Ot.prp. nr. 30 (2000-2001)

Om lov om endring i lov 1. mars 1985 nr. 3 om stortingsvalg, fylkestingsvalg og kommunestyrevalg (Valgloven)

Til innhaldsliste

8 Merknader til lovutkastet

Til § 33 andre ledd første punktum:

Etter gjeldande rett skal førehandsrøysting innanriks, bortsett frå på Svalbard og Jan Mayen, skje på postkontor, på landpostruter eller på institusjonar der Posten har vedteke å ta imot førehandsrøyster. I tillegg har sjuke og uføre på nærmare vilkår høve til å førehandsrøyste der dei oppheld seg, sjå vallova § 36. Det er berre høve til å førehandsrøyste på postkontor som er drivne av Posten sjølv. Det er såleis ikkje tillate å røyste på postfilialar (Post i Butikk).

Lovendringa gjer det mogleg å ta imot førehandsrøyster i kommunale lokale òg. Førehandsrøysting etter denne regelen kan gå føre seg i alle lokale der kommunal verksemd held til, jf. kommunelova § 2, til dømes på bibliotek, offentleg servicekontor eller kommunehuset. Grunngivinga for endringa er at også veljarane i kommunar utan postkontor drivne av Posten sjølv skal kunne førehandsrøyste på ein fast stad i kommunen. I praksis vil slik førehandsrøysting vere mest aktuell i kommunar utan postkontor drivne av Posten sjølv, og berre éin stad i kvar kommune. Ein kan likevel ikkje sjå bort frå at det i enkelte kommunar, til dømes på grunn av geografiske og kommunikasjonsmessige tilhøve, unntaksvis kan vere behov for å gjennomføre førehandsrøysting fleire stader.

Posten kan vedta å ta imot førehandsrøyster i alle kommunale lokale som høver for mottak av førehandsrøyster. Eit minstekrav er at det må vere mogleg for veljaren å leggje røystesetelen ned i røystesetelkonvolutten utan at andre kan sjå kva for parti/liste veljaren røystar på. Dette blir ordna ved å bruke eit røysteavlukke.

Tilvisinga til tredje ledd er ikkje nødvendig, og er derfor oppheva.