Ot.prp. nr. 49 (1998-99)

Om endringar i lov 24 juni 1994 nr 45 om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap og om oppheving av lov 24 juni 1994 nr 44 om at tilsette i Televerket mellombels skal behalde visse rettar etter lov av 4 mars 1983 nr 3 om statens tjenestemenn ved overgang til selskap utskild frå Televerket

Til innhaldsliste

3 Nærare om lovframlegget

3.1 Til framlegget om endringar i lova om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap

Til § 3

Føresegna fastsett at staten skal eige alle aksjar i Telenor AS. Ved ei verksemdsamanslutting med Telia AB skal staten sine aksjer i Telenor AS gå over til det nye selskapet som vil bli skipa i høve samansluttinga. Dette fører med seg at føresegna ikkje kan oppretthaldast.

Til § 6

Paragraf 6 seier at føresegnene om førerett til anna statsstilling og rett til venteløn ved oppseiing etter tenestemannslova § 13 blir ført vidare i eit avgrensa tidsrom frå omdanningstida for dei tilsette som blei omfatta av desse føresegnene før omdanninga. Det er såleis tale om ei utviding av dei nemnde føresegnene i tenestemannslova til å gjelda nokon som ikkje er statstenestemenn. Som peikt på ovanfor er tidsperioda for førerett til anna statsstilling og retten til venteløn nå gått ut, og vil ikkje ha verknad for utløysing av slike rettar på grunn av oppseiing. Når føresegnene ikkje lengre har nokon materiell verknad bør dei opphevast.

Det er det å bli tilsett i ei statsstilling som følgje av førerett og retten til å gå over til venteløn som er regulert i § 6 som ein tidsavgrensa rett. Når retten er utløyst har rettshavaren fått ein individuell rett eller eit krav mot staten som har heimel direkte i tenestemannslova og som blir regulert av tenestemannslova med forskrifter. Oppheving av § 6 vil såleis ikke ha noko å seie for rettsstoda for dei som allereie har utløyst førerett til statsstilling eller har gått over til venteløn.

3.2 Til framlegget om oppheving av lova om at tilsette i Televerket mellombels skal behalde visse rettar

Lova gjeld for dei tidlegare tilsatte i Televerket som før omdanninga til aksjeselskap gjekk over til sjølvstendige selskaper utskild frå Televerket.

Problemstillinga i høve til denne lova er den same som omtala i merknadene til omdanningslova § 6. Ein syner derfor til pkt. 3.1 ovanfor.