Ot.prp. nr. 63 (2000-2001)

Om lov om endring i tvistemålslova (trygd for sakskostnader)

Til innhaldsliste

3 Nærare om framlegget

Tvistemålslova § 182 første leddet lyd:

«En saksøker, som ikke bor i riket, pligter paa saksøktes forlangende at stille saadan sikkerhet, som retten fastsætter ved kjendelse, for de saksomkostninger, som maatte bli ham ilagt.»

Føresegna er generelt skriven, og omfattar tilsynelatande alle saksøkjarar som ikkje bur i riket, òg saksøkjarar frå EØS-området. Men det følgjer av tvistemålslova § 182 femte leddet - og av den generelle føresegna i § 36 a - at unntak frå plikta til å stille trygd kan følgje av avtale med framand stat. Ein slik avtale er EØS-avtalen.

Etter EØS-avtalen artikkel 4 er all forskjellsbehandling på grunnlag av nasjonalitet forbode, med mindre den har saklege grunner for seg - det såkalla ikkje-diskrimineringsprinsippet. Forbodet omfattar etter sikker rett både direkte og indirekte forskjellsbehandling, jf. Sejersted m.fl.: EØS-rett (Oslo 1995) s. 215 med vidare tilvisingar. Det er derfor ikkje avgjerande om forskjellsbehandlinga ope byggjer på nasjonalitet.

Tvistemålslova § 182 fyrste leddet skil ikkje mellom norske og utanlandske statsborgarar, men etter om saksøkjaren bur i riket eller ikkje. I høyringsnotatetvart det gjeve uttrykk for at føresegna i praksis vil gjere det meir byrdefullt for utanlandske saksøkjarar å ta ut søksmål i Noreg, enn det er for norske saksøkjarar. Det blei derfor lagt til grunn at føresegna i første leddet må tolkast innskrenkande så langt det fylgjer av EØS-avtalen artikkel 4, jf. tvistemålslova § 182 femte leddet. For at dette skal komme klarere fram i lovteksten, foreslo departementet følgjande endring i § 182 fyrste leddet andre punktumet:

«Sikkerhet kan likevel ikke kreves i forliksrådet, ved motsøksmål, i vekselsaker, i ekteskapssaker eller av en saksøker som er bosatt eller etablert i en EØS-stat såfremt tvistegjenstanden faller innenfor EØS-avtalens virkeområde.»

Fleirtalet av dei høyringsinstansane som uttalar seg om realiteten i framlegget, er positive. Kristiansand byrett, Skien og Porsgrunn byrettog sorenskrivaren i Haldengjev uttrykk for at fråsegna bør endrast i samsvar med departementet sitt framlegg.

Berre Næringslivets Hovedorganisasjongår imot framlegget, og viser til at det er tvilsamt om tvistemålslova § 182 fyrste leddet er i strid med EØS-avtalen artikkel 4. Dei viser i den samanheng til avgjersler frå Borgarting lagmannsrett (LB-1997-00001 og RG 2000 s. 1214) og frå EF-domstolen (sakene C-323/95 (Kronenberger) og C-122/96 (Hiross)). NHO viser serleg til følgjande sitat frå lagmannsretten sin dom frå 1997, som dei sluttar seg til:

«Som utgangspunkt må norske domstoler anvende de sivile prosessregler slik at de er forenlige med landets traktatforpliktelser. I dette tilfellet ser lagmannsretten det altså slik at det er spørsmål om å sette regelen i tvistemålsloven § 182 første ledd til side på grunn av motstrid med EØS-avtalens artikkel 4. Det må da kreves at det fremstår som tilstrekkelig klart at et pålegg om sikkerhetsstillelse vil være i strid med artikkel 4, sml avgjørelsen i Rt 1994 610, særlig s 616 flg., som riktignok gjaldt forholdet mellom prosessreglene på strafferettens område og bestemmelser i Den europeiske menneskerettighetskonvensjon og i FN-konvensjonen. Lagmannsretten kan ikke se at det er klart at et pålegg om å stille sikkerhet i forbindelse med ENI's saksanlegg vil være i strid med EØS-avtalens artikkel 4.

