Ot.prp. nr. 59 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 20. mars 1998 nr. 10 om forebyggende sikkerhetstjeneste (sikkerhetsloven)

Til innhaldsliste

9 Merknader til dei enkelte bestemmingane

Til § 21:

Paragrafen omhandlar dei materielle vilkåra for tryggleiksklarering av norske statsborgarar. Bestemminga svarer til framlegget til § 21 frå arbeidsgruppa, og endrar gjeldande § 21 i tryggleikslova.

«Tilknytning» til andre statar blir foreslått tatt inn i første leddet i paragrafen. Endringa presiserer at den binding som norske statsborgarar måtte ha til andre statar, kan bli lagt vekt på i ei vurdering om tryggleiksmessig kvalifikasjon. Omgrepet «tilknytning» bør tolkast vidt i den forstand at ulik art av binding vil kunne vere relevant. Det kan til dømes dreie seg om økonomiske interesser i ein stat eller det kan vere tale om at vedkommande har familie i staten. Likevel bør det presiserast at bindinga må vere relevant i høve til den tryggleiksmessige kvalifikasjonen til vedkommande. Graden av binding bør også inngå i tryggleiksvurderinga. Til dømes vil det kunne vere relevant å vurdere kor stor den økonomiske interessa er i vedkommande stat. På same måte kan det vere relevant å vurdere kor nære dei familiære relasjonar til vedkommande er i den aktuelle staten og korleis kontakten med desse familiemedlemmene er.

I tredje leddet blir det gjort framlegg om ei harmonisering med saksopplysningskrava i forvaltningslova § 17. Endringa når det gjeld gjennomføring av tryggleikssamtale, presiserer at det bør gjennomførast samtale dersom ein er i tvil om vedkommande skal gis klarering. Bestemminga inneber at det ikkje vil vere eit krav at tryggleikssamtale blir gjennomført dersom klareringsstyringsmakta er sikker på utfallet av klareringssaka på bakgrunn av andre saksopplysningar. Dette er likevel ikkje til hinder for at klareringsstyringsmakta gjennomfører tryggleikssamtale utover minstekravet i lova.

Vilkårssetjinga for klarering i «særlige tilfeller» i nytt femte ledd inneber at det skal føreliggje spesielle forhold for å kunne setje vilkår. Bestemminga er ikkje tenkt brukt som ei vanleg løysing mellom det å gi klarering og å nekte klarering. Regelen kan tenkjast brukt i situasjonar der ein person har ei binding til andre land som kan gjere det uheldig at vedkommande blir gitt ei generell klarering, som også kan nyttjast til dømes for teneste i landet vedkommande har binding til. Vilkår kan også kunne nyttjast der vedkommande som blir klarert har eit utanlandsk statsborgarskap. I desse tilfella kan det vere aktuelt å setje som vilkår at klareringa berre kan nyttjast for ei bestemt stilling eller snevrast inn geografisk. Nemnde døme er ikkje ei uttømmande opplisting av tilfeller kor vilkår kan tenkjast brukt.

Til § 22:

Paragrafen omhandlar dei materielle vilkåra for tryggleiksklarering av utanlandske statsborgarar. Bestemminga svarer til arbeidsgruppa sitt forslag til § 22, og endrar gjeldande § 22 første ledd i tryggleikslova.

Ein vil peike på at dette er ein «kan»-regel der utanlandsk statsborgar etter nærare gitte vurderingstema kan bli gitt tryggleiksklarering.

Når det gjeld vilkåret om «vedkommendes tilknytning til hjemlandet», blir det i stor grad dei same vurderingane som vilkåret om «tilknytning til annen stat», jf. ovanfor omhandlande ny bokstav i § 21. Vilkåret om binding til Noreg må baserast på ei brei, konkret vurdering. Relevante moment i denne vurderinga vil til dømes vere kor lang tid vedkommande har budd i Noreg og slektskapsforhold. Departementet vil ikkje setje absolutte krav om opphalds- og arbeidsløyve, men dette kan vere sentrale moment i ei vurdering av den bindinga som vedkommande har til Noreg.

