsmiljøloven) og lov 4. juni 1993 nr. 58 om allmenngjøring av tariffavtaler m.v. (allmenngjøringsloven)

Til innhaldsliste

7 Merknader til endringane i arbeidsmiljølova

Til § 73 K Kva kapitlet skal omfatte

Til § 73 K første leddet

Føresegna tilsvarer i hovudsak artikkel 1 nr. 1 i direktivet og slår fast at reglane i kapittel XII B gjeld for utanlandske verksemder som sender arbeidstakarar til Noreg for mellombels arbeidsoppdrag.

Reglane gjeld for «utanlandsk verksemd». I dette uttrykket ligg det at reglane ikkje er avgrensa til verksemder innanfor EØS-området, men gjeld for alle utanlandske verksemder som sender ut arbeidstakarar til Noreg. Uttrykket er brukt for å oppfylle vilkåret i direktivet om at verksemder som er etablerte utanfor EØS-området, ikkje skal få ei gunstigare behandling enn verksemder innanfor EØS-området. Når verksemder også utanfor EØS-området er omfatta, vil det for arbeidstakarar frå desse landa bli eit tospora system, ved at også reglane om opphalds- og arbeidsløyve etter utlendingslovgivinga gjeld.

Omgrepet verksemd må forståast på same måten som etter arbeidsmiljølova, slik omgrepet er blitt fastlagt gjennom teori og gjennom retts- og forvaltningspraksis. I tvilstilfelle vil det vere naturleg også å ta omsyn til kva innhald omgrepet har i EF-retten. Etter konkurransereglane i EF-traktaten omfattar omgrepet verksemd alle fysiske eller juridiske personar som utfører aktivitetar av økonomisk eller kommersiell karakter. Det vil seie at det skal leggjast ei vid tolking av omgrepet til grunn. Formålet med reglane må også vurderast i denne samanheng.

Utsendinga skal skje i samband med tenesteyting. Omgrepet «tenesteyting» omfattar i denne samanheng alle typar arbeidsoppdrag og er ikkje avgrensa til ei tradisjonell forståing av uttrykket. Uttrykket er definert i EØS-avtalen artikkel 37. I denne artikkelen heiter det m.a. at ein skal forstå teneste som ei teneste ein vanlegvis yter mot betaling i den utstrekning tenesta ikkje kjem inn under reglane som gjeld for det frie varebytet og den frie rørsleevna for kapital og personar.

Skal føresegnene takast i bruk, krevst det også at det eksisterer eit arbeidsforhold mellom den utanlandske verksemda og arbeidstakaren.

Til § 73 K andre leddet

Svalbard er ikkje omfatta av EØS-avtalen. Utanlandske arbeidstakarar som ønskjer å arbeide på Svalbard, anten dei kjem frå eit EØS-land eller eit land utanfor EØS, må derfor søke om løyve for opphald og arbeid etter dei føresegnene som elles gjeld for arbeidstakarar frå land utanfor EØS-området, jf. kap. 1. Det er dermed ikkje nødvendig å la føresegnene om utsende arbeidstakarar gjelde på Svalbard.

Til § 73 L Definisjonar

Til § 73 L første leddet

Føresegna tilsvarer artikkel 1 nr. 3 i direktivet.

Til § 73 L første leddet bokstav a

Første leddet bokstav a føreset at det blir inngått ein avtale mellom ei utanlandsk verksemd og ein tenestemottakar i Noreg. Føresetnaden om avtale med tenestemottakaren inneber at t.d. handelsreisande eller buss- og trailersjåførar normalt ikkje vil bli omfatta. Det same gjeld for journalistar som arbeider for ein utanlandsk arbeidsgivar. I kravet om at arbeidstakaren skal vere under leiing av den utanlandske verksemda, ligg at arbeidsgivaransvaret skal liggje på den utanlandske verksemda. Sjølv om det kan by på praktiske vanskar å utøve dagleg kontroll, er det likevel den utanlandske arbeidsgivaren som har det overordna ansvaret. Det er ikkje eit vilkår etter denne føresegna at arbeidstakarane blir sende ut til ei norsk verksemd.

