Ot.prp. nr. 37 (2006-2007)

Om lov om endringar i friskolelova

Til innhaldsliste

8 Godkjenning med rett til tilskot

8.1 Gjeldande rett

Dette kapitlet gjeld alle skolar med unntak av vidaregåande skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar. Desse skolane er omtalte i kapittel 9.

Høvet til å godkjenne nye frittståande skolar vart mellombels oppheva med verknad frå 9. juni 2006, og det er berre godkjende skolar som var i drift 13. desember 2005 som har rett til tilskot og til å drive verksemda etter friskolelova, jf. §§ 2-1 og 2-2. Departementet kan «i særlege tilfelle» gjere unntak frå desse føresegnene. I kapittel 4.3 i Ot.prp. nr. 43 (2005–2006) er det presisert at det her berre er tale om ein smal unntaksheimel for heilt spesielle tilfelle, og at høvet til godkjenning berre gjeld dersom etableringa av skolen ikkje vil medføre vesentlege negative konsekvensar for vertskommunen/vertsfylket. Det er fastsett at vertskommunen/vertsfylket skal gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka. Ved allereie godkjende frittståande skolar som var i drift 13. desember 2005, kan departementet godkjenne driftsendringar. Departementet har lagt til grunn at vertskommunen/vertsfylket har rett til å klage over eit vedtak om godkjenning av ein ny skole etter friskolelova eller eit vedtak om driftsendringar ved ein eksisterande frittståande skole.

Lova opnar ikkje lenger for at det kan givast løyve til tidsavgrensa pedagogiske eller organisatoriske forsøk, jf. § 1-5. Frittståande skolar som tidlegare har fått løyve til å drive tidsavgrensa forsøk, vil ikkje få løyve til forlengd forsøksperiode.

Fram til 9. juni 2006 var hovudregelen at frittståande skolar som oppfylte dei krava som følgjer av lova, hadde rett til godkjenning og tilskot frå staten. Retten til godkjenning var avhengig av at godkjenninga ikkje fekk vesentlege negative konsekvensar for vertskommunen eller vertsfylket. Det var likevel slik at enkelte typar skolar ikkje hadde rett til godkjenning, men kunne godkjennast av departementet med rett til tilskot etter ei samla vurdering. Dette gjaldt norske frittståande skolar i utlandet, internasjonale frittståande skolar i Noreg og særskilde skolar for funksjonshemma. Med unntak av vedtak som gjaldt norske skolar i utlandet, skulle vertskommunen/vertsfylket gi fråsegn før departementet gjorde vedtak i saka. Etter § 1-5 kunne departementet etter søknad frå ein frittståande skole gi løyve til at det vart gjort avvik frå lova og forskriftene til lova i samband med tidsavgrensa pedagogiske eller organisatoriske forsøk.

I godkjenninga av den enkelte skolen er det blitt stilt vilkår om at flytting av ein grunnskole til ein annan kommune eller flytting av ein vidaregåande skole til eit anna fylke føreset ny søknad. Dette har samanheng med at skolar ikkje kan godkjennast dersom det medfører vesentlege negative konsekvensar for vertskommunen/vertsfylket, og at vertskommunen/vertsfylket har uttalerett.

Om ikkje anna er fastsett i godkjenninga av den enkelte skolen, avgjer skolen sjølv når han vil starte opp skoleverksemda, og om han ønskjer å ta ein pause i verksemda etter friskolelova. Ved opphør av skoledrifta etter friskolelova kan departementet krevje tilbakeført attståande midlar som skriv seg frå det offentlege tilskotet, jf. § 7-2 fjerde ledd.

Med unntak av dei internasjonale grunnskolane skal dei frittståande grunnskolane gi opplæring på norsk eller samisk, jf. § 2-1 andre ledd tredje punktum. Det er ikkje fastsett tilsvarande krav for dei frittståande vidaregåande skolane i § 2-2.

Det er ikkje fastsett krav i friskolelova om kva språk skolen sine dokument, for eksempel læreplanar, inntaksreglement, referat frå styremøte og rekneskap skal liggje føre på.

Departementet har heimel for å forskriftsfeste fristar for søknad om godkjenning av ein frittståande skole, jf. §§ 2-1 siste ledd og 2-2 siste ledd. Slik forskrift er gitt i § 12-1 i forskrifta til friskolelova.

8.2 Krav til grunnlag

8.2.1 Innleiing

8.2.1.1 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet viste departementet til at det i den tidlegare privatskolelova, som vart erstatta av friskolelova, vart det stilt krav om at ein skole måtte ha eit bestemt formål, for eksempel religiøst, fagleg-pedagogisk, norsk skole i utlandet eller dekkje eit kvantitativt behov. Da kravet om formål vart fjerna med friskolelova – for grunnskolane frå 1. oktober 2003 og for dei vidaregåande skolane frå 1. desember 2004, førte det til ein ukontrollert vekst i talet på nye skolar. For å få til den ønskte innstramminga i friskolepolitikken, jf. kapittel 2.1, foreslo departementet i høringsbrevet at det i § 2-1 blir innført tilleggskrav til grunnskolar og vidaregåande skolar for å få godkjenning med rett til statstilskot etter lova.

I høringsbrevet viste departementet til at formålet med dei private skolane etter lova primært er å drive skole, det vil seie at dei på vegner av det offentlege skal sørgje for at elevane får oppfylt sin rett og si plikt til grunnskoleopplæring og sin rett til vidaregåande opplæring. Formålet med skolane er såleis ikkje primært å gi opplæring til ei bestemt tru eller å gi kunnskap om ein bestemt undervisningsfilosofi, men det særskilde grunnlaget for skolen kan gjere det ønskeleg for det offentlege å vurdere å yte tilskot til skolen. I høringsbrevet presiserte departementet at skolane heller ikkje skal gi behandling. Departementet foreslo derfor i høringsbrevet at dei tidlegare brukte omgrepa grunnar og formål i privatskolelova blir erstatta av omgrepet grunnlag , det vil seie at skolane i tillegg til å gi elevane jamgod opplæring, jf. § 2-3, må dokumentere at dei skal ha/har eit særskilt grunnlag.

8.2.1.2 Synspunkta frå høringsinstansane

Eit fleirtal av høringsinstansane støttar eller har ikkje merknader til høringsforslaget om at skolane må ha eit særskilt grunnlag for å få godkjenning med rett til statstilskot etter lova.

Fleirtalet av dei fylkeskommunar og kommunar som uttaler seg, er i hovudsak positive til forslaget og den gjennomgåande endringa.

Utdanningsforbundet støttar intensjonen i forslaget, og uttaler at

«Det er naudsynt med ei innstramming av friskulepolitikken og innføring av tilleggskrav for å få godkjenning etter lova med rett til tilskot. Formålet med dei private skulane etter lova må primært vere å drive skule, ikkje å gi opplæring til ei bestemt tru eller gi kunnskap om ein bestemt undervisningsfilosofi. Vi støttar forslaget om å nytte omgrepet «grunnlag» i staden for omgrepa «grunnar» og «formål» som vart brukt i den tidlegare privatskulelova.»

Barneombodet er også positivt til lovforslaget, og stiller seg bak den beskrivinga departementet gav av posisjonen til privatskolane/friskolane i Noreg. Ombodet uttaler at

«Vi er i prinsippet enige i regjeringens målsetting slik den fremkommer i Soria Moria-erklæringen.»

Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Oslo kommune er blant dei som er negative til forslaget og uttrykkjer at dei er tilfreds med gjeldande friskolelov. Oslo kommune uttaler mellom anna:

«Oslo kommune er ikke enig i at det fremmes en lov med begrensninger i mulighetene til å etablere nye friskoler».

8.2.1.3 Vurderingar og forslag frå departementet

Hovudformålet med dei foreslåtte endringane om krav til særskilt grunnlag for å få godkjenning med rett til statstilskot etter lova, er å avgrense veksten av private skolar som ikkje utgjer eit religiøst eller pedagogisk alternativ til den offentlege skolen, jf. kapittel 2.1. Departementet har merkt seg at fleirtalet av høringsinstansane støttar eller ikkje har merknader til forslaget om at skolane må ha eit særskilt grunnlag for å få godkjenning med rett til tilskot etter lova. Departementet går på denne bakgrunn inn for at lova blir endra i samsvar med høringsforslaget, slik at private skolar som utgjer eit supplement til den offentlege skolen i kraft av å representere eit særskilt grunnlag, skal givast høve til å få godkjenning med rett til statstilskot.

Departementet fremjar etter dette forslag til endringar i § 2-1 andre ledd i samsvar med forslaget i høringsbrevet. Elles viser departementet til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

Nedanfor følgjer vurderingar og forslag frå departementet om kva for grunnlag skolane må ha for å bli godkjende.

8.2.2 Skolar som blir etablerte og drivne på religiøst grunnlag

8.2.2.1 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet viste departementet til at i den offentlege grunnskolen er kristendoms-, religions- og livssynskunnskap eit ordinært skolefag, og at undervisninga i faget ikkje skal vere forkynnande. Departementet viste også til at det er fastsett at

«Den som skal undervise i kristendoms-, religions- og livssynskunnskap, skal presentere kristendommen, dei ulike verdsreligionar og livssyn ut frå deira eigenart. Dei same pedagogiske prinsippa skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emna».

Det ovannemnde følgjer av opplæringslova § 2-4 andre og tredje ledd.

I Religion og etikk , fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram, går det fram at dette både er eit kunnskapsfag og eit holdningsdannande fag. Heller ikkje dette faget skal være forkynnande.

I høringsbrevet gav departementet uttrykk for at det ønskjer at foreldre og elevar framleis skal kunne velje skolar som er etablerte på religiøst grunnlag. Dette er i samsvar med den politiske plattforma for fleirtalsregjeringa (Soria Moria-erklæringa), jf. kapittel 1. Dersom dette skal vere reelt mogleg for alle som ønskjer det, må staten yte tilskot til denne typen skolar. Departementet foreslo derfor i høringsbrevet at lova skal opne for grunnskolar og vidaregåande skolar som blir etablerte og drivne på eit reelt religiøst grunnlag. Kravet om eit reelt religiøst grunnlag inneber at den enkelte skolen må synleggjere verdigrunnlaget i mellom anna stiftelsesdokumentet og i dei læreplanane skolen skal følgje på det enkelte trinnet.

8.2.2.2 Synspunkta frå høringsinstansane

Eit fleirtal av høringsinstansane støttar eller har ikkje merknader til høringsforslaget om at lova skal opne for skolar som blir etablerte og drivne på eit reelt religiøst grunnlag.

Eit klart fleirtal av dei høringsinstansane som uttaler seg, er positive til forslaget. Norsk Lærerakademi og Kristne Friskolers Forbund (KFF), som støttar forslaget, meiner at det i forarbeida til lovendringa må takast med at forkynning er tillate mellom anna i kristendomsundervisninga i ein friskole driven på kristent grunnlag, og uttaler vidare:

«Departementet bør også gjøre det klart at selv om formål ikke er tatt med som godkjenningsgrunnlag slik det var i den gamle privatskoleloven, så er det fortsatt mulig for en skole drevet på religiøst grunnlag å ha et religiøst formål med opprettelsen av skolen.»

Moe skole uttaler at skolen reknar med at forslaget ikkje inneber avgrensing når det gjeld trusopplæring og forkynning.

Ansgar Bibelskole uttaler at

«Vi har merket oss at religiøst formål ikke lenger er grunnlag for godkjenning og støtte, slik det var i den gamle privatskoleloven. Men vi oppfatter det ikke som noen saklig endring når departementet foreslår å bytte ut begrepet formål med begrepet grunnlag. Regjeringserklæringen er tydelig på at skoler som drives på et religiøst grunnlag skal godkjennes og at staten skal yte tilskudd til denne typen skoler.»

8.2.2.3 Vurderingar og forslag frå departementet

Som vist til i kapittel 8.2.2.1 foreslo departementet i høringsbrevet at lova skal opne for grunnskolar og vidaregåande skolar som blir etablerte og drivne på religiøst grunnlag, slik at foreldre og elevar framleis skal ha reelt høve til å velje slike private skolar. Departementet har merkt seg at enkelte av dei kristne frittståande skolane som uttaler seg, er usikre på om kravet i lovforslaget om religiøst grunnlag, ikkje religiøst formål som i den tidlegare privatskolelova, inneber ei avgrensing når det gjeld trusopplæring og forkynning.

