Ot.prp. nr. 24 (2006-2007)

Om lov om endringar i lov 28. juni 2002 nr. 57 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer mv. (skjeringsdato, valkort o.a.)

Til innhaldsliste

3 Lovendringsforslag

3.1 Skjeringsdato for registrering i manntalet

3.1.1 Gjeldande rett

For at ei røystegiving skal kunne godkjennast, er det eit vilkår at veljaren er innført i manntalet i vedkommande kommune, jf. vallova § 10-2 første ledd bokstav a og § 10-1 første ledd bokstav a. Avgjerande for i kva for eit kommunemanntal ein veljar skal førast inn, er i kva kommune veljaren var registrert som busett 31. mai i valåret. Dette er den såkalla «skjeringsdatoen».

3.1.2 Høyringsnotatet

Bakgrunn

Ved stortingsvalet i 2005 vart 3887 røystegivingar forkasta fordi veljaren ikkje stod i manntalet i den kommunen der han eller ho røysta på valdagen, jf. Innst. S. nr. 1 (2005–2006).

I innstillinga ber fullmaktskomiteen departementet vurdere «ytterligere tiltak både av informasjonsmessig og annen art med det formål å redusere antall forkastede stemmegivninger fordi velgeren ikke er manntallsført». Fullmaktskomiteen oppgir sjølv at eit mogleg tiltak kan vere å sende ut valkort til alle røysteføre med opplysning om mellom anna kvar dei er manntalsførte. Dette tiltaket blir omtalt i kapittel 3.2. Det å skyve skjeringsdatoen for manntalsføringa nærmare valet enn 31. mai, blir også nemnt som eit alternativ dersom dette vil vere forsvarleg av praktiske grunnar.

Vurdering og forslag frå departementet

I høyringsnotatet skreiv departementet at det kan vere fleire årsaker til at valtingsrøystegivingar blir forkasta fordi veljaren ikkje står i manntalet i kommunen:

  • Veljarane kan tru at dei er manntalsførte i vedkommande kommune. Desse veljarane kan anten a) vere manntalsførte i ein annan kommune eller b) ikkje vere manntalsførte i nokon kommune, det vil seie at dei ikkje har røysterett. Den mest nærliggjande årsaka til tilfella i kategori a) er truleg at desse veljarane har flytt og ikkje er klar over at flyttinga må vere meld til folkeregisteret seinast 31. mai i valåret for at dei skal få røysterett i tilflyttingskommunen. Bak b)-tilfella skjuler det seg truleg utanlandske borgarar som trur at dei har røysterett også ved stortingsval, slik dei har ved lokalval.

  • Veljarane kan tru at det går an å røyste i ein annan kommune enn den dei er manntalsførte i også på valtinget, slik dei kan ved førehandsrøystegivinga.

I høyringsnotatet vart det vist til at føre stortingsvalet i 2005 informerte departementet om dei ulike reglane som galdt for stortingsvalet, både på TV, på eigne internettsider, i radio, i avisannonsar og i ein husstandsbrosjyre (som også vart omsett til fleire språk). Av informasjonen gjekk det klart fram at ein måtte vere norsk statsborgar for å kunne røyste ved stortingsvalet. Det vart vidare informert om at veljarane på valdagen måtte røyste i den kommunen dei var registrerte i folkeregisteret som busett 31. mai i valåret.

Sjølv om departementet, mange kommunar og fylkeskommunar og også til dels media informerte breitt om regelverket føre valet i 2005, var det mange veljarar som røysta i feil kommune eller røysta utan å ha røysterett. I høyringsnotatet gav departementet uttrykk for at dette i og for seg ikkje er overraskande. Informasjonsflaumen i samfunnet i dag er så stor at mange veljarar bevisst eller ubevisst sannsynlegvis vel bort mykje av den informasjonen som blir gitt. Departementet var i høyringsnotatet skeptisk til om det er noko særleg meir å hente ved auka satsing på generelle informasjonstiltak. Slik departementet såg det, er det andre tiltak som i så fall må til.

Departementet gjorde i høyringsnotatet greie for at eitt tiltak som vil kunne medverke til å redusere talet på forkasta røyster fordi veljaren ikkje står innført i manntalet på valdagen, vil vere å forskyve skjeringsdatoen nærmare valdagen. I samband med den nye vallova vart skjeringsdatoen endra frå 31. mars til 31. mai. Vallovutvalet hadde føreslått å endre skjeringsdatoen til 30. juni. I høyringa var det særleg mange som støtta dette forslaget. Departementet slutta seg til forslaget frå utvalet og føreslo i Ot.prp. nr. 45 (2001-2002) om ny vallov å forskyve skjeringsdatoen til 30. juni.

På bakgrunn av informasjon som kom fram under den høyringa kontroll- og konstitusjonskomiteen hadde om vallova, føreslo komiteen å setje fristen til 31. mai i staden for 30. juni. Dette vart grunngitt i praktiske problem valsekretariata i kommunane står overfor når kandidatane på listene skal stadfestast osv. Det vart oppgitt at ved ein frist for registrering per 30. juni vil utsending til kandidatane først kunne skje frå byrjinga av juli, det vil seie midt i ferietida, jf. Innst. O. nr. 81 (2001–2002) s. 18–19.

I høyringsnotatet uttalte departementet at det hadde vanskeleg for å forstå denne grunngivinga og meinte at det her måtte liggje føre ei misforståing. Departementet kunne ikkje sjå kva slags informasjon som skal sendast ut til kandidatane på dette tidspunktet. Etter at listeforslaga er leverte inn (frist 31. mars), skal valstyret kontrollere at kandidatane er valbare, og kandidatane skal underrettast om at dei er oppførte som kandidatar på eit listeforslag. Listeforslaga skal godkjennast innan 1. juni, slik at kontakten med kandidatane må skje i april/mai. For den kontakten valmyndigheitene har med kandidatane, hadde det derfor – slik departementet såg det – ikkje noko å seie om skjeringsdatoen blir sett til 31. mai eller 30. juni. Ein slik seinare frist vil likevel føre til at det blir litt kortare tid til å produsere valkort. Men det kom i høyringa av forslaget til vallovutvalet ikkje fram noko om at dette ville vere noko problem. Departementet la såleis til grunn i høyringsnotatet at det vil la seg gjere å produsere og sende ut valkort i tide til førehandsrøystegivinga startar 10. august, sjølv om skjeringsdatoen blir endra til 30. juni.

