Ot.prp. nr. 16 (2008-2009)

Om lov om endringar i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven) mv.

Til innhaldsliste

3 Endringar i sjøloven § 183

Ved lov 21. desember 2007 nr. 21 vart det vedteke eit nytt avsnitt I i kapittel 10 i sjøloven, som gjennomfører den internasjonale konvensjonen 2001 om erstatningsansvar for bunkersoljesølskade (bunkerskonvensjonen), sjå Ot.prp. nr. 77 (2006-2007). Reglane trådte i kraft 21. november 2008. Ordlyden i den nye § 183 tredje ledd gjennomfører definisjonen av «skip» i artikkel 1 nr. 1 i bunkerskonvensjonen. Departementet har vorte merksam på at ordlyden i § 183 tredje ledd er utforma på ein slik måte at skyldnaden etter § 186 til å ha sertifikat vert snevrare enn det som følgjer av bunkerskonvensjonen artikkel 7, slik denne artikkelen til vanleg vert tolka internasjonalt.

Slik § 183 tredje ledd er utforma, vil dei nye reglane om ansvaret for bunkersoljesøl i avsnitt I i kapittel 10 i sjøloven ikkje gjelde for skip som fell inn under verkeområdet til sjøloven § 191 tredje ledd, det vil seie skip som er omfatta av den internasjonale konvensjonen om erstatningsansvar for oljesølskade, 1992 (1992-ansvarskonvensjonen). Dette er i tråd med prinsippet i bunkerskonvensjonen artikkel 4 nr. 1, som gjer unntak frå virkeområdet til bunkerskonvensjonen for forureining som er omfatta av 1992-ansvarskonvensjonen. Etter artikkel 4 nr. 1 vil bunkerskonvensjonen ikkje gjelde for utslepp av bunkersolje frå slike skip. Likevel er det ikkje gjort unntak for slike skip i definisjonen av «skip» i bunkerskonvensjonen artikkel 1 nr. 1. Etter definisjonen der er skip «ethvert sjøgående fartøy eller annen flytende innretning på sjøen». Etter bunkerskonvensjonen artikkel 7 nr. 2 jf. nr. 5 må alle skip ha eit sertifikat etter bunkerskonvensjonen. Denne skyldnaden til å ha sertifikat etter bunkerskonvensjonen gjeld også for skip som er omfatta av 1992-ansvarskonvensjonen.

Utforminga av § 183 tredje ledd, slik det er vedteke, fører difor til at sertifikatplikta etter § 186 er for snevert avgrensa. (Ein kan spørje om det har noko formål å krevje at også skip som er omfatta av 1992-ansvarskonvensjonen, til kvar tid må ha sertifikat etter bunkerskonvensjonen. I den problemstillinga inngår mellom anna spørsmål om korleis ein skal tolke definisjonen av «skip» i artikkel 1 nr. 1 i 1992-ansvarskonvensjonen, men det spørsmålet vert ikkje drøfta nærmare her.) Det er i alle høve naudsynt å oppfylle kravet i bunkerskonvensjonen artikkel 7. Andre statar som har gjennomført bunkerskonvensjonen (til dømes Danmark), krev at skip som er omfatta av 1992-ansvarskonvensjonen, må ha sertifikat etter bunkerskonvensjonen artikkel 7. Det kan vere at spørsmålet vil bli drøfta nærmare internasjonalt etter kvart, men inntil vidare må alle skip utan unntak ha sertifikat etter bunkerskonvensjonen.

Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om å endre sjøloven § 183 slik at definisjonen i tredje ledd ikkje gjer unntak for skip som er omfatta av 1992-ansvarskonvensjonen. Samstundes vert unntaket for skade som følgjer av bunkersutslipp frå slike skip, tatt inn i eit nytt tiande ledd i § 183.

Departementet har sett det slik at det ikkje har vore naudsynt å sende dette framlegget på høyring, men har i eit brev 1. oktober 2008 gjort dei som endringa i første rekkje kan ha verknader for, merksame på saka.

Endringa har ikkje verknad for den vurderinga av administrative og økonomiske konsekvensar av gjennomføringa av reglane i bunkerskonvensjonen som går fram av Ot.prp. nr.79 (2004-2005) punkt 8.