Departementet vil i denne samanheng presisere at skolen sitt hovudformål er å sørgje for at elevane får oppfylt sin rett og si plikt til grunnskoleopplæring og sin rett til vidaregåande opplæring. Dette betyr likevel ikkje at skolar som er etablerte på religiøst grunnlag, ikkje kan gi trusopplæring. Formålet med å etablere og drive skolar på religiøst grunnlag vil nettopp vere at slike skolar skal gi barn og unge eit skoletilbod der trua er ein naturleg del av verdigrunnlaget, og der dette er synleggjort i stiftelsesdokumenta og i dei læreplanane skolen skal følgje. Læreplanane for skolen må ikkje komme i konflikt med formålsparagrafen i lova, jf. § 1-1. Private skolar som er etablerte og blir drivne på religiøst grunnlag, har høve til å gjennomføre opplæringa i samsvar med sitt syn og si overtyding, så lenge det blir informert om andre syn og norsk lovgiving på området.

Departementet fremjar etter dette forslag om endringar i § 2-1 andre ledd i samsvar med forslaget i høringsbrevet. Elles viser departementet til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

8.2.3 Skolar som blir etablerte og drivne på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning

8.2.3.1 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet uttalte departementet:

«Det følger av opplæringsloven § 8–1 første ledd at elever i grunnskolen har rett til:

«å gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til». Foreldrene kan søke om at barnet/ungdommen får gå på en annen skole enn nærskolen. Søknaden avgjøres av hjemkommunen. Elever i den videregående skolen har ikke lovhjemlet rett til inntak ved en bestemt skole, jf. opplæringsloven § 3–1. Enkelte fylkeskommuner praktiserer fritt skolevalg, det vil si et inntak som i stor grad er basert på karakterer.

De frittstående skolene skal ha hele landet som inntaksområde og skal stå åpne for alle som fyller vilkårene for inntak i offentlige skoler, jf. friskoleloven § 3–1.

Kunnskapsløftet gir i større grad enn tidligere skolene frihet til å organisere opplæringen. Siden læreplanen i liten grad beskriver innhold, er skolens handlingsrom økt betraktelig med tanke på utvalg og konkretisering av innhold og valg av arbeidsmåter for at elevene skal nå kompetansemålene i fagene. Dette gir et langt større spillerom for skolene til å legge til rette for alternative opplærings- og organiseringsformer så lenge kompetansemålene nås, [...].

Den tidligere privatskoleloven åpnet for godkjenning av skoler som var etablert som et faglig-pedagogisk alternativ til den offentlige skolen. Som følge av Kunnskapsløftet vil de offentlige grunnskolene nå i prinsippet kunne gi opplæring i henhold til for eksempel montessoripedagogikken, det vil si at de følger Kunnskapsløftet, bruker Maria Montessoris psykologiske forståelse av barnets utvikling, herunder virkemidlene, har montessorimateriell og et undervisnings-personale med tilleggsutdanning i montessoripedagogikk. Dersom foreldre ønsker at barna sine skal få opplæring i henhold til denne pedagogikken og de skal få realisert dette ønsket, er de avhengig av at denne pedagogikken tilbys:

  • ved den offentlige nærskolen, jf. opp­læringsloven § 8–1 første ledd.

  • ved en annen offentlig skole og kommunen imøtekommer søknaden, jf. opplærings­loven § 8-1 annet ledd.

  • ved en privat grunnskole, jf. opplærings­loven § 2-12 .

  • ved en skole som er godkjent etter friskoleloven/privatskoleloven.

Et femte alternativ er privat hjemmeundervisning, det vil si at de foresatte selv underviser sine egne barn hjemme, i denne pedagogikken. Dette alternativet er lite realistisk for de fleste. Det samme er de tre første strekpunktene. Mange offentlige grunnskoler har elementer av montessoripedagogikken i sin undervisning, men tilbyr ikke denne pedagogiske retningen i sin helhet. Per i dag finnes det bare frittstående montessoriskoler. Det er altså ingen montessoriskoler som er godkjent etter opplæringsloven § 2-12. Dersom en skulle endre friskoleloven slik at den ikke lenger åpnet for godkjenning av montessoriskoler, er det lite sannsynlig at det ville være stor etterspørsel etter private montessoriskoler fordi skolepengene ville bli for høye for de aller fleste.

Når det gjelder steinerpedagogikken er det lite trolig at den i sin helhet kan tilbys innenfor rammene av Kunnskapsløftet.

Regjeringen ønsker at foreldre og elever fortsatt skal kunne velge skoler som utgjør et faglig-pedagogisk alternativ (slik begrepet ble brukt i den tidligere privatskoleloven), jf. regjeringserklæringen. Dersom denne muligheten skal være reell, må denne typen skoler kunne godkjennes med rett til statstilskudd også i fremtiden. I og med at blant annet montessoripedagogikken trolig kan gjennomføres innenfor Kunnskapsløftet, vil det etter departementets vurdering være unaturlig å betegne disse skolene som «alternative» skoler. Etter departementets vurdering bør derfor det tidligere brukte begrepet «faglig-pedagogisk alternativ» erstattes med begrepet «anerkjent pedagogisk retning». I dette begrepet ligger det bl.a. at pedagogikken ikke nødvendigvis er annerledes enn den som tilbys i den offentlige skolen, men at den må representere en sammenhengende idé og et verdigrunnlag som normalt ikke realiseres i den offentlige skolen fordi det kreves særskilt tilrettelegging av kompetansemålene i Kunnskapsløftet og/eller fordi de har en sammenhengende idé som «binder» opplæringen metodisk.

Med «pedagogisk retning» menes at skolen skal følge et helhetlig pedagogisk opplegg; en organisering, en metode og tilhørende læreplaner. I begrepet «anerkjent» ligger det at pedagogikken er utprøvd, utførlig beskrevet i litteraturen, velrenommert og relativt utbredt. Departementet mener at skoler som skal drive sin virksomhet etter privatskoleloven på grunnlag av en anerkjent pedagogisk retning må ha et undervisningspersonale, som i tillegg til godkjent lærerutdanning eller godkjente alternative kompetansekrav, jf. § 4–2, har en tilstrekkelig spesialkompetanse til å gjennomføre den anerkjente pedagogiske retningen, for eksempel steinerhøyskole eller videreutdanning innen montessoripedagogikk.

En nasjonal modell/tradisjon, for eksempel en fransk eller spansk læreplan, vil etter dette ikke være en anerkjent pedagogisk retning, mens steinerskoler, montessoriskoler og såkalte «jenaplanskoler» og «daltonskoler» vil falle innenfor definisjonen, forutsatt at skolene tilsetter undervisningspersonell med spesialkompetanse.

Departementet foreslår at privatskoleloven skal åpne for grunnskoler og videregående skoler som etableres og drives på grunnlag av en anerkjent pedagogisk retning. »

8.2.3.2 Synspunkta frå høringsinstansane

Dei fleste høringsinstansane støttar eller har ikkje merknader til høringsforslaget om at lova skal opne for skolar som blir etablerte og drivne på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning.

Utdanningsforbundet er blant dei høringsinstansane som støttar forslaget, og uttaler:

«I tillegg til at skular skal kunne godkjennast på religiøst grunnlag, må det og vere opning for godkjenning med rett til tilskot til det som i den gamle privatskulelova vart kalla pedagogiske alternativ. Sjølv om Kunnskapsløftet gir skulane større handlingsrom når det gjeld opplærings- og organiseringsformer, kan ikkje foreldre som ønskjer det, få tilbod om pedagogiske alternativ i sin heilskap, utan å søkje elevane inn på skular som er etablerte som eit fagleg-pedagogisk alternativ.

Departementet foreslår at ein i den nye lova skal nytte omgrepet «anerkjent pedagogisk retning» i staden for «fagleg-pedagogisk alternativ». I omgrepet legg departementet at opplæringa må representere ein samanhengande idé og eit verdigrunnlag som normalt ikkje kan realiserast i den offentlege skulen. Pedagogikken skal vere utprøvd, utførleg beskriven i litteraturen, velrenommert og relativt utbreidd, og skulen må følgje eit heilskapleg pedagogisk opplegg.

Utdanningsforbundet ser at veikskapen i dette forslaget kan vere at det berre er særskilte pedagogiske retningar som har eksistert i ei årrekkje, som kan godkjennast. Eventuelle nyutviklingar av pedagogiske alternativ kan få problem med å bli godkjent, og lova kan bli for lite utviklingsorientert. Likevel vil andre løysingar bli så vanskelege å avgrense i høve til dei pedagogiske moglegheitene og utviklinga i den offentlege skulen, at Utdanningsforbundet støttar forslaget om å nytte omgrepet «anerkjent pedagogisk retning». Forsøksheimelen i lova kan også gje moglegheit for å leggje til rette for utvikling i dei private skulane.

Vi er einig i at undervisningspersonalet i desse skulane, i tillegg til godkjent lærarutdanning eller godkjente alternative kompetansekrav, må ha ein tilstrekkjeleg spesialkompetanse til å kunne gjennomføre den anerkjente pedagogiske retninga. Vi sluttar oss også til at ein nasjonal modell eller tradisjon som til dømes ein fransk eller spansk læreplan, ikkje kan vere ei anerkjent pedagogisk retning.»

Steinerskoleforbundet er kritisk til nemninga anerkjend pedagogisk retning og foreslår å behalde faglig-pedagogisk alternativ, eventuelt å innføre omgrepet Helhetlig begrunnet faglig pedagogisk alternativ. Forbundet grunngir dette slik:

«Folkeretten stiller krav om at økonomisk støtte til slik undervisning skal gies på et ikke-diskriminerende grunnlag. Det er etter vårt syn derfor svært problematisk med begrepet «anerkjent» i tilknytning til godkjenning. Det samme begrepet knyttes ikke til skoler etablert på religiøst grunnlag, og det synes derfor underlig at det skal gjøres en anerkjennelsesvurdering av foreldres pedagogisk-filosofiske overbevisning, når det ikke gjøres av deres religiøse overbevisning. Høringsbrevets forsøk på å forklare bruken av «anerkjent» er etter vårt syn ikke holdbar. At pedagogikken må være «utprøvd, utførlig beskrevet i litteraturen, velrenommert og relativt utbredt», kan vise seg effektivt for å hindre at nye impulser i kulturlivet kan danne nye skoleformer.

Departementets ser ut til å ville godta det som allerede finnes, men hindre nyskapning. For en fornyelsespedagogikk som i sin tid oppsto utenfor den offentlige skoleporten, og som slett ikke var velrenommert og utførlig beskrevet i litteraturen, fremstår dette som et tilbakeskritt. Endringen av begrepene fra «Faglig pedagogisk alternativ» til «Anerkjent pedagogisk retning» synes altså motivert av to hensyn:

  • Å vanskeliggjøre at nye aktører slipper til.

  • Å synliggjøre den offentlige skolens metodefrihet.

Lovverket bør etter vårt syn ikke hindre framtidige tilskudd til norsk skoleutvikling. Vi mener derfor at begrepet «anerkjent» bør unngås, og at uttrykket «Faglig pedagogisk alternativ» bedre dekker saksforholdet. For å ivareta ønsket om å synliggjøre metodefriheten i offentlig skole, foreslår vi derfor at den nye loven på dette punkt bruker betegnelsen «Helhetlig begrunnet faglig pedagogisk alternativ.»

Næringslovets Hovedorganisasjon (NHO) og Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH) meiner at forslaget vil gjere pedagogisk utvikling vanskeleg. HSH uttaler i denne samanheng mellom anna:

«Lovforslaget åpner for at skoler kan etableres og drives på grunnlag av en anerkjent pedagogisk retning. Det er noe uklart hva man mener med dette. Av høringsnotatet kan det synes som om departementet kun vil godkjenne allerede etablerte pedagogiske retninger/alternativ. Dette vil i så fall være svært uheldig for samfunnsutviklingen. Etter HSHs syn er det viktig at lovverket ikke er til hinder for utvikling av nye pedagogiske retninger, nye metodikker mv innenfor skoleverket. Det er ikke nødvendigvis slik at dagens løsninger vil være de beste i fremtiden.»

Norske Fag- og Friskolers Landsforbund (NFFL) kommenter også forslaget:

«Departementet synes å skille begreper slik at enkelte pedagogiske modeller, tradisjoner eller læreplaner skal falle utenom det som skal ligge i begrepet «anerkjent pedagogisk retning», mens derimot «steinerskoler, montessoriskoler og såkalte «jenaplanskoler» og «daltonskoler» vil falle innenfor definisjonen» Og departementets konklusjon blir dermed at «privatskoleloven skal åpne for grunnskoler og videregående skoler som etableres og drives på grunnlag av en anerkjent pedagogisk retning.»

NFFL uttaler vidare:

«Pedagogikk defineres som læren om oppdragelse og undervisning. Som en øvelse kan det være nyttig å bruke internett og diverse leksikoner for å kartlegge hvordan begrepet «pedagogisk retning» benyttes i faglig sammenheng. Begrepet inngår bl.a. i diverse lærebøker for ulike yrkesgrupper, ikke bare i lærerutdanningen. Vanlige begreper som går igjen er for eksempel Atferdspedagogisk retning, Humanistisk pedagogisk retning, Kognitiv pedagogisk retning, Aktivitetspedagogisk retning, Helhetlig pedagogisk retning osv. Alle disse retningene må trygt kunne betegnes som anerkjente, i det at de inngår i læreplaner for ulike fag- og profesjonsutdanninger i Norge.

