Ot.prp. nr. 27 (2007-2008)

Om A)Lov om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd (omstillingslova) B)Lov om endringar i minerallovgivinga

Til innhaldsliste

Del 1
A) Lov om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd (omstillingslova)

2 Bakgrunn for forslaget om lov om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd

2.1 Innleiing

Regjeringa driv ein aktiv næringspolitikk, og arbeider mellom anna med konkrete forslag til korleis ein kan førebyggje og hindre nedlegging av bedrifter.

Utgangspunktet for arbeidet var arbeidsplattforma til Regjeringa, Soria Moria-erklæringa. Punktet i Soria Moria-erklæringa om «en ny og forsterket ervervslov innenfor EØS-avtalens rammer» inneber likevel ikkje at den gamle ervervslova som vart oppheva i 2002, skulle innførast på ny. Å innføre ei ny ervervslov kan ikkje sameinast med Noregs forpliktingar etter EØS-avtalen, fordi ho ville ha vorte sedd på som ein restriksjon i forhold til etableringsretten og retten til fri flytting av kapital.

Regjeringa fremjar i staden for forslag om ei lov som, gjennom meldeplikta, vil fremje omstilling og dialog. Ein av fordelane med lova er at ho vil omfatte alle nedleggingstrua bedrifter med meir enn 30 tilsette, og ikkje berre dei bedriftene som har vore gjenstand for eit erverv.

Forslaget femner om fleire politikkområde. For å oppfylle Regjeringa sine ambisjonar i arbeidet med tiltak ved nedlegging av bedrifter har derfor fleire departement vore involverte i arbeidet.

2.2 Høyring

Eit notat vart sendt på høyring 8. desember 2006 med frist 8. mars 2007. Høyringsnotatet vart sendt til desse instansane:

  • Alle departementa

  • Alle fylkeskommunane

  • Alle kommunane

  • Arbeidsgiverforeningen NAVO (har seinare skifta namn til Arbeidsgiverforeningen Spekter)

  • Direktoratet for arbeidstilsynet

  • Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap

  • Finansnæringens Hovedorganisasjon

  • Forbrukarrådet

  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

  • Innovasjon Noreg

  • Kommunenes Sentralforbund

  • Konkurransetilsynet

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Statistisk sentralbyrå

  • Kredittilsynet

  • Skattedirektoratet

  • Arbeids- og velferdsetaten (NAV)

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

  • Akademikerne

  • Den Norske Advokatforening

  • Bedriftsforbundet

  • Brønnøysundregistra

  • Den norske Revisorforening

  • Norske Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF)

  • Norges Juristforbund

  • Unio – Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede

  • FAFO

  • Senter for Europarett, UiO

  • SIVA

  • Norges Rederiforbund

  • Oslo Børs

  • Norges Fondsmeglerforbund

  • Regjeringsadvokaten

  • Energibedriftenes Landsforening

  • Norsk Industri

  • Norges Skogeierforbund

  • Norsk Bonde- og Småbrukarlag

  • Norges Bondelag

  • Fiskebåtenes forbund

  • Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening

Nærings- og handelsdepartementet fekk høyringssvar frå desse:

Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet, Finansdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og politidepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Miljøverndepartementet, Olje- og energidepartementet, Samferdselsdepartementet, Utanriksdepartementet, Akershus fylkeskommune, Aust-Agder fylkeskommune, Buskerud fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Nord-Trøndelag fylkeskommune, Oppland fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sør-Trøndelag fylkeskommune, Telemark fylkeskommune, Troms fylkeskommune, Vestfold fylkeskommune, Asker kommune, Askim kommune, Bamble kommune, Gol kommune, Hemne kommune, Oslo kommune, Sandnes kommune, Sarpsborg kommune, Skien kommune, Stavanger kommune, Tinn kommune, Trondheim kommune, Tydal kommune, Akademikerne, Arbeidsgiverforeningen NAVO, Bedriftsforbundet, Brønnøysundregistra, Den norske revisorforening, Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, Finansnæringens Hovedorganisasjon, Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon, Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede /Unio, Innovasjon Noreg, Kommunenes Sentralforbund, Konkurransetilsynet, Kredittilsynet, Landsorganisasjonen i Norge, Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening, Norges Ingeniørorganisasjon, Norges Rederiforbund, Norges Skogeierforbund, Norsk Industri, Næringslivets Hovedorganisasjon, Selskapet for industrivekst SF, Statistisk sentralbyrå og Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund.

Departementet har også fått høyringssvar frå Borealis Petrokjemiske Fagforening og Siviløkonomene .

Av dei mottekne høyringssvara hadde følgjande høyringsinstansar ikkje merknader:

Olje- og energidepartementet, Den norske revisorforening, Barne- og likestillingsdepartementet, Tydal kommune, Gol kommune, Justis- og politidepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Sarpsborg kommune, Norges Skogeierforbund (sjå høyringsfråsegn frå NHO), Statistisk sentralbyrå, Miljøverndepartementet, Samferdselsdepartementet og Utanriksdepartementet.

3 Mål og utfordringar

3.1 Ein aktiv politikk for å møte utfordringane i norsk næringsliv

Hovudmålet med næringspolitikken til Regjeringa er å sikre størst mogleg verdiskaping i norsk økonomi. Gjennom ein aktiv næringspolitikk og ein sunn økonomisk politikk arbeider Regjeringa for at konkurranseutsett industri skal ha gode vilkår. Grunnlaget for ein kompetent arbeidsstokk med høg produktivitet, er gode utdanningstilbud og gode velferdsordningar for heile befolkninga. Den aktive næringspolitikken til regjeringa styrkjer ikkje berre næringslivet, men også interessene til fellesskapet.

Omstilling og innovasjon skjer kontinuerleg i norske bedrifter. Kvar dag er det òg bedrifter som legg ned eller innskrenkar drifta. Då må det leggjast til rette for at ledig arbeidskraft og kapital kan brukast i nye og meir lønnsame bedrifter. Omstilling er positivt når resultatet gir meir framtidsretta arbeidsplassar med høgare verdiskaping.

Departementet vil understreke at det, uavhengig av Regjeringa sitt arbeid med omstilling, først og fremst er bedrifta sitt eige ansvar både å initiere og handtere omstillingar. Ei ansvarleg leiing av bedrifta inneber at omstilling blir gjennomført når det er nødvendig. Dei tiltaka som blir føreslått i denne proposisjonen, inneber såleis ingen endringar i bedrifta sitt ansvar.

Når bedrifter blir nedlagde, er det viktig å sikre at dei tilsette blir tekne vare på gjennom gode og inkluderande prosessar. Bedriftene har eit stort ansvar for å få dette til. Dei må vere medvitne om samfunnsansvaret sitt og ha ei positiv haldning til og aktiv oppfølging av dei tilsette i samband med nedlegginga. Kva for prosessar og tiltak som blir iverksette, varierer frå bedrift til bedrift, men ofte kan dei tilsette og leiinga i bedrifta einast om ordningar som omfattar sluttpakkar, hjelp til jobbsøking, etterutdanning og anna. For dei lokalsamfunna det gjeld, kan bedriftsnedlegging få betydelege negative konsekvensar. Det er derfor viktig å leggje til rette for at bedrifter som vil leggje ned verksemda si, i større grad enn i dag bidreg til lokalsamfunnet for å sikre vellykka omstillingar. Regjeringa føreslår derfor tiltak som skal sikre at slike prosessar blir gjennomførte på ein meir systematisk måte, enn kva som er tilfelle i dag.

Når nedlegging ikkje er til å unngå, er det eit mål at tiltaka som blir føreslått, skal vere med på å skape grunnlag for nye arbeidsplassar og nye bedrifter. Tiltaka som blir føreslått, kan på denne måten verke både førebyggjande og omstillingsfremjande. Alle alternativ må vurderast når ei bedrift er trua av nedlegging, og styresmaktene har eit særleg ansvar for å leggje til rette for at dette blir gjort.

Det er primært lokale og regionale styresmakters ansvar å arbeide med omstilling for å motverke og møte akutte krisesituasjonar lokalt. Sjansen for å få til ei vellykka omstilling er størst dersom det alt er etablert eit langsiktig utviklings- og nyskapingsarbeid på lokalt og regionalt nivå før situasjonen kring bedriftsnedlegginga oppstår. Ein viktig del av ein nasjonal omstillingsstrategi er å skape brei lokal og regional forankring av gode utviklingsprosessar i dei aktuelle områda. Erfaringar viser at omstillings- og nyskapingsarbeidet må sikrast ei brei lokal og regional forankring gjennom forpliktande eigarskap til prosessen. Utfordringane kan best løysast gjennom involvering og ansvarleggjering av fleire ulike partar i fellesskap. Både private og offentlege aktørar, på tvers av forvaltningsnivåa, bør delta i dette arbeidet.

Regjeringa er oppteken av å få folk over i nytt arbeid og bidra til at lokalsamfunnet handterer omstillingane på ein god måte. Det er viktig å ta vare på kvar enkelt tilsett, samtidig med at det skal vere mogleg for bedrifta å omstille seg. For sårbare lokalmiljø kan det vere spesielt viktig å etablere ein møteplass som inkluderer bedrift, tilsette og styresmaktene, mellom anna verkemiddelapparatet. Med dette blir det lagt til rette for at partane på ein god måte kan «snu alle steinar» og finne alternativ dersom bedrifter som er svært viktige for lokalsamfunnet, er trua av nedlegging. Meldeplikta og drøftingsmøtene er likevel ikkje meint å hindre nedlegging eller omstilling når framtidsutsiktene til bedrifta tilseier at det ikkje er grunnlag for vidare drift i noværande form. Regjeringa meiner samla sett at forslaget vil bidra til å oppretthalde og sikre ei god omstillingsevne i norsk økonomi, samtidig som interessene til dei det vedkjem, blir sikra på ein betre måte enn i dag.

3.2 Dei overordna rammene for Regjeringa sitt arbeid med omstilling

Regjeringa har ei aktiv tilnærming til utfordringane med omstillingar i næringslivet. For ein nærmare gjennomgang av satsinga på dette området viser vi mellom anna til St.meld. nr. 21 (2005–2006) Hjarte for heile landet. Om distrikts- og regionalpolitikken.

Staten gir i dag økonomisk støtte til lokalt omstillingsarbeid gjennom dei ordinære distrikts- og regionalpolitiske verkemidla frå Kommunal- og regionaldepartementet til fylkeskommunane. Til grunn for fordelinga av midlane ligg det mellom anna ei skjønnsvurdering som skal ta omsyn til omstillingsutfordringane lokalt. I fordelinga av midlane byggjer departementet mellom anna på innspel frå fylkeskommunane om omstillingsbehov. Fylkeskommunane har ansvaret for å fordele midlane vidare til kommunar med omstillingsbehov, og å samarbeide med kommunar og Innovasjon Noreg om innretninga av omstillingsarbeidet. Innovasjon Noreg skal mellom anna vere nasjonalt kompetansesenter for lokalt omstillingsarbeid.

Sjølv om det er fylkeskommunane som har hovudansvaret for omstillingsarbeidet i eige fylke, kan det oppstå problemstillingar i samband med bedriftsnedleggingar som gjer at lokale styresmakter ikkje åleine kan handtere den ekstraordinære situasjonen. I slike situasjonar kan det vere nødvendig med ein ekstrainnsats frå statens side.

Kriteria som Regjeringa vil leggje til grunn for når det kan vere aktuelt at staten går inn med ekstraordinære midlar, går fram av St.meld. nr. 21. Utgangspunktet er at det skal vere minst 150 tilsette som mistar arbeidet, men at det i heilt spesielle tilfelle bør vurderast om krava kan vere noko lågare på små og isolerte stader.

3.3 Den nordiske modellen

Dei nordiske landa er kjenneteikna ved relativt høg økonomisk vekst, høg yrkesdeltaking, låg arbeidsløyse og relativt små lønns- og inntektsforskjellar. Som følgje av dette har vi i seinare tid sett at andre land – spesielt innanfor EU – har interessert seg for den nordiske modellen.

Den nordiske modellen er prega av at partane i arbeidslivet i samarbeid med styresmaktene inngår ein samfunnskontrakt om felles langsiktige interesser. Gjennom skattefinansiering tek det offentlege i stor grad på seg ansvaret for utdanning og sosiale forsikringsordningar. Vidare er modellen kjenneteikna av eit nært samarbeid mellom arbeidstakarar og arbeidsgivarar.

Når det offentlege tek ansvar, kan bedrifter leggjast ned med reduserte negative konsekvensar for dei tilsette, fordi offentlege velferdsordningar sikrar dei som mistar jobben, økonomisk tryggleik. Dermed tek staten på seg noko av risikoen knytt til tilsetjingar. Dette gjer det samtidig meir attraktivt og mindre risikoprega for bedriftene å sysselsetje fleire personar i oppgangstider, noko som igjen fører til lågare arbeidsløyse og betre utnytting av ressursane. Regjeringa sitt forslag til omstillingslov er eit bidrag til å styrkje og vidareutvikle den nordiske modellen.

3.4 Forholdet til EØS-avtalen

Det er ein føresetnad at forslag til nye tiltak skal liggje innanfor rammene for EØS-avtalen. Forslaget til ny omstillingslov er utforma i samsvar med dette.

EØS-avtalen omfattar EU-statane og Noreg, Island og Liechtenstein. På område som er omfatta av avtalen, gir han i praksis Noreg og nordmenn dei same rettane og pliktene som andre EØS-statar og deira borgarar har.

EØS-avtalen omfattar samarbeidet innanfor dei «fire fridommane», dvs. fritt varebyte og fri flytting av personar, tenester og kapital. Fridom i dette høvet inneber at det i utgangspunktet ikkje skal vere restriksjonar på utveksling av varer, tenester, personar og kapital mellom avtalestatane. Dette inneber mellom anna at det skal vere likt høve for alle EØS-borgarar til å kjøpe og selje varer og tenester innanfor heile EØS-området, til å ta arbeid og til å etablere og drive verksemd og gjere investeringar over landegrensene. I tillegg er det felles reglar for statsstøtte og konkurranse. Dette set skrankar for dei nasjonale reguleringane, men inneber ikkje at viktige samfunnsomsyn blir tilsidesette.