Departementet uttalte i høyringsnotatet at det å forskyve skjeringsdatoen med ein månad vil ha mange fordelar. Ei slik endring vil for det første innebere at fleire veljarar vil kunne røyste i den kommunen dei bur i på valdagen. Dette vil kunne føre til at fleire synest det vil vere meiningsfylt å røyste, fordi mange – særleg ved lokalval – ikkje ser noko poeng i å røyste i den kommunen dei har flytt frå. I tillegg vil det kunne føre til at færre personar røystar i feil kommune på valdagen. Dermed blir færre røystegivingar forkasta, fordi dei ikkje har fått med seg at dei på valdagen må røyste i den kommunen der dei er innførte i manntalet for at røystegivinga skal kunne godkjennast. Ut frå dette uttalte departementet i høyringsnotatet at skjeringsdatoen burde endrast frå 31. mai til 30. juni. I høyringsnotatet spurde departementet likevel om høyringsinstansane meinte dette vil gjere det vanskeleg å sende ut valkort innan førehandsrøystegivinga tek til. Det er fordi denne problemstillinga ikkje vart kommentert av høyringsinstansane i samband med den nye vallova.

3.1.3 Høyringsinstansane

Framlegget frå departementet om å forskyve skjeringsdatoen frå 31. mai til 30. juni får brei tilslutning i høyringsrunden. Ein del kommunar ønskjer likevel å halde fast på den skjeringsdatoen vi har i dag.

KS har denne merknaden:

«Skjæringsdatoen for manntallet kan forskyves fra 31. mai til 30. juni. Dette kan gjøres uten store praktiske problemer og vil bidra til at flere både vil ha anledning og være motivert til å delta i valget i den kommunen de har flyttet til.»

Ålesund kommune uttaler dette:

«Vi er enig med departementet i at skjæringsdatoen ikke har noen praktisk betydning for nominasjonsprosessen og listeforslagene og at dette forholdet derfor ikke bør være avgjørende for valg av skjæringsdato. Det viktigste er å la flest mulig få avgi stemme på valgtinget i den kommunen der de er bosatt.»

Gausdal kommune uttaler at skjeringsdatoen kan forskyvast til 30. juni utan at det gjer det vanskeleg å sende ut valkort. Kommunen har undersøkt med leverandøren sin som seier at valkorta kan leverast til rett tid. Jevnaker kommune og Lillehammer kommune opplyser om det same.

Statistisk sentralbyrå meiner at det verkar fornuftig å flytte skjeringsdatoen til 30. juni. Dette vil fange opp mange flyttingar og føre til færre forkasta røystegivingar.

Stryn kommune går imot forslaget dersom det blir obligatorisk å sende ut valkort. Det er fordi fristen for trykking og utsending av valkort vil bli kort. Vennesla kommune sluttar seg heller ikkje til forslaget fordi dette vil skape problem med utsending av valkort som da må skje midt i sommarferien.

Odda kommune vil halde fast på skjeringsdatoen i dag for at veljarane skal få valkorta før ferien.

3.1.4 Merknader og forslag frå departementet

Høyringa støttar vurderinga frå departementet om at det ikkje burde vere vesentlege innvendingar mot å forskyve skjeringsdatoen frå 31. mai til 30. juni i valåret. Ein del kommunar har også undersøkt med leverandørar av valkort og fått opplyst at ei forskyving av fristen ikkje vil føre til problem for trykking og utsending av valkort.

Somme kommunar meiner likevel at forslaget vil føre til problem fordi utsendinga av valkort da må skje i ferietida. Det er vanskeleg å sjå kvifor dette skulle vere problematisk. Valkorta kan tingast i god tid før ferien, og dei opplysningane som skal trykkjast på valkorta, kan gjerast klar og sendast til leverandørane av valkort i god tid før ferien. Når da fleire kommunar har fått opplyst av valkortleverandørane sine at desse ikkje meiner ei forskyving av skjeringsdatoen vil føre til noko problem for utsendinga av valkort, er det vanskeleg å forstå kva slags problem det her er snakk om.

På bakgrunn av dette vil departementet fremme forslag om at skjeringsdatoen blir endra frå 31. mai til 30. juni i valåret.

3.2 Obligatorisk utferding av valkort

3.2.1 Gjeldande rett

Det følgjer av valforskrifta § 22 første ledd at røystemottakarar innanriks skal skrive ut valkort til veljarar som røystar på førehand. Valkortet blir lagt ned i ein omslagskonvolutt saman med røystesetelkonvolutten med innhald og sendt til valstyret i den kommunen der veljaren er manntalsført. Veljaren blir «identifisert» på bakgrunn av opplysningane på valkortet, det blir kryssa av ved namnet hans eller hennar i manntalet, og røystegivinga blir så godkjend. Kommunane har elles inga plikt til på førehand å sende ut valkort til veljarane i kommunen sin. Mange kommunar gjer dette likevel frivillig.

3.2.2 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet gjorde departementet greie for at eit pålegg om å sende ut valkort til alle veljarane kan vere eit tiltak for å redusere talet på veljarar som på valdagen røystar i ein annan kommune enn der dei er manntalsførte.

Dette vart også vurdert før den nye vallova vart vedteken. Vallovutvalet føreslo å vidareføre den daverande ordninga med utsending av valkort, likevel slik at det var kommunane som skulle ha ansvaret for produksjon og utsending. Høyringsinstansane uttalte seg ikkje særskilt om valkorta.

