Ot.prp. nr. 72 (2007-2008)

Om lov om endringar i utlendingslovgivinga (reglar for EØS- og EFTA-borgarar o.a.)

Til innhaldsliste

4 EØS-avtalen og EFTA-konvensjonen

4.1 EØS-avtalen

Prinsippa i EØS-avtalen artikkel 1 om fri personmobilitet omfatter retten til innreise, opphald og arbeid i eit anna medlemsland for borgarar av eit EØS-land og familiemedlemmene deira. Den frie personmobiliteten knyter seg til fleire «fridommar» slik som flyt av arbeidskraft, fridommen til å etablere seg i eit anna EØS-land og tenesteytingar på tvers av landegrensene. Innafor utlendingsretten er det først og fremst prinsippa om fri mobilitet for arbeidstakarar og ytarar og mottakarar av tenester som er sentrale, men også fri etableringsrett er viktig.

Prinsippa i EØS-avtalen og nærmare reglar om dei fire fridommane må sjåast i samanheng med dei grunnleggjande formåla og prinsippa i avtalen. To sentrale grunnprinsipp i EU/EØS-retten er prinsippa om proporsjonalitet og ikkje-diskriminering. Proporsjonalitetsprinsippet krev eit rimeleg forhold mellom det målet ein ønskjer å nå, og dei midla som blir tekne i bruk for å nå dette målet. Prinsippet viser i kor stor grad styresmaktene kan avgrense handlefridommen til kvar enkelt etter prinsippet om fri mobilitet. Hovudpoenget er at restriksjonane ikkje kan gå lenger enn det som er nødvendig for å sikre offentlege interesser. Prinsippet er ulovfest og liknar prinsippet om proporsjonalitet i norsk forvaltningsrett. Ikkje-diskrimineringsprinsippet forbyr forskjellsbehandling av borgarar frå dei ulike EØS-landa på grunnlag av nasjonalitet. Ulovleg forskjellsbehandling kan gjelde både ulik behandling av like tilfelle eller lik behandling av ulike tilfelle. Både openlys og skjult forskjellsbehandling blir ramma av forbodet. Ein aksepterer likevel sakleg grunngitt forskjellsbehandling i ei viss utstrekning. Prinsippet kjem til uttrykk generelt i EØS-avtalen artikkel 4, men går enkelte gonger uttrykkeleg fram i dei spesielle forbodsføresegnene i EØS-avtalen om dei fire fridommane.

Sjølv om det sentrale i EØS-avtalen er retten til å drive økonomisk aktivitet på tvers av landegrensene, inneheld fellesskapsretten også rettar for personar som ikkje driv slik økonomisk aktivitet. Studentar, sjølvstendig næringsdrivande som ikkje lenger er yrkesaktive, og personar som ikkje har rett til opphald på anna grunnlag, men som har tilstrekkelege midlar til å forsørgje seg sjølv, fekk rett til opphald i eit anna medlemsland gjennom tre direktiv som vart vedtekne i 1990-åra.

EØS-avtalen er supplert med sekundærlovgiving i form av forordningar og direktiv. Dei rettsaktene som blir oppheva og endra ved direktiv 2004/38/EF er:

  • Forordning (EØF) 1612/68 – Om fri bevegelighet for arbeidstakere mv. innen Fellesskapet.

  • Direktiv 64/221/EØF – Om samordning av de særbestemmelser om innreise og opphold for utenlandske statsborgere som er begrunnet med hensynet til den offentlige orden og sikkerhet, samt folkehelsen.

  • Direktiv 68/360/EØF – Om opphevelse av reise – og oppholdsrestriksjoner innen Fellesskapet for arbeidstakere fra medlemsstatene og deres familie.

  • Direktiv 72/194/EØF – Om samordning av de særbestemmelser om innreise og opphold for utenlandske statsborgere som er begrunnet med hensynet til den offentlige orden og sikkerhet m.m.

  • Direktiv 73/148/EØF – Om opphevelse av reise- og oppholdsrestriksjoner innen Fellesskapet for statsborgere i medlemsstatene med hensyn til etablering og tjenesteytelse.