Tiltak som nasjonale styresmakter vil setje i verk mot nedlegging av bedrifter, må etablerast innanfor desse rammene. Slike tiltak må ikkje vere diskriminerande, og må heller ikkje ha verknader som hindrar etablering og fri flytting av kapital. EØS-retten er dynamisk og går i dag i retning av å statuere reine restriksjonsforbod. Sjølv om eit tiltak ikkje er diskriminerande, må det for å vere lovleg, ikkje utgjere nokon restriksjon av dei fire fridommane. Alternativt må det vere grunngitt i legitime allmenne omsyn, vere eigna til å oppnå formålet, og ikkje gå lenger i reguleringa enn nødvendig for å oppnå dette formålet.

Innføring av ei meldeplikt ved bedriftsnedleggingar er innanfor rammene av EØS-avtalen. Meldeplikta er grunngitt i allmenne legitime omsyn og er ikkje diskriminerande. Den gjeld nedleggingar i Noreg uavhengig av kva nasjonalitet eigaren har. Reguleringa går heller ikkje lenger enn det som er nødvendig for å oppnå formålet: å få i stand drøftingar mellom impliserte partar for å søkje andre løysingar enn nedlegging.

Ein kan ta regionale omsyn utan å vere i konflikt med EØS-retten. Regelverk som også har som grunngiving å verne utsette område for fråflytting, er dermed legitime. Med forslaget til omstillingslov oppnår vi to ting: Arbeidstakarane sine rettar blir sikra ved bedriftsnedlegging, og samtidig blir det teke regionale omsyn når ei bedrift legg ned verksemd med den følgja at fråflytting kan skje. Vern av arbeidstakarrettar er òg eit lovleg omsyn etter EØS-retten. Forslaget til omstillingslov sikrar desse omsyna.

Økonomiske omsyn blir normalt vurderte som ulovlege etter EØS-retten. Reguleringar med eit generelt økonomisk formål blir derfor gjennomgåande rekna som ein restriksjon som bryt med ein av dei fire fridommane. For eksempel vil omsynet til å sikre sysselsetjing i eit land framfor i eit anna EØS-land i utgangspunktet bli rekna som eit økonomisk eller proteksjonistisk omsyn som ikkje kan grunngi nasjonale restriksjonar.

4 Forholdet til anna lovverk

Det eksisterer ulike meldeplikter for bedrifter i andre regelverk. I arbeidet med dette lovforslaget er det vurdert om det er formålstenleg og mogleg å koordinere den nye meldeplikta ved nedlegging med desse andre meldepliktene, for å avgrense omfanget av nye administrative byrder for næringslivet.

4.1 Lov 5. mars 2004 nr. 12 om konkurranse mellom foretak og kontroll med foretakssammenslutninger (konkurranselova)

Konkurranselova § 18 fastset at partane i ein fusjon skal sende melding til Konkurransetilsynet. Meldingskravet gjeld etter nærmare oppgitte vilkår, og Konkurransetilsynet har ein frist på 25 vyrkedager frå fullstendig melding er motteken, til å varsle at eit eventuelt inngrep kan bli aktuelt.

Formålet i konkurranselova er å fremje konkurranse og hindre konkurranseavgrensingar. I dei tilfella då føresegnene i konkurranselova er med på å hindre at lønnsam verksemd blir lagd ned, er det samsvar mellom å auke eller halde oppe konkurransen og halde i gang lønnsam verksemd. Dette må vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle.

Som ledd i arbeidet med tiltak ved bedriftsnedlegging er konkurranselova gjennomgått ut frå eit nedleggingsperspektiv. Innanfor formåla med lova om å fremje konkurranse er handlingsrommet til lova vurdert, mellom anna korleis styresmaktene aktivt kan bruke lova innanfor eksisterande rammer.

Ei samanlikning mellom konkurranselova og den føreslåtte meldepliktsordninga ved nedlegging av bedrifter viser at dei situasjonane som utløyser meldeplikta og formåla bak ordningane, er klart forskjellige. Desse ulikskapane er så store at departementet meiner at det verken vil vere mogleg eller fornuftig å gjere endringar i meldepliktsordninga i konkurranselova for å tilpasse henne til ei ny meldeplikt. Det blir derfor ikkje føreslått endringar i konkurranseregelverket.

4.2 Lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljølova)

I følgje arbeidsmiljølova § 15-2 skal arbeidsgivar som vurderer å gå til masseoppseiingar (oppseiingar av minst ti arbeidstakarar innanfor eit tidsrom på 30 dagar, utan at oppseiingane er grunngitt i forholda til kvar enkelt arbeidstakar), tidlegast mogleg sende melding til Arbeids- og velferdsetaten, jf. arbeidsmarknadslova § 8. Arbeidsgivar blir òg pålagd å innleie drøftingar med arbeidstakarane sine tillitsvalde.

Oppseiing av dei tilsette får tidlegast verknad 30 dagar etter at Arbeids- og velferdsetaten har fått beskjed. Arbeids- og velferdsetaten bruker denne perioden til å arbeide med dei utfordringane den planlagde oppseiinga reiser.

Ved å koordinere den nye meldepliktsordninga med prosedyren etter arbeidsmiljølova § 15-2 om masseoppseiing kan dei administrative byrdene overfor næringslivet ved innføring av den nye ordninga reduserast.

Koordinering av dei to meldepliktsordningane kan skje anten ved at føretaket sender identiske meldingar til to forskjellige mottakarar, Arbeids- og velferdsetaten og fylkeskommunen, eller ved at Arbeids- og velferdsetaten blir pålagd å vidaresende meldingar som er omfatta av meldeplikta til fylkeskommunen. Departementet føreslår å koordinere tidspunktet for når bedrifta skal sende meldinga til høvesvis fylkeskommunen og Arbeids- og velferdsetaten, slik at det berre er behov for éi melding.

Ein formålstenleg og ressurssparande måte å koordinere meldeplikta på er å opne for elektronisk rapportering. Dette er òg i samsvar med regjeringa sitt forenklingsarbeid, der det mellom anna blir lagt til rette for elektronisk innrapportering frå næringslivet til det offentlege. Ein føresetnad for dette er at det blir lagt til rette for at elektronisk kommunikasjon kan takast i bruk i full skala.

4.3 Regulering i andre land

I EUs arbeid med å etablere den indre marknaden er det dei siste åra vedteke ei rekkje direktiv som har til formål å fremje dei fire fridommane i den indre marknaden. Med nokre variasjonar blir hovudtrekka derfor spegla i nasjonal lovgiving.

Alle EU-land har konkurranselovverk. Nasjonale reglar har som formål å sikre konkurranse i dei nasjonale marknadene, mens EU-konkurransereglar er gitt for å oppnå konkurranse i den indre marknaden på tvers av landegrensene.

Ingen andre land har ein generell myndigheitskontroll med eigarskifte tilsvarande den oppheva ervervslova. Nokre land, inkludert Noreg, har oppkjøpsreguleringar innanfor enkeltsektorar, som for eksempel energi- og finansverksemd.

I EU er det gitt ei rekkje direktiv om regulering av arbeidstakarrettar. Desse er implementerte i norsk rett. Regelverket regulerer forholdet mellom private partar (arbeidstakar og -givar). Det er mellom anna krav om informasjon og drøftingar med dei tilsette i samband med verksemdsoverdraging. For selskap med verksemd over landegrensene er det vidare krav om etablering av European Works Council der dei tilsette skal vere representerte. Det er også krav om at dei tilsette skal vere representerte i dei styrande organa i selskapet i dei nye EU-selskapsformene (europeiske selskap og europeiske samvirkeføretak).

Den norske ordninga med meldeplikt til Arbeids- og velferdsetaten (NAV) ved masseoppseiingar er basert på eit EU-direktiv. Tilsvarande meldeplikt finst derfor i ei rekkje andre land. Den nærmare utforminga kan likevel variere landa imellom, og det er mellom anna forskjellar i kva for rolle styresmaktene har i prosessane med oppseiingar av dei tilsette i ei bedrift. I nokre land skal styresmaktene godkjenne oppseiingar, men i Noreg er dette eit forhold mellom partane i arbeidslivet (arbeidstakar og -givar). I Noreg har styresmaktene si rolle vore konsentrert om å føre ein aktiv arbeidsmarknadspolitikk for å få arbeidslause over i nytt arbeid.

Når bedrifter blir nedlagde, er det forskjellar mellom landa i korleis plikter for arbeidsgivar, arbeidstakar og styresmaktene er regulerte. Dette inneber at kostnadene og kven som skal bere dei, kan variere mellom dei ulike landa. I samband med nedlegging av bedrifter har det vore reist spørsmål om kostnadene ved å leggje ned ei bedrift er lågare i Noreg enn i andre land. Men forskjellane i samfunnsorganiseringa med tanke på oppgåvene/pliktene til høvesvis bedriftene og samfunnet gjer det vanskeleg å samanlikne system landa imellom.

I EUs arbeid med å oppfylle måla i Lisboa-prosessen etter den reviderte Lisboa-strategien er eit av innsatsområda «cohesion, growth, jobs». Kommisjonen ønskjer å bruke «cohesion policy» som eit verkemiddel for å få til nyskaping og vekst i «utsette» område. Mellom anna finst det finansielle verkemiddel i form av strukturfond der midlane kan brukast til infrastrukturtiltak, investeringar, utdanning og anna.

5 Meldeplikt ved nedlegging av bedrifter

5.1 Behovet for ny meldepliktsordning

5.1.1 Forslaget i høyringsnotatet

Departementet føreslo i høyringsnotatet at det blir innført ei ny meldeplikt ved nedlegging av verksemder. Det vart føreslått at meldeplikta blir gjord lovbasert og obligatorisk for dei selskapa som er omfatta av kravet. Det vart føreslått at eigar pliktar å sende ei melding om planlagd nedlegging så tidleg som mogleg og seinast 30 dagar før nedlegginga blir gjennomført. Departementet føreslo at meldinga skal sendast til fylkeskommunen der den aktuelle bedrifta ligg.

Formålet med meldepliktsordninga er å redusere dei negative konsekvensane av ei nedlegging, med sikte på å leggje til rette for at bedrifta kan drive heile eller delar av verksemda vidare der det er forretningsmessig grunnlag for det. Samtidig er det viktig at det kjem tydeleg fram i eit nytt lovverk kva samfunnsansvar eigarane har ved nedlegging av bedrifta. Gjennom erfaringar frå nedlegging og omstilling av bedrifter uttala departementet i høyringsnotatet at det er behov for nye «kjørereglar» for å ansvarleggjere dei bedriftene som ikkje på eige initiativ tek ansvar for dei tilsette og lokalsamfunnet i ein vanskeleg fase. Tanken med den nye ordninga er derfor at ho skal styrkje dei tilsette sine rettar når bedrifter blir nedlagde, og samtidig bidra til å avgrense dei negative konsekvensane for lokalsamfunnet. Dessuten kan ordninga vere eit effektivt verktøy for offentlege styresmakter til å greie ut om det er mogleg eventuelt å gi bedrifta finansiell støtte innanfor rammene av EØS-avtala, f.eks. innanfor områda forsking, transport, infrastruktur og miljø.

I høyringsnotatet uttala departementet at kontakten mellom bedrift og styresmakter bør styrkjast i nedleggingssaker, og at denne kontakten bør knytast på eit tidleg stadium i prosessen. Målet er at dialogen omkring ei planlagd nedlegging mellom dei berørte skal synleggjere alternativ til nedlegging. Med ei meldeplikt til styresmaktene kan bedrifta også få synleggjort samfunnsansvaret sitt overfor omverda i ein nedleggingssituasjon.

5.1.2 Fråsegner frå høyringsinstansane

I høyringsrunden er det kome fram ulike synspunkt. Av 33 høyringsinstansar er ti klart skeptiske til forslaget, mens dei andre anten ikkje kommenterer forslaget eller stiller seg positive.

Arbeidstakarorganisasjonane YS og NITO og Landorganisasjonen i Norge (LO) støttar forslaget, og er positive til å lovfeste ei obligatorisk meldeplikt ved planar om nedlegging. Vidare støttar mellom anna Oppland, Vestfold og Nord-Trøndelag fylkeskommunar forslaget. Det same gjer KS Bedrift.

NITO uttalar at den føreslåtte meldeplikta kan gi ei utsetjing av prosessen der partane kan få tid til å vurdere moglege alternativ, men understrekar samtidig at ordninga ikkje må gripe for mykje inn i bedrifters interne prosessar og drift.

Enkelte fylkeskommunar er skeptiske til å innføre meldeplikt. Det blir uttala at dei næringspolitiske strategiane i regionen ikkje tilseier at det er ei prioritert oppgåve for offentlege styresmakter å involvere seg i bedriftsnedleggingar på denne måten. Troms fylkeskommune meiner at ordninga kan hindre at det blir sett i gang omstilling som er nødvendig i eit langsiktig perspektiv, mens Sogn og Fjordane fylkeskommune peikar på at eit omfattande og komplisert lovverk kan føre til redusert dynamikk og effektivitet.

Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNH) meiner at forslaget kan føre til forseinkingar og byråkrati i det som er heilt naturlege og nødvendige omstillingar i næringslivet vårt. FNH kan ikkje sjå at fylkeskommunen har verken kompetanse eller verkemiddel å bidra med i slike saker.

NHO meiner at ordninga kjem til å påføre både bedriftene og det offentlege unødvendige administrative kostnader, ho kan gi negative bidrag til nødvendig omstilling som får uheldige konsekvensar for omstillingsevna i det norske samfunn, og ho bidreg til unødig og uheldig avgrensing av tilgangen på arbeidskraft for økonomisk berekraftige bedrifter i Noreg.

5.1.3 Departementet sine vurderingar

Arbeidstakarorganisasjonane er positive til innføring av meldeplikt. Også eit fleirtal av fylkeskommunane som har uttala seg, støttar forslaget. Men bedriftene sine interesseorganisasjonar er imot forslaget. Med den støtta forslaget har fått i høyringsrunden, er det departementet si vurdering at det likevel er riktig å innføre ei meldeplikt ved nedlegging av bedrifter.

