Ot.prp. nr. 24 (2006-2007)

Om lov om endringar i lov 28. juni 2002 nr. 57 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer mv. (skjeringsdato, valkort o.a.)

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Ein reknar med at dei føreslåtte endringane, særleg forslaget om å gje pålegg om at kommunane skal sende ut valkort til veljarane, vil auke utgiftene kommunane har til gjennomføringa av val med om lag 27 millionar kroner per val, altså om lag 13 millionar per år. Kommunane får kompensasjon for desse meirutgiftene ved ein auke av inntektsramma på 13 millionar kroner i 2007. Desse midlane blir vidareførte til seinare år. Ein går ut frå at dei administrative konsekvensane av dei føreslåtte endringane vil vere små for kommunesektoren. På statleg hald ventar ein at forslaga vil ha små økonomiske og administrative konsekvensar.

Til forsida