Ot.prp. nr. 72 (2007-2008)

Om lov om endringar i utlendingslovgivinga (reglar for EØS- og EFTA-borgarar o.a.)

Til innhaldsliste

8 Administrative ordningar

8.1 Innleiing

Samstundes med at den noverande ordninga med opphaldsløyve for EØS-borgarar og familiemedlemmene deira fell bort, opnar direktivet for andre ordningar, til dømes registrering av EØS-borgarar for opphald utover tre månader og utskriving av opphaldskort for familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar. Ordninga med opphaldskort for familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar, er obligatorisk. Registreringsordninga er valfri for myndigheitene.

Det å skrive ut registreringsbevis og opphaldskort er i prinsippet ikkje avgjerdande for opphaldsretten fordi denne berre blir regulert av føresegna om opphaldsrett. Avgjerda om utskriving vil derfor ikkje vere eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Av artikkel 25 nr. 1 går det fram at det ikkje kan vere eit vilkår for å utøve ein rett at vedkommande har eit registreringsbevis eller opphaldskort. Når forvaltninga nektar å registrere eller skrive ut opphaldskort, må det følgjast av eit bortvisingsvedtak, sjå lovforslaget § 121 første ledd bokstav b. Dette kan utlendingen klage på.

Ei avgjerd om ikkje å skrive ut dokumentasjon på varig opphaldsrett blir ikkje følgt på same måte av eit bortvisingsvedtak. Ein utlending som ikkje har varig opphaldsrett, kan likevel ha opphaldsrett. Eit avslag på søknad om varig opphaldsbevis for EØS-borgar eller varig opphaldskort for tredjelandsborgar må ein derfor sjå på som eit enkeltvedtak som ein må kunne klage på etter reglane i forvaltningslova.

Departementet meiner vidare at det er nødvendig med ein heimel for å tilbakekalle dokumentasjon på opphaldsrett som ikkje gjeld, sjå lovforslaget § 120 andre ledd og avsnitt 7.12.2.

Direktivet opnar for å innføre meldepliktsordningar.

Direktivet inneheld også fleire reglar om saksbehandling. Departementet meiner det er meir tenleg å ta utfyllande reglar om saksbehandling inn i forskrifta og vil gi heimel for det i dei enkelte føresegnene.

8.2 Registrering - registreringsbevis

Direktivet

Artikkel 8 i direktivet gir styresmaktene høve til å innføre ei registreringsordning for EØS-borgarar som har opphaldsrett utover tre månader. Dette høvet blir gitt i staden for den gjeldande ordninga med opphaldsløyve. Høve til registrering gjeld og familiemedlemmene til EØS-borgaren som sjølve er EØS-borgarar. I samband med registreringa skal det i så fall skrivast ut eit registreringsbevis som stadfester opphaldsretten. Det er opp til medlemslanda å vurdere om dei vil innføre ei slik regist­reringsordning.

Eit sentralt formål med direktivet er å forenkle dei administrative formalitetane som er knytte til innreise og opphald. Ei registreringsordning må derfor vere så enkel og brukarvennleg som råd. Dette er følgt opp i direktivet artikkel 8 nr. 3 og nr. 5 ved at det er avgrensa høve til kva for dokumentasjon eit vertsland kan krevje for registrering og utskriving av registreringsbevis.

Direktivet artikkel 8 nr. 3 stiller ulike krav til dokumentasjon alt etter kva gruppe av personar som skal registrerast. For alle gruppene kan det krevjast at dei viser gyldig identitetskort eller pass.

  • For arbeidstakarar er stadfesting frå ein arbeidsgivar på tilsetjingsforholdet tilstrekkeleg dokumentasjon.

  • Sjølvstendig næringsdrivande må leggje fram dokumentasjon på sjølvstendig næringsverksemd.

  • Tenesteytarar fell inn under den same regelen som arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande. Det må dermed kunne krevjast dokumentasjon på at det ligg føre ein avtale om tenesteoppdraget.