Vilkåret om bosted i tvistemålsloven § 182 vil kunne ramme nordmenn bosatt i utlandet. Omvendt vil det etter bestemmelsen ikke være adgang til å gi pålegg om sikkerhetsstillelse overfor utlendinger som er bosatt i Norge. Slik sett innebærer ikke bestemmelsen noen diskriminering av utlendinger. [...]

Ved praktiseringen av tvistemålsloven § 182 vil det reelt sett være slik at det bare i de mer sjeldne tilfeller er aktuelt å pålegge nordmenn eller norske selskaper å stille sikkerhet for saksomkostninger. En kan derfor si at anvendelsen av bestemmelsen, sett over tid, gir et bilde som viser en form for - indirekte - diskriminering. Det kan ikke være avgjørende. Her er det tale om en nasjonal sivilprosessuell regel hvis sentrale formål går ut på å sikre saksøktes interesse i å kunne bli holdt skadesløs ved saksanlegg som det viser seg at ikke fører fram. Det ligger etter lagmannsrettens syn ikke noen form for diskriminerende element i et slikt formål, og formålet er aktverdig.»

NHOuttaler vidare:

«Spørsmålet om dekning av saksomkostninger etter tvistemålsloven § 182 har blitt mer aktuelt de siste årene, en utvikling som antas å ville øke på grunn av økt internasjonalisering. En ser også en tendens til at saksanlegg benyttes taktisk i enkelte kretser, som et pressmiddel for å tvinge gjennom en løsning. For en person bosatt i Norge - enten det er snakk om en norsk eller utenlandsk statsborger - kan det få alvorlige konsekvenser å bli saksøkt av en person eller et selskap hjemmehørende i utlandet. Selv om saksanlegget viser seg grunnløst, og saksøkte blir frifunnet og får dom på saksomkostningene, kan det bli svært kostbart for den saksøkte å vinne frem idet inndrivelse av pengekrav over landegrensene viser seg å være til dels svært vanskelig.»

På bakgrunn av at spørsmålet rettsleg sett er tvilsomt, og samtidig er av stor betydning for norske saksøkte, tilrår NHOat lova ikkje vert endra før spørsmålet er endelig løyst - anten av Høgsterett eller på annan måte.

Departementet kan ikkje utan vidare slutte seg til dei synspunkta NHO har gjeve uttrykk for, mellom anna fordi dei avgjerslene frå EF-domstolen det blir vist til - og som ein av dei nemnde avgjerslene frå lagmannsretten byggjer på - gjeld føresegner om trygding som direkteskilte mellom innanlandske og utanlandske saksøkjarar. At slike føresegner vart funne i strid med ikkje-diskrimineringsprinsippet, gjev ikkje noko sikkert grunnlag for slutningar når det gjeld føresegner som skil meir indirekte.

Når det gjeld omsynet til dei som vert saksøkt i Noreg, visar departementet til at det i mange høve vil være gunstig om saksøkjaren lyt stille trygd. Eit slikt krav vil kunne gjere det meir byrdefullt å gå til sak, og saksøkte risikerer då ikkje å sitte med eit krav på skadebot for sakskostnader som er vanskeleg eller umogeleg å drive inn. I og med at alle medlemstatane i EØS har ratifisert Luganokonvensjonen om domsmynde og fullbyrding av dommar i sivile og kommersielle saker, kan saksøkte drive inn sitt krav på sakskostnader frå ein saksøker innan EØS-området ved hjelp av denne konvensjonen. Sjølv om det skulle vise seg Norge har høve til å krevje trygd frå saksøkjarar som er busett eller etablert utanfor Noreg, men innanfor EØS-området, er behovet for å oppretthalde ein slik regel ikkje særleg stort. Tvistemålsutvalet vil som eit ledd i sitt arbeid vurdere om det i somme høve bør kunne stillast krav om trygd for sakskostnader. Departementet kan derfor ikkje - uansett korleis ein vurderer rekkevidda av EØS-avtalen artikkel 4 - sjå at behovet for å oppretthalde tvistemålslova § 182 fyrste leddet er stort nok til ikkje å følgje opp dei sterke signala som har kome frå ESA.

Til forsida