Departementet skreiv i Ot.prp. nr. 45 (2001–2002) om ny vallov at valkorta har ulike funksjonar. Det vart framheva at framsending til rett valstyre og «identifisering» av veljaren var utgangspunktet for ordninga. Departementet kom til at når det galdt førehandsrøystegivinga, burde det nyttast valkort for framsending av røystegivinga til rett valstyre og sikker identifikasjon av veljaren. Det vart føreslått (og vedteke) at mottakaren av førehandsrøyster skulle skrive ut valkort til veljarar som ønskte å røyste på førehand.

Departementet uttalte i Ot.prp. nr. 45 (2001–2002) også at valkorta i tillegg er eit hjelpemiddel til ei rask og effektiv avvikling av røystegivinga på valdagen. Departementet reiste spørsmålet om denne funksjonen er så grunnleggjande viktig at kommunane burde påleggjast å sende ut valkort til alle veljarane. Slik departementet såg det, burde det vere opp til kommunane å vurdere kva for hjelpemiddel som er nødvendige for at dei skal kunne gjennomføre valet, ikkje berre effektivt, men også kostnadseffektivt.

Det vart også sagt i forarbeida at det kan argumenterast for at valkortet kan fungere som eit synleg teikn på den «samfunnskontrakten» som ligg til grunn ved demokratiske val. Det er positivt at veljarane blir inviterte til å delta i val ved at dei får eit valkort heim til seg i si eiga postkasse. Samstundes er det ei påminning om det kommande valet, og ein kan dermed hevde at det har ein viss mobiliserande effekt. Departementet uttalte at det likevel var i tvil om dette var ei god nok grunngiving for å påleggje kommunane å trykkje valkort til alle veljarane som ei obligatorisk ordning.

Departementet konkluderte i Ot.prp. nr. 45 (2001–2002) med at ordninga med utsending av valkort i regi av departementet ikkje burde førast vidare som ei obligatorisk ordning for alle røysteføre. Ein skulle likevel halde fast på bruken av valkort som obligatorisk ordning ved førehandsrøystegivinga. Stortinget vedtok forslaget til departementet.

I høyringsnotatet uttalte departementet at spørsmålet om å sende ut valkort som tiltak for å redusere talet på forkasta røystegivingar ikkje vart vurdert i samband med at den nye vallova vart vedteken.

Departementet vurderte i høyringsnotatet på nytt valkort som ei obligatorisk ordning. Når ein sender ut valkort til alle veljarane, vil ein kunne gi kvar veljar konkret informasjon om kvar vallokalet er, og når det er ope. Dette er informasjon som veljarane spør etter. Denne informasjonen kan også gjere terskelen for å røyste lågare, det vil seie å medverke til å auke valdeltakinga. Samstundes vil fleire veljarar truleg røyste i det vallokalet dei er manntalsførte i på valdagen, noko som kan gjere oppteljinga for kommunane litt enklare og dermed gi eit raskare valoppgjer. Dette er fordelar som kjem i tillegg til å redusere talet på forkasta røystegivingar. Det er derfor fleire ulike faktorar som taler for å innføre utsending av valkort til veljarane som ei obligatorisk ordning.

I høyringsnotatet gav departementet uttrykk for at dette er andre moment enn det som opphavleg grunngav innføringa av obligatoriske valkort. Det vart ikkje lagt avgjerande vekt på desse momenta da ein vurderte om ordninga med valkort skulle førast vidare i ny vallov. Departementet meinte likevel i høyringsnotatet at det er større behov for å sende ut valkort som eit hjelpemiddel ved gjennomføringa av røystegivinga på valdagen, enn det som vart lagt til grunn i forarbeida til den nye vallova. Departementet gav derfor i høyringsnotatet uttrykk for at kommunane burde påleggjast å sende ut valkort til alle innbyggjarane i kommunen sin i tråd med det opphavlege forslaget frå vallovutvalet.

3.2.3 Høyringsinstansane

Eit stort fleirtal av høyringsinstansane støttar forslaget frå departementet om å påleggje kommunane å sende ut valkort til veljarane. Ein del kommunar er likevel negative til forslaget.

KS er samd i forslaget frå departementet om at kommunane skal sende ut valkort. Dei går ut frå at staten dekkjer meirkostnadene.

Fylkesmannen i Østfold meiner det vil vere positivt med valkort til alle veljarane, både av omsyn til avviklinga av valet og til kvar veljar. Fylkesmannen peiker på at valkort vil kunne føre til at gjennomføringa av valet kan skje på ein rask og effektiv måte, noko som også vil vere positivt for veljarane. Fylkesmannen er samd i at valkort vil kunne fungere som ei påminning og gi viktig informasjon om når og kvar valet går føre seg.

Asker kommune støttar forslaget om at alle røysteføre skal få tilsendt valkort. Men kommunen peiker på at reglane for utforminga av valkort ikkje må bli slik at det ikkje er høve til å få inn annan lokal informasjon på valkortet. Også Oslo kommune understrekar at valkortet må kunne innehalde lokal informasjon.

Sør-Odal kommune har denne fråsegna:

«Sør-Odal kommune støtter forslaget om at det sendes ut valgkort til alle stemmeberettigede i kommunen. Kostnadene bør dekkes av staten.

Sør-Odal kommune har benyttet valgkort siden dette ble innført. Sør-Odal kommune har gode erfaringer med bruk av valgkort, både som en informasjon om stemmested og stemmetider for velgeren og gjør også selve forhåndsstemmegivningen enklere for valgfunksjonærene. Antall «fremmede stemmer» har også gått ned etter innføringen av valgkort.»

