Ot.prp. nr. 48 (2006-2007)

Om lov om endring i lov 8. juni 1984 nr. 51 om ­havner og farvann m.v.

Til innhaldsliste

4 Nærare om lovforslaget

Fiskeri- og kystdepartementet foreslår at paragrafane nedanfor blir tekne inn som to nye paragrafar i lov 8. juni 1984 nr. 51 om havner og farvann m.v. Dei er likelydande med føresegna i forslag til revidert lov om hamner og farvatn, som blei sendt på høyring 21. desember 2006.

§ 11 a Sikkerhet og terrorberedskap i havner

Til § 11 a

Første ledd fastslår at det skal setjast inn tiltak for å førebyggje og hindre terrorhandlingar, og andre forsettlege ulovlege handlingar mot hamna eller fartøy som bruker hamna.

«Terrorhandlinger» omfattar ulovleg bruk av, eller trussel om bruk av, makt eller vald mot personar eller eigedom, i eit forsøk på å leggje press på landet sine styresmakter eller befolkning eller samfunnet elles for å oppnå politiske, religiøse eller ideologiske mål. Dette tilsvarar definisjonen av omgrepet «terrorhandlinger» i lov 20. mars 1998 nr. 10 om forebyggende sikkerhetstjeneste § 3 nr. 5.

Med eigedom meiner ein i denne definisjonen ikkje berre fast eigedom, men også lausøyre, bygningar, utstyr, materiell, område, naturmiljøet og andre objekt/annan verksemd som ikkje er personar. Terroraksjonar har oftast til formål å fokusere medieinteressa på saker av politisk, ideologisk eller religiøs natur. Aksjonane kan bli retta mot enkeltpersonar, offentlege instansar, flyselskap, norsk industri eller andre vitale delar av samfunnet. Om omgrepa «terrorisme» og «terrorhandlinger», sjå NOU 1993:3 «Strafferettslige regler i terroristnedkjempingen» og Ot.prp. nr. 49 (1996-1997) Om lov om forebyggende sikkerhetstjeneste.

Omgrepet «terrorhandlinger» er ikkje klart avgrensa, og slike handlingar kan skje på ei rekkje ulike måtar. Dette har likevel mindre å seie, sidan omgrepet «andre forsettlige ulovlige handlinger» vil dekkje situasjonar der det kan vere tvil om vedkomande ulovlege handling er ei terrorhandling.

Andre forsettlege ulovlege handlingar omfattar angrep mot hamna, eller fartøy i hamna, som ikkje kan definerast som «terrorhandlinger».

Det skal setjast inn «tiltak» for å «forebygge og hindre» ulovlege forsettlege handlingar mot hamna, og fartøy som vert betjent av hamna. Med omsyn til terrorhandlingar blir det vist til andre ledd, som gir ei opplisting av tiltak som kan vere aktuelle. Desse elementa byggjer på dei sentrale elementa i det internasjonale regelverket for hamnesikring og terrorberedskap som er implementerte i norsk rett. Ein skal bl.a. gjere ein sårbarheitsanalyse (bokstav b), som er grunnlag for ein tryggleik- og terrorverneplan som skal godkjennast (bokstav c). Ein skal peike ut særskild personell i hamna med ansvar for tryggleik og terrorberedskap, og dei skal få den nødvendige opplæringa (bokstav e). Det skal samtidig leggjast opp til kontroll av personar, køyretøy og gjenstandar som er eller skal inn i hamna, og med dette kroppsvisitasjon og tilgang til å bryte forseglingar etter nærare reglar fastsette i forskrift (bokstav g). Dei som arbeider i hamna skal også utstyrast med identifikasjonsdokument (bokstav h). Sjølv om tiltaka i bokstav a) til h) først og fremst er av interesse i forhold til terrorhandlingar, vil fleire av dei vere naturlege også i forhold til andre ulovlege handlingar mot hamna og fartøy som vert betjent av hamna.

Andre ledd gir departementet heimel til å gi forskrifter om sikkerheit og terrorberedskap i hamner. Dei opprekna momenta vil som nemnt ovanfor truleg vere særleg aktuelle for tiltak mot terrorhandlingar. Når det gjeld pkt. a), er dette teke med fordi det kan vere aktuelt å avgrense heile eller delar av regelverket til nærare definerte hamner, og fordi verkeområdet også kan tenkjast forskjellig avhengig av kva slags ulovlege handlingar det er tale om.

§ 26 a Gebyr for kontrolltiltak og tilsyn m.v.

Til § 26 a

Forvaltinga kan ikkje ta betaling for offentleg myndigheitsutøving eller saksbehandling utan særskild heimel. Departementet innfører her ein heimel for å krevje gebyr for kontrolltiltak og tilsyn og behandling av søknad om løyve eller godkjenning. Liknande føresegner finst i jernbaneloven § 14, forurensningsloven § 52 a og skipssikkerhetsloven § 7-8.

Første ledd gir departementet ein rett til å gi forskrifter om gebyr for å dekkje inn kostnader i samanheng med kontrolltiltak og tilsyn i medhald av lova. Det blir vist til retningsliner frå Finansdepartementet om gebyr- og avgiftsfinansiering av statlege myndigheitshandlingar, jf. R-112/2006.

Andre ledd gir departementet rett til å fastsetje gebyr for behandling av søknader om løyve og godkjenningar etter lova. Heimelen er nyttig der det vert gjort mange vedtak eller det elles er kostnadskrevjande å administrere ei ordning. Dette er særleg aktuelt ved løyve og søknader om godkjenningsbevis under regelverket om sikring og terrorberedskap. Når Kystverket gjennomfører sårbarheitsvurderingar etter oppdrag frå terminaleigar, må Kystverket likevel kunne krevje vederlag for denne tenesta utan heimel i lov på lik linje med private føretak med status som RSO (Recognized Security Organization).