Høringsnotatet velger å fremheve 4 pedagogiske retninger som særlig godt egnet til å oppfylle departementets kriterier for å oppnå statlig godkjenning. Men hvorfor er for eksempel ikke sosialpedagogiske eller konsekvenspedagogiske retninger nevnt? Og hva med nyere pedagogiske retninger og læringsteorier der bruk av ikt-verktøy i samhandling og kommunikasjon står sentralt?»

8.2.3.3 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet foreslår at lova skal opne for grunnskolar og vidaregåande skolar som blir etablerte og drivne på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning.

Departementet vil presisere at med omgrepet anerkjend er meint at skolens pedagogiske verksemd er utprøvd, relativt utbreidd og utførleg beskriven i faglitteraturen.

Departementet vil uttale at omgrepet pedagogisk retning inneber at det skal vere ein heilskapleg samanheng i skolens pedagogiske verksemd. Det betyr at opplæringa i skolen byggjer på eit samanhengande idé- og verdigrunnlag, og at dette legg bestemte føringar for ulike sider ved skolens pedagogiske praksis, som fagleg innhald, organisering og metode. Skolane må derfor ha læreplanar som synleggjer kva konsekvensar dette idé- og verdigrunnlaget har for opplæringa, for eksempel korleis det påverkar fagleg innhald og/eller bind opplæringa metodisk.

I samsvar med høringsbrevet foreslår departementet at skolar som skal drive verksemda etter lova på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, må ha eit undervisningspersonale som i tillegg til godkjend lærarutdanning eller godkjende alternative kompetansekrav har tilstrekkeleg spesialkompetanse knytt til den anerkjende pedagogiske retninga, for eksempel steinerhøgskole eller vidareutdanning innan montessoripedagogikk.

Departementet har merkt seg at enkelte høringsinstansar meiner forslaget vil gjere pedagogisk utvikling vanskeleg fordi det synest som om departementet berre vil godkjenne allereie etablerte pedagogiske retningar, og at dette i så fall vil vere uheldig for samfunnsutviklinga. Departementet vil i den samanheng vise til at bakgrunnen for dei foreslåtte endringane er at regjeringa vil satse på kvalitet og mangfald i ein offentleg fellesskole og prioritere statlege midlar til utvikling av den offentlege skolen. Departementet viser vidare til at forslaget om å atterinnføre ein forsøksheimel i lova, jf. § 2-5 i lovutkastet, vil gjere det mogleg å leggje til rette for utvikling også i dei private skolane.

Departementet fremjar etter dette forslag om endringar i § 2-1 andre ledd i samsvar med forslaget i høringsbrevet. Elles viser departementet til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

8.2.4 Norske skolar i utlandet

8.2.4.1 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet foreslo departementet at lova skal opne for godkjenning av norske grunnskolar i utlandet. Etter forslaget omfattar omgrepet utlandet Svalbard. Departementet foreslo vidare at lova ikkje skal opne for godkjenning av nye norske vidaregåande skolar i utlandet.

I høringsutkastet uttalte departementet:

«Opplæringsloven gjelder i Norge med unntak av Svalbard. Unntaket for Svalbard følger av § 2 i svalbardloven. For øvrig vises det til forskrifter 6. desember 1981 nr. 3380 om grunnskole og videregående skole på Svalbard. Nordmenn som bosetter seg i utlandet, vil ikke ha rett og plikt til grunnskoleopplæring eller rett til videregående opplæring etter norsk lov. Ved kortvarige utenlandsopphold vil grunnskoleplikten være i behold.

Friskoleloven gjelder både for frittstående skoler i Norge og i utlandet. Flere norske skoler i utlandet mottar tilskudd etter friskoleloven.

Departementet mener primært at norske statsborgere som velger å flytte utenlands må benytte de velferdsordningene som finnes i det landet de flytter til, f.eks. helse- og sosialtjenester, barnehager, skole mv. Dette er ikke bare et kostnadsspørsmål, men også et integreringsspørsmål. Departementet mener likevel at det kan være rimelig at barn i opplæringspliktig alder som oppholder seg i utlandet i visse tilfeller fortsatt får et norsk grunnskoletilbud. Dette vil kunne gjøre både utenlandsoppholdet og hjemkomsten enklere for disse barna. Det må da stilles krav om at de norske skolene i utlandet følger den læreplanen som gjelder for offentlige norske skoler.

Departementet mener at disse hensynene ikke gjør seg gjeldende i samme grad når det gjelder videregående opplæring. Dette dreier seg om ungdom i alderen 16 til 19 år som det må forventes at i langt større grad kan nyttiggjøre seg nasjonale eller internasjonale tilbud i det landet de bor i. Det vises her også til at det er bred politisk enighet om at det er positivt at norsk ungdom reiser ut og tar videregående opplæring i utlandet. En utenlandsk eller internasjonal videregående utdanning kan også være til stor nytte dersom eleven ønsker å ta høyere utdanning i utlandet. Dersom disse elevene ønsker å fullføre den videregående opplæringen i Norge, kan de få godskrevet den opplæringen de har fullført og bestått i utlandet, jf. forskrift til opplæringsloven § 1-12 første ledd.»

8.2.4.2 Synspunkta frå høringsinstansane

Fleirtalet av høringsinstansane uttaler seg ikkje om forslaget om at lova ikkje skal opne for godkjenning av nye norske vidaregåande skolar i utlandet. Av dei høringsinstansane som har uttalt seg til dette forslaget, er dei fleste imot.

Innvendingane til forslaget kjem frå mellom andre Aust-Agder fylkeskommune, Oslo kommune, Centro Asistencial Noruego (Bærum kommunes bo- og behandlingssenter i Altea), Norsk Lærerakademi, Utdanningsforbundet, Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH), Norges Astma- og Allergiforbund, Norske Utenlandsskolers Forening, Kristne Friskolers Forbund (KFF), Den norske skole Costa Blanca, FAU ved Den norske skole Costa Blanca, Den Norske Skole Gran Canaria, Den Norske Skolen i Rojales og Den skandinaviske skolen i Brussel. Desse høringsinstansane meiner at vidaregåande skolar i utlandet framleis må få godkjenning.

Norske Utenlandsskolers Forening uttaler at forslaget er eit av dei hovudpunkt som har skapt mest uro mellom dei skolane i utlandet som har vidaregåande skole i dag, og seier i denne samanheng at

«Norske arbeidstakere, i både privat og offentlig tjeneste, som sendes til utlandet for å bidra til å ivareta norske interesser politisk, økonomisk, militært og kulturelt vil ofte ha forholdsvis korte opphold. Vi vet at mange av disse kun vil ønske å flytte hvis de kan oppleve kontinuitet i sine barns skolegang. Flere av skolene i utlandet har blitt opprettet nettopp for å tilfredsstille slike behov.

Andre departementer er opptatt av at Norge markedsfører seg i utlandet og utnytter det potensialet som globalisering og internasjonalisering kan ha for norske interesser og norsk næringsliv. Vi kan anta at antallet utsendte medarbeidere fra Norge bare vil øke i tiden fremover.

Familier som flytter av helsemessige årsaker har ofte barn som har vært mye syke og mistet mye undervisning av den grunn. Utfordringene for dem er store når det gjelder å ta igjen skolegang og undervisning som har blitt skadelidende under deres sykdomsperioder. Å skulle etablere seg i et nytt skolesystem med et annet morsmål vil sannsynligvis være for utfordrende.»

Norsk Lærerakademi og Kristne Friskolers Forbund (KFF) gir uttrykk for at den norske staten, ut frå både historiske, moralske og politiske vurderingar, har eit spesielt ansvar for å sikre norsk skolegang for barn av norsk personell i land der det blir drive bistandsrelatert verksemd:

«I disse landene er sjelden internasjonale skoler noe alternativ. Dette krever at utenlandsskolene knyttet til bistandsmiljøer må gis særskilte vilkår slik at skolene kan fylle sin funksjon. Mulighet for fleksible ordninger er nøkkelen til om disse skolene makter å ivareta sin oppgave overfor barn i en meget utsatt situasjon.»

Utdanningsforbundet er også kritisk til forslaget, og uttaler at

«Det må takast omsyn til tilhøva i det landet der ein søkjer om etablering av private skular, både når det gjeld infrastruktur, avstandar og kvaliteten på opplæringa. Ein må også ta omsyn til at elevane ofte har korte opphald i utlandet og skal tilbake til det norske opplæringssystemet og vere i stand til å fullføre opplæringsløpet i Noreg utan forseinking eller fråfall. Fleire av dei utanlandske skulane har elevar som er i utlandet av helsemessige grunnar.

Når ein opnar for støtte til internasjonale skular i Noreg, mellom anna for å rekruttere utanlandsk arbeidskraft til norske bedrifter, må det vere rett at også nordmenn som for ein kortare periode har tilsetjingsforhold i utanlandske verksemder eller er på oppdrag for norske styresmakta eller organisasjonar, kan få eit opplæringstilbod for bama sine ved ein privat skule i utlandet, dersom forholda ligg til rette for det. Utdanningsforbundet meiner derfor at privatskulelova bør opne for at bam og unge som held til i utlandet, kan få eit tilbod om grunnskule eller vidaregåande opplæring ved ein skule godkjent etter privatskulelova.»

Norges Astma- og Allergiforbund meiner at elevar med kronisk sjukdom vil bli ramma på ein negativ måte som verken kan sameinast med Regjeringa sin politikk eller med intensjonane med NAV-reforma. Vidare seier forbundet at elevar med kronisk sjukdom står overfor mange utfordringar som funksjonsfriske ikkje opplever. Forbundet viser til at utdanning ved offentleg godkjende norske skolar i utlandet som Den Norske Skole på Gran Canaria gjennom fleire år har medverka til at elevar med kronisk sjukdom likevel har gjennomført vidaregåande utdanning, og uttaler at

«[...] for mange pasienter med alvorlig astma, allergi og eksem er det særdeles viktig å kunne ta sin utdanning under andre klimatiske forhold, da klima har betydelig innvirkning på deres fysiske helse.»

8.2.4.3 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet er av den oppfatning at norske statsborgarar som vel å flytte utanlands, primært må nytte dei velferdsordningane som finst i det landet dei flytter til. Departementet meiner likevel at det kan vere rimeleg at barn i opplæringspliktig alder som oppheld seg i utlandet, i visse tilfelle framleis får eit norsk grunnskoletilbod. Dette kan gjere både utanlandsopphaldet og heimkomsten enklare for desse barna. På denne bakgrunn og i samsvar med høringsforslaget foreslår departementet at lova skal opne for godkjenning av norske grunnskolar i utlandet. Skolane må følgje den læreplanen som til kvar tid gjeld for offentlege norske skolar.

Når det gjeld ungdom i alderen 16 til 19 år, må det forventast at denne aldersgruppa i langt større grad kan nyttiggjere seg nasjonale eller internasjonale tilbod i det landet dei bur i. Departementet viser til vurderingane i høringsbrevet, jf. kapittel 8.2.4.1. Departementet foreslår derfor, i samsvar med høringsforslaget, at lova ikkje skal opne for godkjenning av nye norske vidaregåande skolar i utlandet. Departementet viser også til at eit klart fleirtal av høringsinstansane ikkje har innvendingar mot dette forslaget. Når det gjeld dei eksisterande vidaregåande tilboda i utlandet, viser departementet til kapittel 8.3.

Departementet fremjar etter dette forslag om endringar i § 2-1 andre ledd i samsvar med forslaget i høringsbrevet. Departementet viser elles til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

8.2.5 Skolar som skal fylle eit kvantitativt undervisningsbehov

8.2.5.1 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet foreslo departementet at lova ikkje skal opne for godkjenning av skolar som er grunngitt med at det er eit generelt kvantitativt behov, og grunngav dette slik:

«Den tidligere privatskoleloven åpnet for godkjenning av skoler som skulle «fylla eit kvantitativt undervisningsbehov.» Begrepet «behov» skulle knyttes til manglende undervisningskapasitet i de offentlige skolene, enten ved at utdanningstilbudet manglet helt, eller ved at utdanningstilbudet ikke fullt ut dekket etterspørselen etter utdanning. Det var kun videregående skoler som kunne godkjennes etter § 3 bokstav d, og det ble stilt krav om at skolene skulle følge offentlig godkjente læreplaner. I vurderingen av om en skole skulle få godkjenning etter bokstav d ble det som regel lagt stor vekt på vertsfylkets uttalelse om behovet. Ved søknader om godkjenning av yrkesfaglige studieretninger med avsluttende opplæring i bedrift ble det også lagt vekt på om det ville være mulig å skaffe læreplass.

