Ot.prp. nr. 15 (2005-2006)

Om lov om oppheving av lausgjengarlova og om endringar i straffelova o.a. (eige straffebod mot vald i nære relasjonar o.a.)

Til innhaldsliste

3 Endring i barnevernlova og sosialtenestelova

3.1 Forslag om overgangsføresegner til gjennomføring av endringar i lov om barnevernstenester og lov om sosiale tenester

Ved endringslov 17. juni 2005 nr. 65 blei det gjort enkelte endringar i barnevernlova og sosialtenestelova. Endringane trer i kraft 1. januar 2006, jf. kgl. res. 17. juni 2005 nr. 614.

Etter gjeldande rett kan ei barnevernsak i praksis bli handsama i fire instansar (fylkesnemnd, ting­rett, lagmannsrett og Høgsterett) før endeleg avgjerd ligg føre. For å korte ned saksgangen for tvangsvedtak i barnevernet er det gjort ei endring som går ut på at anke over domen frå tingretten i barnevernsaker ikkje kan fremjast utan samtykke frå lagmannsretten, jf. ny § 9-10 a andre ledd i sosialtenestelova. I Ot.prp. nr. 64 (2004-2005) rådde Barne- og familiedepartementet til at rettsleg overprøving av vedtak frå fylkesnemnda skulle skje direkte for lagmannsretten. I Innst. O. nr. 115 (2004-2005) slutta fleirtalet i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen seg til tilrådinga frå justiskomiteen i Innst. O. nr. 110 (2004-2005) om lov om mekling og rettergang i sivile tvister. Fleirtalet i justiskomiteen gjekk inn for å føre vidare gjeld­ande instansrekkjefølgje ved rettsleg overprøving av vedtak frå fylkesnemnda i barnevernsaker. For å sikre omsynet til rask saksgang, føreslo justiskomiteen i staden strenge vilkår for ankehandsaming i lagmannsretten. Stortinget slutta seg til framlegga frå komiteane.

I Ot.prp. nr. 64 (2004-2005) blei det ikkje gjort framlegg om ein særskild heimel til å gje overgangsføresegner. Ny § 9-10 a i sosialtenestelova gjer det naudsynt med slike føresegner. Mellom anna vil det vere naudsynt å gje nærmare føresegner om kva for saker som skal bli handsama etter den någjeldande føresegna, og kva for saker som skal bli handsama etter den nye føresegna. Det kan òg vere naudsynt med overgangsføresegner til ei endring i barnevernslova § 4-20 om forenkling av handsaminga av saker om adopsjon med heimel i barnevernlova.

I samråd med Barne- og familiedepartementet gjer departementet på denne bakgrunn framlegg om ein heimel i lov 17. juni 2005 nr. 65 til å gi nærare overgangsføresegner.

3.2 Barnevernlova § 6-10 om politiattest

Eit eige straffebod om kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn, jf. straffelova § 204 a, blei innført ved lov 20. mai 2005 nr. 29. Føresegner om annan pornografi blei førte vidare i § 204.

Ved ei endringslov 17. juni 2005 nr. 65 blei barnevernlova § 6-10 om politiattest endra. Endringa vil tre i kraft 1. januar 2006, jf. kgl. res. 17. juni 2005 nr. 614. Føremålet med denne endringa er å sjå til at politiattestane innanfor barnevernet femnar om kommersiell seksuell utnytting av barn. Etter endringa vil barnevernlova § 6-10 vise til straffelova § 204 første ledd bokstav d og f, jamvel om desse føresegnene no er overførte til straffelova § 204 a.

I samråd med Barne- og familiedepartementet gjer departementet difor framlegg om å justere endringa i barnevernlova § 6-10 femte ledd slik at føresegna vil vise til straffelova § 204 a i staden for straffelova § 204 første ledd bokstav d og f.