Det er viktig for Regjeringa å få etablert ei obligatorisk ordning som sikrar at det blir sett i gang ein prosess med sikte på å finne andre løysingar enn nedlegging. Gjennom meldepliktsordninga blir det etablert ein open prosess der alle som blir påverka av ei nedlegging, veit sikkert at «alle steinar» er snudde for anten å finne alternative løysingar for vidare drift eller for å vurdere om det er mogleg å etablere anna verksemd. Drøftingane mellom styresmakter, bedrifta og andre aktørar vil vise om det er mogleg å finne alternative løysingar til det å leggje ned bedrifta.

Det er viktig at det offentlege si rolle som politikkutøvar blir halden klart frå bedrifta og eigarane si rolle. Bedrifta har sjølv ansvaret for drifta og må sjølvsagt ta dei nødvendige avgjerdene, mellom anna om avvikling er nødvendig. Men styresmaktene har eit overordna ansvar gjennom næringspolitikken, og har også eit verkemiddelapparat som kan bidra i arbeidet med å finne løysingar. Meldepliktsordninga skal ikkje gjere inngrep i styringsretten eller den faste drifta til eigaren/føretaket. Men eit samspel i form av styrkt dialog mellom det offentlege og private kan etter departementet si vurdering bidra positivt til å sikre både interessene til kvar enkelt tilsett, men også viktige og breiare samfunnsinteresser, til dømes lokale og regionale omsyn som å hindre fråflytting, og ta vare på arbeidsplassar.

Departementet føreslår derfor at det blir innført ei obligatorisk meldepliktsordning ved planlagde nedleggingar av bedrifter.

Departementet understrekar at det ikkje er avgjerande at eksisterande verksemd nødvendigvis skal vidareførast. Ordninga med meldeplikt er det formelle grunnlaget for dei involverte og andre sentrale aktørar med sikte på å vurdere om det finst alternative løysingar som kan gi grunnlag for levedyktig og framtidsretta verksemd. I denne samanhengen er det naturleg at bedrifta gir informasjon om kva for føresetnader som i så fall må vere på plass for å få det til, mellom anna eventuelt behov for bistand frå styresmakter eller andre.

Enkelte høyringsinstansar har kommentert at ordninga kan føre til meir tidsbruk. Departementet er innforstått med at formalisering av prosessen kan føre til auka ressursbruk hos bedrifter og styresmakter. Formålet med meldepliktsordninga om å skape dialog med aktørane for om mogleg å sikre arbeidsplassar, er likevel såpass viktig at departementet meiner noko auka tidsbruk kan forsvarast. Departementet si erfaring er at mange norske bedrifter både ønskjer og ser verdien av å arbeide fram gode løysingar ved bedriftsnedlegging. Gjennom omstillingslova ønskjer Regjeringa å sørgje for at slike gode prosessar skjer ved nedlegging av bedrifter med 30 tilsette eller fleire, og ikkje berre der dei blir gjennomførte i dag.

I høyringsnotatet tok ikkje departementet stilling til om dei nødvendige lovføresegnene skal fastsetjast i eksisterande lovverk eller i ei eiga lov. Departementet uttala at forskjellane mellom dei eksisterande meldepliktsordningane og innføringa av ei ny meldeplikt tilseier at det er formålstenleg å ha lovføresegnene i ei eiga lov.

Dei høyringsinstansane som har uttala seg om spørsmålet, kjem ikkje med konkrete tilrådingar om meldeplikta skal regulerast i ei eiga lov eller gjennom eksisterande regelverk.

Den føreslåtte lova har eit formål som ikkje naturleg passar inn i anna eksisterande lovgiving. Slik departementet ser det, vil det heller ikkje vere ei lovteknisk god løysing å plassere regelverket i ei eksisterande lov. Departementet har dermed konkludert med at det mest formålstenlege er at meldepliktsordninga blir fastsett i ei eiga lov.

5.2 Mottakar av meldinga

5.2.1 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet uttala departementet at fylkeskommunen peika seg ut då ein vurderte kven som skal vere mottakar av meldingar om nedlegging av bedrifter. Fylkeskommunen har alt i dag ansvar mellom anna for omstillingsarbeidet i regionen som regionalt ansvarleg for nærings- og distriktspolitikken. Gjennomføringsansvaret kan likevel liggje hos andre aktørar, for eksempel Innovasjon Noreg. I alle fylkeskommunar er det etablert regionale partnarskap som består av kommunar, næringslivsaktørar, Arbeids- og velferdsetaten, vegsjefen, høgskolar, Innovasjon Noreg og fylkesmannen. Her møter offentlege tilretteleggjarar næringslivet for å samordne innsatsen for regional utvikling.

Fylkeskommunen har eit generelt ansvar for arbeid med omstilling når verksemder blir nedlagde. Ved å la fylkeskommunane vere mottakarar av melding om nedlegging av verksemd får dei òg høve til å førebu seg på eit eventuelt omstillingsarbeid på eit tidlegare tidspunkt enn i dag.

Fylkeskommunen kjenner utfordringane i regionen og har ei brei kontaktflate mot andre styresmakter, verkemiddelapparat, næringsliv, fagforeiningar osv. Departementet føreslo ut frå dette at fylkeskommunane skulle vere mottakarar av meldingane, og i samarbeid med dei andre aktørane ha det overordna ansvaret for å koordinere arbeidet med å vurdere alternative løysingar til ei nedlegging. Departementet la vidare til grunn at koordineringsansvar på regionalt nivå kan fungere vesentleg betre enn ei meldeplikt som er lagd til eit sentralt forvaltningsnivå.

Departementet vurderte om ein kunne slå den nye meldeplikta saman med den eksisterande meldepliktsordninga om masseoppseiingar etter arbeidsmiljølova. I så fall måtte Arbeids- og velferdsetaten (NAV) behandle både melding om nedlegging av bedrifter og melding om masseoppseiingar. Mykje talar etter departementet si meining mot å leggje ansvaret for ei slik oppfølgingsop­pgåve til NAV, og dette vart derfor ikkje tilrådd i høyringsnotatet. Arbeids- og velferdsetaten har ei definert rolle med arbeidsoppgåver knytte til arbeidsformidling. Etatens oppfølging av ei melding om masseoppseiing er retta mot å skaffe oppsagde nytt arbeid. Etaten skal vere ein nøytral part i si rolle med å utføre arbeidsformidling, og det er dermed heller ikkje ønskjeleg å gi Arbeids- og velferdsetaten eit oppfølgingsansvar som vil følgje av melding etter omstillingslova. Utan å kome i konflikt med dette peika departementet på at det er behov for at NAV er med som ein blant fleire deltakarar frå styresmaktssida under drøftingane. Dette inneber ingen endringar i NAVs rolle som arbeidsformidlar, men vil gi ei større fagleg breidd i prosessen.

5.2.2 Fråsegner frå høyringsinstansane

Dei fleste av høyringsinstansane har ikkje innvendingar mot departementet sitt forslag om å la fylkeskommunen vere mottakar av meldinga. Nokre få høyringsinstansar meiner likevel at meldinga må sendast til bedrifta sin heimkommune, og enkelte meiner at meldinga må sendast både til kommunen og fylkeskommunen.

Enkelte av høyringsinstansane kommenterer at spørsmålet om ressursbehovet i fylkeskommunen bør avklarast.

5.2.3 Departementet sine vurderingar

Dei fleste av høyringsinstansane støttar forslaget frå departementet om at meldinga skal sendast til fylkeskommunen. Departementet har òg merka seg at det er brei semje om departementet si grunngiving for dette valet. Departementet meiner ikkje det er formålstenleg at ei lokal styresmakt med ansvar for mindre geografiske område enn fylkeskommunen skal behandle slike meldingar. Men det hindrar ikkje at vertskommunen til den aktuelle bedrifta kan involverast når meldinga skal behandlast.

Det er viktig å sjå innføringa av ei ny meldeplikt i eit breitt perspektiv og i samanheng med omstillingsarbeidet i regionene. Arbeidet som er knytt til det å følgje opp den nye meldeplikta, og dei eksisterande oppgåvene til fylkeskommunane vil utfylle kvarandre. Departementet meiner dermed at alt etablerte arenaer på fylkeskommunalt nivå kan utviklast vidare for å behandle saker om nedlegging av bedrifter.

Ved å velje fylkeskommunane som meldingsmottakar blir det heller ikkje behov for å etablere eit nytt apparat for å handtere meldingane og oppfølginga av dei. Det blir òg opp til kvar enkelt fylkeskommune å bestemme korleis desse nye oppgåvene skal organiserast.

Regionale styresmakter er etter departementet si oppfatning nærmare aktuelle problemstillingar og aktørar. Når det er nødvendig, kan fylkeskommunen sjølvsagt kontakte sentrale styresmakter i konkrete saker, men departementet ser ikkje behov for at sentrale styresmakter skal ha noka formell rolle.

Departementet føreslår derfor at meldinga om bedriftsnedlegging skal sendast til fylkeskommunen.

5.3 Talet på tilsette

5.3.1 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det gjort greie for behovet for å avgrense meldeplikta i forhold til kor stor bedrifta var. Ei slik vurdering må ta utgangspunkt i kva behov dei tilsette har, involverte lokalsamfunn og til at ei meldepliktsordning ikkje skal vere unødvendig omfattande. Samtidig skal den kunne reknast som proporsjonal etter EØS-retten, det vil seie at ein ikkje går lenger enn det som er nødvendig for å oppnå formålet.

For at meldeplikta ikkje skal bli unødig omfattande verken for styresmaktene som skal handtere saka, eller næringslivet som skal sende inn meldingane, vart det understreka i høyringsnotatet at det er viktig at ordninga blir avgrensa til dei samfunnsmessig sett viktigaste bedriftene. Bedriftsstrukturen i Noreg er samansett av i hovudsak små bedrifter. Dette må vere med i vurderinga av kor mange tilsette bedrifta skal ha for å falle inn under den nye meldeplikta.

I høyringsnotatet la departementet fram to alternative grenser, 30 og 50 tilsette, og bad høyringsinstansane vurdere dette.

Dersom grensa blir sett ved 50 tilsette, vil talet på meldepliktige bedrifter vere omtrent det halve i forhold til ei grense på 30 tilsette. Tal frå offentlege register indikerer anslagsvis 150 meldingar mot ca. 300 meldingar pr. år. Men ved ei grense på 50 tilsette kan bedrifter som samfunnsmessig sett kan vere viktige, bli ekskluderte. Særleg i mindre lokalsamfunn kan bedrifter med under 50 tilsette vere viktige, slik at det er eit reelt behov for å inkludere dei i meldepliktsordninga. Både ved ei grense på 50 og på 30 tilsette må ein ta med i reknestykket den arbeidsmengda dei to alternativa medfører for fylkeskommune og for næringslivet.

Departementet vurderte før høyringa om mindre verksemder heilt ned til ti arbeidstakarar skulle omfattast. Men dei samfunnsmessige konsekvensane ved å leggje ned bedrifter med ti tilsette er langt mindre, samtidig som ei slik avgrensing vil føre til ei mykje større arbeidsbyrde for fylkeskommunen, truleg opp mot 1 500 årlege meldingar. Omstillingstakten i små verksemder er også gjennomgåande høgare enn i større verksemder og krev normalt lite oppfølging frå offentlege styresmakter. Ei grense ved ti tilsette vart derfor ikkje tilrådd.

5.3.2 Fråsegner frå høyringsinstansane

Eit stort fleirtal av høyringsinstansane tilrår at grensa blir sett ved 30 tilsette eller fleire. Desse høyringsinstansane er samde med departementet i at ei nedlegging av ei verksemd på denne storleiken kan få store konsekvensar for eit lokalsamfunn. Dei framhevar òg at det er viktig å avgrense meldeplikta til dei verksemdene som betyr mest i ein samfunnsøkonomisk samanheng.

NHO med fleire meiner grensa ikkje må setjast lågare enn 50 tilsette. NHO framhevar at verksemder som sysselset minst 50 arbeidstakarar, er omfatta av drøftingspliktreglane i arbeidsmiljølova kap. 8, at fylkeskommunane bør bruke ressursane på saker av ein viss storleik, og at dei administrative byrdene for næringslivet blir lågare.

LO meiner at innslaget for meldeplikta bør vere ti tilsette, og framhevar at det då vil bli samsvar mellom dette regelsettet og føresegna i arbeidsmiljølova § 15-2 om masseoppseiingar (som gjeld ved oppseiing av minst ti tilsette innanfor eit tidsrom på 30 dagar). Ei bedrift med ti tilsette kan ha mykje å seie både når det gjeld sysselsetjing og økonomi i eit mindre samfunn. Vidare er utbreiinga av divisjonering og oppdeling i resultateiningar eit argument for at innslaget bør vere ti tilsette.

Ein av høyringsinstansane meiner at ei avdeling på 30 tilsette eller meir i ei verksemd bør omfattast av meldeplikta.

Fleire høyringsinstansar, blant dei fylkeskommunar, meiner det må differensierast mellom bedrifter innanfor og utanfor det distriktspolitiske verkemiddelområdet, og føreslår at det blir vurdert å ta inn formuleringar om storleik på bedrifta og tal på tilsette i forhold til folketalet i det lokalsamfunnet der bedrifta er lokalisert.

5.3.3 Departementet sine vurderingar

Dei fleste høyringsinstansane meiner at 30 tilsette eller meir vil vere det riktige innslagspunktet. Statistisk materiale viser at det i så fall kan kome i overkant av 300 meldingar til fylkeskommunane årleg. Ein må rekne med at det kan vere belastande for fleire fylkeskommunar. Ved eit innslagspunkt på 50 tilsette eller meir er talet på meldingar pårekna til ca. 150 meldingar.

