Ot.prp. nr. 72 (2007-2008)

Om lov om endringar i utlendingslovgivinga (reglar for EØS- og EFTA-borgarar o.a.)

Til innhaldsliste

10 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget

10.1 Utlendingslova (2008-lova)

Til kapittel 3 Opphold i forbindelse med arbeid og studier mv.

Overskrifta er endra for å få fram at reglane og kan gjelde for borgarar som er omfatta av EØS-avtalen eller EFTA-konvensjonen. Det kan til dømes vere aktuelt for dei å søkje opphaldsløyve som faglærte, jf. 2008-lova § 23. Sjå avsnitt 7.15.

Til kapittel 13 Særlige regler for utlendinger som omfattes av Avtale om Det europeiske økonomiske samarbeidsområde (EØS-avtalen) og Konvensjon om opprettelse av Det Europeiske Frihandelsforbund (EFTA-konvensjonen)

Overskrifta er endra for å rette ein feil. Ordet «-avtalen» er føydd til i parentesen om EØS.

Til § 109 Saklig virkeområde

Føresegna opplyser om det saklege virkeområdet til kapittel 13, mens den generelle føresegna i 2008-lova § 2 viser til virkeområdet for heile lova. Paragrafen presiserer og klargjer kva for utlendingar som er omfatta av kapittel 13, nemleg dei som er omfatta av EØS-avtalen eller EFTA-konvensjonen, sjå § 110 første ledd og merknaden til denne føresegna. Det går fram at desse utlendingane kan ha rett til innreise og opphald både etter dette kapitlet og etter dei allmenne reglane i 2008-lova. Føresegna i 2008-lova § 1 nemner det generelle formålet med lova. Direktivet artikkel 1 krev inga ytterlegare presisering i ei eige føresegn. Sjå kapitla 4 og 5 og avsnitt 7.2. Direktivet artikkel 1 bokstav a er gjennomført i §§ 112-114, mens bokstav b er gjennomført i §§ 115-116. Sjå merknaden til § 120 for artikkel 1 bokstav c.

Første ledd nemner at rett til innreise og opphald blir regulert i dette kapitlet. For innreise og også utreise vil spørsmål om reisedokument, inn- og utreisekontroll og visum vere vesentleg. Direktivet artikkel 5 nr. 1, nr. 2 og nr. 3 gjeld retten til innreise, inkludert reisedokument og visum, mens artikkel 4 nr. 1 og nr. 2 gjeld retten til utreise. Sjå avsnitt 7.2. kor det går fram at dette er regulert i dei allmenne reglane i kapittel 2 i 2008-lova, eventuelt gjennom forskrift.

Andre ledd presiserer at opphaldsrett gir rett til arbeid og sjølvstendig næringsverksemd med mindre retten er avgrensa etter andre føresegner eller i medhald av 2008-lova. Dette er ei vidareføring av føresegna i 1988-lova § 54. Sjå også § 55 i 2008-lova. Tilvisinga til rådsforordning (EØF) 1612/68 om fri bevegelighet for arbeidstakere mv. er ikkje lenger nødvendig, jf. direktivet artikkel 23. Den gjeld rett for familiemedlemmer til å arbeide og erstattar artikkel 11 i forordninga, jf. avsnitta 7.2 og 7.14.3.

Føresegna i tredje ledd er ny samanlikna med 1988-lova. Det er ei oppfølging av framlegget frå Lovutvalet (NOU 2004:20) om å heimle uttrykkeleg praksis i dag som gir høve til å velje mellom dei allmenne reglane for tredjelandsborgarar og dei særlege reglane for EØS-borgarar. I direktivet artikkel 37 heiter det at føresegnene som sett i verk direktivet ikkje kan avgrense dei nasjonale reglane dersom dei er gunstigare for utlendingen, jf. avsnitta 7.2 og 7.15.

Fjerde ledd gir ein generell heimel for å gi nærmare føresegner i forskrift om gjennomføringa av føresegnene i kapittel 13, og om forholdet til dei allmenne føresegnene i 2008-lova, jf. avsnitta 7.2 og 7.15. Det kan til dømes vere naturleg at det går fram av forskrifta at retten til innreise og utreise o.a., jf. merknaden til første leddet, skal følgje av dei allmenne reglane i kapittel 2. Eit anna døme vil vere klargjering av kva for allmenne reglar som gjeld saman med dei særlege reglane. Også nærmare reglar i tilknyting til dei tilfella der ein utlending med opphaldsrett som nemnd i tredje leddet, får løyve etter dei allmenne reglane i lova, kan vere eit døme.

Til § 110 Nærmere om hvem kapittelet gjelder for

Føresegna definerer nærmare kva for utlendingar som kapittel 13 gjeld, jf. direktivet artiklane 2 og 3 og avsnitt 7.3.

Det er borgarar i land omfatta av EØS-avtalen som først og fremst er omfatta av kapitlet, jf. første ledd i føresegna. I kortform blir dei heretter omtalte som «EØS-borgarar». Det avgjerande for å kunne hevde rettar etter dette kapitlet er altså at ein er borgar i eit EØS-land. Det er til dømes ikkje nok at ein har budd mange år i eit anna EØS-land før ein kjem til Noreg. I første ledd er og ein heimel for å kunne fastsetje i forskrift at også sveitsiske borgarar skal kunne hevde rettar som i dag, eventuelt også i tråd med det som det nye direktivet innheld. Sjå avsnitt 7.3.1 og avsnitt 5.4 om forholdet til Sveits.

Av andre ledd går det fram at også familiemedlemmene til EØS-borgaren er omfatta av kapitlet. Føresetnaden er at familiemedlemmene anten kjem samstundes eller seinare vert førte saman med EØS-borgaren i Noreg. Retten gjeld uavhengig av nasjonaliteten til familiemedlemmene. Ein familiemedlem som sjølv er EØS-borgar, er omfatta av føresegnene i kapitlet direkte. Derfor vil føresegnene i kapittel 13 om retten familiemedlemmer har til arbeid og opphald i Noreg, i praksis vere viktigast for familiemedlemmer som er tredjelands­borgarar. Føresegna presiserer at også familiemedlemmer til norske borgarar er omfatta dersom den norske borgaren returnerer til Noreg etter sjølv å ha utøvd retten til å ferdast fritt i eit anna EØS-land. Familiemedlemmer kan elles fritt velje om dei vil basere opphaldsgrunnlaget sitt på kapittel 13 eller dei allmenne reglane i 2008-lova som gjeld for opphaldet til utlendingar i Noreg, jf. høvet til å velje mellom regelsett i § 109 tredje ledd.