I Ot.prp. nr. 32 (1994–95) om endringer i privatskoleloven foreslo departementet å fjerne § 3 bokstav d i privatskoleloven, men likevel slik at de skolene som allerede var godkjent etter dette alternativet fortsatt skulle få statstilskudd. Lovforslaget var begrunnet i R94, dvs. innføringen av en rett for ungdom til videregående opplæring. Dessuten ble det vist til at fylkeskommunene også skulle gi tilbud til voksne, jf. minimumsdimensjoneringen på 375 %. I tillegg ble det vist til Innst. O. nr. VII (1969–70) hvor det heter at «Argumentasjonen for å gi offentlig støtte til private skoler som fyller et kvantitativt undervisningsbehov vil svekkes etter hvert som det offentlige skoleverket på vedkommende område blir utbygd.»

Flertallet på Stortinget gikk imot forslaget. I Innst. O. nr. 62 (1994–95) om endringer i privatskoleloven uttalte flertallet i kirke,- utdannings- og forskningskomitéen bl.a. følgende: «Fleirtalet meiner ein heimel i lova gir desse skulane eit nødvendig rettsgrunnlag, og at dette fell bort om ein stryk lovregelen. Fleirtalet vil ikkje tilrå å endre § 3.» Komitéens mindretall støttet forslaget og pekte bl.a. på at en opprettholdelse av § 3 bokstav d kunne føre til etablering av nye private skoler på kvantitativt grunnlag.

Ungdom har rett til offentlig videregående opplæring. Ungdomsretten omfatter rett til inntak til ett av tre alternative utdanningsprogram på videregående trinn 1 og til to års videregående opplæring innenfor utdanningsprogrammet, jf. opplæringsloven § 3–1. Siden Stortinget behandlet ovennevnte forslag er det også innført en rett for voksne som er født før 01.01.1978 og som ikke tidligere har fullført videregående opplæring til offentlig videregående opplæring. I tillegg skal fylkeskommunen gi tilbud til ungdom og voksne uten rett, jf. opplæringsloven § 13–3 annet ledd. Departementet mener derfor at det som hovedregel ikke foreligger et behov for private videregående skoler som driver opplæring etter læreplaner som er identiske med den de offentlige skolene følger. Departementet er likevel opptatt av å finne en særskilt løsning for såkalte toppidrettsgymnas innenfor privatskoleloven, [...]».

8.2.5.2 Synspunkta frå høringsinstansane

Berre eit lite mindretal av høringsinstansane har uttalt seg om dette punktet i høringsnotatet.

Tønsberg kommune og Norges Byggskole meiner at lova skal opne for skolar grunngitt med det er eit kvantitativt behov for skolane.

Norske Fag- og Friskolers Landsforbund (NFFL) har følgjande merknad:

«Argumentasjonen om at fylkeskommunen i dag har et overordnet ansvar for å oppfylle alle rettigheter er et dårlig og rent politisk argument, og konsekvenser vil lett bli at det samlede tilbudet særlig til voksne og ungdom som trenger alternative løsninger vil svekkes vesentlig.»

8.2.5.3 Vurderingar og forslag frå departementet

Til merknaden frå Norske Fag- og Friskolers Landsforbund (NFFL) vil departementet presisere at med skolar som utgjer eit kvantitativt behov, er meint skolar som følgjer læreplanar som er identiske med dei planane dei offentlege skolane følgjer. Slike skolar er såleis ikkje eit alternativ til dei offentlege skolane. Departementet meiner at det som hovudregel ikkje ligg føre noko behov for private vidaregåande skolar som skal fylle eit kvantitativt undervisningsbehov. Departementet viser til vurderingane i høringsforslaget, jf. kapittel 8.2.5.1.

Departementet foreslår i samsvar med høringsbrevet at lova ikkje skal opne for godkjenning av skolar som er grunngitt med at det ligg føre eit generelt kvantitativt behov.

8.2.6 Skolar som er etablerte og drivne på internasjonalt grunnlag

8.2.6.1 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet uttalte departementet:

«Den tidligere privatskoleloven åpnet ikke for godkjenning av internasjonale skoler, og adgangen til å godkjenne denne typen skoler med rett til lovhjemlet tilskudd ble innført i forbindelse med friskoleloven. Det vises her særlig til punkt 4.1.4 i Ot.prp. nr. 33 (2002-2003) om friskoleloven.

For å gjøre rekrutteringen av nødvendig utenlandsk arbeidskraft enklere for blant annet norsk næringsliv og universiteter og høyskoler, foreslår departementet at privatskoleloven skal åpne for tilskudd til internasjonale grunnskoler og videregående skoler i Norge. Disse skolene vil også kunne være et aktuelt tilbud for norske elever som har gått på tilsvarende skoler i utlandet og være til stor nytte for elever med planer om videre studier i utlandet.

Internasjonale skoler skal ha et annet undervisningsspråk enn norsk eller samisk. I punkt 4.1.4 i Ot.prp. nr. 33 (2002-2003) om friskoleloven fremgår det bl.a. at også de internasjonale skolene skal stå åpne for alle, jf. § 3–1. Dette betyr:

«[...] at det språket undervisninga skal skje på, må vere eit språk som flest mogleg av innbyggjarane meistrar, og skolen kan heller ikkje stille krav om eit visst kunnskapsnivå i dette språket. Engelsk er det einaste obligatoriske framandspråket i norsk grunnskole, og dermed er språket godt eigna til å realisere prinsippet om opne skolar. I tillegg vil undervisning på engelsk også oppfylle nokre av dei måla i engelsk som den offentlege læreplanen fastset. Etter det departementet kjenner til, har dei fleste internasjonale skolane engelsk som undervisningsspråk. Undervisning på engelsk vil derfor vere formålstenleg for elevar som har fått delar av si opplæring ved ein internasjonal skole i utlandet, eller elevar som tek sikte på å halde fram skolegangen sin ved ein slik skole i utlandet. Sjølv om engelsk er det vanlegaste språket ved dei internasjonale skolane i dag, ser departementet at det kan oppstå behov for skolar som har eit anna undervisningsspråk. Departementet vil derfor foreslå at lova opnar for godkjenning av skolar med ulike undervisningsspråk.»

Private skoler skal drive sin virksomhet etter godkjente læreplaner, jf. § 2–3. Undervisningsspråket ved internasjonale skoler må være et fremmedspråk som flest mulig av innbyggerne i Norge mestrer. Hvilket undervisningsspråk en skole skal bruke, må godkjennes i forbindelse med læreplanen. Departementet foreslår ingen endringer når det gjelder de internasjonale skolenes undervisningsspråk.

Departementet foreslår at det innføres et krav om at de internasjonale skolene skal drive sin virksomhet etter internasjonale læreplaner, f.eks. læreplanene til International Baccalaureate Organization (IBO), samt at skolene er sertifisert av den organisasjonen som har utarbeidet planene, ev. at skolene har en tidsplan for slik sertifisering. Det er rimelig at de frittstående internasjonale skolene som per i dag ikke følger en internasjonal læreplan og/eller ikke har nevnte sertifisering, får en rimelig tidsfrist til å tilpasse seg de nye kravene. Departementet foreslår at det gis en frist på 3 år fra lovens ikrafttreden.

Privatskoleloven skal ikke åpne for skoler som har en internasjonal læreplan som er utarbeidet på et religiøst grunnlag, jf. ovennevnte begrunnelse for å åpne for denne typen skoler.

Flere fylkeskommuner tilbyr videregående opplæring i henhold til læreplaner utarbeidet av IBO. Slik departementet ser det er ikke opplæringsloven i seg selv til hinder for at fylkeskommunene tilbyr IB, men IB en ikke formelt en del av den offentlige tilbudsstrukturen, jf. forskrift til opplæringsloven § 1–3. Departementet mener at det er positivt at også fylkeskommunene har et internasjonalt tilbud på videregående skoles nivå, og vil derfor vurdere hvordan dette tilbudet kan forskriftsfestes på en hensiktsmessig måte. Departementet ber uansett om fylkeskommunenes syn på forslaget om at det skal åpnes for tilskudd til internasjonale videregående skoler etter privatskoleloven.»

8.2.6.2 Synspunkta frå høringsinstansane

Departementet bad spesielt om fylkeskommunane sitt syn på forslaget om at det skal opnast for godkjenning av internasjonale vidaregåande skolar etter lova. Berre eit mindretal av fylkeskommunane har uttalt seg om dette spørsmålet. Oslo kommune støttar forslaget fullt ut, medan Nord-Trøndelag fylkeskommune og Østfold fylkeskommune anbefaler at det ikkje blir opna for godkjenning av private internasjonale skolar på vidaregåande nivå. Skolenes landsforbund er ikkje samd i at det blir opna for godkjenning av nye private skolar berre med det som grunnlag at dei følgjer ein anerkjend internasjonal plan.

Mellom andre høringsinstansar som har uttalt seg, er Kristne Friskolers Forbund (KFF). Forbundet støttar ikkje forslaget, og seier at

«[...] dette ikke bør inn i friskoleloven etter den form og de godkjenningsgrunnlag som nå er gitt. Vil staten støtte dette, bør det gjøres via særskilte budsjettvedtak.»

Også Norsk Lærerakademi har kommentert forslaget, og uttaler:

«Norsk Lærerakademi er usikker på om slike skoler bør legges inn under friskoleloven. Dette av økonomiske, juridiske og pedagogiske grunner. Vi vil derfor tilrå at denne saken får en grundigere utredning og at støtte eventuelt kan gis via særskilte budsjettvedtak.»

Norske Fag- og Friskolers Landsforbund (NFFL), som støttar forslaget frå departementet, meiner likevel at den foreslåtte overgangsordninga for desse skolane bør vere på fem år frå lova trer i kraft. Dette blir grunngitt med at sertifisering av for eksempel læreplanane til International Baccalaureate Organization (IBO) er ein lang prosess. Forbundet uttaler vidare at

«[...] skolene skal forberede seg svært godt og ikke rushe inn i en sertifisering, men hvis departementet setter for kort tidsfrist, kan vi risikere å få skoler som enten ikke består sertifiseringsinspeksjonen eller som så vidt kommer igjennom.»

8.2.6.3 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet viser til vurderingane i høringsbrevet, jf. kapittel 8.2.6.1, og foreslår at lova skal opne for godkjenning av internasjonale grunnskolar og vidaregåande skolar i Noreg. Dette inneber at det blir innført krav om at desse skolane skal drive verksemda etter internasjonale læreplanar, ikkje etter nasjonale læreplanar. Vidare foreslår departementet at skolane skal sertifiserast av den organisasjonen som har utarbeidd læreplanen. Departementet foreslår i samsvar med høringsforslaget at lova skal opne for godkjenning av internasjonale skolar med ulike undervisningsspråk, men at undervisningsspråket må vere eit framandspråk som flest mogleg av innbyggjarane i Noreg meistrar.

Departementet har merkt seg at Norske Fag- og Friskolers Landsforbund (NFFL) meiner at den foreslåtte overgangsordninga for desse skolane bør vere på fem år frå lova trer i kraft, ikkje tre år som foreslått i høringsbrevet. Departementet vil i denne samanheng understreke at det er tilstrekkeleg at skolen har søkt om sertifisering innan tre år etter at lova har tredd i kraft. Det er med andre ord ikkje påkravd at sertifiseringa er gitt innan den nemnde tidsfristen. Som ledd i førebuinga kan skolen ta i bruk internasjonale planar før sertifisering er gitt. Etter departementet si vurdering bør såleis ein frist på tre år vere tilstrekkeleg med omsyn til dei førebuingane som er nødvendige for at skolen skal kunne fremje søknad om sertifisering.

I samsvar med høringsforslaget foreslår departementet at dei eksisterande internasjonale skolane som ikkje fyller dei ovannemnde krava, får ein frist på tre år frå lova trer i kraft til å tilpasse seg dei nye krava. Overgangsføresegna vil bli fastsett i forskrift, jf. lovforslaget § 2-3 andre ledd.

Departementet fremjar etter dette forslag om endringar i § 2-1 andre ledd i samsvar med forslaget i høringsbrevet. Elles viser departementet til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

8.2.7 Grendeskolar

8.2.7.1 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet viste departementet til at den tidlegare privatskolelova ikkje opna for godkjenning av grendeskolar, og at høvet til å godkjenne denne typen skolar med rett til tilskot vart innført i samband med friskolelova. Grendeskolane vart særskilt omtalte i Ot.prp. nr. 43 (2005–2006). Vidare viste departementet til at

«Det er kommunene og fylkeskommunene som har ansvaret for den offentlige skolestrukturen, jf. opplæringsloven §§ 13–1 til 13–3. Ved nedlegging av en skole må kommunene følge forvaltningsloven. Det er kommunen som har myndighet til å treffe de endelige avgjørelsene, dersom den holder seg innenfor det regelverket som gjelder på området. Departementet kan ikke gi kommunene pålegg om hvordan skolestrukturen i kommunene skal være.