Ut frå bedriftsstrukturen i Noreg er det få bedrifter med fleire enn 50 tilsette, og dei er normalt lokaliserte i sentrale strøk. For at meldeplikta skal få reell innverknad utanfor tettbefolka område, er det etter departementet si oppfatning nødvendig å setje grensa lågare. Dess mindre tettbefolka, dess større vekt må ein leggje på omsynet til tilsette og lokalsamfunn, til dømes det å halde oppe busetjingsmønster og hindre fråflytting. I desse distrikta må ei bedrift på 30 tilsette i mange tilfelle reknast som ei hjørnesteinsbedrift. Dessutan er det i distrikta konsekvensane gjerne er størst ved bedriftsnedleggingar, og behovet for ei meldeplikt følgjeleg er størst. Samtidig er det behov for meldeplikt i dei meir sentrale områda. Ved eit innslagspunkt på 30 tilsette vil belastninga for bedrifter i sentrale strøk vere marginal, mens gevinsten i distrikta vil vere positiv.

Departementet meiner etter ei totalvurdering at innslagspunktet bør setjast til 30 tilsette. Grensa på 30 tilsette sikrar etter vår meining både lokalsamfunnet og kvar enkelt tilsette best, samtidig som ein opprettheld bedriftene sin sjanse til å omstille seg. Innslagspunkt på 30 tilsette er òg i tråd med fråsegner frå dei fleste høyringsinstansane.

Departementet meiner på den andre sida at det ikkje kan følgje opp forslaget frå LO, som meiner at innslagspunktet bør vere ti tilsette. Omstillingstakten i små verksemder er gjennomgåande høgare enn i større verksemder, og normalt krev slike omstillingar lite oppfølging frå offentlege styresmakter. Vidare viser offentlege register at fem gonger så mange bedrifter vil bli omfatta dersom meldepliktsgrensa blir sett ved ti i staden for 30 arbeidstakarar. Dette vil etter departementet si oppfatning føre til auka administrativ og økonomisk ressursbruk både for bedriftene og det offentlege i ein grad som ikkje kan forsvarast i forhold til behovet og formålet med meldepliktsordninga. Departementet si vurdering er derfor at samfunnskostnadene ved eit innslagspunkt på ti tilsette vil bli større enn nytteverdien av meldeplikta. Det blir òg lagt vekt på at nedlegging og nedbemanning som involverer ti tilsette, er regulert gjennom arbeidsmiljølova.

Enkelte av høyringsinstansane har òg teke til orde for ei differensiering av innslagspunktet, avhengig av om bedrifta er lokalisert innanfor eller utanfor det distriktspolitiske verkemiddelområdet. Departementet har vurdert om det kan vere formålstenleg å ha eit innslagspunkt på 30 tilsette innanfor og 50 tilsette utanfor. Generelt er det etter departementet si oppfatning uheldig med ulike (plikt-)reglar avhengig av lokalisering. Ei delt løysing fører til forskjellar mellom næringsdrivande og skaper usikkerheit, og gjer det vanskelegare å vurdere situasjonen på førehand. Det er departementet si oppfatning at ein best sikrar formålet med lova om å ta omsyn til lokalsamfunnet og kvar enkelt tilsett, samtidig som ein gjer det mogleg for bedriftene å omstille seg, ved ikkje å ha ei delt løysing. Variasjonar innanfor kvar enkelt region tilseier også dette. Ei differensiering kan òg reknast som eit hinder, noko som kan vere ei ulempe for kommunane som ønskjer å tiltrekkje seg næringsverksemd. Eit ensarta og konsistent system for heile landet inneber at alle blir behandla likt, og vil etter departementet si meining vere ei løysing som totalt sett best sikrar formålet med lova.

5.4 Avgrensing av meldeplikta

5.4.1 Avgrensing mot nedbemanning

Ei nedlegging kjem som oftast av at eigarane har vurdert at vidare drift ikkje er ønskjeleg eller mogleg. Sjølv om ei nedbemanning omfattar fleirtalet av dei tilsette, er det avgjerande forskjellar mellom ei nedbemanning og ei nedlegging av bedrifta. I ein nedbemanningssituasjon har eigaren ikkje «gitt opp» verksemda. I desse tilfella er det derfor ikkje på same måte formålstenleg å vurdere alternativ drift i tråd med verkemidla det blir lagt opp til i meldepliktsordninga. Etter departementet si vurdering bør nedbemanning generelt ikkje takast med, fordi det vanskeleg kan sameinast med formålet bak lovforslaget. Målsetjinga med arbeidet er at det skal leggjast til rette for omstilling, og at ein skal finne alternative løysingar for bedrifta, noko som ofte er vanskeleg å sameine med at (delar av) verksemda skal drivast vidare etter ei nedbemanning. Dei verkemidla som det blir lagt opp til ved nedlegging, er dermed ikkje aktuelle ved nedbemanning. Mellom anna vil det å leggje til rette for vidare drift med andre eigarar innebere å skape ein konkurrent til seg sjølv.

Nedbemanning blir dekt av arbeidsmiljølova gjennom eit alt etablert regelverk for å sikre at ein tek omsyn til dei tilsette som blir oppsagde, mellom anna gjennom reglane om masseoppseiing. I det eksisterande regelverket er det ein etablert balanse mellom å sikre at bedriftene får den nødvendige handlefridommen til å omstille verksemda, samtidig som interessene til dei tilsette blir sikra gjennom reglane om masseoppseiing.

Ei nedbemanning med over 90 prosent av arbeidstakarane bør likevel reknast som nedlegging. Ei nedbemanning av dette omfanget vil i realiteten ha like store konsekvensar for lokalmiljø og arbeidstakarar som ei nedlegging. Her kan ein òg reise spørsmålet om det er mogleg å omgå regelverket, for eksempel viss bedrifta driv vidare med 10 prosent av dei tilsette i ein periode, for så å falle utanfor meldeplikta når den resterande delen av verksemda blir lagd ned. Lovforslaget § 2 første ledd presiserer denne grensa. Også ei gradvis nedbemanning over ein periode på tolv måneder som resulterer i at arbeidsstokken blir redusert med over 90 prosent, må reknast som ei reell nedlegging som utløyser meldeplikt.

5.4.2 Avgrensing mot flytting

Spørsmålet om avgrensing mot flytting vart òg teke opp i høyringsrunden.

Arbeidsgiverforeningen NAVO og Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) har uttala seg om dette spørsmålet. NAVO skriv at det i ei rekkje tilfelle er klart at det ikkje er nokon vits i den føreslåtte prosedyren, og nemner som eksempel etablering etter tilbodsrundar. Dersom verksemda mistar kontrakten på eit seinare tidspunkt, vil ein prosedyre for å sikre vidare drift ikkje ha noko for seg.

NHO uttalar at det ikkje er bruk for ei meldeplikt der bedriftene byter adresse innanfor same by eller tettsted, eller der flytteavstanden er kort. NHO meiner at meldeplikta bør avgrensast både mot flytting innanfor same kommune og flytting innanfor same fylke. Tilfelle der ei bedrift blir nedlagd, men der alle tilsette får tilbod om ny stilling i føretaket eller anna føretak i same konsern, bør etter NHOs meining haldast utanfor. Tilsvarande bør gjelde dersom berre eit fåtal av dei tilsette ikkje blir tilbydde ny stilling i føretaket.

Departementet er einig med høyringsinstansane i at flytting innanfor same by, tettstad, kommune og fylke ikkje bør utløyse meldeplikt.

Det er stor forskjell mellom fylka. Flytting innanfor fylke med store geografiske område med spredt busetnad, kan for eksempel få større konsekvensar for lokalmiljø og kvar enkelt tilsett enn flytting innanfor mindre fylke. Meldeplikt kan vere uheldig i forhold til drøftingane for å finne moglege alternative løysingar når både staden der verksemda vert flytta frå og staden ho vert flytta til, ligg innanfor same fylke. Då vil det vere vanskeleg for fylkeskommunen å prioritere det eine området framfor det andre. Departementet ønskjer ikkje å setje fylkeskommunen i en slik vanskeleg situasjon. Talmaterialet, jf. kapittel 7.1.2, viser også at talet på bedrifter som har fleire enn 30 tilsette, og som ligg utanfor dei sentrale befolkningstette områda, er få.

På denne bakgrunnen meiner departementet etter ei samla vurdering at det ikkje er sterke reelle grunnar som tilseier at det blir sendt melding ved flytting innanfor same fylke.

Når det gjeld tilfelle der bedrifta blir nedlagd, og der dei tilsette blir tilbydde ny stilling i føretaket eller anna føretak i same konsern, er det departementet si vurdering at meldeplikta skal gjelde i desse tilfella når det «nye» føretaket er lokalisert utanfor fylkeskommunen. Dette samsvarer med at ein ikkje føreslår meldeplikt for bedrifter som flytter verksemda si innanfor same fylke. Etter departementet si vurdering gjer omsynet til dei tilsette og verknadene for lokalsamfunnet, som fråflytting og høve til å halde oppe busetjingsmønsteret, seg gjeldande i like stor grad i desse tilfella som ved ei planlagd nedlegging der dei tilsette ikkje får tilbod om ny stilling.

Meldeplikta skal berre gjelde for føretak som er registreringspliktige i Føretaksregisteret. Store offentlege verksemder fell dermed utanfor. Dette gjeld mellom anna verksemder som offentlege tilsyn, direktorat og andre sentrale og regionale myndigheitsorgan. Ved eventuell flytting av denne typen verksemder er styresmaktene uansett involverte gjennom ein langvarig prosess i forkant, og meldeplikt blir dermed rekna som unødvendig.

5.4.3 Omgrepet bedrift

Talet på tilsette er knytt opp til tilsetjing i bedrifta, ikkje i føretaket. Departementet har valt å bruke same definisjon av bedrift som Statistisk sentralbyrå (SSB). SSBs definisjon av bedrift er «ei lokal avgrensa eining som hovudsakleg driv verksemd i ei bestemt næringsgruppe». Eit føretak kan såleis bestå av fleire bedrifter med ulik geografisk lokalisering eller innanfor ulike næringar. Meldeplikta kan derfor gjelde sjølv om det ikkje blir planlagt å leggje ned heile føretaket og den juridiske personen si verksemd. Det er tilstrekkeleg at planane berre omfattar ei «bedrift».

5.4.4 Avgrensing mot konkurs o.a.

I høyringsnotatet føreslo departementet å avgrense meldeplikta mot nedlegging som er grunngitt i konkurs, tvangsakkord og liknande. I konkurssituasjonar finst det alt etablerte ordningar og prosedyrar, der mellom anna ein interessent til verksemda kan ta kontakt med bustyrar.

Departementet uttala òg at det ikkje synest å vere behov for at bedrifter med klart dårleg lønnsemd bør omfattast av meldeplikta. Men det er viktig å finne eigna kriterium for å avgrense meldeplikta på dette punktet, og departementet bad høyringsinstansane kome med forslag til korleis dette kunne løysast.

Når det gjeld konkurs- og akkordtilfella, er høyringsinstansane samstemde og einige med departementet i at dei ikkje bør omfattast av meldeplikta. Departementet føreslår derfor at meldeplikta blir avgrensa mot slike tilfelle.

Når det gjeld lønnsemdskriteriet, peika høyringsinstansane på at det ikkje er eit eigna kriterium for meldeplikt, men det kom ingen forslag om konkrete kriterium for å vurdere lønnsemd. Departementet føreslår dermed ikkje å leggje inn eit lønnsemdskriterium.

5.5 Saksbehandling

5.5.1 Innsending av meldinga

5.5.1.1 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det føreslått at bedriftseigar har plikt på seg til å sende melding om planlagd nedlegging så tidleg som mogleg, og seinast 30 dagar før nedlegginga blir gjennomført.

Når tidspunkt for innsending av meldinga blir fastsett, må også anna relevant regelverk vurderast. For føretak som har aksjar noterte på Oslo Børs’ hovudliste og SMB-liste, gjeld mellom anna særskilde reglar om at alle aksjeeigarar skal likebehandlast, og at (innside)informasjon ikkje skal givast til uvedkomande før slike opplysningar er offentleggjorde etter nærmare oppgitt framgangsmåte (mellom anna børsmelding). Vidare må føresegnene i lov 19. juni 1997 nr. 79 om verdipapirhandel om mellom anna innsideinformasjon vurderast. Det kan vere ei motsetning mellom desse reglane og kravet om at meldinga skal sendast så tidleg som mogleg. Sjølv om det blir innført ei ny ordning om melding til fylkeskommunen ved nedlegging, er det ikkje meininga å endre dei krava som ligg på føretak etter denne typen føresegner.

Kravet om at melding ved planlagd nedlegging skal sendast så tidleg som mogleg, inneber at meldinga uansett aldri skal sendast seinare enn når melding om masseoppseiing blir send til Arbeids- og velferdsetaten.

5.5.1.2 Fråsegner frå høyringsinstansane

Generelt er høyringsinstansane samde om at fristen for når meldinga skal sendast inn, må vere konkret, slik at ordninga er føreseieleg, særleg med tanke på at brot på fristen skal kunne sanksjonerast. Enkelte høyringsinstansar peikar på at 30 dagar kan vere for kort tid til at ein kan nå målet med meldeplikta.

LO skriv mellom anna at dersom styret i ei verksemd alt har fatta eit vedtak om nedlegging, er det erfaringsmessig svært vanskeleg å snu dette vedtaket. Etablering av ein møteplass der bedrift, tilsette og styresmakter, mellom anna verkemiddelapparatet, møtest, må kome i stand på eit tidspunkt i prosessen der ein kan ha reelle diskusjonar og vurderingar av alternativ til nedlegging. NHO meiner at meldeplikta må samordnast med plikta til å gi melding om masseoppseiingar etter arbeidsmiljølova § 15-2.

Når det gjeld departementet sitt forslag om at det ikkje er meininga at ei ny meldepliktordning skal endre dei krava som gjeld føretak med aksjar noterte på Oslo Børs" hovudliste eller SMB-lista, meiner Kredittilsynet at ein bør ta eit tilsvarande atterhald i forhold til dei reglane som gjeld for føretak med finansielle instrument noterte på regulert marknad. Kredittilsynet legg til grunn at utforminga av eit konkret regelverk skal samkjørast med endringar i verdipapirhandellova og børslova som er til behandling i Finansdepartementet. Finans­departementet ber om at det blir gjort klart at den nye meldepliktsordninga ikkje skal endre dei krava som ligg på føretak som er regulerte av føresegner om rapporteringsforpliktingar som utskrivarar av børsnoterte finansielle instrument kan vere underlagde etter børs- og verdipapirlovgivinga.