Til § 73 L første leddet bokstav b

Første leddet bokstav b tek sikte på ein situasjon der ei utanlandsk verksemd er etablert i Noreg, t.d. i form av eit dotterselskap. Direktivet inneheld ingen føresegner om kva som skal reknast som eit konsern. Det må derfor avgjerast på bakgrunn av nasjonal rett, men formålet med direktivet tilseier at det må leggjast ei vid forståing til grunn.

Til § 73 L første leddet bokstav c

Første leddet bokstav c regulerer situasjonen ved utleige av arbeidskraft frå ei utanlandsk verksemd til ei verksemd i Noreg. Det er understreka i forordet punkt 19 i direktivet at direktivet ikkje inneber ei forplikting til å godkjenne vikarbyrå juridisk, og at den norske lovgivinga på dette området kan brukast på slike verksemder som sender ut arbeidstakarar til Noreg.

Til § 73 L andre leddet

Føresegna tilsvarer artikkel 2 i direktivet. Det er presisert i direktivet at det er den definisjonen av arbeidstakaromgrepet som gjeld i vertslandet, som skal leggjast til grunn. I norsk rett vil det vere naturleg å tolke omgrepet på same måten som i annan arbeidsrettsleg lovgiving, t.d. i arbeidsmiljølova og ferielova.

Arbeidet i Noreg skal utførast innanfor eit avgrensa tidsrom. Bortsett frå åttedagars-unntaket for installasjons- og monteringsarbeid, jf. § 73 K fjerde leddet, inneheld direktivet inga tidsmessig avgrensing. Reglane gjeld derfor frå første dag av ei utsending. Ramma for kor lenge ei utsending kan vare, er tidspunktet for når eit arbeidsforhold kan reknast for å ha fått så sterk tilknyting til Noreg at ikkje berre dei særlege føresegnene for utsende arbeidstakarar, men heile den norske arbeidsrettslege lovgivinga blir gjeldande. Dette følgjer av dei ulovfeste lovvalsreglane innanfor arbeidsretten, sjå punkt 4.2.3.

Til § 73 M Arbeids- og tilsetjingsvilkår

Til § 73 M første leddet

Føresegna tilsvarer artikkel 3 nr. 1 i direktivet. Departementet har valt å vise til alle føresegnene i norsk rett som gjeld på dei områda som er lista opp i artikkel 3 nr. 1 i direktivet, sjølv om nokre av reglane allereie gjeld for alle som utfører arbeid i Noreg. Opplistinga er særleg grunngitt i informasjonsomsyn. Siktemålet er ikkje å gi noka uttømmande oversikt eller å gjere nokon endringar eller avgrensingar i høve til dei reglane som elles gjeld for arbeid eller arbeidsforhold i Noreg.

Mange av føresegnene som er omfatta av opplistinga, gir heimel for å fastsetje forskrifter. Der det er gitt forskrifter, vil også desse gjelde for utsende arbeidstakarar.

Til § 73 M første leddet bokstav a

Føresegnene i arbeidsmiljølova omfattar arbeidstid og kviletid, helse, tryggleik og hygiene på arbeidsplassen, vernetiltak for gravide og for barn og unge og permisjonsrettar for gravide og kvinner som nettopp har fødd. Departementet har etter forslag frå LO valt å la opplistinga også omfatte reglane om skriftleg arbeidsavtale. Dette vil vere eit viktig verkemiddel for arbeidstakarane for å gjere gjeldande retten til arbeids- og tilsetjingsvilkår.

Til § 73 M første leddet bokstav b

I samsvar med direktivet skal utsende arbeidstakarar sikrast det minste talet på feriedagar med lønn som gjeld etter dei nasjonale reglane. Det vil seie at reglane for utsende arbeidstakarar må omfatte retten både til feriepengar og feriefritid. I hovudsak er det retten til feriepengar som vil ha noko å seie i praksis for utsende arbeidstakarar, men ved lengre utsendingsperiodar kan også retten til feriefritid vere viktig.