Tredje ledd definerer omgrepet familiemedlem og er ny. Føresegna byggjer på gjeldande rett, men med nokre endringar som følgje av definisjonen av familiemedlem i direktivet artikkel 2. Som i dag, er sambuarar omfatta av familiedefinisjonen. Det følgjer ikkje av direktivet, men direktivet opnar for ei slik løysing, jf. artikkel 3 nr. 2 bokstav b. Utvidinga i artikkel 2 nr. 2 bokstav b av familiedefinisjonen til å omfatte partnarar fører ikkje til endring i norsk rett. Registrerte partnarar er likestilte med ektefellar, jf. lov 30.april 1993 nr. 40 om registrert partnarskap § 3, som fastset at føresegner i norsk lovgiving om ekteskap og ektefellar gjeld tilsvarande for registrert partnarskap og registrerte partnarar. På same måte som i den nye definisjonen i 2008-lova § 40, er ikkje registrerte partnarar nemnde eksplisitt. I tråd med føresegnene i direktivet artikkel 3 nr. 2. bokstav a kan også andre familiemedlemmer enn den som er nemnd i definisjonen, vere omfatta. Det kan gis nærmare reglar om andre familiemedlemmer i forskrift, sjå femte ledd og avsnitt 7.3.1.

Fjerde ledd er ei oppfølging av framlegget frå Lovutvalet (NOU 2004:20) og kritikken frå EFTAs overvakingsorgan (ESA). Det er meint å klargjere at enkelte andre tredjelandsborgarar enn familiemedlemmer til ein viss grad kan hevde rettar etter kapittel 13. Eit slikt høve følgjer til dels også av dei gjeldande norske reglane og i praksis, men det er nødvendig med ein korreksjon og ei presisering. Føresetnaden for at ein tredjelandsborgar kan få rett til innreise og opphald i Noreg etter kapittel 13, er at vedkommande er arbeidstakar i eit føretak som er etablert i eit EØS-land, og at vedkommande anten skal arbeide i Noreg etter reglane om fri flyt av tenester i EØS-avtalen eller skal etablere seg i Noreg etter reglane om fri etableringsrett i EØS-avtalen. Ein kan også gi nærmare reglar om kven som omfattas, jf. femte ledd.

Femte ledd gir heimel for å gi nærmare føresegner i forskrift. Føresegna letter høvet til arbeid og opphald for andre familiemedlemmer enn dei som er omfatta direkte av definisjonen av familiemedlemmer. Etter nr. 6 i fortalen til direktivet bør ein sjå på tilknytinga til EØS-borgaren og på kor avhengig familiemedlemmen er fysisk eller økonomisk av EØS-borgaren i ei slik vurdering. Føresegna opnar også for å gi nærmare føresegner om krav til varig tilknyting for sambuarar og dokumentasjon på sambuarskapen, jf. tredje ledd. I forskrifta kan ein gi nærmare reglar om tredjelandsborgarar som fell inn under reglane om fri flyt av tenester eller fri etableringsrett, jf. tredje ledd. Også i denne samanhengen vil det vere opning for å gi rettar for sveitsiske borgarar i tråd med gjeldande ordningar mv. Sjå avsnitta 7.3.2 og 7.3.3.

Til § 111 Oppholdsrett i inntil tre måneder

Føresegna gjeld opphaldsrett i inntil tre månader for EØS-borgarar og familiemedlemmene deira, og for andre tredjelandsborgarar som yter tenester eller som etablerer seg i landet. Sjå direktivet artiklane 6 og 14 nr. 1 og nr. 4 og avsnitta 7.3.2, 7.3.3, 7.4 og 8.6.

Første ledd fører vidare dei gjeldande reglane om retten til opphald i inntil tre månader for EØS-borgarar utan andre vilkår enn krav om legitimasjon gjennom eit identitetskort eller gyldig pass.

Andre ledd regulerer eksplisitt eit slikt høve også for familiemedlemmer til ein EØS-borgar og for andre tredjelandsborgarar som yter tenester eller etablerer seg i landet, jf. § 110 fjerde ledd. Retten til inn- og utreise går fram av den allmenne delen av 2008-lova, jf. merknaden til § 109. Utgangspunktet for utrekninga av opphaldstida er som i dag, det tidspunktet utlendingen kryssa Schengen-grensa. Tidlegare opphald i eit anna Schengen-land har ikkje noko å seie for utrekninga. Utreise vil avbryte opphaldsperioden. Som i dag, gjeld det ingen krav om kor lenge EØS-borgarar må halde seg utanfor Noreg før dei kan reise inn til ein ny periode på tre månader utan andre krav enn legitimasjon. Tilsvarande gjeld for familiemedlemmene til EØS-borgarar, uavhengig av nasjonalitet. Opphaldsretten kan falle bort i denne første perioden på tre månader dersom utlendingen blir ei urimeleg byrde for offentlege velferdsordningar. I dette ligg det ein føresetnad om meir enn éin enkelt kontakt med forvaltninga om sosialhjelp. Det må dreie seg om ein uvanleg bruk av offentlege velferdsordningar. Utlendingar som har eit gyldig pass eller identitetskort, og som livnærer seg ved tigging og ikkje ved sosialhjelp, mister ikkje opphaldsretten.

Tredje ledd fører vidare dei gjeldande reglane om at arbeidssøkjarar og familiemedlemmene deira kan opphalde seg i inntil seks månader utan andre krav enn tilsvarande legitimasjonskrav som nemnd i første og andre ledd. Til skilnad frå reglane som gjeld i dag, opnar føresegna for opphald for ein lengre tidsperiode enn seks månader dersom det ligg føre særlege tilfeller. Eit særleg tilfelle vil vere der vedkommande er i ferd med å få arbeid. Det er den arbeidssøkjande som må godtgjere snarlege utsikter til jobbtilbod. Vedkommande må også godtgjere status som arbeidssøkjar ved at han eller ho er tilmeld Arbeids- og velferdsetaten og aktivt søkjer etter arbeid.

