Ot.prp. nr. 35 (2006-2007)

Om lov om endring i lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur (akvakulturloven)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovframlegget

Ved handsaminga av St. prp. nr. 1 for budsjettåret 2007, har Stortinget lagt til grunn at enkelte tilsynsoppgåver skal finansierast av ei sektoravgift. I nye retningslinjer for gebyr og avgiftsfinansiering av statlege styresmakthandlingar, R-112/2006, klargjer Finansdepartementet kva vilkår som bør vere oppfylt for gebyr- og avgiftsordningar. Eit grunnvilkår for gebyrordningane er etter retningslinjene i R-112 at gebyrplikta er knytt til den som mottek ei klart definert handling av styresmaktene. Hovudmålet med ei sektoravgift er å finansiere utgiftene til bestemde tiltak, for eksempel fellestiltak for ei næring der avgiftene vert betalte av næringa sjølv.

I forskrift om innkreving av gebyr til statskassen for offentlige oppgaver i forbindelse med oppdretts- og havbeitevirksomhet av 21. desember 2001 nr. 1597 vart det i § 3 fastsett eit årleg gebyr på kr. 3.500,- pr. lokalitet, for å betale kostnader for kontroll av lokalitetar for matfisk, stamfisk og FOU-anlegg i sjøvatn. Gebyret er ein fast sum knytt til kvar lokalitet, og er ikkje direkte knytt til tilsynshandlingane. Utviklinga synes òg å gå i retning av meir risikobasert kontrollarbeid der ikkje alle lokalitetar vert kontrollerte i løpet av ein bestemt tidsperiode. Det er difor slik at gebyrpliktige ikkje kvart år mottek ei klart definert offentleg styresmakthandling. Gebyrordninga bør difor endrast til ei sektoravgift.