  • Direktiv 75/34/EØF – Om den rett statsborgere i en medlemsstat har til å bli boende på en annen medlemsstats territorium etter å ha utøvd selvstendig virksomhet der.

  • Direktiv 75/35/EØF – Om samordning av særbestemmelsene om innreise og opphold for utenlandske statsborgere.

  • Direktiv 90/364/EØF – Om oppholdsrett.

  • Direktiv 90/365/EØF – Om oppholdsrett for lønnsmottakere og selvstendig næringsdrivende som har avsluttet sin yrkesaktivitet.

  • Direktiv 93/96/EØF – Om studenters oppholdsrett.

Desse direktiva vart heilt og fullt oppheva. Forordning (EØF) 1612/68 er endra ved at artiklane 10 og 11 er oppheva og ført vidare i direktiv 2004/38/EF, mens forordninga elles gjeld.

Direktiv 2004/38/EF erstattar også hovudelementa i kommisjonsforordning 1271/70 – Om retten for arbeidstakere til å bli verande på eit medlemslands territorium etter endt yrkeskarriere. Denne forordninga vart oppheva av Kommisjonen ved forordning (EF) nr. 635/2006 av 25. april 2006.

I samband med utvidinga av EØS er det også gitt reglar om overgangsordningar.

EØS-avtalen vart gjennomført ved lov av 27. november 1992 nr. 109 om gjennomføring i norsk rett av hovuddelen i avtale om Det europeiske økonomiske samarbeidsområde (EØS) o.a.(EØS-loven).

Forordning1612/68 er gjennomført ved lov av 27. november 1992 nr. 112 om gjennomføring av EØS-avtalens vedlegg V punkt 2 (rådsforordning (EØF) nr. 1612/68 om fri bevegelighet for arbeidstakere mv. innenfor EØS (EØS-arbeidstakerloven).

Sjå elles kapittel 6 om gjennomføring av EØS-avtalen og sekundærlovgiving på utlendingsområdet, jf. 1988-lova og utlendingsforskrifta kapittel 8.

4.2 EFTA-konvensjonen

I tillegg til EØS-avtalen er også EFTA-konvensjonen, som vart revidert i 1999, viktig for utlendingsregelverket og reglane om fri personmobilitet. Konvensjonen regulerer samarbeidet mellom Island, Liechtenstein, Noreg og Sveits. Den reviderte EFTA-konvensjonen inneheld reglar om at personar kan ferdast fritt i medlemslanda. EFTA-borgarar skal få same behandling av norske styresmakter som EØS-borgarar når det gjeld å kunne ferdast fritt. Føresegnene gir rett til å ta arbeid, etablere sjølvstendig næringsverksemd og rett til opphald i inntil 90 dagar for å selje tenester, jf. EFTA-konvensjonen vedlegg K om retten til å yte tenester uavhengig av nasjonalitet. Dei gir også rett til opphald som ikkje har eit økonomisk formål, dersom ein har nok midlar til å forsørgje seg sjølv. På grunn av at Island, Liechtenstein og Noreg er medlemmer i EØS, har den reviderte EFTA-konvensjonen først og fremst verknad for forholdet mellom desse landa og Sveits.

Sjå kapittel 6 om gjennomføring av den reviderte EFTA-konvensjonen på utlendingsområdet, jf. 1988-lova og utlendingsforskrifta kapittel 8.

4.3 Felles nordisk arbeidsmarknad

Den nordiske avtalen om ein felles arbeidsmarknad av 22. mai 1954 mellom Danmark, Finland, Noreg og Sverige og seinare også Island inneber at det generelle kravet i 1988-lova om arbeids- og opphaldsløyve ikkje gjeld nordiske borgarar. Bakgrunnen for dette var at ein felles nordisk arbeidsmarknad med fri ferdsel av arbeidskraft mellom landa skulle fremje økonomisk og sosial utvikling. Ved inngåinga av EØS-avtalen vart det teke atterhald om ei vidareføring av ordningane for nordiske statsborgarar. Dei er også førte vidare i 2008-lova.

Til forsida