Ski kommune uttaler dette:

«Ski kommune har valgt å sende ut valgkort til alle i kommunen som har stemmerett ved vedkommende valg. Hovedhensynet har for vårt vedkommende vært å gi velgerne informasjon om valget, forhåndsstemmeperioden – sted og åpningstider, tidspunkt for valgting – åpningstider samt valglokale. I tillegg er valgkort nyttig for stemmemottaker da det har sidehenvisning til manntallet.

Utsending av valgkort har en kostnadsside som tidligere ble dekket av departementet. For en kommune av vår størrelse blir totalkostnaden ved dette fort kr 130-150.000. For vårt vedkommende har det likevel aldri vært tvil om hvorvidt vi skal sende ut valgkort – fordelene er så store. Vi er også rimelig sikre på at velgerne også ønsker disse kortene ettersom vi får mange telefoner vedrørende når de kommer samt at de etterlyses dersom de ikke kan se å ha mottatt slikt. Erfaringsvis er valgkort en tidsbesparende faktor ved mottak av forhåndsstemmer – det tar tid å hente opp kort fra valgsystemet samt skrive slike ut. Videre melder stemmestyrene om at de er svært fornøyde når valgkort medbringes til valgtinget da det gjør oppslag i manntallet enklere og raskere.

Ski kommune er litt i tvil om en bør pålegge alle kommuner dette, men er ikke i tvil når det gjelder fordelene.»

Bamble kommune, Gloppen kommune og ein del andre kommunar meiner at staten bør stå for utsendinga av valkort.

Røyrvik kommune meiner at eit lovpålegg om utsending av valkort ikkje vil ha nokon verknad når det gjeld valdeltaking eller forkasting av røystegivingar i små kommunar.

3.2.4 Merknader og forslag frå departementet

Når departementet i høyringsnotatet gjekk inn for å lovfeste at kommunane skal sende ut valkort til veljarane, var dette ikkje grunngitt i eitt enkelt forhold, men fordi departementet meinte at ei slik ordning ville ha mange fordelar.

Fleire høyringsinstansar peiker da også på ei rekkje fordelar ved å innføre valkort. Det blir vist til at valkortet kan fungere som ei påminning, at valkortet gir viktig informasjon om når og kvar valet går føre seg, at både gjennomføringa av førehandsrøystegiving og røystemottak på valtinget blir enklare for valfunksjonærane, og at talet på «framande røyster» går ned.

Røyrvik kommune meiner at utsending av valkort ikkje vil ha noko å seie for valdeltakinga eller forkastinga av røystegivingar i små kommunar. Det er vanskeleg å ha noka sikker meining om dette. Departementet meiner likevel at det å bruke valkort har så mange fordelar at ei slik ordning likevel bør innførast. Desse fordelane kan kanskje ikkje kvar for seg forsvare ei slik utgift, men når ein ser på summen av fordelane av å innføre valkort for alle, meiner departementet at ordninga kan forsvarast og dermed bør innførast.

Somme kommunar meiner at det er staten som bør stå for utsending av valkort og ikkje kommunane. Departementet vil understreke at det er kommunane som sit inne med dei opplysningane som skal førast på valkortet om mellom anna tid og stad for røystegivinga, manntalsnummer osv. Det er i tillegg kommunane som sjølv avgjer kva for opplysningar (ut over eit visst minimum som vil følgje av forskrift) som skal stå på valkortet. Kommunane vil såleis i alle tilfelle vere den instansen som sørgjer for å levere informasjonen som skal trykkjast på valkorta. Slik departementet ser det, vil derfor den einaste praktiske ordninga vere at kommunane som sjølv sit med alle dei opplysningane som skal førast på valkorta, også har ansvaret for å sende ut valkort.

Departementet fremmar på bakgrunn av dette forslag om at kommunane skal sende ut valkort til veljarane.

3.3 Krav til legitimasjon når ein røystar

3.3.1 Gjeldande rett

Det følgjer av vallova § 8-4 tredje ledd (førehandsrøystegivinga) og § 9-5 andre ledd (valtinget) at røystemottakaren kan krevje at veljaren legitimerer seg. I Ot.prp. nr. 45 (2001-2002) om ny vallov understreka departementet at røystestyret må vere bevisst på at når det kryssar av for veljaren i manntalet, går det god for at veljaren faktisk er den han eller ho gir seg ut for å vere. Røystemottakaren må såleis før avkryssinga vurdere om ein ukjend veljar har identifisert seg på ein fullgod måte.

3.3.2 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet gjorde departementet greie for at reglane for krav til legitimasjon synest å bli praktisert ulikt i kommunane. Ved førehandsrøystegivinga er det vanleg å be veljarane identifisere seg. På valdagen er truleg den vanlegaste ordninga å spørje om namn og fødselsdato utan å be om legitimasjon. Reglane blir såleis praktiserte ulikt ved førehandsrøystegivinga og på valdagen, sjølv om reglane i vallova ikkje skulle tale for ein slik skilnad.

Departementet opplyste i høyringsnotatet at det ved valet i 2005 vart sett noko fokus i media på at veljarar fekk røyste utan at dei måtte legitimere seg. Det vart vist til at ein ikkje kan sjå bort frå at ein før eller seinare vil kunne oppleve freistnader på valfusk på dette grunnlaget.

Sverige har nyleg innført krav om at ukjende veljarar skal legitimere seg eller på andre måtar stadfeste identiteten sin. I forarbeida til lovendringa blir det nemnt at det siste alternativet i praksis vil vere at andre stadfester identiteten til vedkommande veljar.

Ved valet i 2005 overvakte internasjonale valobservatørar (etter invitasjon frå Den norske Helsingforskomiteen) avviklinga av stortingsvalet. I høyringsnotatet viste departementet til at valobservatørane i rapporten sin rådde til at det vart innført krav om obligatorisk veljarlegitimasjon for å få røyste.

