Ot.prp. nr. 57 (1998-99)

Om lov om gjennomføring av Traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar

Til innhaldsliste

2 Tilhøvet til gjeldande rett

Forbod og påbod med verknad for private

Etter Prøvestansavtalen pliktar Noreg å ikkje gjennomføre noko prøvesprenging av kjernevåpen eller anna kjernefysisk sprenging, og til å forby og hindre kvar slik kjernefysisk sprenging på kvar stad under sin jurisdiksjon eller kontroll, jf. artikkel I nr. 1. Underlagt norsk jurisdiksjon eller kontroll er forutan fastlandet med territorialfarvatn, også Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda.

Prøvestansavtalen stiller nærare krav til gjennomføring av forbodet i artikkel I og i artikkel III nummer 1 bokstav a og b, der det blir stilt krav om at forbodet skal gjelde både fysiske og juridiske personar. I tillegg blir det i artikkel III nr. 1 bokstav c stilt krav om at ein skal forby fysiske personar med norsk statsborgarskap å drive verksemd som traktaten forbyr, uavhengig av kor dei bryt forbodet.

Norsk rett inneheld ikkje noko generell forbodsføresegn med same innhald som i Prøvestansavtalen artikkel I nummer 1, jf. artikkel III nummer 1. I lov 27. februar 1930 nr. 3 § 4, jf. § 8, er det forbod mot å gjennomføre atomeksplosjon på Bouvetøya, Peter Is øy og Dronning Mauds land utan samtykkje av Kongen.

Alminnelege borgarlege straffelov av 22. mai 1902 nr. 10 inneheld fleire forbod som kan tenkjast å vere relevante i forhold til forbodet i Prøvestansavtalen. Forboda er ikkje generelle, men oppstiller fleire vilkår for at handlinga skal vere straffbar. Straffeføresegnene gjeld både fysiske og juridiske personar (jf. strl. kap. 3 a).

Straffelova § 152 a gjev heimel for straff for den som utan lovleg løyve har eller brukar «materiale som består av eller inneholder plutonium eller uran og derved volder fare for skade». I den utstrekning ei kjernefysisk sprenging valdar fare for skade, vil straffelova § 152 a dekkje Noregs plikter etter Prøvestansavtalen artikkel I nr. 1, jf. artikkel III nr. 1.

Også straffelova § 152 b, som blant anna gjer det straffbart å forureine luft, vatn eller grunn slik at livsmiljøet i eit område blir mykje skada eller truga av slik skade, vil truleg kunne brukast på den som gjennomfører ei kjernefysisk sprenging. (Likeins vil forureiningslova § 78 vere relevant).

Sprenging «hvorved tap av menneskeliv eller utstrakt ødeleggelse av fremmed eiendom lett kan forårsakes», er straffbart etter straffelova § 148 første ledd, jf. også straffelova § 352. I den grad kjernefysisk sprenging skulle føre til tap av menneskeliv eller utstrekt øydelegging av framand eigedom, vil Prøvestansavtalen artikkel I nr. 1, jf. artikkel III, vere oppfylt ved straffelova § 148.

Å skaffe, tilverke eller oppbevare sprengstoff « i Hensigt derved at forøve nogen Forbrytelse» er straffbart etter straffelova § 161.

Straffelova gjeld for handlingar gjort i riket, jf. straffelova § 12 første ledd. Dette omfattar Svalbard og Jan Mayen. Også dei norske bilanda er underlagt norsk straffelovgjeving, jf. lov 27. februar 1930 nr. 3.

Etter straffelova § 12 andre ledd nummer 3 a) omfattar §§ 148, 161 og 152 a også handlingar gjort i utlandet av norsk statsborgar.

Lov om eksplosive varer av 4. juni 1974 nr. 39 gjeld varer som heilt eller delvis består av eller inneheld slikt emne at vara kan eksplodere eller forbrenne på eksplosjonsarta måte, jf. lov om eksplosive varer § 2. Ein føresetnad for å gjere ei kjernefysisk sprenging er etter det vi har forstått at ein har sprengstoff i tillegg til kjernefysisk materiale. Lova sitt system er at ulike former for verksemd med sprengstoff krev godkjenning eller løyve frå departementet, sjå også føresegn om eksplosive varer 22. mars 1977 § 12-1. Eit krav om godkjenning eller løyve frå departementet inneber at handlinga i utgangspunktet er forboden. Forbodet gjeld både fysiske og juridiske personar. Brot på lova er straffbart etter § 41. Sjølv om lov om eksplosive varer ikkje uttrykkeleg forbyr kjernefysisk sprenging, kan lova langt på veg seiast å oppfylle kravet i Prøvestansavtalen artikkel I nr. 1, jf. artikkel III. Lov om eksplosive varer gjeld for Svalbard med dei endringar som er fastsett i føresegn om ikrafttreding av lov av 14. juni 1974 nr. 39 om eksplosive varer for Svalbard med endringsføresegner.