Til § 73 M første leddet bokstav c

Sysselsetjingslova § 27 med tilhøyrande forskrift regulerer høvet til utleige av arbeidskraft.

Til § 73 M første leddet bokstav d

Det er berre dei føresegnene i likestillingslova som kan få innverknad på eit arbeidsforhold, som kan gjerast gjeldande for utsende arbeidstakarar. Føresegna i § 4 om likestilling ved tilsetjing vil sjeldan bli brukt, fordi tilsetjinga vil ha skjedd før arbeidstakaren blir send til Noreg. Men føresegna regulerer også eksisterande arbeidsforhold, ved at ein ikkje kan forskjellsbehandle nokon ved forfremming, oppseiing eller permittering.

Til § 73 M andre leddet

Etter artikkel 3 nr. 1 i direktivet skal arbeids- og tilsetjingsvilkår som er fastsette i tariffavtale med allmenn rettskraft, også gjerast gjeldande for utsende arbeidstakarar. Departementet føreslår at dette skal gjelde allmenngjorde tariffavtalar innanfor alle bransjar, ikkje berre innanfor byggjebransjen, jf. punkt 5.10. Dersom det blir gjort vedtak om allmenngjering, vil det nesten alltid omfatte føresegner om lønn, men også andre føresegner om arbeids- og tilsetjingsvilkår fastsette i eit vedtak om allmenngjering, skal gjelde for utsende arbeidstakarar. Dette følgjer allereie av allmenngjeringslova, men for at arbeidstakarane skal sikrast tilgang til norske domstolar, må det gå fram av kap. XII B at vedtak om allmenngjering også er omfatta av føresegnene.

Til § 73 M tredje leddet

Føresegna tilsvarer artikkel 1 nr. 4 i direktivet. I vurderinga av om arbeidstakaren er omfatta av gunstigare arbeids- og tilsetjingsvilkår, må det gjerast ei konkret samanlikning i høve til det enkelte arbeids- og tilsetjingsvilkåret som er omfatta av føresegnene i arbeidsmiljølova kap. XII B. Dersom arbeidstakaren t.d. er omfatta av ei gunstigare ferieordning enn den norske, er ikkje § 73 M første leddet bokstav b aktuell, medan dei andre føresegnene i § 73 M kan vere det.

Til § 73 M fjerde leddet

Føresegna tilsvarer artikkel 3 nr. 2 i direktivet. Det er føresegnene om betalt ferie, om overtidsbetaling og eventuelle føresegner om lønn som ikkje skal gjelde for den gruppa av arbeidstakarar som er omfatta av unntaket. Dei andre vilkåra i § 73 M skal gjelde også for desse arbeidstakarane. Dersom det blir treft vedtak etter allmenngjeringslova, skal det også etter den lova gjelde eit unntak for utsendingsperiodar som ikkje varer lenger enn åtte dagar.

§ 73 M femte leddet

Føresegna inneheld ein regel om korleis ein skal rekne utsendingsperioden i høve til åttedagarsunntaket. Formålet er å sikre at ein ikkje prøver å omgå reglane ved at det t.d. i samband med større installasjonsarbeid blir sendt ut arbeidstakarar for ei veke om gongen. Føresegna tilsvarer artikkel 3 nr. 6 i direktivet.

§ 73 M sjette leddet

Unntaket gjeld ikkje for byggjearbeid. Kva som i denne samanheng skal reknast som byggjearbeid, går fram av undervedlegg 1 til direktivet. Etter vedlegget er dette alt byggjearbeid i samband med oppføring, reparasjon, vedlikehald, ombygging, eller riving av bygningar, særleg desse typane av arbeid:

  1. utgraving

  2. grunnarbeid

  3. byggjearbeid

  4. montering og demontering av prefabrikerte element

  5. innreiing eller installering

  6. ombygging

  7. renovering

  8. reparasjon

  9. demontering

  10. riving

  11. vedlikehald

  12. oppussings-, målings- og reinhaldsarbeid

  13. sanering

Til § 73 N Informasjon

Føresegna tilsvarer artikkel 4 i direktivet, men er også ein del av dei tiltaka som skal setjast i verk etter artikkel 5 for å sikre at direktivet blir følgd.