Etter departementets vurdering er det viktig å videreføre prinsippet om at det er kommunene som har ansvaret for den offentlige skolestrukturen. Det er ikke ønskelig at staten gir økonomisk støtte til å holde liv i et lokalt tilbud som kommunen ønsker å legge ned. Et slikt grunnlag ville også kunne gi kommunen et insitament til å legge ned den kommunale grendeskolen. Departementet ønsker derfor ikke at privatskoleloven skal åpne for tilskudd til grendeskoler som ett eget grunnlag. Departementet mener at foreldre og elever som ønsker et privat tilbud på et lite sted må søke om godkjenning på de samme grunnlagene som andre.»

8.2.7.2 Synspunkta frå høringsinstansane

Eit fleirtal av høringsinstansane støttar eller har ikkje merknader til høringsforslaget om at lova ikkje skal opne for godkjenning av grendeskolar som eit eige grunnlag.

Av dei som støttar høringsforslaget, er Norsk Lærerakademi , som uttaler:

«Vi mener at opprettelse av grendeskoler som friskoler innen de andre godkjenningsgrunnlagene er en løsning for de foreldre som vil det. Lar man grendeskoler utgjøre en selvstendig basis ved siden av et religiøst eller et alternativt pedagogisk grunnlag, blir disse skolene like med de offentlige og de blir opprettet ved å overprøve lokalpolitisk lovlige fattede vedtak.»

Unio er også positiv til forslaget, og uttaler mellom anna at

«Det er viktig å halde fast ved prinsippet om at det er kommunane som har ansvaret for den offentlege skulestrukturen. Unio er derfor einig i at det ikkje er rett å opne for at grendeskular skal vere eit eige grunnlag for tilskot etter privatskulelova.»

Landslaget for nærmiljøskulen (LUFS) er kritisk til forslaget, og uttaler mellom anna at

«Folk flest ynskjer helst ein offentleg skule. Derfor fører so mange lokalsamfunn årelang strid mot eigen kommune for å få halde på skule i nærmiljøet. Alle veit kva som står på spel. I regelen grip folk til friskuletanken berre som siste utveg. Dei kjenner seg pressa ut or offentleg skule.[ ]

[...]Heilt ukritisk ramsar ein opp at kommunane har ansvaret for den offentlege skulen – at dei avgjer skulestrukturen o.s.v. Utan vidare dokumentasjon og drøfting hevdar departementet at «Dersom privatskoleloven åpner for godkjenning av grendeskoler som ett eget grunnlag, vil det kunne gi kommunen et insitament til å legge ned den kommunale grendeskolen». LUFS fester lita tru til ein slik argumentasjon. Vi kan ikkje sjå at skulenedlegginga i Noreg har vore større, den tid friskulelova har vore i drift. Raseringa av nærmiljøskular har tvert om vore nokso jamnt høg – i snitt 38 skular i året – sidan 1986, då kommunane overtok ansvaret.»

Norske Fag- og Friskolers Landsforbund (NFFL) uttaler:

«En skole i et lokalmiljø representerer langt flere verdier enn kun de undervisningsfaglige. Skolen er også den sentrale møteplassen for kultur- og fritidsaktiviteter. Skole og barnehage kan ofte være avgjørende for utviklingen i et nærmiljø.

NFFL er derfor uenig i at spørsmålet om grendeskoler kun dreier seg om offentlig skolestruktur. Saken må vurderes i et langt videre samfunnsperspektiv, der foreldrenes brukerrettigheter må settes foran den offentlige skoleeierens interesser og prioriteringer.»

Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) meiner at grendeskolar må få godkjenning etter individuelt skjønn, og uttaler at

«Det er mange små skoler som har blitt lagt ned av kommunene, av helt andre grunner enn hva som tjener barna og lokalmiljøet. Den sittende regjering verdsetter fellesskap høyt. Det er bra. Da mener vi det må være mulig for foreldre å få en mulighet til å bevare fellesskapet i ei grend ved å ha en lokal skole der. Vi mener det finnes verdier som ikke kan måles i penger. Et lite grendesamfunn vil kunne ha vansker med å påvirke et kommunestyre til å bevare en liten skole, eller få bygget en skole i ei ny grend. Vi mener foreldreretten bør få en sjanse. Foreldre kan jo søke om å opprette en skole med pedagogisk alternativ, selv om den reelle grunnen i noen tilfeller vil være en annen. Loven bør tilpasses behovet, og ikke omvendt, at en ut fra behov finner et grunnlag i loven for å etablere seg.»

8.2.7.3 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet har merkt seg innvendingane til høringsforslaget frå Landslaget for nærmiljøskulen (LUFS), Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) og Norske Fag- og Friskolers Landsforbund (NFFL). Departementet meiner likevel at ein ikkje kan forvente å ha dei same tilboda i grisgrendte strøk som i sentrale strøk når det gjeld skoletettleik. Høve til å opprette private skolar kan etter departement si vurdering ikkje aleine grunngivast med at det er langt til nærmaste offentlege skole. Departementet viser til at det er kommunane og fylkeskommunane som har ansvaret for den offentlege skolestrukturen. Departementet kan ikkje gi pålegg om korleis skolestrukturen i kommunane og fylkeskommunane skal vere. Ei ordning med godkjenning av grendeskolar som eige grunnlag vil kunne fungere som oppfordring til kommunane om å leggje ned kommunale grendeskolar. Det kan reelt sett føre til privatisering av skolar i utkantane av kommunane og opne for godkjenning av private skolar med dei same læreplanane som for offentlege skolar, noko departementet ikkje ønskjer, jf. kapittel 2.1.

Ut frå dette, og i samsvar med vurderingane i høringsbrevet, foreslår departementet at lova ikkje skal opne for godkjenning av grendeskolar som eit eige grunnlag.

8.2.8 Skolar for funksjonshemma

8.2.8.1 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet foreslo departementet ingen realitetsendringar når det gjeld dei eksisterande særskilde skolane for funksjonshemma, og uttalte:

«De særskilte frittstående grunnskolene og videregående skolene for funksjonshemmede mottar et særskilt tilskudd etter friskoleloven, jf. friskoleloven § 6–6. Dette tilskuddet er langt høyere enn det de øvrige friskolene med paralleller i den offentlige skolen mottar. Det er en rekke forhold rundt disse skolene som bør vurderes nærmere, blant annet forholdet mellom denne typen private «spesialskoler» og den offentlige skolen, tilskuddsordningen, ivaretagelse av den enkelte elevs behov, forholdet mellom behandling og opplæring, bruken av begrepet «funksjonshemmet» mv. Departementet har mottatt merknader fra Riksrevisjonen om tilskuddsforvaltningen på dette området, og det foreligger en rapport fra ECON som også reiser en rekke problemstillinger omkring tilskuddsforvaltningen. Departementet ønsker derfor å foreta en særskilt vurdering av disse skolene og legge frem en egen sak om disse skolene for Stortinget våren 2008.

Departementet foreslår derfor at det ikke foretas endringer på dette området før Stortinget har behandlet denne saken, men slik at det i denne perioden ikke kan godkjennes nye særskilte skoler for funksjonshemmede eller godkjennes en økning av elevtallet ved de eksisterende skolene som utløser tilskudd etter friskoleloven § 6-6.»

8.2.8.2 Synspunkta frå høringsinstansane

Eit fleirtal av høringsinstansane støttar eller har ingen merknader til høringsforslaget.

Mellom dei instansane som støttar forslaget, er Landsorganisasjonen i Norge (LO) , som uttaler at

«[...] organisasjonen er av den oppfatning at spørsmålet om å godkjenne nye særskilte skoler bør avvente til egen sak er lagt fram for Stortinget våren 2008.»

Kristne Friskolers Forbund (KFF), Aglo videregående skole, Seiersborg videregående skole, Norsk Lærerakademi og Gjennestad Gartnerskole gir uttrykk for at dei eksisterande skolane for funksjonshemma må kunne få godkjent nye tilbod og utvida elevtal.

Utdanningsforbundet støttar ikkje forslaget, medan Rusfri – Kristenfolkets Edruskapsråd og Øvrebø videregående skole uttaler at det er beklageleg at departementet skaper uro og utryggje for desse skolane, og viser til at skolane skal greiast ut på ny i ei eiga stortingsbehandling i 2008.

8.2.8.3 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet viser til vurderinga i høringsnotatet om at det er ei rekkje forhold rundt dei særskilde skolane for funksjonshemma som må vurderast nærmare, og at det derfor bør leggjast fram ei eiga sak om desse skolane for Stortinget. I samsvar med høringsforslaget foreslår departementet at det ikkje blir godkjent nye særskilde skolar for funksjonshemma før Stortinget har behandla denne saka. For å få ei tilstrekkeleg grundig utgreiing om desse skolane, ser departementet at det er nødvendig med noko lengre tid til utgreiinga enn signalisert i høringsnotatet. Departementet vil på denne bakgrunn komme tilbake med ei eiga sak for Stortinget om dei særskilde skolane for funksjonshemma våren 2009.

Departementet har merkt seg at enkelte høringsinstansar beklagar at departementet skaper uro og utryggje for desse skolane. Til dette vil departementet uttale at dei eksisterande skolane etter forslaget skal få halde fram å drive verksemda med rett til tilskot etter lova. Departementet vil også vise til at skolar for funksjonshemma er foreslått som eit eige grunnlag. På grunn av at departementet no er i ein utgreiingsfase, ser departementet det ikkje som formålstenleg å opne for godkjenning av nye særskilde skolar for funksjonshemma før Stortinget har behandla saka. Elles viser departementet til § 2-1 første ledd første punktum i lovutkastet.

Departementet legg etter dette fram forslag om endringar i §§ 2-1 andre ledd og 8-1 første ledd i samsvar med høringsutkastet. Elles viser departementet til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

8.2.9 Opplæring i kombinasjon med toppidrett

8.2.9.1 Høringsforslaget frå departementet

I høringsforslaget uttrykte departementet dette omkring opplæring i kombinasjon med toppidrett:

«Departementet legger til grunn at søkningen til de såkalte toppidrettsgymnasene er god, men skolene er ujevnt fordelt i landet. Dersom det åpnes for flere private toppidrettstilbud etter privatskoleloven, vil dette bidra til at flere ungdommer får mulighet til å kombinere videregående opplæring med idrett på høyt nivå flere steder i landet. Departementet foreslår derfor at privatskoleloven skal åpne for godkjenning av skoler som ønsker å tilby utdanningsprogram som legger særskilt til rette for toppidrett på videregående skoles nivå. Med toppidrettstilbud menes i denne sammenheng Utdanningsprogram idrettsfag hvor det valgfrie programfaget toppidrett 1, 2 og 3 er obligatorisk for elevene, alternativt Utdanningsprogram allmenne, økonomiske og administrative fag m/tillegg av minimum 5 uketimer (á 45 min.) toppidrett etter egen plan. I tillegg må skolen kunne dokumentere at den legger særskilt til rette for toppidrettssatsning, bl.a. når det gjelder organisering av skolehverdagen, skole- og treningsanlegg og spisskompetanse innenfor de/den idretten skolen tilbyr. Dette betyr at blant annet de valgfrie programfagene breddeidrett, friluftsliv og lederutvikling i Utdanningsprogram idrettsfag vil falle utenfor toppidrettsdefinisjonen ovenfor.

Departementet foreslår ikke at privatskoleloven skal åpne for godkjenning til toppidrett på grunnskolenivå. Det er ikke et offentlig ansvar å legge særskilt til rette for toppidrett for barn i grunnskolealder. Det er ikke utarbeidet en offentlig læreplan på dette området og det er heller ikke ønskelig.»

8.2.9.2 Synspunkt frå høringsinstansane

Eit fleirtal av høringsinstansane støttar eller har ikkje merknader til dette punktet i høringsforslaget.

Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH) og Den Norske Opera er i hovudsak positive til forslaget, men er imot at berre toppidrettsgymnas skal få etablere seg grunngitt i eit kvantitativt behov, og uttaler at det også finst andre område der denne typen skoletilbod kan vere ønskelege. Dei respektive høringsinstansane trekkjer eksempelvis fram tilbod innan kunst og kultur, realfag og dessutan dans og musikk på høgt nivå.

Abelia m.fl. er også positive til at det blir lagt til rette for vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett, men anbefaler at det blir opna for konsentrerte satsingar også utover toppidretten:

«Samtidig mener vi det er paradoksalt at toppidrett pekes ut som det ene området der elitetenking godtas. Vi tror utdannings-Norge også kunne hatt et begrenset tilbud som legger til rette for en elitesatsing innenfor for eksempel realfag.»