Lov om atomenergiverksemd 12. mai 1972 nr. 28 omfattar blant anna atombrensel, radioaktivt produkt og atomsubstans. Atomsubstans er nærare definert i lov om atomenergiverksemd § 1 bokstav c som atombrensel, bortsett frå naturleg uran og utmagra uran, samt radioaktivt produkt unnateke radioisotopar som brukast til eit særskilt føremål. Atombrensel er blant anna spaltbart stoff som inneheld uran eller plutonium. Ei kjernefysisk sprenging forutset etter det vi har forstått uran eller plutonium, og lova kan derfor brukast.

Etter lov om atomenergiverksemd § 5 er det eit krav om løyve frå departementet for å «fremstille, eie, lagre, behandle, transportere, omsette eller forøvrig inneha eller anbringe atomsubstans». Krav om løyve gjeld både for fysiske og juridiske personar. Brot på lova er straffbart, jf. lov om atomenergiverksemd § 55. Som nemnd tidlegare, vil eit krav om løyve innebere at handlinga er forboden i utgangspunktet. Føresegna kan derfor seiast å oppfylle Prøvestansavtalen artikkel I nr. 1, jf. artikkel III. Lov om atomenergiverksemd gjeld også på Svalbard, Jan Mayen og dei norsk bilanda, jf. lov om atomenergiverksemd § 58 andre ledd.

Sjølv om gjennomgangen av norsk rett syner at forbodet i Prøvestansavtalens artikkel I nr. 1 truleg allereie er gjennomført i norsk rett, blir det likevel gjort framlegg om ein generell regel om forbod i gjennomføringslova § 1 med same ordlyd som i traktaten, for å gjere forbodet heilt klart.

Inspeksjonsretten

Traktaten sine verifikasjonsreglar er omfattande, med detaljerte reglar om når inspeksjon kan krevjast hos eit medlemsland for å kontrollere at traktaten blir oppfylt, om korleis slike inspeksjonar skal gjennomførast, jf. artikkel IV og protokollen til Prøvestansavtalen del II.

I Prøvestansavtalen artikkel IV bokstav A nummer 3 d) pliktar Noreg å gje løyve til stadlege inspeksjonar når vilkåra for slike er til stades. Plikta blir nærare utdjupa i artikkel IV bokstav D nummer 56 flg. og i protokoll til Prøvestansavtalen del II. Føresegnene inneber plikt til å gje tilgang til inspeksjonsområdet, jf. nr. 57 c). Kvar traktatstat har rett til å be om ein inspeksjon av anlegg eller stader som ligg på ein annan part sitt territorium, jf. artikkel IV bokstav A nummer 56. Denne regelen må også gjelde retten til å inspisere privat eigedom. For å kunne gjennomføre ein inspeksjon av privat eigedom slik traktaten seier, er det nødvendig å ha heimel i lova, om ein då ikkje har løyve på anna grunnlag. Det gjerast her framlegg om at det gjevast ein klar lovheimel i gjennomføringslova som gjev høve til inspeksjon av privat eigedom, på sama måte som i paragraf 1 i lov av 29. mai 1992 nr. 50 om gjennomføring av Avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE-avtalen), paragraf 1 i lov av 6. mai 1994 nr. 10 om gjennomføring av Konvensjonen om forbod mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen samt øydelegging av dei, og paragraf 3 i lov 17. juli 1998 nr. 54 om gjennomføring av landminekonvensjonen.

Det blir presisert i denne samanhangen at ved inspeksjon har den inspiserte parten etter traktaten artikkel IV D nummer 57 b) «rett til å gjere dei tiltaka han meiner er naudsynte for å sikre nasjonale tryggleiksinteresser og hindre utlevering av fortrulege opplysningar som ikkje er relevante i høve til føremålet med inspeksjonen», og 57 c) som seier « plikt til å gje tilgjenge innanfor inspeksjonsområdet berre for det føremålet å fastslå fakta som er relevante i høve til føremålet med inspeksjonen, og det skal takast omsyn til føresegnene i bokstav b) og kvar forfatningsmessig plikt han måtte ha med omsyn til eksklusive rettar eller ransaking og kverrsetjing». Inspeksjonen skal altså ikkje gå lenger enn det som er naudsynt for å gjennomføre ein forsvarleg inspeksjon.

Etter traktaten artikkel IV bokstav D nummer 48 kan Eksekutivrådet krevje at det skal kunne borast i grunnen i samband med ein inspeksjon. Dette er også eit inngrep ein må ha heimel til å gjennomføre ovanfor grunneigaren eller annan rettshavar. Det gjerast derfor framlegg om at ein i lovteksten positivt nemner boring i grunnen.

