Ot.prp. nr. 48 (2006-2007)

Om lov om endring i lov 8. juni 1984 nr. 51 om ­havner og farvann m.v.

Til innhaldsliste

2 Grunngivinga for lovforslaget

FN sin sjøfartsorganisasjon, IMO, vedtok i desember 2002 eit nytt internasjonalt regelverk om tryggleik og terrorberedskap for skip i internasjonal fart og hamner som tek i mot desse, International Ship and Port Facility Security Code (ISPS-koden). ISPS-koden blei vedteken på IMO sin diplomatkonferanse 12. desember 2002 som ein direkte følgje av terrorhandlingane mot USA 11. september 2001. Koden er ein del av eit større regelverk som blei innlemma som eitt nytt kap. XI-2 i The Inter­national Convention for the Safety of Life at Sea (SOLAS). Formålet med koden er å etablere eit internasjonalt rammeverk for å førebyggje og h­indre terrorisme og terrorhandlingar mot skip og hamner. Dette skal bl.a. oppfyllast ved samarbeid mellom kontraherande statar, nasjonale og lokale styresmakter, samt tiltak på skip i internasjonal fart og i hamner som betener desse.

IMO sitt regelverk er implementert i EU-landa gjennom forordning om styrkt terrorsikring av skip og hamneterminalar (forordning 725/2004). EU på si side ynskjer ytterlegare terrorsikring av hamner utover IMO sitt regelverk, og vedtok derfor direktiv 65/2005 i oktober 2005. Formålet med direktivet er å sikre dei delane av hamna som ikkje allereie er omfatta av forordning 725/2004. I juni 2005 vedtok EU-kommisjonen vidare forordning 884/2005, som regulerer inspeksjonar innan maritim sikring og terrorberedskap. Maritim terrorsikring er omfatta av EØS-avtalen, og Noreg er derfor forplikta til å gjennomføre EU sitt regelverk på området. Det er ESA (EFTA Sureveillance Authority) som vil gjennomføre inspeksjonar og kontrollere at regelverket om maritim terrorsikring er oppfylt i EFTA-landa.

Det internasjonale regelverket om sikring og terrorberedskap i hamner, forordning 725/2004, er så langt implementert i Noreg gjennom gjeldande forskrift om terrorsikring som er heimla i lov 8. juni 1984 nr. 51 om havner og farvann m.v. Lova har ikkje tilstrekkeleg heimel til å implementere delar av direktiv 65/2005 og forordning 884/2005, og dette gjeld særleg føresegner om kroppsvisitasjon og fysisk gjennomgang av bagasje og gods. Lova gir heller ikkje Kystverket heimel til å krevje gebyr for myndigheitsoppgåver knytt til terrorsikring av hamner.

I utkastet til revidert lov om hamner og farvatn, som er ute på høyring, blir det foreslått å heimle forskrifter om terrorberedskap i hamner i ein ny paragraf. Det er usikkert når den nye lova kan tre i kraft, og etter Fiskeri- og kystdepartementet si vurdering er det difor nødvendig å gjere endringar i gjeldande lov om hamner og farvatn allereie no, slik at det er heimel for å implementere det internasjonale regelverket om terrorsikring av hamner som trer i kraft i juni i år.

Kostnadene ved å innføre sikringstiltak og terrorberedskap i hamner og på skip er omfattande, og regelverket er utan tvil ei utfordring for sjøtransportnæringa. På den andre sida er samfunnet og næringsinteresser heilt avhengige av velfungerande internasjonale sjøsamband, samtidig som sjøtransporten er sårbar for terroranslag. Tiltaka som blir innførde i hamnene som følgje av det internasjonale regelverket må likevel sjåast på som ein del av hamnesektoren sitt allmenne ansvar for å verne eiga verksemd.

I tråd med gjeldande finansieringsprinsipp for maritim infrastruktur, er det lagt opp til at sikringstiltaka blir betalte av dei som bruker hamnene. Hamnar som tilpasser seg føresegnene i regelverket vil kunne tilby betre kvalitet på tenester, redusere svinn og få eit positivt bidrag til helse, miljø og tryggleik for dei tilsette. Slike forbetringar i kvaliteten bør til dømes kunne nyttast aktivt i mark­nadsføringa av sjøtransportløysingar og overfor forsikringsselskap m.m.

Internasjonalt ser ein nærare på behovet for å innføre sikring og terrorberedskap for heile transportkjeda og alle transportgreiner, og å innføre slike nye internasjonale sikkerheitsstandardar er ei prioritert oppgåve i arbeidet for auka samfunnstryggleik. Vi viser i denne samanheng til St.meld. nr. 39 (2003-2004) Samfunnsikkerhet og sivilt-militært samarbeid.

Kystverket har som nasjonal hamneetat ansvar for å følgje opp arbeidet med innføringa av regelverket om sikring og terrorberedskap i norske hamner, medrekna godkjenning av sårbarheitsanalyse og sikringsplanar, verifikasjon og tilsyn og kontroll med iverksetjing og etterleving av nødvendige tiltak. Oppgåvene er av løpande karakter, og det vil krevje permanente organisatoriske endringar i Kystverket for å løyse gjeldande og nye oppgåver innan hamnesikring. Det er rundt 550 hamneterminalar som er omfatta av gjeldande regelverk. I samband med implementeringa av nytt direktiv og ny forordning vil det bli behov for ytterligare ressursar knytte til fornya godkjenning og autorisasjon av sikringsorganisasjonar, og til godkjenning av sårbarheitsvurderingar og sikringsplanar i dei delane av hamna som ikkje er omfatta av SOLAS og ISPS-koden. Vi ventar at det nye regelverket vil gjelde rundt 220 norske hamner.

Fiskeri- og kystdepartementet meiner at Kystverket må ha ei fast organisering av oppgåvene med hamnesikring, og det er vedteke at brukarane frå og med 2007 skal dekkje kostnadane til etaten i samband med dette, jf. St.prp. nr. 1 (2006-2007) for Fiskeri- og kystdepartementet. Det er lagt opp til at kostnadene blir dekt inn gjennom eit årleg flatt gebyr for kvar einskilde hamneterminal som er omfatta av regelverket. Kystverket sitt arbeid med sikring og terrorberedskap i hamnene er rekna til å koste 13,5 mill. kroner i 2007.

For Svalbard gjeld det ei eiga forskrift om sikring og terrorberedskap i hamner, som implementerer forordning 725/2004. Denne forskrifta er heimla i Svalbardmiljølova. Implementering av dei nye internasjonale reglane på øygruppa vil skje gjennom ei endring av gjeldande forskrift.

Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) har på vegne av Fiskeri- og kystdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Samferdselsdepartementet gjennomført ein nasjonal sårbarheitsanalyse. EU og EØS-statane er etter forordning 725/2004 pålagd å gjennomføre ein slik analyse av innanrikstrafikken innan 1. juli 2007, for å avgjere i kva omfang forordninga eventuelt skal gjerast gjeldande også for skip i innanriksfart og for dei hamneanlegga som berre tek i mot desse. FFI har utarbeidd ein rapport, og styringsgruppa vil kome med ei tilråding på bakgrunn av denne i løpet av våren 2007. Eventuelle tilrådde sikringstiltak vil bli følgd opp i det vidare forskriftsarbeidet, og skal vere implementert innan 1. juli 2007.