Fjerde ledd gir heimel til å gi nærmare føresegner i forskrift om til dømes berekning av opphaldstida, kva som ligg i omgrepet urimeleg byrde for offentlege velferdsordningar, når det ligg føre særlege tilfelle som er nemnde i tredje ledd og om meldepliktsordninga for arbeidssøkjarar. Sjå merknaden til § 117 om vilkåra for registrering når ein arbeidssøkjar har funne arbeid etter fristen på tre månader.

Til § 112 Oppholdsrett i mer enn tre måneder for EØS-borgere

Første ledd nemner dei fem persongruppene som på visse vilkår har opphaldsrett utover tre månader. Alle persongruppene må som i dag i utgangspunktet kunne forsørgje seg sjølve og ikkje vere avhengige av økonomiske ytingar frå Noreg. Dersom vilkåra for opphald ikkje lenger er oppfylte, fell opphaldsretten bort, jf. direktivet artikla 7 og 14 og avsnitt 7.5.

Første ledd bokstav a gjeld arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande etter forståinga av omgrepa i EØS-retten. For å bli rekna som arbeidstakar må ein utøve eller søkje å utøve eit faktisk og reelt arbeid. Det blir ikkje sett noko minstekrav til omfanget av arbeidet, lønnsvilkåra, kva slags arbeid det er eller liknande, slik tilfellet er i det allmenne regelverket. Eit arbeidsforhold er kjenneteikna ved at ein person arbeider for ein annan mot eit vederlag, og ved at det ligg føre eit over- og underordningsforhold. Dersom det ikkje ligg føre eit slikt forhold, dreier det seg anten om sjølvstendig næringsverksemd eller tenesteyting. Omgrepet sjølvstendig næringsdrivande må få ei tilsvarande vid fortolking i samsvar med dei prinsippa og omsyna som følgjer av EØS-avtalen. Etableringsretten omfattar både juridiske og fysiske personar, og det er høve til både primær og sekundær etablering. Det sentrale vurderingstemaet er om det reelt sett dreier seg om utøving av næringsverksemd. Vesentlege vurderingsmoment er om det ligg føre ein økonomisk aktivitet som er vedvarande og stabil, og at det ikkje ligg føre eit over- og underordningsforhold, jf. avsnitta 7.5.2 og 7.5.3. Eit føretak som er etablert i eit EØS-land, eller skal etablere seg i Noreg etter reglane om fri etableringsrett i EØS-avtalen kan i ei viss utstrekning nytte eigne arbeidstakarar uavhengig av nasjonaliteten deira. Sjå også merknadene til § 110 fjerde ledd og § 114 andre ledd.

Første ledd bokstav b gjeld tenesteytarar. Dei skal som i dag omfattast av opphaldsretten utover tre månader, sjå avsnitta 7.5.2 og 7.5.4. Det sentrale kjenneteiknet ved ei tenesteyting er at ho, i motsetnad til ei etablering av sjølvstendig næringsverksemd, dreier seg om ein økonomisk aktivitet av mellombels karakter. Om tenesteytinga er varig eller mellombels må vurderast konkret frå sak til sak. Når det gjeld grensa mot omgrepet arbeidstakar, er det avgjerande at tenesta er eit sjølvstendig arbeid, ikkje eit arbeid mot lønn under instruksjonar frå ein annan. Ein tenesteytar frå EØS-området kan nytte eigne arbeidstakarar for å yte ei teneste i Noreg. Det følgjer av føresegnene om fri flyt av tenester. Retten gjeld uavhengig av nasjonaliteten til desse arbeidstakarane. Sjå merknadene til § 114 andre ledd.

Første ledd bokstav c gjeld opphaldsretten til EØS-borgarar som ikkje er i arbeid, men som har tilstrekkelege eigne midlar til å forsørgje seg sjølve og eventuelle medfølgjande familiemedlemmer. Dei må i tillegg ha sjukeforsikring som dekkjer alle risikoar under opphaldet. Det kan ikkje fastsetjast ein bestemt sum som er tilstrekkeleg. Det er nødvendig å vurdere den personlege situasjonen til EØS-borgaren. Summen kan aldri vere høgare enn den minstepensjonen som blir utbetalt i vertslandet. Sjå avsnitta 7.5.2 og 7.5.6 og avsnitt 7.5.5 om tenestemottakarar som kjem inn under denne persongruppa.

Etter første ledd bokstav d må ein student vere teken opp ved ein godkjend privat eller offentleg utdanningsstad. Formålet med opphaldet må først og fremst vere utdanning. Alle typar utdanning blir i prinsippet omfatta av regelen i motsetnad til dei noverande reglane som set som vilkår for opphaldsrett at det gjeld fagutdanning. Det blir ikkje sett krav til at vedkommande skal fullføre utdanninga. Det er nok å følgje delar av eit studium. Som i dag, er det ikkje høve til å krevje dokumentasjon på at opphaldet til studenten er sikra, men det er eit krav at studenten gir ei erklæring eller liknande om tilstrekkeleg underhald. Kravet om at hovudformålet med opphaldet er studiar inneber ei plikt til å vere aktivt studerande og å ha progresjon i studiet. Mangelfull studieprogresjon kan få verknad for opphaldsretten, jf. avsnitta 7.5.2 og 7.5.7.

Andre ledd modifiserer utgangspunktet i første ledd om økonomisk aktivitet og sjølvforsørging for arbeidstakarar eller sjølvstendig næringsdrivande som av ulike grunnar mellombels fell utanfor arbeidslivet. Tilsvarande reglar gjeld òg i dag.

Det går fram av andre ledd bokstav a at mellombels arbeidsuførleik som følgje av sjukdom eller ulykke ikkje tek frå EØS-borgaren status som arbeidstakar eller sjølvstendig næringsdrivande. Det er berre den mellombelse uførleiken som er omfatta. Ved varig arbeidsuførleik fell opphaldsretten i utgangspunktet bort. I slike tilfelle kan det likevel vere eit spørsmål om rett til varig opphald sjølv om vilkåret om fem års opphald på førehand ikkje er oppfylt, sjå § 115 andre ledd.