Skolens landsforbund, Østfold fylkekommune, Sør-Trøndelag fylkeskommune og Vest-Agder fylkeskommune er imot forslaget om at lova skal opne for godkjenning av skolar som ønskjer å tilby utdanningsprogram som legg særskilt til rette for toppidrett på vidaregåande skolenivå. Desse høringsinstansane meiner at offentlege vidaregåande skolar bør kunne dekkje dette behovet.

Utdanningsforbundet er også negativt til forslaget, og uttaler at

«Utdanningsforbundet viser til at også offentlege skular har tilbod som kombinerer toppidrett og vidaregåande opplæring innafor utdanningsprogram for idrettsfag. Fleire av desse skulane har samarbeid med olympiatoppen eller særforbund for ulike idrettar. Vi går derfor imot at privatskulelova skal opne for toppidrettsskular.»

Oslo kommune tilføyer i si fråsegn at

«[...] det kan være grunner for å starte med kombinasjon skole-toppidrett på ungdomsskolenivå.»

8.2.9.3 Vurderingar og forslag frå departementet

I samsvar med høringsforslaget foreslår departementet at lova skal opne for godkjenning av skolar som ønskjer å tilby utdanningsprogram som legg særskilt til rette for toppidrett på vidaregåande skolenivå. Bakgrunnen for forslaget er at departementet ønskjer å medverke til at fleire ungdommar får høve til å kombinere vidaregåande opplæring med toppidrett, og at dette skal vere mogleg på fleire stader i landet enn det er i dag.

Departementet har merkt seg at enkelte høringsinstansar framhevar at det er viktig at for eksempel kunstutdanning på høgt nivå må få same anerkjenning som toppidrett. Til dette vil departementet understreke at det er ei klar målsetjing at det innanfor alle utdanningsprogram skal vere god kvalitet i opplæringa, men departementet ønskjer ikkje at lova skal opne for utdanning for eksempel innanfor musikk, dans, drama på eit nivå over vidaregåande opplæring, jf. kapittel 9.

Når det gjeld grunnskoleopplæring kombinert med toppidrett, viser departementet til at det ikkje er eit offentleg ansvar å leggje særskilt til rette for toppidrett for barn i grunnskolealder, at det ikkje er utarbeidd ein offentleg læreplan på dette området, og at dette heller ikkje er ønskeleg.

Departementet legg etter dette fram forslag om endringar i § 2-1 andre ledd i samsvar med forslaget i høringsbrevet. Elles viser departementet til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

8.3 Dei eksisterande frittståande ­skolane

8.3.1 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet foreslo departementet å lovfeste at alle skolar som var i drift etter friskolelova fram til lovendringa, som hovudregel får halde fram å drive verksemda med rett til tilskot etter lova. Departementet grunngav dette slik:

«De foreslåtte kravene til typer av skoler, for eksempel religiøst grunnlag eller anerkjent pedagogisk retning, vil da bare gjelde nye skoler. Dersom en ikke lovfester en slik særskilt ordning for de skolene som ikke vil oppfylle de nye kravene til type skole, er det ikke usannsynlig at disse skolene må legges ned. Etter departementets vurdering vil det være urimelig i forhold til elevene ved disse skolene og i forhold til skolene. De skolene som ikke oppfyller de nye kravene til type skole, skal også kunne få godkjent nødvendige driftsendringer. Med nødvendige driftsendringer menes endringer i læreplanen som følge av endringer i den offentlige læreplanen eller i strukturen for den offentlige 13-årige grunnopplæringen. Dette innebærer at loven etter forslaget ikke vil åpne for driftsendringer i form av økt elevtall, nye trinn og nye utdanningsprogram for de aktuelle skolene.

Departementet vil på bakgrunn av høringen vurdere særskilt om også de videregående tilbudene i utlandet skal kunne drives videre med rett til tilskudd etter privatskoleloven eller om disse tilbudene skal få en rimelig overgangsordning med hensyn til avvikling etter privatskoleloven. Det vises til vurderingene i punkt 8.2.4 hvor departementet bl.a. har lagt til grunn at det er positivt at norsk ungdom reiser ut og tar utenlandsk eller internasjonal videregående opplæring og at de kan ha stor nytte av dette senere.»

8.3.2 Synspunkta frå høringsinstansane

Få høringsinstansar har uttalt seg om forslaget.

Justis- og politidepartementet har merknad til dette punktet, og uttaler at

«[...] etter vår mening bør de foreslåtte kriteriene for godkjenning av privatskoler også gis virkning for etablerte privatskoler slik at allerede etablerte privatskoler som ikke kan godkjennes etter de nye kriteriene, taper statstilskuddet etter utløpet av en romslig overgangsperiode, sml. Høringsnotatet side 24 punkt 8.2.4 og lovforslaget § 2-1 syvende ledd. I motsatt fall vil man etablere en permanent særordning for en bestemt gruppe privatskoler.»

Barneombodet uttaler på si side at

«Det virker rimelig at eksisterende frittstående skoler bør kunne videreføres og at dette lovfestes. Barneombudet vil i hovedsak begrunne dette med hensynet til kontinuiteten for de barna som er elever ved disse skolene. Vi vil imidlertid vise til våre kommentarer til pkt 8.2.2 over, der vi påpeker mulige negative sider ved lukkede religiøse miljøer som kan være en hindring for barnas utvikling og frie meningsdannelse.»

Når det gjeld dei eksisterande vidaregåande tilboda i utlandet, heiter det i høringsnotatet at departementet skal vurdere særskilt om desse skal kunne drivast vidare med rett til tilskot etter privatskolelova, eller om desse tilboda skal få ei overgangsordning for avvikling. Fleirtalet av høringsinstansane har ikkje merknader til dette spørsmålet. Dei høringsinstansane som uttaler seg om dette punktet, meiner at det framleis må givast løyve til å drive vidaregåande skolar i utlandet. Departementet viser i denne samanheng til høringsfråsegnene om norske skolar i utlandet i kapittel 8.2.4.2.

8.3.3 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet foreslår å lovfeste at skolar som er i drift etter lova 31. desember 2007, får halde fram å drive verksemda med rett til statstilskot etter lova sjølv om dei ikkje oppfyller dei foreslåtte krava til grunnlag. Forslaget omfattar likevel berre skolar som var i drift etter lova 13. desember 2005 eller som er innvilga unntak etter gjeldande §§ 2-1 andre ledd eller 2-2 andre ledd. Dei foreslåtte krava til grunnlag, jf. kapittel 8.2, vil etter forslaget da berre gjelde nye skolar. Departementet meiner det vil vere urimeleg for elevane ved dei etablerte skolane og for skolane dersom skolane måtte leggjast ned å grunn av denne endringa i lova.

Departementet foreslår vidare at dei av skolane som ikkje oppfyller dei nye krava til grunnlag, skal kunne få godkjent nødvendige driftsendringar, det vil seie endringar i læreplanen som følgje av endringar i den offentlege læreplanen eller i strukturen for den offentlege 13-årige grunnopplæringa. Dette inneber at lova ikkje vil opne for godkjenning av driftsendringar i form av auka elevtal, nye trinn og nye utdanningsprogram for skolar som ikkje oppfyller dei foreslåtte krava til grunnlag.

Departementet har merkt seg fråsegna frå Justis- og politidepartementet om at det vil bli etablert ei særordning for ei bestemt gruppe privatskolar dersom allereie etablerte privatskolar som ikkje kan godkjennast etter dei nye kriteria, får halde fram å drive verksemda med rett til tilskot. Til dette vil departementet uttale at forslaget hovudsakleg er grunngitt med omsynet til kontinuiteten for elevane ved desse skolane og omsynet til dei som har etablert skolane.

På bakgrunn av kommentarane frå dei høringsinstansane som har uttalt seg, går departementet inn for at også dei eksisterande vidaregåande tilboda i utlandet skal kunne drivast vidare med rett til statstilskot etter lova. Dette inneber at alle eksisterande tilbod som ikkje oppfyller dei foreslåtte krava til grunnlag blir behandla likt.

Departementet fremjar etter dette forslag om endringar i § 2-1 femte ledd som i det vesentlegaste er i samsvar med høringsutkastet. Elles viser departementet til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

8.4 Godkjenningsordninga

8.4.1 Departementet si vurdering av søknader om godkjenning etter lova

8.4.1.1 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet uttalte departementet:

«Departementet foreslår at loven fortsatt skal ha en ordning med individuelle forvaltningsvedtak etter søknad. Ordninger med individuelle vedtak kan bygge på en skjønnsmessig prøving av den aktuelle sak (fritt skjønn) eller være begrenset til å kontrollere at lovens kriterier er oppfylt i den foreliggende sak (lovbundne avgjørelser). Privatskoleloven var et eksempel på den førstnevnte ordningen, mens avgjørelsene etter friskoleloven frem til lovendringen per 9. juni 2006 i hovedsak var lovbundne.

En rett til godkjenning og statstilskudd gir søkeren stor grad av forutberegnelighet. I ­tillegg er rettighetsbestemmelser (normalt) enklere å praktisere for forvaltningen enn skjønnsmessige avgjørelser. For å gjøre skjønnsmessige avgjørelser enklere å praktisere, kan en overveie å angi nærmere kriterier for den skjønnsmessige avgjørelsen i loven. I det minste bør kriteriene angis i forarbeidene til loven. Skjønnsmessige regler gir forvaltningen mye større grad av frihet enn lovbudne avgjørelser. I tillegg har forvaltningen langt større adgang til å sette vilkår for godkjenningen i samsvar med alminnelige forvaltningsrettslige regler. Skjønnsmessige regler gir også forvaltningen mulighet til å endre praksis (innenfor lovens rammer) fra et gitt tidspunkt.

Departementet foreslår at det etter privatskoleloven § 2–1 ikke skal foreligge en rett til godkjenning og tilskudd etter loven, men at departementet gis en skjønnsmessig adgang til å godkjenne nye skoler og driftsendringer. Dette var også ordningen etter den tidligere privatskoleloven, dvs. før 1. oktober 2003. Departementet foreslår at den skjønnsmessige vurderingen bl.a. bør bygge på hvilke konsekvenser en godkjenning vil få for den offentlige skolestrukturen, skolefaglige hensyn, behovet for skolen og budsjettmessige hensyn. Når departementet vurderer de skolefaglige hensynene er det relevant å legge vekt på om det er sannsynlig at skolen vil oppfylle de minstekravene som følger av lov og forskrift, for eksempel kravet til jevngod opplæring, og seriøsitet, for eksempel om det er sannsynlig at søkeren har tilstrekkelige ressurser til å starte opp den aktuelle skolen og om søkeren tidligere har hatt en sentral posisjon ved en skole som tidligere har mistet godkjenningen pga. gjentatte eller alvorlige brudd på loven.

En skjønnsmessig adgang til å godkjenne nye skoler og driftsendringer vil gi departementet adgang til å stille vilkår for godkjenningen i den enkelte sak.

Departementet foreslår at vertskommunen og vertsfylke fortsatt skal høres før det treffes vedtak om godkjenning av en skole. Ved vurderingen av hvilke konsekvenser en godkjenning etter privatskoleloven vil få for den offentlige skolestrukturen, vil det kunne være relevant å legge vekt på uttalelsen fra vertskommunen eller vertsfylket. Skjønnstemaet «vesentlige negative konsekvenser», foreslås ikke videreføre, jf. at det ikke foreslås en rett til godkjenning. Dette innebærer at departementet kan avslå en søknad om godkjenning også der det ikke foreligger vesentlige negative konsekvenser for vertskommunen eller vertsfylket. Videre vises det til at en søknad etter forslaget også kan avslås av andre grunner, jf. ovenfor.

Det har vært reist spørsmål ved om vertskommunen og vertfylket har rett til å påklage departementets vedtak om godkjenning etter friskoleloven. Departementet foreslår derfor at dette presiseres i privatskoleloven at vertskommunen og vertsfylket har rett til å påklage departementets vedtak.»

8.4.1.2 Synspunkta frå høringsinstansane

Eit fleirtal av høringsinstansane støttar eller har ikkje merknader til forslaget om at det ikkje skal liggje føre rett til godkjenning etter lova, men at søknader om godkjenning blir avgjorde etter ei skjønnsmessig vurdering. Mellom dei kommunane som støttar forslaget er Råde kommune, som uttaler at

«Forslaget om at det ikke skal foreligge en rett til godkjenning, men at departementet gis skjønnsmessig adgang til å godkjenne nye skoler og driftsendringer, støttes. Begrunnelsen ligger i at en skjønnsmessig vurdering bør bygge på hvilke konsekvenser en godkjenning vil få for den offentlige skolestrukturen, behovet for skolen, budsjettmessige hensyn og skolefaglige hensyn, herunder bl.a. hvorvidt det er sannsynlig at skolen vil kunne oppfylle de minstekravene som følger av lov og forskrift. At departementet foreslår at vertskommunen eller vertsfylket skal ha rett til å uttale seg før vedtak fattes og at disse har klageadgang på departementets vedtak, anses for viktig, sett på bakgrunn av ansvaret for den offentlige skolestrukturen.»