Det er ein grunnleggjande regel i eit demokratisk samfunn at kvar veljar berre får godkjent éi røyst. Dersom ein veljar greier å røyste i namnet til ein annan veljar, vil vedkommande kunne få godkjent to røyster. Eit effektivt verkemiddel for å sikre at ein ikkje kjem opp i ein slik situasjon, vil vere å innføre krav om at alle veljarar skal legitimere seg for å få røyste. Eit slikt krav vil også hindre at det oppstår tvil om det har vore fuska. Departementet viste i høyringsnotatet til at mistanke om juks på grunn av manglande krav til å vise legitimasjon kan svekkje tilliten veljarane har til valsystemet.

Somme vil innvende at valgjennomføringa vil bli seinka av eit slikt legitimasjonskrav. Departementet meinte det ikkje er grunn til å tru at dette vil bli konsekvensen. Dei fleste er no så vane med å vise legitimasjon i ulike samanhengar at når veljarane blir informerte om dette kravet, vil dei ikkje bruke særleg ekstra tid på å finne fram legitimasjonsdokument. Når det gjeld valfunksjonærane, uttalte departementet at det å kontrollere ein legitimasjon ikkje vil vere meir tidkrevjande enn den kontrollen som i dag skjer dei fleste stader på valdagen. I alle tilfelle bør omsynet til at veljarane ikkje skal kunne røyste i namnet til andre veljarar, vege tyngst.

Departementet føreslo i høyringsnotatet at vallova vart endra slik at det blir eit krav om at ukjende veljarar skal legitimere seg for å kunne røyste. Sidan det ikkje er noko generelt krav at alle borgarar i Noreg skal ha eit legitimasjonskort, føreslo departementet at det bør opnast for at identiteten til veljaren kan stadfestast av ein annan person som kan legitimere seg. Denne opplysninga bør i så fall noterast av røystemottakaren/røystestyret i samband med røystegivinga, slik at ein kan få oppklart eit eventuelt misbruk av ordninga og det dermed kan verke avskrekkande på personar som kan tenkjast å misbruke ordninga. Departementet føreslo at dette burde fastsetjast i forskrift.

3.3.3 Høyringsinstansane

Så å seie alle høyringsinstansane som uttaler seg om forslaget, sluttar seg til det.

Nokre få høyringsinstansar går likevel imot forslaget om at identiteten til ein ukjend veljar kan stadfestast av ein annan person over 18 år som legitimerer seg, dersom vedkommande veljar sjølv ikkje kan vise legitimasjon.

Utanriksdepartementet peiker på at det i proposisjonen bør takast inn referansar til Noregs internasjonale forpliktingar når det gjeld gjennomføringa av politiske val. Det blir særleg vist til FNs konvensjon om sivile og politiske rettar artikkel 25, som også er ein del av norsk lov, og valstandardar som er utarbeidde av Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa, OSSE.

Ski kommune uttaler dette:

«Ski kommune hadde besøk fra valgobservatører ved siste stortingsvalg. Også her ble det påpekt forundring over at man ikke krevde legitimasjon fra alle velgerne.

Vi er enige i at det bør lovfestes at det skal kreves legitimasjon fra ukjent velger slik som foreslått [...]. Et slikt krav vil styrke valgets legitimitet og samtidig gjøre det enklere for stemmemottaker og be om legitimasjon. Vi ser positivt på at det gis adgang til å få ukjent identitet bekreftet fra myndig person som legitimerer seg.»

Asker kommune har denne merknaden:

«Asker kommune har liten eller ingen erfaring med at velgere forsøker å stemme i en annens navn under valgtinget. Imidlertid antas det at dersom noen ønsker å avgi stemme i en annens navn - vil dette relativt enkelt kunne la seg gjennomføre. Asker kommune støtter derfor departementets forslag om at velger som er ukjent for stemmemottaker skal legitimere seg - eller at velgerens identitet kan bekreftes av en annen person over 18 år som legitimerer seg. Departementet bes å fastsette i forskrift krav til hvilken type legitimasjon som ansees som gyldig. En slik endring vil kunne øke behovet for større kapasitet ifm avkryssing/kontroll i manntallet.»

Karmøy kommune har denne merknaden:

«Dersom krav om legitimering skal praktiseres strengt, forutsetter dette grundig informasjon. Legitimering har til nå bare vært understreket ved forhåndstemmegivning. Dersom en velgers identitet blir bekreftet av en annen person over 18 år som legitimerer seg, bør det være unødvendig med en forskrift om at dette skal noteres/protokolleres av stemmemottaker. Strengere krav til legitimering kan i seg sjøl forsinke valgavviklingen i stemmelokalet, og notering av at en annen person har bekreftet en velgers identitet, virker unødvendig byråkratisk og forsinkende.»

Ringsaker kommune meiner at det ikkje bør vere høve for andre personar til å stadfeste identiteten til ein ukjend veljar. Kommunen uttaler:

«Når det gjelder den andre setningen, er kommunen betenkt over å skulle praktisere en slik bestemmelse. Ordningen vil være lett å misbruke. En kontrollrutine der stemmemottaker fører journal over de som bruker ordningen, anses ikke å virke avskrekkende på velgere som kan tenke seg å jukse under valget. Når velgeren først er krysset av i manntallet, kan evt. feil ikke rettes opp.

Riktignok er det i Norge ingen plikt til verken å være i besittelse av legitimasjon eller å bære legitimasjon på seg. Voksne personer har imidlertid normalt med seg godkjent legitimasjon fordi dette er nødvendig i en rekke sammenhenger. En må gå ut fra at dette også gjelder innvandrere fra ikke-vestlige land siden disse må ha oppholdt seg en viss tid i Norge for å ha stemmerett.

Ringsaker kommune mener følgelig at den andre setningen i forslaget skal utgå.»

Også ein del andre høyringsinstansar som Sør-Odal kommune , Ålesund kommune og Stokke kommune går imot forslaget om at identiteten til ein ukjend veljar skal kunne stadfestast av andre.