5.5.1.3 Departementet sine vurderingar

Formålet med meldeplikta er å synleggjere alternativ til nedlegging, og dermed unngå uønskte konsekvensar av nedleggingar så langt det er mogleg. For å sikre at flest mogleg alternativ til nedlegging er med i prosessen, er det avgjerande at meldinga til fylkeskommunen blir send tidleg. Utgangspunktet må vere at melding skal givast når det er på det reine at eigaren vurderer å leggje ned føretaket, og når det etter eigars vurdering er sannsynleg at nedlegging vil bli ein realitet, men før det er teke ei endeleg avgjerd om nedlegging.

Meldingstidspunktet må ein òg sjå i samanheng med pågåande interne prosessar i bedrifta i samband med omstillinga. Før det blir teke formell avgjerd om å leggje ned bedrifta, har det gjerne vore både formelle og uformelle prosessar ein periode. Både lov- og avtalebaserte ordningar set standardar for prosedyrar for informasjon og drøftingar med dei tilsette, og om bakgrunn og grunngiving for den oppståtte situasjonen. Departementet ønskjer ikkje at meldeplikta skal gripe forstyrrande inn i, eller erstatte prosessar mellom leiinga og dei tilsette.

Meldeplikta skal først og fremst brukast i dei tilfella der dei interne prosessane ikkje har ført fram, og det ikkje har lykkast å finne alternative løysingar, eller andre omstillingsmoglegheiter som kan gi forretningsmessig grunnlag for vidare drift.

Det er vanskeleg å setje ein konkret og absolutt frist for når meldinga skal sendast inn. Ein absolutt frist gjer at bedriftene veit kva som gjeld, men på ei anna side kan det svekkje fleksibiliteten og dermed til ein viss grad også sjansen for å finne gode løysingar. Høyringsinstansane var heller ikkje samstemde i dette, bortsett frå at dei var samde om at bedriftene må vere pliktige til å sende melding seinast frå det tidspunktet melding om masseoppseiing etter arbeidsmiljølova § 15-2 skal sendast.

I dei tilfella der verksemda eller bedrifta er pliktig til å sende melding i samsvar med reglar som følgjer av særlov, som for eksempel børs- og verdipapirhandellova, meiner departementet på same måte som høyringsinstansane at meldeplikt ikkje bør gjelde før plikta til å sende melding etter den aktuelle særlova har inntredd. Det kan eventuelt føre til at melding etter omstillingslova vil innebere brot på plikta etter vedkomande særlov, og derfor gjeld prinsippet om at spesiallov går framfor ei generell lov.

Departementet føreslår at meldinga må sendast seinast på det tidspunktet det skal sendast melding om masseoppseiing etter arbeidsmiljølova § 15-2. Desse meldingane tek sikte på same situasjon, og det vil dermed vere ein naturleg sistefrist for å sende inn meldinga. Arbeidsmiljølova § 15-2 er nærmare omtala i kap. 6.1.1.

Grunngivinga for dette er at det er vanskeleg å fastsetje eit standard tidspunkt for innsending i ein så fleksibel prosess som nedlegging er, og der dei interne prosessane vil variere sterkt både i innhald og lengd i dei ulike tilfella. Departementet har derfor valt det motsette utgangspunktet, slik at fristen for berekning tek utgangspunkt i avgjerd om nedlegging. Med tanke på fylkeskommunens behandlingsfrist er det rimeleg at også denne begynner å gjelde 30 dagar før slik avgjerd blir teken.

5.5.2 Innhaldet i meldinga

5.5.2.1 Forslaget i høyringsnotatet

Departementet uttala i høyringsnotatet at innhaldet i meldinga må gi tilstrekkeleg informasjon til at ein kan vurdere om det er grunn til å gå vidare med saka. Meldinga må som eit minimum innehalde informasjon som identifiserer objektet for nedlegging, kor mange arbeidsplassar det omfattar, og forventa konsekvensar av nedlegginga for bedrifta og arbeidstakarane. I tillegg bør bedrifta opplyse om bakgrunnen for planane om nedlegging og kva for vurderingar leiinga har gjort, sidan ho ønskjer avvikling framfor vidare drift. Viss vidare drift kan vere aktuelt, bør bedrifta opplyse om kva for føresetnader som må vere på plass for å få det til, mellom anna eventuelt behov for bistand frå styresmaktene eller andre. Det bør òg opplysast om gjennomførte forhandlingsprosessar mellom leiinga og dei tilsette i bedrifta. Eventuelle opplysningar utover dette skal bedrifta gi dersom fylkeskommunen ber om det, og opplysningane må avgrensast til relevant og nødvendig tilleggsinformasjon.

Fylkeskommunen er eit offentleg organ og er dermed omfatta av reglane i forvaltningslova. Det betyr mellom anna at opplysningar som blir gitt av føretaket, i den grad dei er bedriftssensitive, er underlagde teiepliktsføresegnene i forvaltningslova. Det inneber at bedrifta i trumål kan gi opplysningar om ei mogleg nedlegging av verksemda. Sjølv om fylkeskommunane har høve til å sende motteken melding vidare til andre aktørar som skal delta i prosessen, må han ta omsyn til desse føresegnene.

Av omsyn til den næringsdrivande bør ein likevel vere varsam med å innføre for omfattande innhaldskrav til meldinga. Styresmaktene si nytte av den informasjonen som blir gitt, bør vegast opp mot den belastninga det er for verksemdene å gi frå seg informasjonen.

5.5.2.2 Fråsegner frå høyringsinstansane

Berre eit fåtal av høyringsinstansane har uttala seg om dette spørsmålet. Dei som gjer det, støttar departementet i at ein bør vere varsam med å innføre for omfattande krav til innhaldet i meldinga, og trekkjer fram at regelverket må stille klare krav til både kva for informasjon, og i kva omfang, som skal givast i meldinga.

NHO peikar spesielt på at det må givast klare føringar i lova eller forarbeida om kva detaljgrad som skal krevjast. I tillegg skriv NHO at lovteksten klart bør seie kva som skal til for at bedrifta blir pålagd informasjonsplikt utover minimumskrava, og kva for konkret informasjon som då skal givast.

NHO tek òg opp spørsmålet om kva for konsekvensar det får for saksbehandlingstida på 30 dagar om ein må gi tilleggsinformasjon.

Arbeidsgiverforeningen NAVO uttalar i tilknyting til teiepliktproblematikken at sjølv om fylkeskommunen som offentleg organ er underlagd teieplikt, krev det at også ei rekkje aktørar som ikkje er underlagde teieplikt, skal delta i møta, for eksempel tillitsvalde og moglege investorar. Dei moglege investorane kan òg vere konkurrentar til den nedleggingstrua bedrifta. Sjølv om dei ikkje offentleggjer informasjon frå møtet, kan dei utnytte han til eigen fordel, og til skade for den bedrifta som er nedleggingstrua. Særleg gjeld dette når nedlegging eller flytting er eit ledd i strategien til verksemda. Det er derfor avgjerande at leiinga i den aktuelle verksemda, eventuelt eigaren, får ein avgjerande innverknad over kven som er til stades på møtet. Særleg gjeld dette personar som ikkje er underlagde teieplikt, eller som representerer næringsinteresser.

5.5.2.3 Departementet sine vurderingar

Departementet deler synspunkta frå NHO. Departementet føreslår at meldinga skal innehalde bedrifta/verksemda sitt namn, organisasjonsnummer, talet på årsverk, talet på tilsette, næringskode og ei kort beskriving av kva verksemda driv med. I tillegg må meldinga innehalde ei kort beskriving av kva som er bakgrunnen for planane om nedlegging, og ei kort utgreiing/beskriving av den interne prosessen. Meldinga bør òg innehalde eigars vurderingar når det gjeld moglegheitene for vidare drift.

Det må vere tilstrekkeleg substansielt innhald i meldinga til at fylkeskommunen har eit reelt grunnlag for sine vurderingar, og til å leggje grunnlaget for drøftingane. Det er ikkje føreslått nokon formell godkjenningsprosedyre knytt til meldinga, og det er dermed ikkje naturleg at det blir sett for omfattande krav til meldinga.

Når bedrifta er inne i ein prosess rundt eventuell nedlegging, er ein del av dei opplysningane som skal givast, alt samla i samband med melding til NAV. Verksemda må dermed ikkje starte med å forme ut meldinga til fylkeskommunen frå botnen av. Sjølv om meldinga fører til ressursbruk for verksemdene, er det departementet si vurdering at dei positive effektane av drøftingane veg opp dette.

Når det gjeld teieplikta, bør deltakarane kunne påleggjast teieplikt i meldepliktsperioden. I og med at det ikkje er teke noka endeleg avgjerd om nedlegging, kan det vere øydeleggjande for prosessen og sjansen for å finne andre løysingar, dersom behandlinga skjer i full offentlegheit. På den andre sida bør det normalt vere offentleg informasjon at det er sendt melding til fylkeskommunen. Innhaldet i meldinga kan likevel vere unntatt offentlegheit. Det kan blant anna vere viktig fordi meldinga skal innehalde informasjon om bakgrunnen for nedleggingsplanane, som f.eks. kan vere eit ledd i selskapet sine interne strategiar og liknande.

5.5.3 Behandling av meldinga – tema for drøftingar

5.5.3.1 Forslaget i høyringsnotatet

For å kunne tilpasse prosessen best mogleg til kvar enkelt sak føreslo departementet ikkje faste obligatoriske prosedyrar for behandling av meldinga. Dersom fylkeskommunen, etter å ha motteke meldinga, ser eit behov for å vurdere den aktuelle nedlegginga nærmare, er den normale prosedyren å kalle inn til eit møte med sikte på å finne alternative løysingar.

I høyringsnotatet uttala departementet at dei involverte partane som normalt skal trekkjast inn, er bedriftsleiinga/eigarane, lokale styresmakter (kommunen), tilsetterepresentantar, Innovasjon Noreg og NAV. Dei må saman, på «møteplassen», drøfte moglegheiter for vidare drift eller alternative løysingar. Også andre kan trekkjast inn, f.eks. SIVA og potensielle investorar dersom det er naturleg og formålstenleg i den konkrete saka. Kor mange møte ein må ha, vil variere, og fylkeskommunen, som er ansvarleg for oppfølginga, må vurdere det i kvar enkelt sak.

Dersom det ikkje kan synleggjerast at det finst andre alternativ enn den planlagde nedlegginga, skal fylkeskommunen så tidleg som mogleg gi føretaket beskjed om at behandlinga av meldinga er avslutta. Det er heller ikkje nødvendig å kalle inn til møte dersom det ut ifrå meldinga synest klart for fylkeskommunen at det ikkje er aktuelt med vidare drift. Behandling av saka kan i så fall avsluttast.

I høyringsnotatet gjorde departementet òg ei vurdering av om det burde innførast eit lovkrav om arbeidstakarplan. Det vart vist til at ei rekkje bedrifter i Noreg i praksis viser at dei tek eit betydeleg samfunnsansvar ved nedlegging. Bedriftene viser ansvar til dømes gjennom å hjelpe arbeidstakarar til å finne nytt arbeid, og i samarbeid med det regionale verkemiddelapparatet vurderer moglegheitene for alternativ næringsverksemd. På denne bakgrunn kom ein til at ein ikkje ville foreslå ei lovfesting av krav om arbeidstakarplan.

5.5.3.2 Fråsegner frå høyringsinstansane

Fire høyringsinstansar hadde konkrete kommentarar til dette kapittelet.

LO uttalar at dei tilsette har ein sjølvsagd plass saman med bedriftsleiing, eigarar, tilsette, lokale styresmakter, Innovasjon Noreg, NAV ofl., og at dei tilsette sjølv må bestemme kven som skal representere dei. LO meiner også at partar det vedkjem, alltid må bli innkalla til møtet når melding om planar for nedlegging er motteken.

LO seier vidare at det etter ein prosess der «alle steiner er snudd» i forhold til alternative løysingar til nedlegging er formålstenleg at det vert utarbeidd arbeidstakarplanar. Det er LOs røynsle at arbeidstakarplanar bidreg til å «lette» slike nødvendige omstillingsprosessar og at bedrifter i større grad tek ansvar for å hjelpe tilsette til ny jobb og bidra til etter- og vidareutdanning. Slike arbeidstkarplanar bør derfor gå inn som ein del av dei obligatoriske prosedyrene, men tilpassa den enkelte sak og situasjon, meiner LO.

NHO meiner det ikkje bør leggjast føringar på pliktige drøftingspunkt i saksbehandlinga, fordi kvar sak er forskjellig, og tematikken i drøftingar og liknande i stor grad gir seg sjølv ut frå dette. Det viktigaste med omsyn til rutinar for saksbehandlinga må vere at ein veit kor lang tid ho tek, og at behandlingstida ikkje er urimeleg lang i forhold til interne prosessar i bedrifta eller formålet med meldeplikta.

NAVO meiner at det vil vere unaturleg at spørsmål knytte til kompensasjons- og omstillingstiltak skal vere eit tema for drøftingar på eit møte av den føreslåtte typen. Dette fell klart utanom spørsmålet om eventuell vidare drift, og er eit ansvar for organa til verksemda. Dersom det skal vurderast om behandlinga av dette temaet skal bli obligatorisk, må det etter NAVOs oppfatning vere i samband med ei totalvurdering av oppseiingsvernet, der arbeidstakarane sitt behov for tryggleik blir balansert mot verksemdene sitt behov for jamleg omstilling.

SIVA uttalar at dei gjennom kontaktnettet sitt og landsdekkjande innovasjonssystem med eigarskap i forskings- og kunnskapsparkar og dessutan næringshagar/inkubatorar har fast kontakt med fleirtalet av dei potensielle aktørane på «møteplassen». Dette gjeld i første rekkje fylkeskommunar/kommunar, Innovasjon Noreg og sentrale finans- og investormiljø. Vidare blir det opplyst at SIVA kan ha ei aktiv rolle på ein slik «møteplass», og vil stille seg konstruktiv til det regelverket som måtte bli vedteke.

