Ot.prp. nr. 32 (2001-2002)

Om lov om endring i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven)

Til innhaldsliste

5 Nærmare om lovforslaget

Regjeringa foreslår at Noreg gjennomfører endringane i 1992-ansvarskonvensjonen ved at sjøloven § 194 første leddet vert endra slik:

  • Beløpet 3 millioner SDR vert endra til 4.510.000 SDR.

  • Beløpet 420 SDR vert endra til 631 SDR.

  • Beløpet 59,7 millioner SDR vert endra til 89.770.000 SDR.

Auken av beløpet i 1992-fondskonvensjonen artikkel 4 paragraf 4 krev ikkje lovendring, av di sjøloven § 201 inkorporerer 1992-fondskonvensjonen med endringar automatisk.

Vedtaka frå IMOs juridiske komité tek til å gjelde frå 1. november 2003, dersom ikkje ein firedel eller fleire av medlemsstatane protesterer mot vedtaka. Departementet gjer difor framlegg om at Kongen skal få heimel til å setje endringane i kraft.