Datatilsynet uttaler dette:

«Datatilsynet finner at det er uheldig å innføre krav om legitimasjon dersom det ikke foreligger et reelt behov for legitimering. [...] Datatilsynet ser imidlertid at det har betydning for folks tillit til det demokratiske system at man innfører ordninger for å forhindre at hver velger avgir mer enn en stemme eller at feil person avgir stemme. Datatilsynet opplever en økende pågang av klager fra personer som utsettes for forskjellige former for identitetstyveri. [...]

Sett på denne bakgrunn finner Datatilsynet at det er hensiktsmessig å innføre et krav om at man skal legitimere seg ved avgivelse av stemme. Samtidig er det problematisk å stille krav til legitimasjon når det ikke finnes et allment godkjent legitimasjonsmiddel. Enkelte typer kort som ofte benyttes som legitimasjon har vært utsatt for forfalskning, dette gjelder for eksempel Postverkets ID-kort og enkelte utgaver av førerkortet. Det er derfor viktig å ta stilling til hvilke legitimasjonskort som kan aksepteres, om det skal være krav til kvalitet, utsteder m.m. [...]

Det er videre uklart for Datatilsynet i hvilken grad, og eventuelt hvordan, det skal registreres at legitimasjonen er kontrollert. [...] Datatilsynet understreker at fødselsnummer ikke bør benyttes i denne sammenhengen, da fødselsnummeret ikke er egnet for legitimasjonsformål.

Datatilsynet finner det utilfredsstillende at det aksepteres som legitimasjon at identiteten bekreftes av en annen person over 18 år som legitimerer seg. Dette innebærer ikke noen reell kontroll med velgerens identitet. Muligheten for identitetstyveri i denne anledningen er stor, fordi det er tilstrekkelig at to personer samarbeider med dette formål.

[...] I Norge må det høre til sjeldenhetene at en person over 18 år ikke kan fremvise en eller annen form for kort med bilde og andre personopplysninger som egner seg til legitimasjon, for eksempel pass, førerkort eller bankkort og samtidig ikke er kjent for stemmemottaker. Datatilsynet anbefaler at alternative løsninger vurderes nærmere.»

3.3.4 Merknader og forslag frå departementet

Forslaget frå departementet om krav til legitimasjon får særleg stor tilslutning i høyringa.

Utanriksdepartementet peiker likevel på at forholdet til Noregs internasjonale forpliktingar når det gjeld gjennomføringa av politiske val, bør kommenterast. Som nemnt ovanfor vart avviklinga av stortingsvalet i 2005 overvakt av internasjonale valobservatørar etter valstandardar som OSSE har utarbeidd. Tilrådinga frå valobservatørane om å innføre krav om legitimasjon for å kunne røyste medverkar såleis til at valet kan gjennomførast i tråd med valstandardane til OSSE.

Det følgjer av FNs konvensjon om sivile og politiske rettar art. 25 at «kvar borgar skal, utan noka form for forskjellsbehandling som nemnd i artikkel 2 og utan urimelege avgrensingar, ha rett og høve til å røyste og bli vald ved frie periodiske val som skal byggje på allmenn og lik røysterett og hemmeleg avrøysting, som sikrar at viljen til veljarane kjem fritt til uttrykk».

Det følgjer av dette at ein regel om at ein skal legitimere seg for å kunne røyste, ikkje må formast på ein slik måte at han reelt blir ei «urimeleg avgrensing» i retten til å røyste. Det bør såleis ikkje innførast krav som fører til at somme veljarar i realiteten ikkje får høve til å røyste. Det ville til dømes truleg ha vore urimeleg å krevje at ein måtte vise førarkort for å kunne røyste. Noka slik avgrensing blir likevel ikkje føreslått. I det norske samfunnet i dag er det i svært mange samanhengar vanleg å vise legitimasjon, til dømes på Posten og i banken. Det er dessutan både lett og billig å skaffe seg ein legitimasjon.

Eit krav om legitimasjon kan dessutan medverke til å hindre valfusk. Når det blir innført krav om legitimasjon, sikrar styresmaktene at somme veljarar ikkje blir fråtekne retten til å røyste ved at andre veljarar får høve til å røyste i namnet til vedkommande.

Slik departementet ser det, medverkar eit krav om legitimasjon for å kunne røyste i tråd med forslaget i proposisjonen såleis til at Noreg oppfyller sine internasjonale forpliktingar når det gjeld å gjennomføre val.

I høyringsnotatet føreslo departementet at dersom ein veljar ikkje kunne legitimere seg, så skulle identiteten til veljaren i staden kunne stadfestast av ein annan person over 18 år som legitimerte seg. Også dette forslaget har fått stor oppslutning i høyringsrunden. Nokre høyringsinstansar går likevel imot forslaget. Som mellom anna Ringsaker kommune er inne på i høyringsfråsegna si, vil ein slik regel ikkje kunne hindre fusk, og dersom det faktisk blir fuska, vil feilen ikkje kunne rettast opp att. Det faktumet at røystemottakaren skal notere ned opplysningar om den personen som stadfester identiteten til ein ukjend veljar, vil til ein viss grad føre til at folk ikkje prøver å fuske. Men departementet ser at dette ikkje er ei like sikker løysing som å stille eit ufråvikeleg krav om at ukjende veljarar må legitimere seg for å kunne få røyste.

Også Datatilsynet går imot forslaget om at identiteten til ein veljar skal kunne stadfestast av ein annan person over 18 år som legitimerer seg. Tilsynet peiker på at faren for identitetstjuveri er stor, da det er nok at to personar samarbeider. Det blir også framheva at det må vere reine unntakstilfelle at ein person ikkje kan vise fram ei eller anna form for legitimasjon og samstundes er ukjend for røystemottakaren.

