Ot.prp. nr. 50 (2006-2007)

Om lov om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova)

Til innhaldsliste

3 Lovgjeving i Danmark, Sverige og Finland

Danmark

I Danmark er det meir omfattande lovgjeving på kulturfeltet enn i Noreg. Lover vert ofte brukte der det i Noreg er etablert annan type regelverk eller vilkår knytt til tilskot.

Frå og med 1. januar 2007 vart ei omfattande kommunalreform sett i kraft. Nittiåtte nye kommunar erstatta dei tidlegare 271 kommunane. Amta vart nedlagde, og i staden vart det etablert fem regionar. I tillegg inneber reforma ny oppgåvefordeling og ei finansieringsreform.

På kulturområdet er ny oppgåvefordeling regulert ved fire nye lovforslag som har som føremål å skapa enklare struktur for tildeling av støtte og ei klår arbeidsdeling mellom kommunar, regionar og stat (jf. lov nr. 563 av 24. juni 2005 om endring av ei rekkje lover på kulturområdet, lov nr. 562 av 24. juni om endring av museumslova m. fl., lov nr. 561 av 24. juni 2005 om endring av musikklova, lov nr. 519 av 21. juni 2005 om endring av teaterlova). Ansvaret for kultur vert delt mellom stat og kommunar. De nye regionane får høve til, i samanheng med overordna regional planlegging, å setja i verk nye kulturtilbod som kan vidareførast av andre, men regionane har ikkje høve til å yta driftstilskot til kulturinstitusjonar. Kulturministeriet overtek ansvaret for dei tilskota som amta tidlegare ytte til ei rekkje kulturinstitusjonar.

Lov om regionale kulturavtaler (1999) regulerer avtaler mellom kulturministeriet og kulturregionar som ønskjer å inngå slike avtaler. Med kommunalreforma har dei regionale kulturavtalene skifta namn til kulturavtaler med kommunar m. v. Det vil vera kommunane i fellesskap eller kvar for seg som vil inngå kulturavtalene med kulturministeriet.

I tida før kommunalreforma og lova om regionale kulturavtaler vart det gjennomført ei rekkje forsøk med å leggja statlege kulturoppgåver ut til kommunar og amt (jf. lov om regionale kulturforsøk (1995)). Føremålet var å styrkja det lokale sjølvstyret, å prøva ut ei ny arbeidsdeling mellom stat, amtskommune og kommune, å betra ressursutnyttinga og å auka den lokale innsatsen på kulturområdet gjennom regionale kulturforsøk.

Evalueringa av ordninga konkluderte med at forsøket førte til fleire initiativ, sterkare resultat­orientering og betre kvalitet i det lokale/regionale kulturlivet. Samstundes konstaterte evalueringa at dei fleste resultata kunne ha vore gjennomførte utan forsøk og lovdispensasjonar.

Sverige

I Sverige nyttar ein seg i liten grad av lovgjeving på kulturområdet. Ansvaret for kultursektoren er delt mellom stat, landsting og kommunane. Utanom biblioteklova (1996:1596) og kulturminnelova (1988:950) er det ingen lover som regulerer det ansvaret landstinga og kommunane har på kulturfeltet. På same måten som i Noreg er tilskot til kulturføremål i større mon styrt av annan type regelverk enn av lovføresegner, og det finst ei rekkje «förordningar» som gjev retningsliner og vilkår for offentlege tilskot til kulturføremål.

Også i Sverige har det vore gjennomført forsøksordningar med å leggja statlege oppgåver på kulturområdet ut til landsting (jf. Lag (1996:1414) om försöksverksamhet med ändrad regional ansvarsfördeling). Den såkalla «kulturpåsen» inneber at landstinget overtek fordelinga av statstilskot til regionale kulturinstitusjonar frå Statens kulturråd – etter nærare retningsliner frå regjeringa – i utvalde län i perioden 1997-2002. Forsøksverksemda i Skåne og Västra Götalands län skal gjelda fram til 2010.

Hovudkonklusjonen i evalueringa av forsøksordninga i Skåne län og Västra Götalands län er at eit større regionalt ansvaret ikkje har ført til merkbare endringar i fordelinga av midlar til kulturinstitusjonar. Statens kulturråd hevdar at eit system med ein såkalla «kulturpåse» er til hinder for ein aktiv, nasjonal kulturpolitikk. Forsøksverksemda har hindra statlege innsatsar som etter Statens kulturråds vurdering kunne ha vore til stor nytte.

Finland

I Finland er det etablert ei omfattande lovgjeving på kulturområdet. Det offentlege ansvaret for kultur er delt mellom staten og kommunane. Det finst ikkje noko autonomt regionalt forvaltningsnivå. Staten har det økonomiske ansvaret på regionalt nivå gjennom «läns»-styra, regionale administrative organ som er ein del av det statlege forvaltningsapparatet.

Den finske lova om kulturverksemd i kommunane (3.8.1992/728) har ofte vore vist til som ein relevant modell for ei generell kulturlov i Noreg. Denne lova pålegg kommunane å fremja, støtta og organisera kulturverksemda i kommunane. Kommunane skal òg leggja til rette for at innbyggjarane har tilgang til grunnundervisning i kunst, og til undervisning innanfor amatørverksemd.

«Kulturverksemd» omfattar «professionell och amatörmässig konstutövning, erbjudande och anlitande av konstnärliga tjänster, hembygdsarbete samt tillvaratagande och främjande av det lokala kulturarvet».

Denne enkle lova går inn i eit komplekst system som i lovs form detaljregulerer statlege og kommunale tilskot til kulturføremål, jf. lov om «statsandelar» til kommunane (20.12.1996/1147) og lov om finansiering av undervisnings- og kulturverksemd (21.8.1998/635). Det er desse detaljerte og komplekse lovene som avgjer det konkrete løyvings- og aktivitetsnivået i kommunane. Dei er tufta på eit heilt anna prinsipp enn det norske systemet med rammeløyvingar frå staten til fylkeskommunar og kommunar. Slik sett uttrykkjer den finske kulturlova berre ein generell politisk vilje til å fremja kulturverksemd. I tillegg finst det ei eiga biblioteklov (904/1998), museumslov (729/1992) og teater- og orkesterlov (730/1992).