Til § 25:

Paragrafen handlar om vedkommande sin rett til å få meddeling om klareringsavgjerdsla og grunngjevinga for henne. Bestemminga svarer i hovudsak til framlegget til arbeidsgruppa § 25, og gjer endring i gjeldande § 25 i tryggleikslova.

Første leddet slår fast at forvaltningslova kapittel IV og V ikkje gjeld for avgjerdsler om tryggleiksklarering eller autorisasjon.

Andre leddet fører vidare regelen etter gjeldande rett om at vedkommande har rett til å bli gjort kjent med resultatet og orientert om klageretten. «Negativ avgjørelse» omfatter også dei tilfella kor vedkommande gis klarering, men ikkje på det nivå som det blei bede om.

Tredje leddet etablerer ein regel om at grunngjeving skal bli gitt samstundes med meddelinga. I andre setninga i dette leddet, blir reglane for når vedkommande ikkje har krav på grunngjeving presiserte. Kjeldevern i bokstav b vil etter omstenda kunne bli omfatta av bokstav a, men bør eksplisitt bli nemnd, avdi det kan vere ein sjølvstendig unntaksheimel. Kjeldeopplysningar kan vere opplysningar frå gitte og supplerande referansar, etterretningsopplysningar frå norske og utanlandske tilsvarande tenester og opplysningar frå politiet om pågåande politietterforsking. Å vise at vern av desse opplysningane er mogleg, er naudsynt for å halde på kjeldene sin tillit og sikre naudsynleg informasjonstilgang til tryggleikstenesta. Dømer på opplysningar som kan tenkjast unntatt frå grunngjeving av omsynet til forholdet til nærståande etter tredje leddet bokstav c, er opplysningar om psykisk helse, rusmisbruk eller uttalingar der ein nærståande person kjem med nedsetjande uttalingar om den som blir søkt klarert.

Fjerde leddet gjeld plikta for klareringsstyringsmakta til å utarbeide ein intern, samstundes grunngjeving. Denne grunngjevinga må vise til dei reglar og faktiske omstende som avgjerda byggjer på, og på dei omsyna som det har vore lagt vekt på. I den interne grunngjevinga må alle vesentlege omstende takast med, også dei grunngjevingar som eventuelt er unntatt i den eksterne grunngjevinga med heimel i tredje leddet.

Til ny § 25 a:

Paragrafen omhandlar den rett vedkommande har til innsyn i eiga klareringssak. Bestemminga svarer i hovudsak til framlegget frå arbeidsgruppa § 25 a. Det har frå før ikkje eksistert nokon bestemming om innsyn i tryggleikslova.

Første leddet bestemmer at innsynsretten blir til etter at avgjerd er fatta av klareringsstyresmakta. Ein rett til innsyn før dette tidspunkt vil i særleg grad kunne gå ut over verdien av ein tryggleikssamtale for klareringsstyresmakta. Ein leggjer til grunn at paragrafen gir heimel til innsyn i det faktum som klareringsstyresmakta leggjer til grunn i følgje referatet frå tryggleikssamtalen. Vedkommande har etter at avgjerd om klarering er fatta, krav på å få sjå audiovisuelt opptak av eiga tryggleikssamtale.

Unntak for innsyn i andre leddet harmoniserer med skrankane som gjeld for retten til grunngjeving. Når det gjeld unntaket for interne dokument, leggjer departementet til grunn at dette unntaket i tryggleikslova skal praktiserast på same måten som i forvaltningslova § 18.

Tredje leddet regulerer korleis innsyn skal bli gitt. Dokument skal sendast vedkommande i kopi. Innsyn i eigen tryggleikssamtale kan ikkje bli sende i kopi, grunna tryggleiksomsyn. Slikt innsyn må skje på den måte at vedkommande møter hos klareringsstyringsmakta og ser det skriftlege referatet frå samtalen der.

