Ot.prp. nr. 59 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 20. mars 1998 nr. 10 om forebyggende sikkerhetstjeneste (sikkerhetsloven)

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

8.1 Økonomiske konsekvensar

Departementet meiner at forslaga sett under eitt, ikkje bør innebere nemneverdige økte kostnadar. Fleire tryggingssamtalar, samstundes grunngjeving, krav om innsyn og eventuell kostnadsauke i samband med advokatbistand, vil i nokon grad kunne medføre meirkostnadar. Ei sakshandsaming i førsteinstansen som betre tek omsyn til rettstryggleiken kan vege opp for dette, fordi det vil oppstå færre klagesaker.

8.2 Administrative konsekvensar

Det er ei målsetting å redusere talet på klareringsstyringssmakter utanfor departementa. Dette vil innebere ønskjelege administrative konsekvensar blant anna av omsyn til rettstryggleiken, og er i tråd med intensjonen til lovgivar i samband med vedtakinga av tryggleikslova § 23.

Departementet kan ikkje sjå at lovforslaga kan vere problematiske i forhold til menneskerettskonvensjonar Noreg er bunden av. Ein viser her til at departementet utelukkande foreslår lovendringar som vil betre rettstryggleika til den einskilde i klareringssaker. Konvensjonane legg opp til, og konvensjonsorgana forstår, at omsynet til tryggleiken til riket kan innebere behov for inngrep, bl.a. i retten til privatliv. Den europeiske menneskerettsdomstol har til dømes ikkje stilt krav til grunngjeving for negative klareringsavgjerdsler dersom det elles har vore tilfredsstillande garantiar (sjå Leander mot Sverige, frå 26. mars 1987). Ein viser i denne samanhengen til vedlegg 2 i rapporten til Lundkommisjonen, der dåverande lagdommar Erik Møse blant anna vurderte dei norske reglane om personkontroll i forhold til krava i Den europeiske menneskerettskonvensjon (Dokument 15 (1995-96) side 606-609). Sjølv om det må leggjast til grunn at det skjer ei utvikling i kva som blir vurdert som akseptabelt på dette feltet, har departementet ikkje haldepunkt for at konvensjonane stiller krav som ikkje er oppfylt i norsk rett i dag.

Departementet kan elles ikkje sjå at lovforslaga får negative konsekvensar i forhold til målsettinga om eit enklare regelverk og ei enklare forvaltning. Tvert i mot synest lovendringane å vere eit bidrag til eit enklare regelverk og ei enklare forvaltning.

Til forsida