Immunitet og privilegier

Etter art. II i blir det oppretta ein eigen organisasjon som skal arbeide for at føremålet med traktaten blir oppfylt, mellom anna ved å setje i verk slike inspeksjonar som nemnd ovanfor. Etter artikkel II bokstav E nr. 54. flg. skal organisasjonen, partane sine delegatar, deira avløysarar og rådgjevarar, representantar for medlemmer som er valde til Eksekutivrådet, samt deira avløysarar og rådgjevarar, generaldirektøren, inspektørane, inspeksjonsmedhjelparane og resten av organisasjonen sitt personale nyte dei privilegia og den immuniteten som er naudsynt for at dei på ein sjølvstendig måte skal kunne utføre oppgåvene sine i organisasjonen. Etter artikkel II bokstav E nummer 56 skal rettsleg handleevne, privilegie og immunitet som omhandla fastsetjast i avtalar mellom organisasjonen og partane. Artikkel II bokstav E nummer 56 fastset at generaldirektøren, inspektørane, inspeksjonsmedhjelparane og det andre personalet i Teknisk sekretariat, i si verifikasjonsverksemd skal nyte dei privilegia og den immuniteten som er fastsett i protokollen. Etter protokollen del II bokstav B nr. 27 skal inspeksjonslagets medlemmer ha immunitet og privilegie som nemnt i bokstav a) til i).

Etter protokollen til Prøvestansavtalen del II bokstav B nummer 26 skal inspektørar og inspeksjonsmedhjelparar etter søknad få naudsynte reisedokument i samsvar med den nasjonale framgangsmåten. Det er stilt krav om at reisedokumenta er gjeve ut 48 timar etter at søknad er motteke eller med ein gong etter framkomst. Dokumenta skal vere gyldige så lenge det er naudsynt å opphalde seg på inspeksjonsområdet.

Lov av 19. juni 1947 nr. 5 om immunitet og privilegier for internasjonale organisasjonar m.m. gjev den nødvendige heimelen for å gje immunitet og privilegier etter retningslinene i artikkel II bokstav E flg. og protokollen del II bokstav B utan at norsk lov hindrar det. Den organisasjonen som skal skipast etter artikkel II for å føre tilsyn med at traktaten blir etterleve, fell klart inn under området åt lova frå 1947, og det same gjeld for funksjonærane og representantane til medlemsstatane i organisasjonen. Området er etter § 1

«en internasjonal organisasjon eller institusjon, tjenestemenn og andre personer som opptrer på organisasjonens eller institusjonens vegne, medlemsstatenes representanter og utsendinger.....».

Lova frå 1947 gjev også god nok heimel for å kome med nærare føresegner om den immuniteten og dei privilegia som inspektørane og assistentane deira har krav på etter traktaten. Etter artikkel II D nr. 50 i traktaten, blir inspektørane utpeikt av generaldirektøren, som er leiar av Teknisk sekretariat. Inspektørane utgjer ein del av Teknisk sekretariat, og inspektørane kan ikkje få instruks frå andre enn organisasjonen, jf. artikkel II D nr. 53.

Omfanget av den immuniteten og dei privilegia som inspektørane har, går fram av føresegnene i protokollen til traktaten del II. Protokollen viser mellom anna på fleire punkt til Wienkonvensjonen om diplomatisk samkvem av 18. april 1961. I samband med at det blir vedteke ei eiga lov om gjennomføring av Traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar, er det føremålstenlege å take med ei særskild føresegn om immunitet og privilegier. Sjølv om desse spørsmåla blir regulert direkte av lova frå 1947, kan det vere ein fordel med ei klargjering av det nærare omfanget av desse rettane.

Endring i straffelova § 12

Straff som fastsett i traktaten skal kunne påleggjast uavhengig av kor handlinga har funne stad, også ved handlingar gjort i utlandet i land der denne type handlingar ikkje er straffbare. Traktatens regel om slik «universell jurisdiksjon» finst i artikkel III nr. 1 c: «Kvar stat skal, i samsvar med sine forfatningsreglar, gjera dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre pliktene sine etter denne traktaten. Han skal særleg gjera naudsynte tiltak for c) å forby, i samsvar med folkeretten, fysiske personar som har statens nasjonalitet, å drive slik verksemd alle stader.»

For å få heimel til å straffe handlingar i strid med traktaten gjort i utlandet av norske statsborgarar, er det naudsynt å endre straffelova § 12. Straffelova § 12 er hovudregelen om norsk strafferett sitt stadlege verkeområde. § 12 første ledd nr. 1 gjev norsk straffelovgjeving verknad på handlingar som er gjort på norsk territorium, inkludert Svalbard, Jan Mayen og dei norsk bilanda. Paragraf 12 første ledd nr. 3 gjev reglar om når handlingar gjort av nordmenn i utlandet kan straffast i Noreg. Den mest generelle regelen finn ein i nr. 3 c. Etter denne føresegna er handlingar gjort av nordmenn i utlandet straffbare i Noreg når handlinga ogsåer straffbar i det landet den er gjort. For å kunne straffe handlingar som er gjort av nordmenn i land som ikkje har straff for slike handlingar som er straffbare i Noreg, krevst særleg lovheimel. Det blir derfor gjort framlegg om at lov om gjennomføring av traktat om totalforbod mot kjernefysiske sprengingar § 5 blir særskilt nemnd i straffelova § 12 første ledd nr. 3 ny bokstav h.