Ot.prp. nr. 24 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative følgjer

Utgiftene til fri rettshjelp blir førte under kapittel 470 Fri rettshjelp i statsbudsjettet. Eigendelane som framleis kjem inn frå ordninga som blei oppheva 01.09.2003 blir førte som inntekt på kapittel 3470 Fri rettshjelp.

Ei gjeninnføring av eigendelar på fri rettshjelp vil føre til ein reduksjon av utgiftene til fri rettshjelp og fordrar ikkje noko inntektskapittel. Med eit definert nivå på eigendelen i form av grunndel og multiplikator, og eit innkrevjingssystem som nemnt, har departementet rekna ut at utgiftene på kapittel 470 blir redusert med om lag 58 mill. kroner.

Da eigendelane blei oppheva 01.09.2003, blei det lagt til grunn at domstolane ville få meir å gjere og kapittel 410 blei av den grunn auka med 5.7 mill. kroner. Ved ei gjeninnføring av eigendelar, slik departementet går inn for her, må det skje ein reduksjon i dette kapittelet. Det er tatt høgde for dette i St.prp. nr. 1 (2004-2005), jf. omtalen av kapittel 410 om Tingrettene og Lagmannsrettene.