Det skal peikast ut eit samarbeidskontor som skal ha ansvar for samarbeid mellom dei styresmaktene som har ansvar for å føre tilsyn med arbeids- og tilsetjingsvilkåra som er omfatta av kapittel XII B. Samarbeidskontoret skal kunne svare på førespurnader frå dei andre tilsynsorgana på spørsmål vedrørande utsending av arbeidstakarar over landegrensene, særleg om misbruk eller tilfelle av ulovleg verksemd. Samarbeidskontoret skal samarbeide med tilsvarande kontor i dei andre EØS-landa. Hjelpa skal vere gratis.

Samarbeidskontoret bør også kunne gi informasjon til arbeidstakarar, arbeidsgivarar eller deira organisasjonar om kva slags arbeids- og tilsetjingsvilkår som skal gjelde ved utsending til Noreg. Kontoret må også kunne gi informasjon dersom føresegner i allmenngjorde tariffavtalar skal gjelde.

Det må vere tilstrekkeleg at samarbeidskontoret kan vise vidare til rett forvaltningsorgan, eller til ein organisasjon dersom spørsmålet gjeld vilkår etter ein allmenngjord tariffavtale. Samarbeidskontoret skal først og fremst svare på førespurnader frå utlandet om norske vilkår. Norske arbeidsgivarar som skal sende arbeidstakarar ut, må vende seg til samarbeidskontoret i det aktuelle landet. Det kan ikkje vere eit krav at skriftleg informasjon skal vere tilgjengeleg på alle språk.

Kommunal- og regionaldepartementet ser det som naturleg at oppgåva som samarbeidskontor blir lagd til Direktoratet for arbeidstilsynet. Arbeidstilsynet har allereie rettleiings- og tilsynsoppgåver for dei fleste av dei arbeids- og tilsetjingsvilkåra som gjeld for utsende arbeidstakarar, og dei har utarbeidd informasjonsmateriell på mange av områda, også på andre språk enn norsk.

Til § 73 O Domsmakt

Føresegna tilsvarer artikkel 6 i direktivet og inneber at arbeidstakarane kan velje kvar dei vil gå til søksmål, anten i vertslandet eller i det landet som er kompetent etter dei vanlege reglane om domsmakt. Føresegna er ikkje meint å avgrense den tilgangen arbeidstakarane alt har til domstolane. Det er for å gjere gjeldande retten til arbeids- og tilsetjingsvilkår etter § 73 M at utsende arbeidstakarar skal ha tilgang til norske domstolar.

Sjå også kap. 4.2.

Til § 73 P Utsending frå Noreg

Til § 73 P første leddet

Føresegna skal sikre at norske arbeidsgivarar som sender ut arbeidstakarar, følgjer dei reglane i utsendingslandet som er gitt for å gjennomføre utsendingsdirektivet, og at norske domstolar bruker slike reglar dersom ein norsk arbeidstakar reiser sak på grunnlag av tvist om arbeids- og tilsetjingsforhold i ein utsendingsperiode. Føresegna inneber at arbeidstakarane er sikra ein reell valfridom med omsyn til kvar dei vel å gå til sak ved eventuelle tvistar om arbeidsforholdet.

Til § 73 P andre og tredje leddet

Føresegna svarar til arbeidsmiljølova § 55 D, som blir føreslått flytta til kapittel XII B, fordi dette gjev betre samanheng i reglane. I motsetning til § 73 P første leddet, gjeld denne føresegna for norske arbeidstakarar som blir sende ut til land både innanfor og utanfor EØS-området. Det er ikkje meint å gjere nokon materielle endringar.

Til § 73 Q Straffebestemmelser

Arbeidsmiljølova sine reglar om straff skal ikkje gjelde for dei andre lovene og forskriftene som er omfatta av forslaget. Ved brot på reglane er det den einskilde lov eller forskrift sine sanksjonsreglar som skal gjelde. Til dømes er det arbeidstakar sjølv som må gå til domstolane dersom han eller ho ikkje får dei rettane dei har krav på etter ferielova.

Til forsida