Landsorganisasjonen i Norge (LO) støttar også departementet si vurdering knytt til at det etter lova ikkje skal liggje føre rett til godkjenning og tilskot.

Fleirtalet av dei høringsinstansane som uttaler seg om forslaget, meiner at den foreslåtte lovformuleringa i altfor stor grad overlèt til departementet sitt skjønn å vurdere om ein skole skal godkjennast.

Dei av friskoleorganisasjonane som uttaler seg, uttrykkjer skepsis til forslaget. Kristne Friskolers Forbund (KFF) uttaler:

«Stort rom for skjønn gir tilsvarende liten grad av forutsigbarhet for søkere, og muligheten for at likebehandling ikke skjer, er stor.»

Norsk Lærerakademi deler dette standpunktet.

Ein rekkje av dei frittståande skolane har uttalt seg om forslaget, og erklærer at dei er imot det. Bjerkely skole, Sandnes Lutherske Grunnskole, Dalane kristne skole, Skauen kristelige skole og Granly skole seier at

«Vi er bekymret for at skjønnsvurderingen som er tillagt departementet, og vektleggingen av vertskommunens uttalelse, vil føre til stor uforutsigbarhet for søkere som søker om opprettelse av nye skoler. Vi mener at loven bør gi rett til godkjenning og støtte når gitte religiøse eller pedagogisk alternative grunnlagskriterier oppfylles.»

Abelia m.fl. er heilt usamde i at departementet skal ha skjønnsmessig høve til å godkjenne nye skolar og driftsendringar, og anbefaler derfor regjeringa

«[...] å sterkt begrense adgangen til å bruke skjønn for å behandle søknader om å oppnå statstilskudd som privat skole.»

Bjørkly skole er også kritisk til forslaget, og har mellom anna følgjande kommentar:

«Det kan likevel finnes grunner til å omgå denne retten (bruke skjønn). I tilfeller der søkere tidligere ikke har vist seg i stand til å holde seg etter forskriftene. (+ andre kritikkverdige forhold.)»

KS kommenterer også forslaget, og uttaler at skjønnet må utøvast på ein slik måte at det er mest mogleg føreseieleg både for søkjarane og for kommunane/fylkeskommunane.

8.4.1.3 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet ønskjer å ha kontroll med veksten av private skolar. På denne bakgrunn foreslo departementet i høringsbrevet at det ikkje skal vere nokon rett til godkjenning etter lova sjølv om kravet i lova om særskilt grunnlag er oppfylt. I staden skal departementet kunne godkjenne private skolar og driftsendringar etter ei samla vurdering av den enkelte saka.

I høringsbrevet foreslo departementet at vertskommunen og vertsfylket framleis skal kunne hørast før det blir gjort vedtak om godkjenning av ein skole. Fråsegna frå vertskommunen eller vertsfylket skal ikkje vere avgjerande for om ein søknad skal innvilgast eller ikkje, men det vil vere relevant å leggje vekt på ei slik fråsegn i vurderinga av kva konsekvensar ei eventuell godkjenning vil få for den offentlege skolestrukturen.

Departementet har merkt seg at ei rekkje av høringsinstansane er bekymra over at forslaget om skjønnsmessig vurdering av søknader om godkjenning vil medføre at utfallet blir svært uføreseieleg for søkjarane. Departementet vil i denne samanheng understreke at skjønnsfridommen for departementet er avgrensa av dei ulovfesta reglane om misbruk av mynde. Dette inneber forbod mot usakleg forskjellsbehandling og vilkårleg utøving av skjønnet. Det er også misbruk av skjønnsmynde dersom det blir teke utanforliggjande omsyn, eller dersom resultatet i saka står fram som grovt eller sterkt urimeleg. Departementet viser også til dei oppgitte kriteria for skjønnet, sjå kapittel 8.4.1.1. Formålet med desse kriteria for skjønnsutøvinga er omsynet til likebehandling.

Departementet fremjar etter dette forslag om endringar i § 2-1 første ledd i samsvar med forslaget i høringsbrevet. Elles viser departementet til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

8.4.2 Tidsfrist for oppstart og nedlegging av skoleverksemda

8.4.2.1 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet uttalte departementet:

«Etter gjeldende forvaltningspraksis blir det fastsatt at godkjenningen etter friskoleloven opphører dersom skolevirksomheten ikke starter opp innen 3 skoleår fra godkjenningen ble gitt samt at godkjenningen opphører dersom skolevirksomheten starter opp og deretter legges ned..»

Departementet viste også til at Sverige har ein nokolunde tilsvarande forvaltningspraksis, og siterte i høringsbrevet dette frå ein informasjonsbrosjyre frå Skolverket (Fristående skolor, En information från Skolverket, februar 2003/Dnr 98:3318):

«Om en fristående skola inte startar i enlighet med den starttidspunkt som angetts i beslutet skal detta meddelas till Skolverket. Skolan får då vanligtvis ha godkännandet vilande i ett år under förutsättning att de förhållanden som gällde vid godkännandet inte ändats. Detta meddelas i ett särskilt beslut.»

Departementet uttalte vidare:

«Etter departementets vurdering vil en lovfesting av gjeldende praksis føre til større forutberegnlighet for både kommunene, fylkeskommunene og søkerne. Videre vil en lovfesting føre til likebehandling av skolene, fordi lovbestemmelsen også bør gjøres gjeldende for eldre, «sovende» godkjenninger. Departementet foreslår derfor at det lovfestes i privatskoleloven § 2–1 at godkjenningen med rett til tilskudd bortfaller dersom en ny skole ikke er startet opp innen tre år. Det samme skal gjelde der skolen starter opp og deretter legges ned.»

8.4.2.2 Synspunkta frå høringsinstansane

Dei fleste høringsinstansane støttar eller har ikkje merknader til høringsforslaget om å lovfeste at godkjenninga med rett til tilskot fell bort dersom ein skole ikkje er starta opp innan tre år, og dersom skoledrifta blir avvikla.

Kristiansand kommune støttar forslaget, og uttaler at kommunen

«[...] anbefaler lovforslaget pga kommunens behov for forutsigbarhet.»

Enkelte frittståande skolar og friskoleorganisasjonar har merknader til den delen av forslaget som gjeld nedlegging av skoleverksemd. Bibelskolen i Grimstad uttaler at

«Det er uheldig om en godkjent skole mister sin godkjenning med en gang hvis skoledriften opphører et år. En godkjent skole skal etter vår vurdering, kunne starte opp igjen virksomheten etter tidligere godkjente planer etter en pause på ett til to år. Det er arbeidsbesparende både for skolen og offentlige myndigheter å slippe en ny omfattende søkeprosess. Dette punktet er særlig viktig for utenlandsskoler og små bibelskoler.»

Kristne Friskolers Forbund (KFF) meiner at den delen av paragrafen som omhandlar driftsopphør, må sløyfast, og seier at

«For staten, fylkeskommunen eller kommunene vil det ha liten betydning om en skole innstiller driften et år. For skolene vil det ha stor økonomisk betydning å kunne gjøre det, og for elever vil det være en klar fordel at et tilbud som er etterspurt, men ikke nok etterspurt til å bli tilbudt hvert år, kan bli holdt i live gjennom å ta et pauseår når det er nødvendig.»

Også Ansgar Bibelskole er skeptisk til lovforslaget, og uttaler:

«ABS mener også at tidsfristen for oppstart og nedlegging av skolevirksomhet er for kort. Noen små skoler kan i perioder ha et mindre elevgrunnlag. Også andre årsaker kan ligge til grunn for at enkelte læringstilbud legges ned for et år eller flere.»

Tomb videregående skole og landbruksstudier har følgjande spørsmål og kommentar:

«Mister vi godkjenning ved driftsopphør? Med vekslende søkertilgang er det viktig at en skole kan ha pause fra en klasse/linje et år uten at de dermed mister retten til videre drift for denne klassen/linjen.»

Norsk Lærerakademi uttaler:

«Vi vil videre be om at det tas inn i loven en mulighet for å ta pause et år eller to for opptak av elever dersom det kan sannsynliggjøres at opptaksgrunnlaget vil bedres. Dette kan være aktuelt for utenlandsskoler knyttet til bistandsrelatert virksomhet.»

I høringsnotatet bad departementet om høringsinstansane sitt syn på om det bør lovfestast at eigarskifte må godkjennast av departementet. Eit fleirtal av høringsinstansane har ikkje uttalt seg om dette spørsmålet. Enkelte fylkeskommunar og kommunar gir uttrykk for at dei støttar eit slikt forslag.

Ansgar Bibelskole har denne kommentaren:

«ABS er ikke uenig i forslaget om ny godkjenningssøknad ved eierskifte, men har spørsmål til hvordan forslaget skal forstås og praktiseres. Friskolelovens krav om at skolene skulle organiseres som selvstendige juridiske enheter medførte at ABS fra 01.01.06 ble organisert som et ikke-kommersielt aksjeselskap. Aksjene eies 100 % av skolens ene eier. Et eventuelt fremtidig samarbeid med andre kirker og trossamfunn om bibelskoledriften vil normalt innebære at disse kjøper aksjer. Vil ethvert salg av aksjer tolkes som «eierskifte»? Eller settes grensen ved salg av 20, 30 eller muligens 50 % av aksjene? En klargjøring er nødvendig. ABS vil mene at så lenge opprinnelig eier sitter med aksjemajoriteten kan ikke et utvidet økonomiske samarbeid forstås som eierskifte.»

Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH) gjekk i høringsfråsegna imot forslaget om å innføre godkjenningsordning ved eigarskifte av den juridiske person som driv skoleverksemda:

«Dette fordi den støtteberettigede godkjenningen er gitt til selskapet – ikke eierne. Vi mener en slik ordning vil være uheldig ut fra et selskapsrettslig ståsted, da dette blant annet kan svekke tilliten til rettsubjektets selvstendighet. Videre bør det ikke sås tvil om at det er selskapet som sådan – og ikke eierne – som er ansvarlige overfor myndighetene. HSH stiller seg også noe undrende til at det foreslås en godkjenningsordning ved eierskifte når det legges opp til at denne type skolevirksomhet kun skal kunne drives i form av en stiftelse, jf punktet om styret nedenfor. Dette fordi en stiftelse er selveiende – den har altså ingen eiere. I så måte synes regelen også å være overflødig.»

8.4.2.3 Vurderingar og forslag frå departementet

Av omsyn til at kommunane og fylkeskommunane har behov for føreseielege forhold når det gjeld skolestrukturen, foreslår departementet at godkjenninga med rett til statstilskot fell bort dersom skolen ikkje har starta opp innan tre år etter at godkjenning er gitt. Departementet foreslår at godkjenninga til å drive skole etter lova også fell bort i dei tilfelle da skoledrifta etter lova blir avvikla etter at skolen har starta opp. Departementet viser også til at det ikkje er ønskeleg med «sovande» godkjenningar. Dette gjeld også for dei norske skolane i utlandet, og departementet foreslår derfor ikkje at det blir gjort unntak for desse skolane. Forslaga er ei lovfesting av gjeldande forvaltningspraksis.

Departementet har merkt seg fråsegnene frå Kristne Friskolers Forbund, Norsk Lærerakademi og enkelte av dei frittståande skolane. Desse høringsinstansane gir uttrykk for at det er viktig at enkelte tilbod kan leggjast ned for eit år eller fleire utan at skolen dermed mister retten til vidare drift. Departement vil i denne samanheng presisere at ein skole ikkje treng fylle alle dei elevplassane det er gitt godkjenning for. Dersom skolen bestemmer seg for å drive verksemda med eit lågare elevtal enn det er gitt godkjenning for, er dette fullt mogleg. Departementet gjer likevel merksam på forslaget til endring i § 2-2 tredje ledd om minimumskrav til elevtal. At ein vidaregåande skole ikkje har elevar på eit av skolen sine tilbod, blir heller ikkje rekna som driftsopphør. Det er berre i dei tilfella der heile skoledrifta etter lova blir avvikla, at godkjenninga samstundes fell bort etter forslaget, jf. forslag til § 2-1 fjerde ledd, der det heiter at

«Godkjenninga fell bort [...] om drifta etter lova blir nedlagd»

Forslaget inneber at dersom skoledrifta etter lova blir nedlagd, og det rettssubjektet som tidlegare hadde godkjenning til å drive skole, ønskjer å starte skoledrift igjen, må vedkommande rettssubjekt søkje om ny godkjenning.