Til ny § 25 b:

Paragrafen omhandlar oppnemning av advokat der vedkommande er nekta grunngjeving eller innsyn. Bestemminga svarer i hovudsak til arbeidsgruppa § 25 b. Det har tidlegare ikkje eksistert liknande bestemming i tryggleikslova.

Første leddet seier at Forsvarsdepartementet er den instans som oppnemnar ei gruppe advokatar.

Andre leddet nemner tilfelle der advokatoppnemning er aktuelt, noko som setjer som vilkår at grunngjeving eller innsyn er nekta. I tillegg er det eit vilkår at klagefristen ikkje må vere ute og at vedkommande må ha klaga på nekta grunngjeving eller innsyn med negativt utfall.

Etter tredje leddet har advokaten krav på innsyn i alle faktaopplysningar i saka og den grunngjeving vedkommande ville fått dersom det ikkje var bestemmingar om unntak. Advokaten skal ikkje ha tilgang til klareringsstyringssmakta sine dokument som er utarbeida for den interne saksutgreiinga ved klareringsstyringssmakta eller klageinstansen.

Fjerde leddet gir ramme for hjelpa. Advokaten skal gi vedkommande råd om saken bør påklagast. Ein advokat som blir kopla inn i saka har teieplikt i forhold til den saka gjeld, slik at dei opplysningane advokaten får tilgang til etter tredje leddet ikkje kan gis vidare til den som skal klarerast. Advokaten vil såleis ikkje kunne representere vedkommande i ei eventuell klagesak.

Departementet vil presisere at ordninga berre gjeld der vedkommande ikkje får klarering i samsvar med det som det er bede om. Av omsyn til rettstryggleika er det tilstrekkeleg at retten til advokat berre gjeld ved førsteinstanshandsaminga. Vedkommande må sjølv ta risikoen ved ikkje å bruke ordninga på dette tidspunktet.

Til ny § 25 c:

Paragrafen omhandlar retten til å klage. Bestemminga svarer i hovudsak til arbeidsgruppa § 25 c, og bytter ut gjeldande § 25 fjerde ledd i tryggleikslova.

Første leddet bestemmer at forvaltningslova kapittel VI skal gjelde for handsaming av klareringssaker, for så vidt ikkje anna følgjer av tryggleikslova og personelltryggleiksføresegna. Dette inneber at reglane i forvaltningslova om klage skal følgjast dersom ikkje anna følgjer av tryggleikslova eller personelltryggleikslova.

Andre leddet presiserer at det berre er den person som ei avgjerd retter seg mot, det vil seie personen som det er vurdert tryggleiksklarering for, som har klagerett. Vidare blir det presisert kva for avgjerder som kan påklagast. Spørsmålet om observasjonstid kan vere ein viktig del av ein negativ avgjerd, og det blir gjort klart at dette spørsmålet kan bli gjort til gjenstand for klage. Vidare tas det inn i paragrafen at eit vilkår for klareringa kan påklagast, jf. forslag til nytt femte ledd i § 21.

Avgjerd om grunngjeving og innsyn er viktige for den einskilde, og kan derfor påklagast. Når det gjeld spørsmålet om avvisning av ein klage kan bli påklaga, må ein vise til forvaltningslova sine bestemmingar om dette. Tredje leddet seier kven som er klageinstans. Sidan det ikkje blir gjort framlegg om endringar i klareringsstyringsmaktstrukturen, blir det ikkje gjort framlegg om endring i dette leddet, sett i forhold til gjeldande fjerde ledd i tryggleikslova § 25.

For at det skal bli lettare å setje seg inn i klagereglane, gjer ein framlegg om at reglane om klagefrist med vidare blir tatt inn i fjerde leddet i lova. Klagefristen er tre veker. Vidare blir gjort klart dei frister som gjeld i dei tilfella der vedkommande klager på nekta grunngjeving/innsyn og der advokatoppnemning etter § 25 b har funnen stad.

Til forsida