Ot.prp. nr. 24 (2006-2007)

Om lov om endringar i lov 28. juni 2002 nr. 57 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer mv. (skjeringsdato, valkort o.a.)

Til innhaldsliste

7 Merknader til dei ulike føresegnene

Til kommunelova:

Til § 14 nr. 1 bokstav c:

Dette er berre ei teknisk endring, av di reglane om registrering av politiske parti er flytta frå vallova til partilova.

Til § 29 nr. 4 siste punktum:

Dette er berre ei teknisk endring for å rette opp ein feil.

Til vallova:

Til § 2-2 andre ledd bokstav b:

Føresegna heng saman med § 2-4 første ledd. Ho blir derfor føreslått endra i tråd med forslaget til endring i denne paragrafen. Datoen blir føreslått endra frå 31. mai til 30. juni i valåret.

Til § 2-3 tredje ledd:

Føresegnene gir kommunane ved valstyret pålegg om å sende ut valkort.

Til § 2-4 første ledd:

Den føreslåtte endringa inneber at den såkalla skjeringsdatoen blir endra frå 31. mai til 30. juni i valåret.

Til § 2-9:

Det blir her føreslått ein litt utvida heimel for departementet til i forskrift å gi føresegner om produksjon, utforming, utsending og bruk av valkort. Ei liknande føresegn blir føreslått oppheva, jf. § 8-6.

Til § 8-1 andre ledd:

Forslaget inneber for det første at siste frist for å kunne førehandsrøyste utanriks blir endra frå siste fredag til nest siste fredag før valdagen. For det andre blir det slått fast at for førehandsrøystegiving på Svalbard kan Sysselmannen bestemme at førehandsrøystegivinga skal avsluttast før siste fredag før valdagen. Men eit vilkår for at Sysselmannen skal kunne avslutte førehandsrøystegivinga før siste fredag før valdagen, er at dette er nødvendig for at førehandsrøystegivingane skal kunne komme fram til valstyret i kommunen til veljaren innan valdagen kl. 20.

Til § 8-4 tredje ledd:

Det blir slått fast i første punktum at dersom ikkje røystemottakaren veit kven ein veljar er, skal veljaren vise legitimasjon. Etter gjeldande føresegn heiter det at røystemottakaren kan krevje at veljaren legitimerer seg.

Verken den gjeldande eller den nye føresegna gjer nærmare greie for kva typar legitimasjon som kan godkjennast. Det følgjer av dette at røystemottakaren i kvart enkelt tilfelle må vurdere konkret den legitimasjonen veljaren viser fram. Men eit minstekrav for at noko skal kunne oppfylle kravet til å vere ein legitimasjon, er at legitimasjonen inneheld bilete av og namn på veljaren. Typiske legitimasjonspapir vil vere førarkort, bankkort og pass. Det følgjer likevel av det som er sagt ovanfor, at også andre typar av legitimasjon vil kunne godkjennast.

Andre punktum i føresegna inneheld eit unntak frå regelen i første punktum. Ved røystegiving på institusjon, til dømes diverse helse- og sosialinstitusjonar og fengsel, vil det ikkje vere eit absolutt krav til at veljaren legitimerer seg. I staden kan ein tilsett ved institusjonen som legitimerer seg, stadfeste identiteten til veljaren overfor røystemottakaren.

Til § 8-6:

Den føreslåtte endringa er berre ei teknisk tilpassing som ei følgje av at heimelen til å gi forskrift om valkort er flytt til § 2-9.

Til § 9-5 andre ledd andre punktum:

Føresegna gjeld røystegiving på valtinget og svarer til føresegna i § 8-4 tredje ledd første punktum.

Til forsida