5.5.3.3 Departementet sine vurderingar

Formålet med meldeplikta er å leggje til rette for at direkte og indirekte involverte og relevante fagmiljø kan møtast til drøftingar i samband med ei varsla nedlegging. Det kan gje grunnlag for eit konstruktivt samarbeid som gir garanti for at det reelt er prøvd å finne alternative løysingar for vidare drift, eller grunnlag for omstilling til anna verksemd.

Det er viktig at den nye meldepliktsordninga blir organisert slik at ho gir klare og føreseielege rammer for næringslivet. Dette er med på å klargjere kva som er forventa av bedrifta i tilknyting til drøftingane, og kva for konsekvensar ordninga fører med seg. Dette omfattar både kva disposisjonar bedrifta og eigarane skal kunne gjere mens meldinga er til behandling i fylkeskommunen, plikta dei har til å drøfte kompensasjons- og omstillingsmoglegheiter for dei tilsette, og moglege næringspolitiske tiltak bedrifta kan bidra med overfor lokalsamfunnet.

Departementet si vurdering er at ein, for å kunne tilpasse prosessen best mogleg til kvar enkelt konkret sak, må vere varsam med å føreslå detaljerte obligatoriske prosedyrar for behandling av meldinga.

Departementet har ikkje fått nokon reaksjonar på dei obligatoriske deltakarar på møteplassen som vart føreslått. Vi held dermed fast ved at desse bør vere bedriftsleiinga/eigarane, lokale styresmakter (kommunen), tilsetterepresentantar, Innovasjon Noreg og NAV. I konkrete saker kan det vere formålstenleg å trekkje inn andre fagmiljø. Det kan for eksempel vere SIVA, potensielle investorar og andre som det kan vere naturleg å ha med.

For å unngå ei samanblanding av roller bør det etter departementet si vurdering vere andre representantar for dei tilsette enn dei som sit i bedriftsstyret, som er med i denne delen av prosessen. Samtidig er vi einige med LO i at det i samsvar med føresegnene i Hovudavtalen er dei tillitsvalde som representerer dei tilsette i nedleggingsprosessar. Ut over dette ønskjer ikkje departementet å leggje føringar for kven av dei tilsette som skal delta i prosessen. Omstillingslova omfattar alle tilsette, uavhengig av om dei er organiserte eller ikkje.

Det vil variere kor mange møte ein treng ha, og fylkeskommunen som ansvarleg for å handtere oppfølginga av meldinga må avgjere dette ut frå behovet i kvar enkelt sak.

Departementet deler ikkje NAVOs oppfatning av at spørsmål knytte til kompensasjons- og omstillingstiltak ikkje bør vere eit tema for drøftingane. Når formålet med lova er å redusere negative konsekvensar av nedlegging og sikre omsynet til lokalsamfunnet og kvar enkelt tilsett, meiner departementet det er riktig at temaet blir drøfta. Etter departementet si oppfatning er balansen mellom arbeidstakarane sitt behov for tryggleik og verksemdene sitt behov for jamleg omstilling sikra i lovforslaget.

I praksis har ei rekkje bedrifter i Noreg vist at dei tek eit stort samfunnsansvar ved nedlegging. Bedriftene viser ansvar for eksempel gjennom å hjelpe arbeidstakarar til å finne nytt arbeid, gjennom å vurdere moglegheitene for alternativ næringsverksemd i samarbeid med det regionale verkemiddelapparatet, og ved økonomiske bidrag til omstilling for eksempel i form av næringsfond.

Bedriftene sitt samfunnsansvar er derfor eit sentralt tema under drøftingane. Siktemålet er å leggje til rette for vidare verksemd. Møteplassen skal vere ein viktig arena der det er naturleg å ta opp slike aktuelle tema i samband med nedlegginga. Regjeringa legg til grunn at bedriftseigarar som legg ned verksemda, skal ta ansvar for tilsette det vedkjem, og lokalsamfunnet, slik at negative konsekvensar blir reduserte. Derfor føreslår departementet at det i drøftingane med fylkeskommunen og andre involverte på møteplassen blir innført ei plikt for bedrifta til å drøfte kompensasjons- og omstillingsmoglegheiter overfor dei tilsette og moglege næringspolitiske tiltak som bedrifta kan bidra med overfor lokalsamfunnet. Slike drøftingar skal vere obligatoriske under fylkeskommunens behandling av nedleggingsmeldinga.

I samband med drøftingane må det vurderast kva bedrifta kan bidra med både overfor kvar enkelt tilsette og når det gjeld å etablere ny verksemd i lokalsamfunnet. Det er viktig å ha fleksibilitet på møteplassen for å skreddersy løysingar som er tilpassa kvar enkelt sak. Ved å ha ei fleksibel ordning kan ein sjå behova i lokalsamfunnet i forhold til det bedrifta kan bidra med. Dette kan vere alt frå bistand til jobbsøking, midlar til eit næringsfond eller etablering av alternativ verksemd.

Departementet viser til LO sitt innspel om arbeidstakerplan. Sentrale element i ein arbeidstakarplan vil falle inn under forslaget til § 5 om at kompensasjons- og omstillingsmoglegheiter for dei tilsette, alltid skal vurderast ved behandlinga av meldinga. På denne bakgrunn meiner departementet det ikkje er formålstenleg nå å på ny vurdere dei forhold som blei drøfta i høyringsnotatet om spørsmålet om å lovfeste eit krav om arbeidstakarplan.

Sentrale element i ein arbeidstakarplan vil etter forslaget falle inn under § 5, og det er fortsatt departementet si vurdering at det ikkje er formålstenleg å lovfeste eit krav om arbeidstakarplanar.

Når det gjeld finansielle støtteordningar, er det departementet si vurdering at det med bakgrunn i EØS-retten er vanskeleg å etablere finansieringsordningar som gjeld ei spesiell kjøpargruppe, som for eksempel dei tilsette. Ein bør vere varsam med å etablere generelle ordningar for å kunne gi statsstøtte ved kjøp av nedleggingstrua bedrifter. Statsstøtte kan gi uheldige vridingseffektar i marknaden, mellom anna i form av lågare avkastning på kapital, og kan dermed vere eit hinder for ein funksjonsdyktig marknad. Dersom det blir gitt støtte til bedrifter som ikkje er levedyktige, kan dette vere særleg skadeleg for nødvendig omstilling i næringslivet og dessuten vere konkurransevridande. Det blir derfor vurdert som lite formålstenleg å setje i verk eigne ordningar for bedrifter som blir trua av nedlegging. Derimot bør moglegheitene innanfor dei eksisterande finansieringsordningane vurderast i kvart enkelt tilfelle, også for bedrifter som kan bli lagde ned, men som har potensial for vidare drift.

5.5.4 Lengda på meldepliktsperioden

5.5.4.1 Forslaget i høyringsnotatet

Ein prosess for å vurdere alternativ til ei nedlegging krev tid og ressursar, særleg dersom det involverer fleire aktørar. Omfanget kan variere frå tilfelle til tilfelle, og det er derfor vanskeleg å seie kor lang tid fylkeskommunen saman med andre aktørar treng for å finne alternative løysingar til ei nedlegging.

Det er viktig at lengda på behandlingstida generelt blir sedd i samanheng med dei interne prosessane i føretaket ved nedlegging, og at ho ikkje blir opplevd som uproporsjonal i forhold til formålet med meldeplikta. Lengda på meldepliktsperioden må ein òg sjå i samanheng med forslaget om å påleggje bedrifta råderettsband i den perioden meldinga er til behandling. (Sjå kap. 5.6.)

I høyringsnotatet føreslo departementet at ein meldepliktsperiode på inntil 30 dagar må vere tilstrekkeleg. I dei fleste situasjonar er dette tilstrekkeleg til å få i stand reelle prosessar slik at partane har høve til å vurdere og bestemme eventuelle alternative løysingar til nedlegging. Ein periode på 30 dagar bør heller ikkje medføre betydelege negative konsekvensar i forhold til interne prosessar i føretaket.

I spesielle situasjonar kan fylkeskommunen likevel ha behov for meir tid. Det vart derfor føreslått i høyringsnotatet at når særskilde grunnar tilseier det, skal fylkeskommunen få høve til å utvide perioden med inntil ytterlegare 30 dagar. Med særskilde grunnar meiner ein at det er nødvendig for å få avklart moglege realistiske alternativ til ei nedlegging. Ved ei slik forlenging må fylkeskommunen konkret oppgje grunnen til forlenginga.

5.5.4.2 Fråsegner frå høyringsinstansane

Det er få av høyringsinstansane som har uttala seg om departementet sitt forslag til behandlingstid.

NHO meiner 30 dagar kan vere ein høveleg periode, fordi han harmonerer med fristen NAV har til å behandle meldingar etter arbeidsmiljølova § 15-2. NHO er imot at fristen skal kunne forlengjast frå fylkeskommunens side, og meiner at fylkeskommunen har ei plikt til å gi føretaket beskjed straks etter at ein har konkludert med omsyn til nedlegging, og ikkje bør vente til 30-dagarsperioden er ute.

Også NAVO meiner saksbehandlingstida bør setjast til 30 dagar, og at ho ikkje kan forlengjast ytterlegare.

Vestfold fylkeskommune peikar på at ein saksbehandlingsperiode på 30 dagar kan gi utfordringar for fylkeskommunar med avgrensa administrativ kapasitet. Men fylkeskommunen meiner det må vege tyngre at bedrifta har behov for ei rask avgjerd i ein ekstraordinær situasjon.

5.5.4.3 Departementet sine vurderingar

Det er kome få innvendingar til forslaget i høyringsnotatet.

Ut frå høyringsfråsegnene legg departementet til grunn at ein meldepliktsperiode på 30 dagar er akseptabelt, og at det gjer det mogleg å få ei rask avklaring i kvart enkelt tilfelle, samtidig som det kan gi ein realistisk sjanse til å vurdere om det ligg føre reelle alternativ til vidare drift, eller andre omstillingsmoglegheiter. Dette krev at meldinga er fullstendig med omsyn til informasjon som skal sendast inn. Fylkeskommunen må derfor så raskt som mogleg kontrollere at innhaldet i meldinga dekkjer informasjonskravet etter lova, og gi tilbakemelding til innsendar om eventuelle manglar. Innhenting av slik tilleggsinformasjon inneber ikkje at 30-dagarsperioden kan forlengjast.

Departementet registrerer NHOs fråsegn om at fylkeskommunane ikkje bør ha høve til å forlengje meldepliktsperioden. Departementet er ueinig i dette, og meiner at det bør vere ei opning for at fylkeskommunen kan utvide perioden med inntil ytterlegare 30 dagar når det ligg føre særlege grunnar. Hovudregelen og det normale er at behandlinga må vere gjennomført på 30 dagar. Høvet til eventuelt å forlengje perioden skal berre brukast reint unntaksvis, og dersom det kjem fram informasjon som gjer det sannsynleg at det finst reelle alternativ til nedlegging.

Dersom det er grunnlag for å bruke høvet til å forlengje perioden, må fylkeskommunen konkret oppgje kva som er grunnen til det.

For å kunne redusere dei negative konsekvensane, og for at ein skal ta omsyn til tilsette og lokalsamfunn i tråd med formålet med lova, er det avgjerande at drøftingane i meldepliktsperioden er konstruktive og reelle. Det blir såleis forventa at deltakarane aktivt tek del i prosessen for å finne fram til løysingar.

Departementet finn likevel ikkje grunnlag for å innføre ei aktivitetsplikt. Passivitet frå møtedeltakarane kan etter departementet sitt syn ikkje grunngi eller vere grunnlag for å forlengje perioden.

Departementet føreslår på denne bakgrunnen at meldepliktsperioden blir sett til 30 dagar, med høve til forlenging i ytterlegare 30 dagar.

5.6 Råderettsband i meldepliktsperioden

5.6.1 Forslaget i høyringsnotatet

For å hindre at bedrifta gjer disposisjonar som inneber ei reell nedlegging, føreslo departementet i høyringsnotatet å fastsetje reglar om råderettsband i perioden mens meldinga er til behandling i fylkeskommunen.

I høyringsnotatet vart det lagt vekt på at faktiske og rettslege disposisjonar knytte til fast drift bør kunne gjennomførast på normalt vis. Vidare kan ikkje eventuelle råderettsband verken frita eller hindre eigaren eller styret i å følgje krav etter anna regelverk. Sal av aktiva eller avgjerd om faktisk nedlegging av verksemda i meldepliktsperioden vart nemnt som eksempel på disposisjonar som ikkje kan gjennomførast mens behandlinga er i gang.

Departementet føreslo vidare at råderettsbanda må utformast slik at dei ikkje går på tvers av eigars rett til å omstrukturere verksemda si. Proporsjonalitet mellom mål og middel må vere ei rettesnor for utforminga av ei slik føresegn, slik at ho òg er innanfor EØS-rettens rammer.

Det vart også føreslått at råderettsbanda ikkje skulle omfatte dei tilsette si stilling. Dette vart grunngitt med at stillingsvernet til dei tilsette alt er detaljert regulert i anna regelverk.

Det går fram av forslaget at føretak under konkurs, tvangsakkord og liknande ikkje skal vere omfatta av meldeplikta, og dei er dermed heller ikkje omfatta av reglane om råderettsband.

5.6.2 Fråsegner frå høyringsinstansane

Berre to av høyringsinstansane har konkrete merknader til dette spørsmålet.

Både Arbeidsgiverforeningen NAVO og Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) meiner som departementet at eventuelle råderettsband må avgrensast til det som er heilt nødvendig, og at faktiske og rettslege disposisjonar må kunne gjennomførast.

Både NAVO og NHO framhevar kor viktig det er at eigar ikkje blir pålagd råderettsband som er eigna til å påføre verksemda økonomisk tap. NHO peikar på at råderettsband må vere føreseielege og klare. NHO etterlyser også ein dispensasjonstilgang for fylkeskommunen.