  • Studentar må presentere ei stadfesting på opptak hos godkjend studieinstitusjon og gyldig sjukeforsikring og leggje fram ei erklæring om at dei disponerer nok midlar til seg sjølv og eventuelle familiemedlemmer. Det er ikkje eit krav at studenten legg fram dokumentasjon utover eiga erklæring, og heller ikkje at studenten skal garantere for ein bestemt sum.

  • EØS-borgarar som oppheld seg i vertslandet med bakgrunn i at dei har tilstrekkelege midlar, må leggje fram dokumentasjon som stadfester at dette er tilfellet.

Høvet til å registrere familiemedlemmer til ein EØS-borgar der desse sjølve er EØS-borgarar, er regulert i artikkel 8 nr. 5. Vertslandet kan krevje at det blir lagt fram gyldig identitetskort eller pass, dokumentasjon som stadfester familietilknytinga som er grunnlaget for opphaldsretten og registreringsbevis for EØS-borgaren som vedkommande følgjer eller blir ført saman med.

Når opphaldet til familiemedlemmen er forankra i artikkel 2 nr. 2 bokstav c eller d, eller artikkel 3 nr. 2 bokstav a eller b, (andre familiemedlemmer som bli forsørgde eller treng pleie o.a.) kan vertslandet også krevje dokumentasjon som stadfester at det ligg føre ein situasjon som der er nemnt.

Denne uttømmande opprekninga i artikkel 8 er ny samanlikna med gjeldande reglar.

Fristen for registrering skal vere minst tre månader frå innreisedatoen, og det skal med ein gong skrivast ut registreringsbevis med namnet til innehavaren, adressa og datoen for innreisa.

Ein som ikkje følgjer opp registreringsplikta, kan møtast med sanksjonar. Sanksjonane må stå i eit rimeleg forhold til misleghaldet. Ettersom det ikkje er eit vilkår for opphald at det er gjennomført registrering, vil misleghald her ikkje føre til utvising. Ein aktuell sanksjon kan vere å påleggje ei avgift.

Ei anna sak er at misleghalden registrering kan vere ein indikasjon på at vedkommande ikkje har opphaldsrett etter direktivet. Eit døme kan vere der EØS-borgaren har opphalde seg i vertslandet i meir enn tre månader og hevdar å ha nok midlar og dermed ha opphaldsrett etter artikkel 7 nr. 1 bokstav b, men ikkje legg fram dokumentasjon som stadfester dette. I slike tilfelle kan det vere nærliggjande å leggje til grunn at vedkommande ikkje oppfyller kravet om dei nødvendige midlane og dermed ikkje har hatt nokon opphaldsrett. Da må ein vurdere bortvising.

Beviset skal ikkje fornyast. Det er heller ikkje høve til å krevje ny registrering dersom vedkommande skifter opphaldsgrunnlag. Dersom vedkommande mister opphaldsretten på grunn av fråvær, må ein kunne krevje ny registrering ved ei seinare innreise.

Det kan krevjast eit behandlingsgebyr for registrering, jf. direktivet artikkel 25, men gebyret kan ikkje vere høgare enn det som er vanleg å krevje for utskriving av liknande dokument til borgarane i vertslandet.

I samband med registrering kan det vere aktuelt å undersøkje om personen kan vere ein risiko for offentleg orden eller tryggleik. Slike undersøkingar kan gå ut på å be om informasjon frå andre medlemsland eller opphavslandet til vedkommande om han eller ho tidlegare er straffa. Artikkel 27 nr. 3 opnar for slike førespurnader, men dette kan ikkje gjerast som rein rutine.

Høringsframlegget

Departementet foreslo å innføre ei registreringsordning. Ei slik ordning vil vere med på å gi eit grunnlag for å dokumentere opphaldsretten, leggje til rette for kontroll av opphaldsretten, gi grunnlag for innmelding i Det sentrale folkeregisteret (folkeregisteret) og eventuelt å skrive ut fødselsnummer og leggje til rette for uttak av statistikk. Ei registrering vil gi ei betre oversikt over kven som oppheld seg i landet. Innføringa av ei slik ordning vil også vere til nytte for å gi styresmaktene kunnskap om arbeidsinnvandringa.