I høyringsnotatet la departementet stor vekt på at det ikkje bør innførast reglar som fører til at somme veljarar ikkje får røysta fordi dei ikkje kan legitimere seg. Det var på bakgrunn av dette at det vart føreslått at identiteten til veljaren kunne bli stadfest av ein annan person. Departementet er likevel samd med dei høyringsinstansane som peiker på at ein slik regel ikkje vil hindre valfusk. Ein slik regel vil berre – i ein viss grad – kunne sørgje for å fastslå om det har vore valfusk, og eventuelt sørgje for at dei som har juksa, blir straffa. Slik departementet vurderer det, bør det leggjast større vekt på å hindre at valfusk i det heile kan skje enn det det vart gjort i høyringsnotatet. Etter ei fornya vurdering har departementet derfor komme til at ein ikkje bør opne generelt for at identiteten til ein ukjend veljar kan stadfestast av ein annan person over 18 år som legitimerer seg. Dei fleste veljarane har alt ein legitimasjon, og dei veljarane som ikkje har det, kan skaffe seg dette enkelt og billig.

Ved røystegiving på institusjonar, til dømes sjukeheimar, aldersheimar og fengsel, vil det likevel kunne vere behov for ein slik regel. Dersom ein veljar som har tilknyting til ein slik institusjon, ikkje er kjend for røystemottakaren og heller ikkje kan legitimere seg, meiner departementet at ein bør opne for at identiteten til veljaren blir stadfest av ein tilsett ved institusjonen. Departementet ser det slik at eit slikt avgrensa høve til å få identiteten sin stadfest av andre, ikkje undergrev omsynet bak regelen om at ein ukjend veljar skal legitimere seg.

Det å innføre ein regel om at ein veljar må legitimere seg dersom vedkommande er ukjend for røystemottakaren, vil kunne føre til at somme veljarar blir avviste dersom dei ikkje har med seg legitimasjon når dei skal røyste. Departementet vil derfor i informasjonsopplegget sitt for valet i 2007 leggje stor vekt på å informere om denne nye regelen dersom han blir vedteken.

Somme høyringsinstansar skriv at departementet bør fastsetje i forskrift kva type legitimasjon som kan aksepterast. Departementet er ikkje sikker på om det er nødvendig med ein slik regel. Særleg ved førehandsrøystegivinga blir alt i dag ukjende veljarar bedne om å legitimere seg. Departementet kjenner ikkje til at det har vore problem i samband med praktiseringa av dette. For å kunne fungere som legitimasjon må legitimasjonen innehalde namn på og bilete av personen. I utgangspunktet verkar det naturleg å be om pass, bankkort, førarkort eller annan legitimasjon som offentleg styresmakt har utferda. Dersom veljaren ikkje har slik legitimasjon, meiner departementet at det vil vere for strengt å avvise veljaren dersom vedkommande har ein annan type legitimasjon som røystemottakaren etter ei konkret vurdering finn å kunne godkjenne. Ved denne vurderinga vil det vere naturleg å leggje vekt på «kvaliteten» på den framviste legitimasjonen, til dømes kva slags type laminering som er nytta. Dette kan vere avgjerande for kor enkelt det vil vere å forfalske legitimasjonen. Ut frå dette har departementet komme til at det ikkje bør stå i forskrifta kva typar legitimasjon som kan godkjennast.

Departementet fremmar forslag om at ein ukjend veljar må legitimere seg for å røyste. Ved institusjonsrøystegiving bør likevel veljarar som høyrer heime på institusjonen, kunne få identiteten sin stadfest av ein tilsett på institusjonen dersom vedkommande ikkje kan legitimere seg.

3.4 Frist for førehandsrøystegiving utanriks og på Svalbard

3.4.1 Gjeldande rett

For at ei førehandsrøystegiving skal kunne godkjennast, må ho ha komme inn til valstyret innan kl. 20 på valdagen, jf. vallova § 10-1 første ledd bokstav g. Det følgjer av vallova § 8-1 andre ledd at veljarane kan førehandsrøyste til og med siste fredag før valdagen, både innanriks og utanriks. Men veljaren er sjølv ansvarleg for å førehandsrøyste på eit tidspunkt som gjer at førehandsrøystegivinga kjem fram til valstyret tidsnok til å kunne godkjennast, jf. tredje ledd i føresegna.

3.4.2 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet uttalte departementet at når det gjeld førehandsrøystegiving utanriks, er det å finne tenlege ordningar som sikrar at førehandsrøystegivingar som er gitt i utlandet, kjem heim til valmyndigheitene i tide, noko vanskelegare enn for førehandsrøystegivingar som er gitt innanriks. Det er fordi det varierer mykje kor lang tid ei postsending tek til Noreg frå ulike land. Her er det veljarane sjølv og personellet på utanriksstasjonane som ein må tru har best oversikt over kor lang tid dette tek. Dette kan tale for å innføre ei tilsvarande ordning som i Sverige, der det er lov å levere førehandsrøysta på utanriksstasjonar så lenge ein kan gå ut frå at røystegivinga når fram til valmyndigheitene i tide.

Eit anna alternativ er å fastsetje avslutninga av førehandsrøystegivinga til ein fast dato, men tidlegare enn førehandsrøystegiving innanriks. Desse alternativa kan eventuelt kombinerast med å gi utanriksstasjonane instruks om å sende førehandsrøystegivingane heim til Noreg med ekspresspost der dette er mogleg og nødvendig for at røystegivingane skal nå fram til valmyndigheitene i tide.