NAVO er einig med departementet i at eventuelle råderettsband ikkje må omfatte dei tilsette si stilling.

5.6.3 Departementet sine vurderingar

Departementet er einig i at råderettsband i meldepliktsperioden må avgrensast til det heilt nødvendige.

Formålet med råderettsband er berre å hindre at bedrifta gjer disposisjonar som medfører at bedrifta i praksis blir nedlagd før styresmaktene har fått høve til å vurdere alternative tiltak. Råderettsbanda bør dermed vere spesielt retta mot disposisjonar som kan føre til unødvendige nedleggingar.

Det er viktig at stoda er mest mogleg føreseieleg for verksemder dette vedkjem, og derfor bør det gå fram av lova kva for typar disposisjonar som skal kunne gjerast i meldepliktsperioden. Departementet føreslår derfor at bedrifta skal kunne gjere faktiske og rettslege disposisjonar knytte til fast drift. Andre disposisjonar blir omfatta av råderettsbanda. Råderettsbanda skal likevel ikkje frita eller hindre eigar og styret i å følgje krav etter anna regelverk.

Departementet føreslår at råderettsbanda skal gjelde heile meldepliktsperioden. Det er nødvendig at råderettsbanda varer så lenge, med tanke på dei omsyna meldepliktsordninga skal ta. Tilsvarande inngrepsfristar med avgrensingar i bedriftene sitt høve til å seie opp tilsette gjeld alt i arbeidsmiljølova § 15-2, jf. kapittel 6, som er basert på EUs rådsdirektiv 75/129/EØF med seinare endringar og konsolideringar i direktiva 92/56/ EØF og 98/59/ EF.

I nokre situasjonar kan ei bedrift ha eit reelt og legitimt behov for å gjere disposisjonar som er omfatta av råderettsbanda i meldepliktsperioden. Omsynet til fleksibilitet tilseier derfor at det blir lovfesta høve til å dispensere frå råderettsbanda. Myndigheita til å gi dispensasjon bør etter departementet si vurdering liggje hos fylkeskommunen. Som mottakar av meldinga er fylkeskommunen nærmast til å vurdere om det er nødvendig med dispensasjon i kvart enkelt tilfelle, og kva slags dispensasjon som bør fastsetjast. Fylkeskommunen skal òg ha høve til å gi dispensasjon frå råderettsbanda sjølv om det framleis er ein dialog om alternative løysingar til ei nedlegging.

Departementet føreslår ikkje råderettsband som grip inn i dei tilsettes stillingsvern, sidan det alt finst eit omfattande regelverk som vernar dei tilsette i slike situasjonar.

5.7 Sanksjonar

5.7.1 Forslaget i høyringsnotatet

I vurderinga av moglege sanksjonar har departementet trekt inn utgreiinga Frå bot til bedring ( NOU 2003:15 ), som handlar om forslag til reaksjonar mot mindre alvorlege brot på særlovgivinga (føresegner utanfor straffelova) som vil gi eit meir effektivt og nyansert sanksjonssystem med mindre bruk av straff. Departementet la til grunn i høyringsnotatet at straffesanksjonar ikkje er formålstenleg som sanksjonsmiddel ved brot på dei føreslåtte reglane om meldeplikt og råderettsband i omstillingslova. Administrative sanksjonar som lovbrotsgebyr og tvangsmulkt vart føreslått som ein meir formålstenleg reaksjon.

Departementet føreslo i høyringsnotatet å gi fylkeskommunen ansvaret for å fastsetje administrative sanksjonar, fordi fylkeskommunen er nærmast til å oppdage eventuelle brot på lovverket. I høyringsnotatet føreslo departementet også at fylkeskommunen bør kunne vere noko fleksibel når det gjeld å vurdere kva for sanksjonar som er formålstenlege i kvart enkelt tilfelle. Både pålegg kombinert med tvangsmulkt og lovbrotsgebyr kan vere alternativ. Dette tilsvarer dei sanksjonane som er innførte i anna lovverk med meldepliktsordningar, som meldeplikta etter konkurranselova og etter arbeidsmiljølova. Samtidig er det viktig å unngå forskjellsbehandling og ulik praktisering mellom fylkeskommunane, og det vart derfor føreslått å regulere nærmare når det skal ileggjast gebyr og tvangsmulkt, og kor store dei skulle vere.

5.7.2 Fråsegner frå høyringsinstansane

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) legg vekt på at eventuelle sanksjonar knytte til brot på meldeplikta må stå i forhold til kor alvorleg lovbrotet er, og ikkje kan knytast til anna enn klare og føreseielege føresegner. NHO er skeptisk til at det er fylkeskommunen som skal sanksjonere, særleg på grunn av manglande sanksjonserfaring/kompetanse elles, og av omsyn til ei einskapleg forvaltning av regelverket. Av begge desse grunnane føreslår NHO at det blir vurdert sterkt om det i det heile er behov for sanksjonar utover reine standardiserte «forseinkingsgebyr», også ut frå det formålet meldeplikta har, og ut frå det at ein vurderer å lovfeste drøftingsplikta etter Hovudavtalen mellom LO og NHO.

Møre og Romsdal fylkeskommune meiner sanksjonar er eit lite eigna verkemiddel i denne samanhengen.

5.7.3 Departementet sine vurderingar

For å sikre at lova blir etterlevd og effektivisere måten ho blir handheva på, er det etter departementet si meining nødvendig å gi reglar om sanksjonar. Departementet meiner likevel at det er lite formålstenleg å kriminalisere og gi straff for eit lovbrot i denne typen særlovgiving. Departementet meiner at lovbrot og sanksjon bør stå i forhold til kvarandre, og det tilseier at det ikkje blir fastsett straffesanksjonar. Men administrative sanksjonar som tvangsmulkt og lovbrotsgebyr er eit vanleg brukt verkemiddel i denne typen regelverk, og blir ikkje unikt for omstillingslova. Mellom anna finst det reglar for tvangsmulkt og lovbrotsgebyr i konkurranselova.

Departementet føreslår derfor at det i loven blir innført heimel til å gjere vedtak om lovbrotsgebyr og/eller tvangsmulkt. Høve til ein viss fleksibilitet gjer det mogleg å tilpasse reaksjonen betre til kva type lovbrot det er snakk om, og kor alvorleg det er.

Dei to reaksjonsmidla har ulike formål. Eit lovbrotsgebyr har først og fremst til formål å straffe økonomisk når ein har brote ei handlingsplikt. Tvangsmulkt, derimot, er karakterisert ved at formålet er å tvinge gjennom at handlinga blir oppfylt. Andre administrative reaksjonar enn tvangsmulkt/lovbrotsgebyr blir ikkje rekna for å vere like relevante og aktuelle for dette forvaltningsområdet.

Departementet føreslår ikkje at det blir fastsett minimums- og maksimumsgrenser for storleiken på mulkta og gebyret i sjølve lovteksten. For å gjere ordninga så føreseieleg som råd og sikre likebehandling finn departementet det mest formålstenleg å regulere storleiken på tvangsmulkt og lovbrotsgebyr i forskrift. Departementet føreslår derfor i lovutkastet at departementet får høve til å fastsetje nærmare reglar om berekning av lovbrotsgebyret og tvangsmulkta i forskrift.

Departementet føreslår at fylkeskommunen får myndigheit til å fastsetje lovbrotsgebyr og tvangsmulkt. Dette er naturleg fordi fylkeskommunen har ansvaret for meldepliktsordninga og dermed er den nærmaste til å oppdage eventuelle brot på lovverket. Forskriftene vil sette rammer for fylkeskommunane sitt skjønn og oppgje mellom anna kva som kan vere den maksimale storleiken på lovbrotsgebyr eller tvangsmulkt. Departementet meiner at det berre er ved alvorlege hendingar det skal vere mogleg å ileggje gebyr/mulkt.

Departementet føreslår at det skal vere opp til forvaltninga å vurdere om det skal føre til sanksjonar eller ikkje når ei bedrift ikkje oppfyller meldeplikta. Fylkeskommunen kan òg velje å fastsetje i pålegget at den som ikkje har etterlevd meldepliktsordninga, får lovbrotsgebyr eller tvangsmulkt utan nærmare vedtak.

Omfanget av handhevinga av tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr eller storleiken på mulkta/gebyret bør ikkje påverkast av inntektsnivået til fylkeskommunen. Departementet føreslår derfor at gebyra og mulkta går til statskassen.

Departementet føreslår at vedtak om tvangsmulkt og vedtak om lovbrotsgebyr skal vere tvangsgrunnlag for utlegg, i tråd med andre lovreguleringar om lovbrotsgebyr og tvangsmulkt.

Departementet føreslår òg at fylkeskommunen bør kunne gi avkall på eller redusere ei pålagd tvangmulkt eller lovbrotsgebyr. Føresetnaden er at ei slik føresegn berre skal nyttast unntaksvis når sterke omsyn tilseier det.

Pålegg om lovbrotsgebyr eller tvangsmulkt er enkeltvedtak som kan påklagast etter klagereglane i forvaltningslova.

6 Drøftingsplikt om vidare drift og at dei tilsette eventuelt kan overta verksemda

6.1 Gjeldande rett

6.1.1 Føresegner i arbeidsmiljølova

Arbeidsmiljølova har inga føresegn som pålegg arbeidsgivar å gå inn i drøftingar med arbeidstakarane om å overta verksemda, som eit alternativ til ei planlagd nedlegging. Men arbeidsmiljølova har fleire føresegner som generelt pålegg plikt til informasjon og drøfting om verksemdsnedlegging, og som til ein viss grad også inviterer til drøfting mellom partane om sjansane for vidare drift, mellom anna vidare drift i regi av arbeidstakarane.

Arbeidsmiljølova § 15-2 om informasjon og drøfting ved masseoppseiingar gjeld generelt ved masseoppseiingar, uavhengig av om det dreier seg om ei verksemdsnedlegging eller ikkje. Føresegna gjeld ved oppseiingar av minst ti tilsette innanfor eit tidsrom på 30 dagar. Kjernen i drøftingsplikta følgjer av andre ledd første punktum i føresegna: «Arbeidsgiver som vurderer å gå til masseoppsigelser, skal så tidlig som mulig innlede drøftinger med arbeidstakernes tillitsvalgte med sikte på å komme fram til en avtale for å unngå masseoppsigelse eller for å redusere antall oppsagte. Dersom oppsigelser ikke kan unngås, skal de uheldige sidene ved dem søkes redusert.»

Ved oppseiing av færre enn ti tilsette gjeld den individuelle drøftingsplikta i arbeidsmiljølova, dvs. arbeidsgivars plikt til å drøfte ei oppseiing med kvar enkelt arbeidstakar (og ev. tillitsvalde for han/henne), jf. arbeidsmiljølova § 15-1.

Arbeidsmiljølova kapittel 8 inneheld generelle reglar om informasjon og drøfting. Reglane gjeld for verksemder som jamleg sysselset minst 50 arbeidstakarar, jf. § 8-1. Arbeidsgivar pliktar å informere om og drøfte spørsmål «av betydning» for arbeidstakarane sitt arbeidsforhold med dei tillitsvalde for arbeidstakarane. Plikta til informasjon og drøfting omfattar mellom anna «den aktuelle og forventede bemanningssituasjonen i virksomheten, inkludert eventuelle innskrenkninger og de tiltak arbeidsgiver vurderer i den forbindelse», jf. § 8-2 første ledd bokstav b). Vidare skal informasjon og drøfting omfatte avgjerder som «kan føre til vesentlig endring i arbeidsorganisering eller ansettelsesforhold», jf. § 8-2 første ledd bokstav c).

6.1.2 Tariffavtaleregulering

Fleire hovudavtalar har føresegner om plikt til å drøfte vidare drift som alternativ til å leggje ned verksemd. Hovudavtalen mellom LO og NHO 2006–2009 inneheld såleis ei føresegn som gir dei tilsette i bedrifter som ein vurderer å leggje ned, ein rett til drøfting med sikte på vidare drift og eventuell overtaking av verksemda.

Føresegna i avtalens § 9-5 tredje ledd lyder: «Vurderer bedriften å nedlegge virksomheten, skal mulig videre drift, herunder om de ansatte vil overta virksomheten drøftes med de tillitsvalgte (arbeidsutvalg).»

Føresegna gir ein rett og plikt til å drøfte overtaking av verksemda, men gir ikkje dei tilsette nokon rett til å overta verksemda. Tilsvarande føresegner finst òg i ei rekkje andre hovudavtalar.

6.2 Lovfesting av drøftingsplikta

6.2.1 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet føreslår departementet å lovfeste i arbeidsmiljølova ei tilsvarande føresegn som § 9-5 tredje ledd i Hovudavtalen mellom LO og NHO. I høyringsnotatet vart det vist til at sjølv om arbeidsmiljølova inneheld fleire føresegner som inviterer til drøfting også om eventuelle sjansar for overtaking, vil ei uttrykkjeleg føresegn vere meir forpliktande og setje sterkere søkjelys på at overtaking kan vere eit alternativ til nedlegging.

I høyringsnotatet vart det vist til at ei lovfesting av retten til å drøfte overtaking kan knytast til eksisterande reglar om informasjon og konsultasjon i arbeidsmiljølova, anten til dei generelle reglane i kap. 8 eller i tilknyting til masseoppseiings-føresegna i § 15-2. For å sikre at føresegnene gjeld for verksemder med færre tilsette enn 50, meinte departementet det var mest formålstenleg at føresegna vart teken inn i masseoppseiingsføresegna i § 15-2.

6.2.2 Fråsegner frå høyringsinstansane

Høyringsinstansane er i all hovudsak positive og støttar forslaget om å lovfeste føresegna i Hovudavtalen om drøftingsplikt i arbeidsmiljølova § 15-2. Enkelte høyringsinstansar peikar på at ei lovfesting kjem til å få lite å seie. Det blir vist til at ei rekkje hovudavtalar har tilsvarande krav om drøfting som krava i Hovudavtalen mellom LO og NHO, og at ei lovfesting derfor vil få avgrensa nytteverdi. LO peikar på at det er urealistisk at dei tilsette kan overta, så lenge det ikkje er føreslått at ein etablererer ei form for statlege støtte- eller lånegarantiordningar.