Ved den nærmare utforminga av ordninga er det viktig å leggje opp til praktiske løysingar for EØS-borgarane og familiemedlemmene deira.

Kva myndigheit som bør ha ansvaret for ei slik registreringsordning, er ikkje sjølvsagt. To databasar eller registre peiker seg ut som aktuelle for registreringa, utlendingsdatabasen og folkeregisteret. Den førstnemnde har Utlendingsdirektoratet ansvaret for med politiet som ein sentral brukar. Folkeregisteret har folkeregistermyndigheitene (skatteetaten) ansvaret for.

Departementet meinte at det var mest nærliggjande å la utlendingsmyndigheitene stå for registreringa. Politiet har særleg kompetanse til å vurdere identifikasjonspapir frå søkjarar og er aktuelle for den praktiske administreringa med kontor over heile landet.

D-nummer/fødselsnummer blir gitt av skatte­etaten. For å unngå at EØS-borgarar må vende seg til ein ny offentleg instans når dei treng d-nummer/fødselsnummer, vil ei slik løysing krevje automatisk overføring av data frå utlendingsforvaltninga til skatteetaten. I tillegg vil Utlendingsdirektoratet eventuelt få ansvar for å utvikle nødvendige registreringssystem og å lage tilpassingar i Utlendingsdatabasen. I denne samanhengen vil det også vere viktig å ta omsyn til nødvendige statistikkbehov.

Folkeregisteret kan og vere eit aktuelt register. EØS-borgarane vil få d-nummer/fødselsnummer ved registrering. Det vil kunne avlaste politiet for administrative oppgåver. Saksbehandlarane hjå skatteetaten har i dag ikkje tilstrekkeleg kompetanse på dokument- og identitetskontroll, og folkeregisteret gir i dag ikkje tilgang til å registrere opphaldsgrunnlag. Skulle skatteetaten bli registreringsinstans, vil politiet måtte vere ein viktig bidragsytar for oppbygging av kompetanse på dette området i skatteetaten. Å leggje registreringsordninga til skatteetaten vil føre til at familiar med både EØS-borgarar og tredjelandsborgarar må oppsøkje ulike etatar.

Det er lite aktuelt at skatteetaten får ansvaret for å skrive ut opphaldskort til familiemedlemmer. Også på dette området er det politiet som har særleg kompetanse.

Den ansvarlege myndigheita vart foreslått nærmare regulert i forskrift.

Departementet føreslo ein heimel i 2008-lova som gjer det mogleg å gi nærmare reglar om gebyr, og ein heimel for nærmare reglar om å hente opplysingar frå styresmaktene i andre land.

Høringsinstansanes syn

Alle høringsinstansane som tok opp spørsmålet, var samde i forslaget om ei registreringsordning for opphald utover tre månader. Omsynet til kontroll med kven som oppheld seg i landet, vart sett på som viktig. Det var delte meiningar om kva for ei myndigheit som burde ha ansvaret for ordninga.

Utlendingsnemnda, Finansdepartementet, Skattedirektoratet, Statistisk sentralbyrå og Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon meiner alle at ansvaret bør vere hos utlendingsforvaltninga, da ho må ha best grunnlag for å foreta identitetskontroll. Enkelte politidistrikt meiner også at dette er den beste løysinga, og grunngir det med politiet si kompetanse når det gjeld dokumentasjonskontroll og særleg identitets- og legitimasjonskontroll.

Om registreringsordninga uttalte Utlendingsdirektoratet at den beste løysinga på kort sikt ville vere at utlendingsmyndigheitene fekk ansvaret for registreringa, da det ville gi den beste identitetskontrollen. Samstundes peikte direktoratet på svake sider ved ei slik ordning, til dømes at dagens database ikkje er tilpassa dei opplysningane som skal registrerast. Direktoratet drøfta vidare ulike sider ved forslaget og peikte på ulike konkrete forslag til framtidsretta løysingar som er naturleg å følgje opp i forskrift. Direktoratet støtta forslaget om å ta saksbehandlingsreglane inn i forskrift, regulere kva for opplysingar som skal finnast på registreringsbeviset, og kva som ligg i omgrepet straks.