Departementet har merkt seg at det med rette råder ei viss usikkerheit hos enkelte høringsinstansar om omgrepet eigarskifte , som vart omtalt i punkt 8.3.3 i høringsbrevet. Departementet ser at omgrepet er uheldig i den samanheng der det er brukt i høringsbrevet, og viser mellom anna til fråsegna frå Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH). Departementet vil derfor presisere dette:

Godkjenning til å drive skole etter lova skal givast til eit registrert rettssubjekt, i praksis som regel ein stiftelse, ei foreining eller eit aksjeselskap, jf. lovutkastet § 2-2 andre ledd om at skolen må vere registrert i Einingsregisteret eller i tilsvarande register. «Skoleeigaren» er følgjeleg det rettssubjektet som har søkt og fått godkjenning til å drive skole etter lova. Dette rettssubjektet treng elles ikkje sjølv eige lokale og utstyr til skoledrifta.

Dersom det rettssubjektet som har godkjenning til å drive skole, ikkje lenger skal drive denne skoleverksemda, eller rettssubjektet skal avviklast, inneber det at den godkjende skoledrifta etter lova stansar, jf. ovanfor om opphør av skoledrifta. Dersom eit anna rettssubjekt ønskjer å drive skoleverksemda vidare, må dette rettssubjektet søkje om ny godkjenning.

I eit aksjeselskap kan det, ved sal av aksjane i selskapet, gjennomførast eigarskifte i den juridiske personen (selskapet) som driv skoleverksemda. Dette har likevel inga betydning for godkjenninga etter lova, idet det er selskapet som har godkjenninga, ikkje aksjeeigarane. Godkjenninga med rett til tilskot etter lova er gitt til selskapet, ikkje til eigarane. Ein stiftelse eller ei foreining kan ikkje skifte eigar, fordi både stiftelsar og foreiningar er eigarlause.

Departementet fremjar etter dette forslag om endringar i § 2-1 fjerde ledd i samsvar med forslaget i høringsbrevet. Departementet viser elles til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

8.4.3 Flytting av skoleverksemda

8.4.3.1 Høringsforslaget frå departementet

Når det gjeld flytting av skoleverksemda, uttalte departementet dette i høringsforslaget:

«Etter gjeldende forvaltningspraksis stilles det i godkjenningsbrevene til skolene vilkår om at det skal sendes ny søknad dersom en grunnskole ønsker å flytte virksomheten til en annen kommune eller en videregående skole ønsker å flytte virksomheten til et annet fylke. Etter departementets vurdering er det like relevant for kommuner og fylkeskommuner å kunne uttale seg når en allerede godkjent skole ønsker å etablere seg i kommunen eller fylket, som det er for dem å uttale seg under den opprinnelige søknadsprosessen om en ny etablering.

For å understreke vekten av og for å synliggjøre kravet om at det i forkant av en flytting må søkes om godkjenning, foreslår departementet at dette presiseres i privatskoleloven § 2–1.»

8.4.3.2 Synspunkta frå høringsinstansane

Dei aller fleste høringsinstansane har ikkje merknader til eller støttar høringsforslaget om å presisere i lova at det i framkant av ei flytting av skoleverksemda til ein annan kommune eller eit anna fylke må søkjast om godkjenning.

Rogaland fylkeskommune, Oslo kommune og Kristiansand kommune er mellom dei av høringsinstansane som uttaler at det bør vere relevant at kommunar og fylkeskommunar får høve til å uttale seg når ein allereie godkjend skole ønskjer å etablere seg i kommunen.

8.4.3.3 Vurderingar og forslag frå departementet

I høringsbrevet foreslo departementet å lovfeste at det må søkjast om godkjenning dersom ein grunnskole flytter verksemda til ein annan kommune eller ein vidaregåande skole flytter verksemda til ein annan fylkeskommune. Forslaget til lovendring inneber lovfesting av gjeldande forvaltningspraksis.

Etter departementet si vurdering vil det ved behandlinga av søknaden vere relevant å leggje vekt på fråsegna frå den nye vertskommunen eller det nye vertsfylket også når ein allereie godkjend skole ønskjer å etablere skoleverksemda i ein annan kommune eller eit anna fylke.

Departementet fremjar etter dette forslag om endringar i § 2-1 første ledd andre og tredje punktum i samsvar med forslaget i høringsbrevet. Elles viser departementet til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

8.4.4 Undervisningsspråk og krav om at dokument som gjeld skolane, skal vere tilgjengelege på norsk eller samisk

8.4.4.1 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet foreslo departementet

«[...] at kravet om norsk eller samisk som undervisningsspråk i grunnskoler videreføres. Departementet foreslår at dette kravet også gjøres gjeldende for videregående skoler, jf. forslag til §§ 2–1 og 6A–2. Kravet om norsk eller samisk som undervisningsspråk skal likevel ikke gjelde for internasjonale skoler i Norge. Det vises her til punkt 8.2.6 og departementets vurderinger og forslag i punkt 4.1.4 i Ot.prp. nr. 33 (2002–2003) om friskoleloven.

Skoler som mottar tilskudd etter privatskoleloven skal være åpne for alle, jf. § 3–1, og i tilknytning til omtalen av internasjonale skoler i punkt 4.1.4 i Ot. prp. nr. 33 (2002–2003) om friskoleloven, er det uttalt at skolene for eksempel ikke kan stille krav om et visst kunnskapsnivå i engelsk. Flere internasjonale skoler har inntaksreglement, ordensreglement, læreplaner, regnskap mv. som bare foreligger på engelsk, selv om skolen er norsk. Videre er det flere norske skoler i utlandet som oversender dokumentasjon til staten på for eksempel spansk uten norsk oversettelse. Begrunnet i hensynet til at skolene faktisk skal være tilgjengelig for alle elever og foreldre og hensynet til effektiv saksbehandling og muligheten for tilsyn, foreslår departementet at det lovfestes at alle dokumenter som er viktig for skolevirksomheten også skal være tilgjengelig på norsk eller samisk.»

8.4.4.2 Synspunkta frå høringsinstansane

Dei aller fleste høringsinstansane har ikkje merknader til eller støttar forslaget frå departementet. Utdanningsforbundet uttaler:

«Utdanningsforbundet støttar at norsk eller samisk skal vere undervisningsspråk både ved private grunnskular og vidaregåande skular. Vi er einig i at dette kravet ikkje skal gjelde for internasjonale skular i Noreg. Vi støttar lovfesting av eit krav om at alle dokument som er viktige for skuleverksemda, skal vere tilgjengelege på norsk eller samisk. Det vil gjere kravet om at alle skular skal vere tilgjengelege for alle elevar og foreldre, meir reelt. Omsynet til effektiv sakshandsaming og moglegheit for tilsyn er og ei viktig grunngjeving for kravet om at dokument skal vere tilgjengelege på norsk eller samisk.»

8.4.4.3 Vurderingar og forslag frå departementet

I samsvar med høringsforslaget foreslår departementet at opplæringa i grunnskolar og i vidaregåande skolar skal vere på norsk eller samisk, men at dette kravet ikkje skal gjelde for internasjonale skolar i Noreg. Undervisningsspråket på dei internasjonale skolane skal likevel vere eit framandspråk som flest mogleg av innbyggjarane i Noreg beherskar, og dei internasjonale skolane kan ikkje stille krav til elevane om eit visst kunnskapsnivå i det språket undervisninga skal skje på. Dette har samanheng med at alle skolar som driv verksemda etter lova, skal stå opne for alle, jf. § 3-1 første ledd. Departementet viser her også til kapittel 4.1.4 i Ot.prp. nr. 33 (2002–2003) om friskolelova, der det heiter:

«Engelsk er det einaste obligatoriske framandspråket i norsk grunnskole, og dermed er språket godt eigna til å realisere prinsippet om opne skolar. I tillegg vil undervisning på engelsk også oppfylle nokre av dei måla i engelsk som den offentlege læreplanen fastset. Etter det departementet kjenner til, har dei fleste internasjonale skolane engelsk som undervisningsspråk. Undervisning på engelsk vil derfor vere formålstenleg for elevar som har fått delar av si opplæring ved ein internasjonal skole i utlandet, eller elevar som tek sikte på å halde fram skolegangen sin ved ein slik skole i utlandet. Sjølv om engelsk er det vanlegaste språket ved dei internasjonale skolane i dag, ser departementet at det kan oppstå behov for skolar som har eit anna undervisningsspråk. Departementet vil derfor foreslå at lova opnar for godkjenning av skolar med ulike undervisningsspråk.»

Kva for eit undervisningsspråk ein internasjonal skole skal bruke, må godkjennast i samband med læreplanen, jf. § 2-3 i lovutkastet.

Av omsyn til effektiv saksbehandling, mogleg tilsyn og at informasjon om skolen skal vere tilgjengeleg for alle elevar og foreldre, foreslår departementet i samsvar med høringsforslaget at alle dokument som er viktige for skoleverksemda, skal vere tilgjengelege på norsk eller samisk.

Departementet fremjar etter dette forslag om endringar i §§ 2-1 tredje ledd og 6A-2 første ledd fjerde punktum i samsvar med forslaget i høringsbrevet. Departementets viser elles til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

8.4.5 Forsøk

8.4.5.1 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet viste departementet til at løyvet til å godkjenne tidsavgrensa forsøk var regulert i privatskolelova § 4 andre ledd. Da friskolelova erstatta privatskolelova med verknad frå 1. oktober 2003, inneheldt ho inga føresegn om forsøk; heimelen vart først teken inn frå 1. desember 2004. Forsøksføresegna i § 1-5 vart som nemnt under kapittel 8.1 sett ut av kraft 9. juni 2006. I høringsbrevet uttalte departementet vidare:

«Slik forsøksbestemmelsen lød frem til 9. juni 2006 kunne departementet etter søknad fra en frittstående skole gi tillatelse til at loven for en begrenset periode ble fraveket i forbindelse med pedagogiske eller organisatoriske forsøk. Forsøkshjemmelen gjaldt etter sin ordlyd i forhold til alle bestemmelsene i friskoleloven.

Formålet med forsøksbestemmelsen var, på samme måte som etter opplæringsloven § 1-4, å vinne erfaringer med ordninger som avviker fra loven med tanke på mulige regelendringer. For at en søknad om et forsøk kunne innvilges, måtte det dreie seg om reelle forsøk: Hensikten måtte være å finne ut om en kunne finne frem til en bedre ordning, og at erfaringen således kunne gi grunnlag for å vurdere endringer i regelverket. Hjemmelen kunne følgelig ikke brukes med den begrunnelse at de vanlige reglene ikke «passet» for den aktuelle skole. Det kunne heller ikke gis permanente forsøk etter § 1-5. Forsøk skulle være tidsavgrenset, og det var forutsatt at forsøk skulle evalueres.

Departementet mener at det på dette området ikke er grunn til å behandle offentlige og private skoleeiere forskjellig. Forsøk kan være et virkemiddel for å få til en god utvikling også i de private skolene. Departementet foreslår derfor at forsøksbestemmelsen slik den lød frem til 9. juni 2006 gjeninnføres.

Departementet foreslår en presisering om at forsøk kun kan godkjennes ved skoler som allerede er i drift. Dette er den praksis som har vært gjeldende etter friskoleloven. Begrunnelse er at skolen må ha vært gjennom etableringsfasen for at et forsøk skal kunne gjennomføres på en best mulig og effektiv måte. Av ­hensyn til lovens systematikk, foreslår departementet at bestemmelsen om forsøk flyttes fra § 1-5 til § 2-5.»

8.4.5.2 Synspunkt frå høringsinstansane

Dei aller fleste høringsinstansane støtter eller har ikkje merknader til forslaget om at lova igjen skal opne for forsøk.

8.4.5.3 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet vil leggje vinn på ein offensiv skolepolitikk, der forsøk blir sedde som eit viktig verkemiddel for å få god utvikling. Departementet foreslo derfor i høringsbrevet at friskolelova (foreslått endra til privatskolelova), på linje med opplæringslova, skal opne for at det skal vere høve til å godkjenne pedagogiske eller organisatoriske forsøk. Forsøk skal vere tidsavgrensa, og det vart føresett at forsøk skal evaluerast. I omgrepet forsøk ligg at formålet må vere å finne ut kva ein sjølv og andre kan lære ved å prøve ut alternative ordningar på det aktuelle området. På grunnlag av dei erfaringar som blir gjorde, kan det så vere aktuelt å endre regelverket. Departementet foreslår at det går klart fram av føresegna at forsøk berre kan godkjennast ved skolar som allereie er i drift etter lova. Departementet viser elles her til kapittel 8.4.5.1.

Departementet fremjar etter dette forslag om ein ny § 2-5 om forsøksverksemd i samsvar med forslaget i høringsbrevet. Elles viser departementet til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

Til forsida