Andre ledd bokstav b og c regulerer opphaldsretten når EØS- borgaren vert ufrivillig arbeidslaus. Dersom vedkommande aktivt prøver å få arbeid att ved å melde seg som arbeidssøkjande, blir opphaldsretten halden ved lag. Personar som har hatt ein tidsavgrensa arbeidskontrakt på mindre enn eitt år, mister status som arbeidstakar eller sjølvstendig næringsdrivande etter seks månader, sjå tredje ledd.

Andre ledd bokstav d omfattar personar som byrjar på ei fagutdanning. Dei held ved lag status som arbeidstakar eller sjølvstendig næringsdrivande berre dersom fagutdanninga har samanheng med det arbeidet dei har hatt tidlegare.

Fjerde ledd gir heimel til å gi nærmare føresegner i forskrift om opphaldsrett utover tre månader, også nærmare om kva ein skal rekne som tilstrekkelege midlar, godkjende utdanningsinstitusjonar og krav til erklæringa om tilstrekkelege midlar for studentar.

Til § 113 Oppholdsrett i mer enn tre måneder for ­familiemedlemmer som er EØS-borgere

Opphaldsretten er avleidd av opphaldet til hovudpersonen som også er EØS-borgar. Det inneber at familiemedlemmen i utgangspunktet er avhengig av at opphaldsretten til hovudpersonen står ved lag, jf. direktivet artikkel 7 nr. 1 bokstav d og avsnitt 7.5.8. Fell denne retten bort, fell også opphaldsretten til familiemedlemmen bort. Det stiller seg annleis når familiemedlemmen sjølv er EØS-borgar og på sjølvstendig grunnlag fyller vilkåra i § 112, jf. direktivet artikla 12 nr. 1 og 13 nr. 1 og avsnitt 7.6.

Etter første ledd må familiemedlemmen følgje med eller førast saman med EØS-borgaren som kan vere arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar eller ha tilstrekkelege eigne midlar.

Andre ledd gir tilsvarande føresegner når EØS-borgaren er student, men da er krinsen av familiemedlemmer avgrensa til ektefelle, sambuar og forsørgde barn under 21 år.

Tredje ledd første punktum om opphaldsrett når hovudpersonen døyr eller reiser ut av landet inneber eit krav om at familiemedlemmen sjølv fyller vilkåra i § 112 første ledd, jf. avsnitt 7.6. Føresegna må sjåast i samanheng med § 115 fjerde og femte ledd om varig opphaldsrett. Tredje ledd andre punktum gir særleg rett til vidare opphald til barn til EØS-borgaren og den personen som har foreldreansvaret for barnet, sjå avsnitt 7.8.

Fjerde ledd regulerer retten til vidare opphald ved skilsmisse eller ved avslutta sambuarskap. Også her er det eit krav for rett til vidare opphald at familiemedlemmen sjølv fyller vilkåra i § 112 første ledd, sjå avsnitt 7.6.

Femte ledd gir heimel til å gi nærmare føresegner i forskrift om vidare opphaldsrett for personar som har foreldreansvaret som nemnd i tredje ledd.

Til § 114 Oppholdsrett i mer enn tre måneder for ­familiemedlemmer og andre utlendinger som ikke er EØS-borgere

Opphaldsretten til familiemedlemmer er avleidd av opphaldet til hovudpersonen som er EØS-borgar, jf. direktivet artikkel 7 nr. 2 og avsnitt 7.5.8. Føresegna gjeld i tillegg retten til vidare opphald når opphaldsretten til hovudpersonen fell bort, jf. direktivet artikla 12 nr. 2 og 13 nr. 2 og merknaden til § 113 og avsnitt 7.7.

Ho gjeld også retten til opphald utover tre månader for tredjelandsborgarar som yter tenester eller deltar i etablering av verksemd, jf. avsnitta 7.3.2. og 7.3.3.

Første ledd viser til § 113 første ledd om at familiemedlemmen må følgje med eller førast saman med EØS-borgaren som kan vere arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar eller ha tilstrekkelege eigne midlar. Første ledd viser vidare til § 113 andre ledd der det går fram at krinsen av familiemedlemmer er snevrare når hovudpersonen er student.

Andre ledd gjeld tredjelandsborgarar som får ein opphaldsrett i meir enn tre månader så lenge dei yter tenester eller det er nødvendig for etableringa av ei verksemd, jf. § 110 fjerde ledd og merknadene til denne paragrafen. Det er heimel for å gi nærmare føresegner om krav til opphaldsretten i forskrift. Eit døme på forhold som kan regulerast nærmare, er kravet om at tenesteytaren må vere ein utsend arbeidstakar frå ein tenesteytar som er etablert i eit anna EØS-land eller EFTA-land, at utsendinga er eit ledd i ei tenesteyting og at ytinga er av mellombels karakter, jf. definisjonen av utsending og utsend arbeidstakar i arbeidsmiljølova § 1-7. Når det gjeld etablering, kan ein gi nærmare føresegner med krav til at det må dreie seg om tredjelandsborgarar som har nøkkelstillingar, og ytterlegare presiseringar om kva som ligg i desse omgrepa.

Tredje ledd regulerar opphaldsretten når hovudpersonen døyr. Vilkåra for vidare opphald er strengare enn når familiemedlemmen sjølv er EØS-borgar. Sjå artikkel 12 nr. 2 og avsnitt 7.7.1. Ein må sjå føresegna i samanheng med § 116 andre ledd om rett til varig opphald når hovudpersonen døyr. Familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar får ikkje rett til vidare opphald om hovudpersonen reiser ut av landet, sjå avsnitt 7.7.1. Barn til EØS-borgaren og personen som har foreldreansvaret over barnet, har likevel ein særleg rett til vidare opphald under skolegang, jf. artikkel 12 nr. 3 og avsnitt 7.8.

Fjerde ledd regulerer opphaldsretten ved skilsmisse og avslutta partnarskap eller sambuarskap. Vilkåra for vidare opphald er strengare enn for familiemedlemmer som er EØS-borgarar, jf. artikkel 13 nr. 2 bokstav a-d. Ektefelle eller sambuar som har vore utsett for vald eller andre alvorlege overgrep i ekteskapet/sambuarskapet, bevarar opphaldsretten. Dette gjeld anten valden har vore mot ektefellen/sambuaren eller mot eventuelle barn, jf. bokstav c og 2008-lova § 53 første ledd bokstav b og avsnitt 7.7.2.

