Ot.prp. nr. 63 (1999-2000)

Om lov om havbeite

Til innhaldsliste

4 Framand rett

4.1 Innleiing

Framstillinga bygger på kapittel 4 i utvalet si innstilling i NOU 1994:10, men er ajourført med nye opplysingar.

I internasjonal samanheng er havbeite med stillehavslaks den klart viktigaste forma for havbeiteverksemd. Men ein driv også omfattande havbeite med krepsdyr, blautdyr og pigghudingar. Her bør nevnast kamskjell, reker, krabber og kråkebollar. Havbeite-innsatsen har i hovudsak blir knytt til artar med stor kommersiell interesse, eller artar med høg verdi for sportsfiskarar.

Omgrepet «havbeite» er nytta i den vidare framstillinga. Ein gjer merksam på at dette ikkje korresponderar med begrepet slik det er definert i § 2 i forslaget til havbeitelov. I hovudsak er verksemda i dei landa som her er behandla knytta opp mot utsetting av organismar, utan at utsetter blir gitt ein eksklusiv gjenfangstrett. Begrepet er likevel nytta i framstillinga idet landa som driv utsettingsverksemd i stor grad betegnar dette som havbeite. Videre meiner departementet at framstilllinga er relevant i denne sammanheng sjølv om verksemda som er beskreven ikkje inkluderar ein eksklusiv gjenfangstrett. Dette fordi den viser likearta verksemd.

4.2 Japan

Japan er det landet som har størst breidde i innsatsen på havbeite. Reduserte bestandar i farvatna rundt Japan har medført ein auka innsats innan havbeite dei siste åra. Ein driv arbeid med utvikling av metodar for yngelproduksjon og utsetting av heile 80 fiskeartar og andre organismar. Om lag 10 av desse kan masseproduserast. Den dominerande arten er ketalaks. Andre viktige artar er raud og svart havbrasme, flyndre, uer, kamskjel, kuruma reker, abalone sneglar, kråkebollar og krabbe. Utsetting av ketalaks og kamskjel har vore mest vellukka.

Arbeidet med havbeite vert koordinert av den japanske samskipnaden for havbeite (Japan Sea-Farming Association, JASFA). JASFA blei skipa i 1979 og er ein samskipnad mellom 39 fylker i Japan som driv med havbeite.

Havbeiteverksemd blir regulert av den japanske fiskerilova av 1949, revidert i 1962. Ein finn også særskilte reglar for havbeite i «The Law of the development and Consolidation of Coastal Fishing Grounds» av 1974, revidert i 1993.

Lovene inneheld føresegn om plikta til myndighetene til å drive ei verksemd som fremmer utviklinga av fiskeressursar.

Privatpersonar eller selskap kan ikkje søke om løyve. Havbeite er eit sentralt styrt offentleg program. Utsetting av yngel blir gjort av lokale fiskekooperativar. Løyve til dette blir nærast automatisk gitt dersom kooperativet ligg i eit fylke som er med i JASFA. Det er likevel krav om at kooperativet skal vere av ein viss storleik. Medlemsskap i det lokale fiskekooperativet er det einaste kvalifikasjonskravet som er sett.

Det er berre utsetting som er regulert. Det finst ingen føresegner om gjenfangstrett for utsettar i det japanske regelverket. Dette heng saman med at Japan har eit system for fiskerettar knytt opp mot medlemskap i dei lokale fiskekooperativa. Desse deler retten til fiske innanfor sine geografiske område. Gjenfangst blir såleis regulert av fiskerilova og kontrollert som annan fangst på vanleg måte. Ein skil ikkje mellom fiske etter villfisk og fisk fremma etter særskilde program.

Japanske styresmakter er merksame på at havbeite kan ha store miljøkonsekvensar, men ein har ikkje reglar om miljø på dette feltet.

4.3 USA - Alaska

Havbeiteinnsatsen i USA skjer i det vesentlege i Alaska, og i hovudsak med stillehavslaks. Havbeiteverksemda er organisert gjennom sjølvfinansierande anlegg (PNP-anlegg, private non-profit). I tillegg finst ei rekke statlege og føderale klekkeri som blir finansiert over statsbudsjettet.

Havbeiteverksemda blir finansiert med ei avgift på oppfiska laks i området, og ved at fisk fanga i særskilde område blir selt av BNP-anlegga.