6.2.3 Departementet sine vurderingar

Departementet viser til at arbeidsmiljølova alt har fleire føresegner som generelt pålegg plikt til informasjon og drøfting om verksemdsnedlegging. Men føresegnene gir ikkje nokon uttrykkjeleg rett og plikt til å drøfte overtaking av verksemda, slik mellom anna føresegna i Hovudavtalen mellom LO og NHO gjer. Sjølv om føresegna i Hovudavtalen heller ikkje gir arbeidstakar nokon rett til å overta verksemda, meiner departementet at ho i større utstrekning enn drøftingsreglane i arbeidsmiljølova legg vekt på sjansen til å overta. Føresegna sikrar at spørsmålet om vidare drift generelt, og spørsmålet om dei tilsette kan overta spesielt, blir sett på dagsordenen i ein nedleggingssituasjon. Retten til å drøfte overtaking kan føre til konstruktive prosessar internt i verksemda og «bane vegen» for ei overdraging. Departementet meiner på denne bakgrunnen at det er formålstenleg å lovfeste ei slik føresegn om drøftingsplikt i arbeidsmiljølova.

Departementet viser til at høyringsinstansane i all hovudsak har stilt seg positive til å lovfeste drøftingsplikta i Hovudavtalen, og då slik at ei lovfesting bør knytast til eksisterande drøftingsreglar i arbeidsmiljølova. Enkelte høyringsinstansar har peika på at ei lovfesting vil få mindre å seie fordi slike føresegner alt er utbreidde i ei rekkje tariffavtalar. Departementet viser til at det ikkje er klarlagt kor mange bedrifter som i dag er omfatta av eller nyttar føresegna i Hovudavtalen mellom LO og NHO, eller tilsvarande føresegner i andre hovudavtalar. Men ein må gå ut frå at ein stor del av verksemdene med fleire enn 50 tilsette er dekte av ei slik tariffavtaleføresegn. Departementet meiner at ei lovfesting bør knytast opp mot føresegna om drøfting i samband med masseoppseiing i arbeidsmiljølova § 15-2 og ikkje i tilknyting til kap. 8, som først gjeld i verksemder med meir enn 50 tilsette. Departementet viser til at ei eventuell overtaking kan vere meir realistisk i mindre verksemder fordi det ofte er ein samanheng mellom storleiken på verksemda og dei ressursane som er nødvendige for å kunne overta verksemda.

Dersom ein legg terskelen for bruksområdet på ti tilsette/moglege oppsagde, vil det opne for ein reell dialog om overtaking i ei rekkje bedrifter, når det er planar om å leggje ned verksemda. Samtidig blir det fastsett ei fornuftig nedre grense for drøftingsplikta som fell naturleg saman med alt eksisterande føresegner om informasjon og drøfting ved masseoppseiing.

Som det går fram i kap. 5.5.3.3 føreslår departementet ikkje å etablere eigne finansieringsordningar som gjeld ei spesiell kjøpargruppe, som for eksempel dei tilsette. Departementet ser at manglande statlege støtte- og lånegarantiar ved eit eventuelt oppkjøp frå dei tilsette si side i mange tilfelle vil avgrense sjansen for at dei tilsette faktisk kan overta verksemda. Etter departementet si vurdering kan ei lovfesting likevel bidra positivt ved at det forpliktar arbeidsgivar til å gjennomføre ein reell dialog med dei tillitsvalde for dei tilsette, noko som kan føre til at alle alternativ for vidare drift blir grundig vurderte. Departementet meiner vidare at ei lovfesting i arbeidsmiljølova kan vere med på å setje søkjelys på sjansen til å overta, og den drøftingsplikta som alt er nedfelt i ei rekkje hovudavtalar.

På denne bakgrunnen føreslår departementet at drøftingsplikta i Hovudavtalen blir lovfesta i arbeidsmiljølova § 15-2.

Drøftingsplikta i Hovudavtalen mellom LO og NHO er knytta til nedlegging av «bedrift». Tilsvarande er den føreslåtte meldeplikta knytta til nedlegging av «bedrift». Omgrepet bedrift vil omfatte geografisk atskilte einingar uavhengig av om desse er organiserte som eit eige rettssubjekt eller er ein del av eit større føretak, jf. nærare pkt. 5.4.3. I arbeidsmiljølova nyttast ikkje omgrepet bedrift, men omgrepet «virksomhet». I utgangspunktet vil ikkje ein filial eller ei anna geografisk atskilt eining som ikkje er organisert som eit eige rettssubjekt, falle inn under omgrepet «virksomhet» i arbeidsmiljølova. Departementet viser til at den føreslåtte drøftingsplikta, der det opnast for at dei tilsette kan overta drifta, vil vere særleg praktisk i dei tilfella det f. eks. er ein filial som vurderast nedlagd. For å sikre at drøftingane også vert gjennomførte i desse tilfella, føreslår departementet at drøftingsplikta knyttast til nedlegging av «virksomhet eller selvstendig del av denne».

7 Økonomiske og administrative konsekvensar av lov om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd

7.1 Meldepliktsordninga

7.1.1 Innleiing

Det er stor usikkerheit knytt til berekning av kostnadene ved ei meldepliktsordning. Fleire faktorar spelar inn. For det første er det vanskeleg å skilje mellom prosessar mellom bedrifter og styresmakter som vil oppstå som følgje av meldepliktsordninga, og dei som ville ha vore sette i gang uansett. Vidare knyter det seg uvisse til kor mange bedriftsnedleggingar som faktisk vil bli meldepliktige kvart år. Det er òg vanskeleg å slå fast kor lang tid kvar enkelt bedrift faktisk vil bruke på å utforme meldinga. Det er grunn til å tru at dei ulike fylkeskommunane vil prioritere behandlinga av meldingane ulikt. I tillegg kan det vere indirekte samfunnsøkonomiske verknader av meldepliktsordninga, som vanskeleg let seg måle.

Det er inga fast registrering av bedriftsnedleggingar som fører til tap av arbeidsplassar. Statistisk sentralbyrå (SSB) har derfor på oppdrag frå Nærings- og handelsdepartementet kopla data om bedriftsnedleggingar med opplysningar om endring i arbeidsplassar i tilhøyrande bedrifter. Dette gjer det mogleg å identifisere kor mange bedriftsnedleggingar som fører til reduksjon av arbeidsplassar. Identifikasjonen viser at det var 368 bedrifter med meir enn 30 tilsette som hadde 100 prosent nedgang i sysselsette frå 2003 til 2004. Det er ikkje haldepunkt for å meine at desse tala varierer vesentleg frå år til år, og truleg er dei representative også for dagens situasjon. Nedlegging på grunn av konkurs er ikkje omfatta av meldeplikta. Fråtrekt desse ville 328 av SSBs identifiserte bedrifter vere omfatta av meldeplikta. Dette estimatet er brukt for å anslå dei økonomiske konsekvensane av å innføre meldepliktsordninga med ei grense på 30 tilsette.

7.1.2 Kostnadene for bedriftene

Med dei krava til melding som går fram av lovforslaget, bør det vere fullt mogleg for dei aktuelle bedriftene å utforme meldinga utan ekstern bistand. At det i grunnen ikkje er nødvendig med ekstern bistand, tilseier likevel ikkje at dette ikkje blir teke i bruk. Konkurransestyresmaktene si erfaring har vist at ein god del meldingar etter konkurranselova blir utarbeidde av advokatfirma og til ikkje ubetydelege kostnader, også i tilfelle der det er vanskeleg å sjå at det var nødvendig.

Departementet har gjort nærmare berekningar og kome til at det kan ta tre til fem dagsverk å utforme ei melding. Dette overslaget er usikkert, men byggjer på at regelverket ikkje er kjent på førehand, og at ein må bruke tid på å forstå ordninga. Dersom fleire personar må involverast i utforminga og spesialtilpassa analysar må gjennomførast, kan ressursane kvar enkelt bedrift bruker på å utforme meldinga, auke til ca. 30 000 kroner. Departementet legg til grunn at om lag 70 prosent av meldepliktige nedleggingar vil bli gjenstand for ein «enkel» behandlingsprosess ved ei grense på 30 tilsette.

I dei tilfella der det blir initiert lengre og meir omfattande prosessar, må ein rekne med auka kostnader i form av melding, tidsbruk til møte og utarbeiding av tilleggsinformasjon.

Forventa årlege kostnader for bedriftene er ca. 12 millioner kroner ved ei grense på 30 tilsette.

7.1.3 Kostnadene for fylka

Dei direkte kostnadene for fylkeskommunane som følgje av ei meldepliktsordning omfattar i første rekkje tidsbruken knytt til det å behandle meldingane. Tidsbruken er avhengig av behovet for oppfølging. Det er grunn til å tru at det kjem til å vere store forskjellar mellom fylkeskommunane i kor høgt dei prioriterer saker. Fråsegnene frå fylkeskommunane kan tyde på at prioriteringane av, og derfor også behandlingstida til prosessar rundt nedleggingar, kan variere frå fylke til fylke.

Departementet si vurdering er at ei enkel behandling av meldingar etter ny omstillingslov vil likne på enkel behandling av alminneleg melding for føretakssamanslutningar etter konkurranselova. Det blir derfor lagt til grunn at to dagsverk vil vere fylkeskommunens ressursbruk ved ein slik prosess. På denne bakgrunnen reknar ein at kostnaden for fylkeskommunen ved behandling av ei melding i ein enkel prosess er 12 800 kroner.

Ved ein meir omfattande prosess legg vi til grunn at det tek dobbelt så lang tid å vurdere meldinga. Dersom det blir halde eitt møte på to timar der fleire personar deltek, kan samla tidsbruk for fylkeskommunane i denne type saker bli opp mot fem dagsverk. Samla kostnad er i så fall 32 000 kroner.

Større prosessar fører til større kostnader. Men ein må ta høgd for at det i dei større sakene er grunn til å rekne med at det uansett ville ha vore tilsvarande prosessar. Det er derfor ikkje nødvendigvis årsakssamanheng mellom meldepliktsordninga og fylkeskommunens kostnader i slike saker.

Når dei nemnde føresetnadene blir lagde til grunn, reknar ein med at forventa årlege kostnader for fylkeskommunane blir dryge 4 millionar kroner ved ei grense på 30 tilsette.

7.1.4 Samfunnsøkonomiske gevinstar av meldepliktsordninga

Økonomisk omstilling i form av at nokre bedrifter innstiller verksemda (legg ned), mens andre oppstår, er ein del av all økonomisk utvikling med kontinuerlege endringar. I ein økonomi som har tilnærma full ressursutnytting, er det ikkje mogleg for nye bedrifter med høgare verdiskapingspotensial å tiltrekkje seg arbeidskraft, viss ikkje andre bedrifter gir frå seg arbeidskraft. Nedlegging av ei verksemd med positiv, men relativt låg verdiskaping, kan derfor bidra til auka samla verdiskaping.

Det er mykje som tyder på at prosessar mellom bedrifter og styresmakter i samband med bedriftsnedleggingar skjer på adhoc-basis. Ein verknad av ny omstillingslov kan vere at prosessar rundt nedleggingar blir formaliserte og blir opnare. Bedriftene blir betre førebudde, og styresmaktene blir betre rusta til å handtere ein slik prosess. Dei samfunnsøkonomiske gevinstane av å innføre den føreslåtte meldeplikta knyter seg primært til at det blir større openheit i omstillingsprosessar.

Ved at planlagde bedriftsnedleggingar må meldast til styresmaktene, vil ei rekkje aktørar få tidlegare og betre informasjon om omstillingsutfordringar. Styresmaktene får tidlegare informasjon om at eit lokalsamfunn eller gruppe av arbeidstakarar kan trenge hjelp for ikkje å bli ramma av arbeidsløyse.

Tidleg varsling av omstillingsproblem kan føre til at det raskare blir sett i verk tiltak for å bidra til at tilsette ved nedleggingstrua bedrifter kjem seg over i alternativt arbeid. Dette vil redusere det samfunnsøkonomiske tapet ved arbeidsløyse.

Offentlege meldingar etter den føreslåtte omstillingslova kan bidra til å forenkle informasjonstilgang for potensielle investorar. Når prosessen er med på å bringe fram nye potensielle eigarar til heile eller delar av verksemda og også fører til eit eigarskifte, har lova bidrege til ein samfunnsøkonomisk gevinst.

7.2 Om drøftingsplikt om vidare drift og at dei tilsette eventuelt kan overta, når det blir vurdert å leggje ned ei verksemd

Forslaget inneber berre ei plikt for arbeidsgivar som vurderer nedlegging, til å inngå drøftingar med tillitsvalde for dei tilsette om vidare drift og eventuell overtaking av verksemda. Fordi forslaget ikkje inneber noka salsplikt, må konsekvensane av forslaget vurderast i forhold til den utvidinga av drøftingsplikta i arbeidsmiljølova § 15-2 som forslaget inneber.

For dei som ikkje alt er omfatta av Hovudavtalen mellom LO og NHO eller andre tariffavtalar med tilsvarande føresegner, kan forslaget innebere visse administrative konsekvensar ved ei viss utviding av drøftingsplikta. Men alt i dag er det ei plikt for arbeidsgivar til å gå inn i drøftingar med arbeidstakarane i desse tilfella. Ei utviding av drøftingsplikta til også å omfatte om tilsette har sjanse til å overta verksemda, inneber såleis ikkje store administrative kostnader. Departementet viser til at omfanget av drøftingsplikta er avhengig av og blir tilpassa dei realistiske moglegheitene det er for at dei tilsette faktisk kan kome til å overta verksemda.

Ei utviding av dagens drøftingsplikt kan få visse økonomiske konsekvensar ved at ein nedleggingsprosess kan bli noko forseinka. Men departementet viser til at det alt i dag er eit krav om at arbeidsgivar som vurderer å gå til masseoppseiing, så tidleg som mogleg skal innleie drøftingar med dei tilsette.

Til forsida