Femte ledd gir heimel til å gi nærmare føresegner i forskrift om vidare opphaldsrett for personar som har foreldreansvaret eller samværsrett som nemnd i tredje og fjerde ledd, og ved opphør av sambuarskap som nemnt i fjerde ledd.

Til § 115 Varig oppholdsrett for EØS-borgere

Føresegna handlar om varig opphaldsrett, vilkåra for å behalde retten, og om grunnar for tap av retten, jf. artikla 16 og 17 og avsnitta 7.9 og 7.11.

Samanhengande lovleg opphald i fem år etter §§ 112 og 113 gir varig opphaldsrett, jf. første ledd. Det er ikkje eit vilkår for retten at utlendingen har registrert seg. Dette inneber at utlendingen også i delar av femårsperioden kan ha hatt opphaldsløyve etter dei allmenne reglane såframt utlendingen også fyller krava til opphaldsrett i perioden. Varig opphaldsrett gjeld uavhengig av om EØS-borgaren har hatt opphald på sjølvstendig grunnlag eller som familiemedlem. Tenesteytarar kan i prinsippet vere omfatta av reglane om varig opphald i motsetnad til gjeldande reglar, som berre gjeld arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande. Kravet til samanhengande opphald stengjer ikkje for mellombels fråver frå landet når fråveret ikkje overstig seks månader i året, jf. sjette ledd som opnar for å regulere nærmare i forskrift. Når ein har fått varig opphaldsrett, treng ikkje vilkåra i §§ 112 og 113 å vere oppfylte lenger. Rett til varig opphald fell bort dersom utlendingen oppheld seg utanfor Noreg i meir enn to påfølgjande år, jf. sjette ledd, som opnar for nærmare regulering i forskrift.

Andre og tredje ledd inneheld unntak frå kravet til fem års samanhengande opphald. EØS-borgarar som er arbeidstakarar eller sjølvstendig næringsdrivande og som pendlar, eller som blir pensjonistar eller varig arbeidsuføre, kan på nærmare vilkår ha varig opphaldsrett sjølv om kravet til opphald i fem år ikkje er oppfylt.

Etter fjerde ledd får familiemedlem som er EØS-borgar til ein hovudperson med opphaldsrett etter andre og tredje ledd, varig opphaldsrett samtidig med hovudpersonen. Det er eit krav at familiemedlemmene bur saman med hovudpersonen. Krinsen av familiemedlemmer er altså snevra inn.

Femte ledd gir reglar om varig opphaldsrett til familiemedlemmer som er EØS-borgarar når ein hovudperson utan varig opphaldsrett døyr, sjå avsnitt 7.9.3.

Sjette ledd gir heimel for å gi nærmare føresegner om berekning av den samanhengande tidsperioden, jf. § 111 fjerde ledd om berekning av opphaldstida og avsnitt 7.4. Sjå og § 113, jf. § 112 siste ledd om tilstrekkelege midlar. Det er eit vilkår at dette kravet har vore oppfylt i opphaldstida for at kravet om til samanhengande opphald kan godkjennast. Forskrifta kan innehalde nærmare føresegner om kva som ligg i omgrepet mellombels opphald utanfor Noreg, gyldige fråversgrunnar, om krava til å bu saman og om bortfall av opphaldsretten. Føresegna i artikkel 17 nr. 1 andre ledd om periodar med ufrivilleg arbeidsløyse skal gjennomførast i forskrift, sjå avsnitt 7.9.2.

Til § 116 Varig oppholdsrett for familiemedlemmer som ikke er EØS-borgere

Føresegna handlar om retten til varig opphald for familiemedlemmer som ikkje sjølve er EØS-borgarar, vilkåra for å behalde retten og om grunnar til tap av retten, jf. artikla 16, 17 og 18 og avsnitta 7.10 og 7.11.

Første ledd seier at fem års samanhengande lovleg opphald i Noreg når familiemedlemmen har budd saman med ein EØS-borgar etter § 114 første ledd, gir varig opphaldsrett. Dette gjeld også om familiemedlemmen har fem års samanhengande lovleg opphald etter å ha hatt opphald etter § 114 tredje eller fjerde ledd. Kravet til samanhengande opphald stengjer ikkje for mellombels fråver frå landet når fråveret ikkje overstig seks månader i året. Når ein har fått varig opphaldsrett, treng ikkje vilkåra i § 114 vere oppfylte lenger. Rett til varig opphald fell bort dersom utlendingen oppheld seg utanfor Noreg i meir enn to påfølgjande år, jf.femte punktum.

Andre ledd viser til § 115 fjerde ledd om varig opphaldsrett frå same tid som for hovudpersonen og femte ledd om varig opphaldsrett til familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar, når ein hovudperson utan varig opphaldsrett døyr.

Tredje ledd gir heimel for å gi nærmare føresegner om berekning av den samanhengande tidsperioden, jf. § 111 fjerde ledd om berekning av opphaldstida og avsnitt 7.4. Sjå og § 114, jf. § 112 siste ledd om tilstrekkelige midlar. Det vil være ei føresetnad at dette kravet har vore oppfyld i opphaldstida for at kravet om fem års samanhengande opphald kan godkjennast. Forskrifta kan og innehalde nærmare føresegner om kva som ligg i omgrepet mellombels opphald utanfor Noreg, herunder om gyldige fråversgrunnar, om kravet til å bu saman og om bortfall av opphaldsretten.

Til § 117 Registreringsplikt for utlendinger med ­oppholdsrett etter §§ 112 eller 113

Opphaldsrett etter §§ 112 og 113 tek utan vidare til å gjelde idet ein fyller vilkåra for opphald. Opphaldsretten er som i dag ikkje avhengig av at han er formalisert. Når kravet til opphaldsløyve fell bort, jf. avsnitt 7.5.1 er det ønskeleg å innføre ei registreringsordning for EØS-borgarar. Plikta til å registrere seg gjeld anten ein er arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, student eller har eigne midlar eller er familiemedlem til ein EØS-borgar. Ei avgjerd om å skrive ut eller nekte å skrive ut eit registreringsbevis vil ikkje vere eit enkeltvedtak som kan klagast på. Utlendingsmyndigheita må reise sak om bortvising før utlendingen eventuelt kan sendast ut av landet på grunn av manglande opphaldsrett. Eit slikt vedtak vil ein kunne klage på. Sjå direktivet artikkel 8 og avsnitt 8.2.

