Ot.prp. nr. 49 (2003-2004)

Om lov om endring i lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m.

Til innhaldsliste

4 Gjeldande nasjonalt regelverk

4.1 Transplantasjonslova

Lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m. inneheld føresegner om transplantasjon av organ og anna biologisk materiale frå levande og avlidne personar. Transplantasjon av organ, vev og celler frå dyr fell derfor i utgangspunktet utanfor lova.

I samsvar med det som er nemnt ovanfor under kapittel 1 og kapittel 3, fekk lova ei tilføying ved lov 8. juni 2001 nr. 31 som dreidde seg om overføring av levande biologisk materiale frå dyr til menneske. Etter tilføyinga, i form av § 6a, blei slik transplantasjon forboden. Forbodet omfattar både kliniske forsøk og alle former for medisinsk behandling med levande biologisk materiale frå dyr. Etter nytt andre ledd i § 15 i lova skulle § 6a opphøyre å gjelde frå 1. januar 2003. Som nemnt ovanfor under kapittel 3, forlengde Stortinget det mellombels forbodet mot xenotransplantasjon fram til 1. januar 2005, jf. lov 5. juli 2002 nr. 66.

4.2 Smittevernlova

Lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer inneheld føresegner som kan gjerast gjeldande ved overføring av smittsam sjukdom frå dyr til menneske, mellom anna føresegner om informasjon og personleg rettleiing om smittevern til smitta personar, visse unntak for teieplikt, meldeplikt for legar, undersøking av befolkninga, kartleggingsundersøking og metodeprøving, føresegner om møteforbod, stenging av verksemd, avgrensing i kommunikasjon, isolering og smittesanering, og føresegner om tvangstiltak overfor smitta personar.

4.3 Dyrevernlova

Lov 20. desember 1974 nr. 73 om dyrevern inneheld i § 5 forbod mot å endre arveanlegga hos dyr ved mellom anna genteknologiske metodar dersom endringa gjer dyret uskikka til å utøve normal åtferd eller påverkar fysiologiske funksjonar på ein uheldig måte, dersom dyret blir påført unødig liding, eller dersom endringa vekkjer allmenne etiske reaksjonar. § 21 i lova inneheld føresegner som regulerer bruk av dyr i forsking og forsøksverksemd. Det heiter at ingen må gjere biologiske forsøk med dyr utan særskilt løyve.