Ot.prp. nr. 49 (2003-2004)

Om lov om endring i lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m.

Til innhaldsliste

3 Ot.prp. nr. 52 (2001-2002)

3.1 Forslag frå departementet

Som nemnt i kapittel 1, føreslo Helsedepartementet i Ot.prp. nr. 52 (2001-2002) å forlengje det mellombels forbodet mot xenotransplantasjon til 1. januar 2005. På side 3 i proposisjonen heiter det i denne samanhengen mellom anna:

«Begrunnelsen for dette er at departementet ønsker å ha tilstrekkelig tid til å vurdere utvalgets tilrådinger, høringsuttalelsene og Europarådets endelige retningslinjer. Videre ønsker departementet tid til å utarbeide forslag til permanent regulering.»

Også seinare i proposisjonen er det understreka at dei endelege retningslinjene gitt av Europarådet ville vere viktige, og at det ville vere fornuftig å vente med ei nasjonal regulering fram til tilrådingane frå Europarådet låg føre. I proposisjonen la ein til grunn at utkast til retningslinjer tidlegast kunne bli lagt fram for Ministerkomiteen i september 2002, samtidig som ein ikkje såg bort frå at dette kunne bli endra til mars 2003. Idet ein viste til at dei endelege retningslinjene gitt av Europarådet tidlegast kunne liggje føre i siste halvdel av 2002, samtidig som det føreliggjande utkastet til retningslinjer tilrådde at xenotransplantasjon ikkje burde gjennomførast før medlemslanda hadde regulert feltet i tråd med det som ville gå fram av dei endelege tilrådingane, uttalte departementet:

«I henhold til dette vil det være realistisk å sende et forslag til regulering av xenotransplantasjon på høring sommeren 2003, med fremleggelse våren 2004.»

Departementet viste vidare til at xenotransplantasjonsutvalet ikkje hadde utarbeidd noko lovforslag, at utvalet heller ikkje hadde vurdert korleis forslaget ville verke inn på anna lovgiving og at det dermed stod att ein god del arbeid før ein kunne ha eit forslag klart. Ein viste også til at det ville vere behov for ein ny høyringsrunde når eit endeleg forslag til lovregulering var utarbeidd.

På den andre sida viste departementet til at utviklinga hadde kome svært langt på visse område når det gjaldt xenotransplantasjon. Som døme nemnde ein at ein i USA hadde kome langt når det gjaldt forsking på kunstige organ baserte på levande celler (bioartifisielle organ). Ein viste til at dersom resultata av kliniske forsøk var tilfredsstillande, måtte ein forvente at denne typen behandling raskt kunne bli etablert. Ut frå dette føreslo departementet å opprette ei ordning der eit interimsorgan skulle få ansvaret for å følgje med på utviklinga innanfor xenotransplantasjon. Dette skulle sikre at ein heldt seg à jour med kva som skjedde internasjonalt, samtidig som ein ville vere betre rusta til å takle den situasjonen som kunne oppstå dersom xenotransplantasjon blei eit behandlingstilbod i andre land.

3.2 Behandlinga i Stortinget

I Innst. O. nr. 51 (2001-2002) støtta eit komitéfleirtal med medlemmene frå Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet forslaget om å forlengje det mellombels forbodet fram til 1. januar 2005. Ein viste til at slik forlenging ville vere nødvendig for å gi regjeringa nødvendig tid til å vurdere tilrådingane frå xenotransplantasjonsutvalet, høyringsfråsegnene og dei endelege retningslinjene gitt av Europarådet.

Medlemmene frå Arbeidarpartiet i sosialkomiteen støtta også forslaget om å forlengje forbodet, men fremja i tillegg eit mindretalsforslag som gjekk ut på at Stortinget skulle be regjeringa utarbeide eit eige lovforslag om xenotransplantasjon snarast mogleg.

Medlemmene i komiteen frå Framstegspartiet viste til tilrådingane frå xenotransplantasjonsutvalet og fleirtalet av høyringsfråsegnene og ønskte å tillate xenotransplantasjon frå 1. januar 2003. Desse medlemmene røysta derfor mot forslaget om å forlengje det mellombels forbodet.