Første ledd pålegg EØS-borgarar som skal opphalde seg i Noreg i meir enn tre månader, ei plikt til å registrere seg innan tre månader frå innreisedatoen. Som kvittering for godkjend dokumentasjon skal forvaltninga straks skrive ut eit registreringsbevis.

Andre og tredje ledd nemner kva for dokumentasjon som kan krevjast frå dei ulike gruppene.

Fjerde ledd gir heimel for å gi nærmare føresegner i forskrift. Det kan fastsetjast kva for myndigheit som skal ha ansvaret for registreringsordninga og skrive ut registreringsbevis. Forskrifta kan og fastsetje om det skal vere gebyr for registrering og i så fall storleiken på gebyret. Registrering av arbeidssøkjarar som følgje av meldeplikt, vert ikkje regulert i denne føresegna, men av § 111. Det er aktuelt å fastsetje nærmare vilkår dersom arbeidssøkjaren finn arbeid og når han da må registrere seg. Saksbehandlingsreglar kan i tillegg fastsetjast.

Til § 118 Oppholdskort for utlendinger med oppholdsrett i medhold av § 114 som ikke er EØS-­borgere

Føresegna er ny og handlar om utskriving av opphaldskort til familiemedlemmer frå tredjeland med opphaldsrett etter § 114. Føresegna gir også opphaldsrett til tredjelandsborgarar som yter tenester eller er nøkkelpersonar som etablerer verksemd i Noreg. Når dei materielle vilkåra for opphald er oppfylte, gjeld opphaldsretten etter § 114 sjølv om han ikkje er formalisert. Kravet til opphaldsløyve fell bort, jf. avsnitt 7.5.1. Ordninga med søknad og utskriving av opphaldskort er obligatorisk. Avgjerda om å skrive ut opphaldskort vil ikkje vere eit enkeltvedtak ein kan klage på. Utlendingsmyndigheitene må reise sak om bortvising før utlendingen eventuelt kan sendast ut av landet på grunn av manglande opphaldsrett. Bortvisingsvedtaket kan ein klage på, jf. direktivet artiklane 9, 10 og 11 og avsnitt 8.3.

Plikta til å søkje om opphaldskort gjeld når ein utlending med opphaldsrett skal opphalde seg i Noreg i meir enn tre månader. Søknadsfristen er tre månader frå innreisedatoen. Som kvittering for innlevert søknad skal det utleverast eit bevis for dette, jf. første ledd. Paragrafen reknar opp kva slags dokumentasjon ein kan krevje av søkjarar som har opphaldsrett etter §114. Det kan fastsetjast nærmare føresegner om krav til dokumentasjon for tenesteytarar og nøkkelpersonar som etablerer verksemd i Noreg med opphaldsrett etter § 110 fjerde ledd, jf. andre ledd.

Søknad om opphaldskort skal få si avgjerd innan seks månader etter at han er levert. Kortet gjeld i inntil fem år. Dersom innehavaren oppheld seg i utlandet i meir enn seks månader i året, gjeld ikkje kortet lenger, jf. tredje ledd.

Fjerde ledd gir heimel for å gi nærmare føresegner om kva for myndigheit som ska ta imot søknad og skrive ut opphaldskort, gebyr og om korta gjeld i utlandet. Forskrifta kan og innehalde reglar om dokumentasjon og kor lenge kortet gjeld for tenesteytarar og nøkkelpersonar, da desse tredjelandsborgarane ikkje får varig opphald. Saksbehandlingsreglar kan fastsetjast.

Til § 119 Oppholdsbevis og oppholdskort for utlendinger med varig oppholdsrett etter §§ 115 og 116

Føresegna er ny og handlar om utskriving av opphaldsbevis og opphaldskort for utlendingar med varig opphaldsrett etter §§ 115 og 116. Dette gjeld EØS-borgarar og familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar. Sjå direktivet artikkel 19 og avsnitt 8.4 og artikkel 20 og avsnitt 8.5, jf. første og andre ledd.

Tenesteytarar og nøkkelpersonar som etablerer seg, får ikkje varig opphaldsrett, men vil ha opphaldsrett etter § 114 og vil eventuelt få fornya opphaldskortet ved lengre opphald, jf. avsnitt 8.3.

Utlendingsdirektoratet avgjer søknadane om varig opphaldsbevis for EØS-borgarar og varig opphaldskort for familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar, jf. tredje ledd. Avgjerdene er enkeltvedtak som utlendingane kan klage på etter vanlege reglar.

Fjerde ledd gir heimel for å gi nærmare føresegner i forskrift om kva for myndigheit som skal ha ansvaret for å ta imot søknad og skrive ut varig opphaldsbevis og varig opphaldskort og om å fastsette gebyr for utstedelsen. Det kan og fastsetjast krav til dokumentasjon og om at politiet kan gis høve til å innvilge slike søknader, jf. tredje ledd. Saksbehandlingsreglar kan fastsetjast.

Til § 120 Krav til vandel mv. Tilbakekall av ­oppholdsdokumenter.

Føresegna gir heimel for fastslå at det ikkje foreligg opphaldsrett, jf. §§ 112 – 114 eller varig opphaldsrett, jf. §§ 115 – 116. Føresegna gir og heimel for å tilbakekalle dokument som er bevis for slik opphaldsrett, jf. §§ 117 – 119. Sjå direktivet artikkel 1 bokstav c, jf. avsnitt 7.2 og artikkel 35, jf avsnitta 7.10, 7.12.2. og 8.1.