Også ellers i USA driv ein med omfattande utsettingsprogram for laks. I hovudsak blir dette utført av delstatlege eller føderale styresmakter, eller av ulike indianarstammar som har særskilde rettar i laksefisket. Programma har som mål å gjenopprette eller styrke ville bestandar. Det finst ikkje føresegner om gjenfangstrett utover allmene fiskerireguleringar. Sjølv om dei ulike indianarstammane er gitt ei sterkare rettstilling generelt i fisket, har heller ikkje dei nokon einerett til fisken som blir sett ut.

I statane Oregon og Washington har ein tidlegare forsøkt havbeiteverksemd med gjenfangstrett for utsettar, men dette har vist seg å ikkje vere rekningssvarande. I tillegg blei verksemda motverka av reguleringar som ein følgje av interessekonflikter mellom og yrkes- og fritidsfiskarar.

4.4 Island

Også på Island driv ein havbeite hovudsakleg med laks. Det vert gjort forsøk på å kome fram til ein eigen havbeitestamme. Havbeite med marine artar skjer i liten målestokk.

Lov av 25. juni 1970 nr. 76 ( revidert i 1994, 1997 og 1998), Um lax-og silungsveidi, og føresegner gitt i medhald av lova, gir reglar for havbeiteverksemd. Føresegna vart gitt for å møte ein del miljømessige problem som oppstod, og som ein vart oppmerksame på etter at lova blei gitt. Miljøkonsekvensane gjaldt i hovudsak sjukdomsspreiing, kvalitetskontroll og forholdet til villaksen.

Kapittel IX i lova gjev føresegner om havbeiteverksemd. I medhald av § 62 blir det gitt løyve for å drive slik verksemd. Ved vurderinga av om løyve skal bli gitt skal det takast omsyn til om verksemda har innverknad på genetiske endringar og miljøet for øvrig. Styresmaktene pliktar å innhente slike opplysningar frå kompetente fagorgan.

4.5 Danmark

I Danmark driv ein særleg med utsetting av laks, aure, ål og piggvar. Formålet med utsettinga er å auke fiskebestanden i ferskvatn og saltvatn med tanke på seinare fangst. Fiskeriforvaltninga, ved Ministeriet for Fødevarer, Landbrug og Fiskeri, er pålagt å utarbeide fleirårige planar for fiskeriforvaltninga. Ministeriet og Danmarks Fiskeriundersøgelser gjennomfører ei rekke utsettingsaktivitetar som er omtalt i desse handlingsplanane. Utsettingane er finansiert av ei avgift som er pålagt lyst- og fritidsfiskarar.

Fiskerilova av 12. mai 1999 nr. 281 regularer havbeiteverksemd. Lova blei gjort gjeldane frå 1. januar 2000.

Styresmaktene si utsetting skjer med heimel Fiskerilova §§ 63-65. Utsetting er tillatt dersom tiltaket kjem fram av ein handlingsplan, eller det blir gitt særskild løyve til det.

Dei eventuelle miljømessige konsekvensane av havbeiteverksemd blir vurdert i samarbeid med miljøstyresmaktene.

Fiskeriforvaltninga har heimel til å regulere fisket, herunder forby fiske heilt eller delvis ein periode av omsyn til utsettingar.

Det finst ikkje føresegner i dansk rett om gjenfangstrett for utsettar.

4.6 Sverige

I Sverige blir det sett ut laks og aure i elvar som er nytta for produksjon av vasskraft. Formålet med utsettingane er å kompensere for tap av fisk som ein følgje av kraftproduksjon. I tillegg sett ein ut smolt i Østersjøen, Västersjøen og Vänern. I mindre målestokk skjer det også utsetting i visse kystområde av aure, ål og gjøs.

Förordning 1994:1716 om fisket, vattenbruket och fiskerinæringen inneheld føresegn om utsetting. Forskrifta er gitt medhald av Fiskerilägen 1993:787. Med heimel i § 18 i forskrifta har fiskeriverket gitt ytterlegare føresegn på området. Desse finst i Verkets föreskrifter (FIFS 1993:29) om odling, utplantering och flytting av fisk.

Utsetting krev løyve fra länsstyresmaktene, jf. § 16. § 12 seier at ein analyse av miljøkonsekvensar ved utsettingar skal gjennomførast før løyve blir gitt.

I svensk rett har ein ikkje føresegner om gjenfangstrett for utsettar.