Ot.prp. nr. 57 (1998-99)

Om lov om gjennomføring av Traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar

Til innhaldsliste

3 Administrative og økonomiske konsekvensar av lovutkastet

Lovføresegna tek mellom anna sikte på å leggje tilhøva til rette for å kunne oppfylle dei krav om verifikasjon og inspeksjonar som Noreg etter traktaten pliktar til å etterkome. For Noregs del vil slike inspeksjonar truleg ikkje bli gjennomført særleg ofte. Lova vil dessutan bare bli brukt dersom desse inspeksjonane skulle omfatte installasjonar eller område som staten ikkje sjølv eig, og den private eigaren ikkje er villig til å gje samtykke til inspeksjonen. Lovutkastet inneber at Kongen i så fall kan påleggje grunneigaren eller andre rettshavarar dei plikter som måtte vere naudsynte for å gjennomføre inspeksjonen, her under boring i grunnen. Det forbod som § 1 første ledd i lova set mot den aktivitet traktaten forbyr, og som ein med heimel i § 1 andre ledd i lova kan gje påbod for å gjennomføre, vil heller ikkje få særlege økonomiske og administrative konsekvensar. Føresegnene om immunitet og privilegier er strengt teke ikkje naudsynte, og inneber eigentleg ikkje noko nytt utover det som allereie går fram av andre lovføresegner. På bakgrunn av det som er nemnd ovanfor, er det truleg at lovutkastet vil få svært avgrensa administrative konsekvensar.

Spørsmålet om å fremme ei eiga lov om gjennomføring av Traktaten om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar har vore lagt fram for Justisdepartementet, Finansdepartementet og Forsvarsdepartementet. Deira merknader er innarbeidd i teksten.