Føresegna i første ledd seier at ein utlending som elles fyller vilkåra for opphaldsrett, ikkje har slik rett dersom det er grunnlag for å nekte utlendingen tilgang til eller opphald i Noreg etter andre reglar i lova. Dette vil vere tilfellet når det er grunnlag for å bortvise eller utvise utlendingen etter reglane i dette kapitlet eller etter dei allmenne reglane i 2008-lova. Føresegna fører vidare gjeld­ande reglar i 1988-lova § 51 siste ledd. Sjå elles 2008-lova § 59 om krav til vandel hos utlendingen. Føresegna slår vidare fast at ein utlending som bygg retten sin på uriktige opplysningar o.a., ikkje har slik opphaldsrett eller varig opphaldsrett. Slike omstende kan vere at opphaldsretten er tilegna på fiktivt grunnlag, til dømes ved proforma ekteskap eller ved falsk identitet og/eller nasjonalitet.

Andre ledd opnar for tilbakekall av registreringsbevis, opphaldskort, varig opphaldsbevis og varig opphaldskort dersom utlendingen mot betre vitande har gitt uriktige opplysningar o.a. Føresegna fører vidare gjeldande reglar i 1988-lova § 13, sjå elles 2008-lova § 63.

Etter tredje ledd er det Utlendingsdirektoratet som gjer vedtak om tilbakekall av dokumentar nemnd i andre ledd. Sjå avsnitt 7.12.7 om vedtaksmyndigheit.

Fjerde ledd inneheld heimel for å gi nærmare føresegner i forskrift. Det kan her fastsetjast saksbehandlingsreglar, sjå artikkel 35, jf. artiklane 30 og 31 og avsnitt 7.12.8. Artikkel 27 nr. 3 om innhenting av opplysningar må gjennomførast i saksbehandlingsreglane.

Til § 121 Bortvisning

Føresegna regulerer bortvising av EØS-borgarar og familiemedlemmene deira som ikkje har opphaldsrett og oppheld seg ulovleg i landet. Bortvising av familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar som ikkje kjem inn under personkrinsen som er omfatta av direktivet, må vurderast etter dei allmenne reglane. For tredjelandsborgarar som er tenesteytarar eller sjølvstendig etablerarar, vil dei allmenne reglane gjelde. Direktivet regulerer ikkje direkte når bortvising kan skje, sjå avsnitta 7.12.2 og 7.12.6. Føresegna er i det store og heile ei vidareføring av gjeldande rett.

Første og andre ledd reknar opp dei tilfella kor bortvising kan vere aktuelt. Bortvising kan skje ved innreise eller seinast innan sju dagar etter innreise dersom utlendingen ikkje kan vise gyldig pass, anna godkjend reisedokument eller visum når dette er nødvendig, oppheld seg utan opphaldsrett og dersom det ligg føre forhold som kan grunngi utvising, altså av omsyn til offentleg orden eller tryggleik. Bortvising vil vere aktuelt ved mindre alvorlege brot på 2008-lova.

Det er Utlendingsdirektoratet som gjer vedtak om bortvising, jf. tredje ledd. Det er høve til å gi nærmare føresegner i forskrift, jf. fjerde ledd, også om at politiet kan treffe vedtak etter første ledd bokstav a og c. Det kan fastsetjast saksbehandlingsreglar, sjå artiklane 30 og 31, jf. avsnitt 7.12.8. Artikkel 27 nr. 3 om innhenting av opplysningar må gjennomførast. Artikkel 5 nr. 4 krev at utlendingar som manglar nødvendige reisedokument o.a. skal få tilstrekkeleg tid til å skaffe den nødvendige dokumentasjonen.

Til § 122 Utvisning av hensyn til offentlig orden og sikkerhet

Føresegna regulerer utvising av EØS-borgarar og familiemedlemmene deira. Familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar som ikkje kjem inn under personkrinsen som er omfatta av direktivet, må vurderast etter dei allmenne reglane. For ein tredjelandsborgar med opphaldsrett med grunnlag i EØS-regelverket som tenesteytar eller sjølvstendig etablerar, er det denne føresegna som gjeld. Når tredjelandsborgaren ikkje har slik opphaldsrett, skal høvet vurderast etter dei allmenne reglane. Sjå avsnitt 7.12.2.

Føresegna gjennomfører artikkel 27 og 28 i direktivet og regulerer utvising av utlendingar med opphaldsrett av omsyn til offentleg orden eller tryggleik. Grunnvilkåret for utvising går fram av artikkel 27 nr. 1. Det må sjåast i samanheng med artikkel 27 nr. 2 og artikkel 28 som set opp grensar for når utvising kan skje, og reknar opp moment ein skal ta omsyn til i vurderinga. Sjå avsnitt 7.12.3.

Etter første ledd kan ein utlending med opphaldsrett etter §§ 111, 112, 113 eller 114 utvisast av omsyn til offentleg orden eller tryggleik. Som i dag inneber omgrepet «offentleg orden» meir alvorlege forstyrringar av samfunnsordenen, også kriminelle handlingar, til dømes narkotikabrotsverk, vinningsbrotsverk og valdsbrotsverk. Kvart medlemsland kan ikkje einsidig fastleggje det nærmare innhaldet av omgrepet, men medlemslanda har gjennom domstolspraksis fått ein viss skjønnsmargin ut frå kva dei nasjonale omsyna tilseier. Omgrepet «offentleg tryggleik» samsvarer langt på veg med innhaldet i uttrykket «rikets sikkerhet». Andre punktum fastsett at utvising må ha sin grunn i den personlege åtferda til utlendingen. Ein kan ikkje grunngi utvising med allmennpreventive omsyn. Den personlege åtferda må vere eit reelt, umiddelbart og tilstrekkeleg alvorleg trugsmål mot grunnleggjande samfunnsinteresser. Vurderinga er framtidsretta. Ein tidlegare straffedom er ikkje nok i seg sjølv til å grunngi utvising. Det er og heimel til å presisere nærmare i forskrift kva som ligg i omgrepa offentleg orden og tryggleik.

Andre ledd sett skrankar for høvet til utvising. Mellom anna er det eit utvida vern mot utvising av EØS-borgarar og familiemedlemmene deira som har varig opphaldsrett. Desse personane kan ikkje utvisast, med mindre tungtvegande omsyn til offentleg orden eller tryggleik gjer seg gjeldande. Dette utvida vernet er nytt. Ei ytterlegare avgrensing gjeld EØS-borgarar som har hatt opphald i vertslandet i ti år, og EØS-borgarar som er mindreårige. Dei førstnemnde kan berre utvisast dersom utvising er tvingande nødvendig av omsyn til den offentlege tryggleiken. I saker som gjeld barn, skal det takast grunnleggjande omsyn til barnets beste. Mindreårige kan av den grunn utvisast dersom utvisinga er nødvendig av omsyn til barnets beste. Dette er eit nytt vurderingstema samanlikna med både gjeldande EØS-rett og nasjonal rett, men vil gjelde etter 2008-lova § 70, jf. femte ledd nedanfor.

