Ot.prp. nr. 63 (2000-2001)

Om lov om endring i tvistemålslova (trygd for sakskostnader)

Til innhaldsliste

5 Merknader til føresegna

Framlegget gjer det klart at ein ikkje kan krevje trygd i saker som fell innanfor EØS-avtalen sitt verkeområde. Dette inneber inga endring av gjeldande rett, jf. tvistemålslova § 182 femte ledd.

Gjeld søksmålet eit spørsmål utan samanheng med EØS-avtalen, gjeld hovudregelen i tvistemålslova § 182 fyrste leddet fyrste punktumet fullt ut, om ikkje anna følgjer av avtale med framand stat, jf. femte ledd. Ei anna sak er at jamvel spørsmål som ikkje direkte høyrer under EØS-avtalen, kan ha ein så nær samanheng med dei spørsmål avtalen gjeld, at ikkje-diskrimineringsprinsippet i EØS-avtalen artikkel 4 - og dermed det føreslegne unntaket i tvistemålslova § 182 fyrste leddet tredje punktumet - vil gjelde. Praksis frå EF-domstolen vil her gje rettleiing, jf. EØS-avtalen artikkel 6.

Lovframlegget er skrive noko annleis enn i høyringsbrevet, idet lova ikkje lenger viser til «en saksøker som er bosatt eller etablert i en EØS-stat». Det nye framlegget markerer klårare at det avheng av EØS-retten om partane si tilknyting til EØS-området er av ein slik karakter at EØS-avtalen gjeld.

Til forsida