Justisdepartementet, Politidirektoratet og Oslo politidistrikt meiner skatteetaten (folkeregisteret) er riktig instans for registreringa. Da kan politiet få frigjort ressursar som kan nyttast på anna måte i utlendingskontrollen. Samstundes understreka dei at politiets primæroppgåver på utlendingsfeltet i dag er kontroll av identitet og opphaldsgrunnlag.

Både Skattedirektoratet og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet er opptekne av at EØS-borgarar og familiemedlemmene deira får færrast mogleg offentlege etatar dei må kontakte ved registrering. Integrerings- og mangfoldsdirektoratet meiner at skatteetaten (folkeregisteret) bør ha ansvaret for registreringsordninga, men seier om utlendingsmyndigheitene blir ansvarlig registreringsinstans, bør det føreligge dataløysingar som gjer at utlendingane ikkje må kontakte fleire etatar.

Vurderinga frå departementet

Departementet har merka seg at det er brei støtte frå høringsinstansane når det gjeld å innføre ei registreringsordning. Høringsinstansane har ulikt syn på kven som skal gjennomføre registreringsordninga.

Politiet behandlar i dag dei fleste søknadane om opphaldsløyve. Problematiske søknader blir sende til Utlendingsdirektoratet. Utskriving av registreringsbevis vil være ei enklare prosedyre. Med noko tilrettelegging kan det gjerast i same database som noverande søknader om opphaldsløyve. Same databasen kan også registrere annan viktig informasjon om grunn for opphaldet, slik som arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon o.a. Dette går ut over kva folkeregisteret kan registrere i dag.

Å avklare om dokumenta er gyldige og ekte er sentrale oppgåver i tilknyting til registreringa. Politiet har den beste kompetansen på dette området. Politiet meiner likevel at avdekking av falsk identitet meir effektivt kan gjerast på andre måtar. Utskriving av opphaldskort til personar frå tredjeland som er familiemedlemmer til ein EØS-borgar, bør gjennomførast av politiet, jf. nedanfor. Om politiet foretar registreringa, vil både familiemedlemmer og EØS-borgarar møte fram hos same instansen.

Ein del EØS-borgarar er i kontakt med skattekontoret for å melde om flytting til Noreg og søknad om d-nummer/fødselsnummer. Skattekontoret har i dag ikkje same kompetanse som politiet til å kontrollere dokument og identitet, og ein kan heller ikkje registrere opplysningar om grunnlag for opphald i folkeregisteret. Skatteetaten er derfor ikkje aktuell for å administrere registeringsordninga på det noverande tidspunktet.

Det er eit krav om å sette i verk direktivet raskt. Politiet er på kort sikt den mest aktuelle instansen til å stå for registreringsordninga, med Utlendingsdirektoratet som fagleg ansvarleg. Samstundes vil ein greie ut korleis ein kan overføre opplysningar til skattekontoret, mellom anna for utsteding av d-nummer/fødselsnummer, så ordninga kan bli enklast mogleg for brukarane. Det bør finne stad ei kartlegging av ressursbruken på registreringsordninga innan om lag eit år etter innføringa av ho. Forankringa av registreringsordninga vil bli tatt opp til vurdering i samband med gjennomgangen av folkeregisterordninga og gjennomgangen av førstelinetenesta i utlendingsforvaltninga.

Departementet foreslår ei registreringsordning og heimel til å gi nærmare føresegn i forskrift mellom anna om ansvarleg myndigheit i lovforslaget § 117. Sjå også 7.4.2 om registrering av ein arbeidssøkjar som finn arbeid etter utløpet av fristen på tre månader.

8.3 Søknad om opphaldskort

Direktivet

For familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar, krev direktivet ei obligatorisk ordning med søknad og utskriving av opphaldskort, jf. artiklane 9, 10 og 11.

