Ot.prp. nr. 4 (1999-2000)

Om lov om endring i lov 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom

Til innhaldsliste

4 Administrative og økonomiske konsekvensar m.m.

Om oreigning bør setjast i verk i det einskilde høvet, vil måtte vurderast konkret på same måte som for andre slag oreigningsinngrep. Sjå særleg oreigningslova § 2 siste leddet: Oreigning kan ikkje skje «utan det må reknast med at inngrepet tvillaust er til meir gagn enn skade».

Bygging av vindkraftverk vil gi offentlege styremakter ymse slag administrativt arbeid. Mellom anna kan konsesjonshandsaming etter energilova 29. juni 1990 nr. 50 vere naudsynt, om kraftverket har ein viss storleik. Jamvel andre lover vil eller kan få verknad ved bygging av vindkraftverk, særleg plan- og bygningslova 14. juni 1985 nr. 77 og forureiningslova 13. mars 1981 nr. 6. Dessutan kan kulturminnelova 9. juni 1978 nr. 50 vere naturleg å nemne her. Administrativ handsaming av ei oreigningssak kjem i tillegg til dette.

Som det går fram av punkt 2.1, kan ei lovendring få som verknad at ei oreigning kan setjast i verk tidlegare enn om den må skje etter plan- og bygningslova. Lovendringa gjer at energistyremaktene kan vedta å oreigne allereie parallelt med ein kommunal planprosess. Vedtaket kan gå ut på å gi samtykke til oreigning direkte til føremon for utbyggjaren, altså utan at det offentlege må stå som oreignar, som eit uturvande mellomledd. Alt dette gjer at utbygging kan bli sett i verk snarast mogleg etter at det kommunale planarbeidet er ferdig. Utbygging kan likevel til sist ikkje skje utan det kan sameinast med planar etter plan- og bygningslova, og, slik det går fram under punkt 3.2, må energistyremaktene ved si vurdering av spørsmålet om det skal oreignast, vurdere utsikta til at utbygging lovleg vil kunne skje etter plan- og bygningslova. Kommunar som ønskjer å få bygt vindkraftverk, og førebur dette etter plan- og bygningslova, vil som følgje av lovendringa i praksis sleppe òg å måtte handsame ei eventuell oreigningssak etter plan- og bygningslova.

På grunn av dei skilnader som er mellom oreigning etter oreigningslova og etter plan- og bygningslova, må ein gå ut frå at ei lovendring kan føre til at oreigningsinngrep kan bli sett i verk oftare enn om lova ikkje blir endra. Justisdepartementet har som føresetnad at eit mogleg administrativt meirarbeid skal skje innanfor vanlege budsjettrammer.

For utbyggjaren kan ein oreigningsheimel i oreigningslova etter tilhøva gjere at vindkraftverket kan bli lagt i terrenget på den måten som gir best driftstilhøve. Ei endring i oreigningslova kan ha ein god miljøverknad av di den legg til rette for å dekkje etterspurnaden etter energi ved eit energislag som ålment må reknast å ha moderate miljøverknader. Ei endring vil òg gjere det lettare å leggje kraftverket i terrenget på den måten som er best for miljøet. Justisdepartementet føreset at ulemper for miljøet blir vurderte i samband med den einskilde oreigningssaka.