Tredje ledd førar vidare føresegna i 1988-lova § 58 tredje ledd om utvising av personar som er involverte i terrorverksemd.

Etter fjerde ledd kan utvising berre skje dersom utvisingsvedtaket er i samsvar med proporsjonalitetsprinsippet. Før det vert gjort vedtak om utvising av omsyn til offentleg orden eller tryggleik, skal ein ta omsyn til fleire forhold, som til dømes familietilknyting i vertslandet, kor sosialt og kulturelt integrert vedkommande er i vertslandet, tilknyting til heimlandet, alder, helse, familiesituasjon og økonomisk situasjon. I saker som gjeld barn, skal ein i tillegg ta grunnleggjande omsyn til barnets beste.

Femte ledd opnar for å gi nærmare føresegner i forskrift. Det kan her fastsetjast saksbehandlingsreglar, sjå mellom anna artiklane 30 og 31, jf. avsnitt 7.12.8. Artikkel 27 nr. 3 om innhenting av opplysningar må gjennomførast i saksbehandlingsreglane.

Til § 123 Utvisning av hensyn til folkehelsen

Føresegna i første ledd gjennomfører artikkel 29 i direktivet som gir høve til utvising av omsyn til folkehelsa, jf. avsnitt 7.12.4.

Ein utlending med rett til opphald i inntil tre månader kan utvisast når det er nødvendig av omsyn til folkehelsa. Det er eit vilkår for utvising at vertslandet har sett i verk vernetiltak overfor eigne borgarar. Det er også eit vilkår at sjukdommen oppstår innan tre månader frå datoen for innreise. Ein kan ikkje grunngi utvising med omsyn til folkehelsa om sjukdommen oppstår seinare enn dette.

Utvising av omsyn til folkehelsa er i dag svært upraktisk. Det skal svært mykje til før ein vil utvise på dette grunnlaget. Det er heimel for å gi nærmare føresegner i forskrift, jf. andre ledd. Sjå merknaden til § 122 om saksbehandlingsreglar o.a.

Til § 124 Innreiseforbud og vedtaksmyndighet

Føresegna gjennomfører artikkel 32 i direktivet om kor langvarig innreiseforbodet kan vere og når den utviste kan søkje om å få reise inn att. jf. avsnitt 7.12.5 om innreiseforbod og avsnitt 7.12.7 om vedtaksmyndigheit.

Etter første ledd er eit vedtak om utvising til hinder for seinare innreise til landet. Innreiseforbodet kan vere varig eller tidsavgrensa, men ikkje for kortare tid enn to år. Ved vurderinga av om innreiseforbodet skal gjerast varig eller tidsavgrensa skal det særleg leggjast vekt på dei personlege forholda som inneber eit verkeleg, umiddelbart og tilstrekkeleg alvorleg trugsmål mot grunnleggjande samfunnsomsyn, jf. § 122 første ledd.

Etter andre ledd kan utlendingen søkje om å få oppheva innreiseforbodet dersom det er skjedd endringar i dei forholda som i si tid grunngav innreiseforbodet. Sjølv om innreiseforbodet ikkje er oppheva, kan den som er utvist, etter søknad få reise inn i landet for kortvarig besøk dersom det føreligg særlege omstende. Det må som hovudregel ha gått minst eitt år frå utreise før det kan vere aktuelt å gi løyve til slikt besøk.

Etter tredje ledd er det Utlendingsdirektoratet som treffer vedtak om utvising. Det er også direktoratet som avgjer søknad om tilgang til landet frå ein utlending som er utvist.

Fjerde ledd gir heimel til å gi nærmare føresegner i forskrift, sjå merknaden til § 122 om saksbehandlingsreglar o.a.

Til § 125 Overgangsordninger for nye avtaleparter ­ til EØS-avtalen

Føresegna gir ein eigen heimel for å fastsetje overgangsordningar i forskrift ved ei utviding av EØS-avtalen til nye avtalepartar, jf. avsnitt 7.13.1. Føresegna gjeld ikkje dei gjeldande overgangsordningane for nyare EØS-land, sjå avsnitt 7.13.2.

Til kapittel 14 Avsluttende bestemmelser

Paragrafane i kapitlet har fått nye nummer. Innhaldet i dei er ikkje endra.

10.2 Utlendingslova (1988-lova)

Til § 37 Identifisering

1988-lova § 37 handlar om identifisering. Paragrafen ble endra ved lov 30. juni 2006 nr. 37 ved at det blei vist til avtalen mellom Noreg, Island og Sveits om kriterium og mekanismar for å avgjere kva for stat som er ansvarleg for behandlinga av ein asylsøknad som er fremma i Noreg, Island eller Sveits. Endringa er ikkje trådd i kraft.

Ved ein feil skjedde endringa i § 37 femte ledd, mens det er § 37 fjerde ledd andre punktum som skulle vore endra. Departementet foreslår derfor at § 37 fjerde blir endra slik den skulle vore, og at endringslova med endringa i § 37 femte ledd blir oppheva.

Til § 58 b Midlertidig gjennomføring av bestemmelsene i direktiv 2004/38/EF

Føresegna gir heimel for iverksetjing av element i direktivet før iverksetjing av 2008-lova ved ein ny føresegn i 1988-lova.

Første ledd erstattar gjeldande krav om opphaldsløyve for EØS-borgarar med ei ordning med registrering. Det er heimel til å gi forskrift om å innføre ei slik registreringsordning.

Andre ledd gir heimel for å regulere nærmare i forskrift at EØS-borgarar og familiemedlemmene deira kan få varig opphaldsrett når dei kan dokumentere fem års samanhengande lovleg opphald i landet.

10.3 Endringslova av 2006 til ­utlendingslova (1988-lova)

Til § 37 Identifisering

Femte ledd blir oppheva, sjå avsnitt 10.2

Til forsida