Ot.prp. nr. 13 (1999-2000)

Om lov om endringar i lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø m.v. (arbeidsmiljøloven) og lov 4. juni 1993 nr. 58 om allmenngjøring av tariffavtaler m.v. (allmenngjøringsloven)

Til innhaldsliste

8 Merknader til endringa i allmenngjeringslova

Til § 3 første leddet første punktum

Etter forslaget til ny § 73 M fjerde leddet i arbeidsmiljølova, skal det i nokre nærare spesifiserte tilfelle gjerast unntak frå reglane om minste tal på feriedagar med lønn og reglane om minstelønn og overtidsbetaling for utsendingsperiodar som ikkje er over åtte dagar, sjå kap. 5.10. Unntaket omfattar også føresegner som skal nyttast i kraft av eventuelle vedtak etter allmenngjeringslova. Det er derfor nødvendig at det i allmenngjeringslova kjem fram at det må takast omsyn til reglane i arbeidsmiljølova kap. XII B når Tariffnemnda skal treffe vedtak.

Til forsida