Departementet gav i høyringsnotatet uttrykk for at det vil kunne bli vanskeleg å praktisere ein regel der det er mogleg å førehandsrøyste fram til eit tidspunkt der ein kan gå ut frå at førehandsrøystegivinga vil rekke fram til valmyndigheitene tidsnok til å kunne godkjennast. Departementet meiner at det vil vere ei betre og enklare ordning å avslutte førehandsrøystegivinga til eit fastsett tidspunkt, noko som også vil gjere informasjonsarbeidet enklare. Etter det departementet seier i høyringsnotatet, ville det å tillate veljarar utanriks å førehandsrøyste til og med nest siste fredag før valdagen vere ei tenleg løysing når ein veg mot kvarandre omsynet til å la veljarane få høve til å førehandsrøyste og omsynet til at røystene bør rekke fram til valstyret i tide til å kunne godkjennast. I tillegg bør utanriksstasjonane instruerast om å sende røystegivingane med ekspresspost dersom det er mogleg og blir vurdert som nødvendig for å få sendingane tidsnok fram. Det er likevel grunn til å understreke at sjølv med desse endringane kan ein ikkje garantere at alle førehandsrøystegivingane kjem fram i tide.

3.4.3 Høyringsinstansane

Når det gjeld forslaget om å avslutte førehandsrøystegivinga utanriks nest siste fredag før valdagen, sluttar så å seie alle høyringsinstansane seg til dette forslaget.

KS går likevel imot forslaget. Ein meiner det vil verke urimeleg avgrensande for svært mange personar å innskrenke perioden for førehandsrøystegivinga.

Sysselmannen på Svalbard har denne fråsegna:

«Vi antar at det er hensynet til postgangen som ligger til grunn for at Svalbard er behandlet på lik linje med utenriksstasjoner når det gjelder avslutning av forhåndsstemmegivningen.

Vi kan i den forbindelse opplyse at Sysselmannen ved de tidligere valg har avsluttet mottak av forhåndsstemmer kl. 10.30 torsdag før valgdagen. Erfaringsmessig har det vært stor pågang av velgere den siste uka før valget, særlig ved stortingsvalg. Det vil derfor være uheldig om fristen settes så tidlig som til nest siste fredag før valgdagen, slik det er foreslått. Vi har fått tilbakemelding om at kun en av stemmene ikke har nådd fram i tide, og antar derfor at ordningen har fungert tilfredsstillende.

Posten opplyser at det er postgang seks dager pr. uke fra Longyearbyen til fastlandet. Det fremholdes at posten fra Svalbard som hovedregel skal være framme neste virkedag, på linje med landet for øvrig. Med et ytterligere «slingringsmonn» på to virkedager, skulle det derfor ikke være grunn til å skille mellom Svalbard og resten av landet når det gjelder avslutning av forhåndsstemmegivningen.

[...] Vi foreslår derfor at fristen på Svalbard fortsatt bør være den samme som i landet for øvrig.»

3.4.4 Merknader og forslag frå departementet

Det har i høyringa nesten ikkje komme inn innvendingar mot forslaget departementet har i høyringsnotatet.

Det er klart at ei forkorting av førehandsrøysteperioden til ein viss grad vil avgrense det høvet veljarar som held til i utlandet, har til å kunne førehandsrøyste, slik KS gir uttrykk for. Departementet meiner likevel det er grunn til å leggje større vekt på at røystegivingane skal komme fram i tide, slik at dei ikkje blir forkasta. I utlandet er det mogleg å førehandsrøyste alt frå 1. juli. Sjølv med ei forkorting av førehandsrøysteperioden vil det vere mogleg å førehandsrøyste i ein periode på over to månader i utlandet. Slik departementet ser det, er dette eit svært godt tilbod til veljarane. Departementet meiner derfor at førehandsrøystegivinga utanriks bør vere avslutta nest siste fredag før valdagen.

Departementet finn likevel grunn til å føreslå éi lita endring når det gjeld førehandsrøystegivingsperioden på Svalbard. Sysselmannen peiker på at dei ved dei siste vala har avslutta førehandsrøystegivinga kl. 10.30 siste torsdag før valet. Dei har berre fått éi tilbakemelding på at førehandsrøystegivingar har komme for seint fram. Departementet har forståing for innvendingane frå sysselmannen. På den andre sida har sysselmannen ved tidlegare val avslutta røystegivinga før siste frist for å førehandsrøyste på fastlandet, for at førehandsrøystegivingane skal komme fram i tide. Ut frå dette finn departementet det mest formålstenleg å fastsetje at sysselmannen kan bestemme at førehandsrøystegivinga på Svalbard skal avsluttast på eit tidlegare tidspunkt enn førehandsrøystegivinga innanriks. Svalbard er eit lite samfunn, der ein slik regel ikkje burde vere vanskeleg å praktisere. I realiteten er det jo slik regelen har vorte praktisert i dag.

3.5 Kommunelova § 29 nr. 4 – korrigering av feil

Før dei siste endringane i kommunelova, som blei vedtekne etter forslag i Ot.prp. nr. 96 (2005-2006) Om lov om endringer i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner m.m. (komitémodell, avtalevalg m.m.) og Innst. O. nr. 9 (2006-2007), hadde kommunelova § 29 nr. 4 siste punktum følgjande ordlyd:

«Bestemmelsene i §§ 36 til 38 kommer likevel til anvendelse.»

I Ot.prp. nr. 96 (2005-2006) foreslo departementet ei ny føresegn i kommunelova om val til kommunale organ, såkalla avtaleval. Føresegna blei teken inn i ein ny § 38 a. Som ein konsekvens av dette, blei det nødvendig å oppdatere teksten i enkelte andre føresegner som inneheldt tilvising til kommunelova sine føresegner om val, mellom anna § 29 nr. 4 siste punktum. I staden for å vise til §§ 36 til 38, blei det nødvendig å vise til §§ 36 til 38 a.

Ved ein feil blei det vedteke ei ekstra endring i kommunelova § 29 nr. 4 ved at ordet «ikke» kom inn ein plass det ikkje skulle stått. Føresegna slik den blei vedteken lyder:

«Bestemmelsene i §§ 36 til 38 a kommer likevel ikke til anvendelse.»

Departementet foreslår at ordlyden i § 29 nr. 4 siste punktum blir justert for å rette på dette.

Til forsida