Eit opphaldskort blir skrive ut når ein reknar med at opphaldet vil vare meir enn tre månader. Søknadsfristen skal også i dette tilfellet vere minst tre månader frå innreisedatoen.

Misleghald av plikta til å søkje om opphaldskort skal ikkje føre til utvising. Også her består opphaldsretten så lenge dei materielle vilkåra for opphald er oppfylte. Eventuelle sanksjonar for misleghald av plikta til å søkje om opphaldskort kan vere auka behandlingsgebyr.

Opphaldskortet vil vere ein dokumentasjon på opphaldsretten i vertslandet. Innehavarane av opphaldskort vil dessutan vere fritekne for ei eventuell visumplikt.

Opphaldskortet skal skrivast ut seinast seks månader etter at søknaden er levert. Det skal umiddelbart skrivast ut eit bevis på at søknad om opphaldskort er levert.

Artikkel 10 gir ei uttømmande liste over kva slags dokumentasjon som kan krevjast ved søknad om opphaldskort slik som: gyldig pass, stadfesting av familietilhøyrsla til EØS-borgaren, dokumentasjon på opphaldet for EØS-borgaren i vertslandet, anten registreringsbevis eller annan dokumentasjon der det ikkje er oppretta eigne registreringsordningar.

Når opphaldet til familiemedlemmen er forankra i artikkel 2 nr. 2 bokstav c eller d, eller artikkel 3 nr. 2 bokstav a eller b, kan vertslandet også krevje dokumentasjon som stadfester at det ligg føre ein situasjon som der er nemnt.

Krava samsvarer med det vertslandet kan krevje blir lagt fram ved registreringa av familiemedlemmer etter artikkel 8, bortsett frå at det for familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar, kan krevjast at dei legg fram gyldig pass og ikkje berre identitetskort.

Etter artikkel 11 er gyldigheitsperioden for opphaldskortet fem år eller til pårekna opphaldsperiode når perioden er mindre enn fem år. Gyldigheita til opphaldskortet blir ikkje påverka av mellombels fråvær under seks månader i året eller over seks månader når årsaka til fråværet er avtening av verneplikt. Eit enkelt fråvær på inntil eit samanhengande år blir også akseptert så lenge dette kjem av særlege forhold, til dømes graviditet, alvorleg sjukdom eller studiar. Regelen er likelydande som artikkel 16 nr. 3 som gjeld krav til varig opphaldsrett. Ved fråvær i lengre tid kan det krevjast ny søknad om opphaldskort, og det opphavlege opphaldskortet vil ikkje tene som erstatning for visum.

Artikkel 25 nr. 2 i direktivet, om høve til gebyr, gjeld tilsvarande for utskriving av opphaldskort som for registrering. Artikkel 27 nr. 3 i direktivet, om høve til å hente opplysningar frå styresmaktene i andre land, gjeld og tilsvarande for utskriving av opphaldskort som for registrering.

Høringsframlegget

Departementet foreslo ein lovregel om plikta familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar har til å skaffe seg opphaldskort. På same måte som for registreringsordninga har det den fordelen at det gir ei oversikt over kven som oppheld seg i landet i tillegg til fordelen for innehavarane. Utskriving av opphaldskort vil ikkje vere enkeltvedtak som ein kan klage på. Eit eventuelt vedtak om bortvising som følgje av at opphaldskort ikkje blir skrive ut, vil ein kunne klage på på vanleg måte.

Spørsmål som er knytte til gyldigheitsperioden for opphaldskortet, og enkelte forhold knytte til dokumentasjonsplikt, bør gå fram av forskrift. Departementet foreslo at reglar om innhenting av informasjon frå styresmaktene i andre land og nærmare reglar om gebyr blir fastsette i forskrift.

Høringsinstansanes syn

Få av høringsinstansane har hatt merknadar til forslaget om opphaldskort for tredjelandsborgarar. Av dei som har uttalt seg om kva for ei myndigheit som bør ha ansvaret for å skrive ut opphaldskort, er dei fleste samde om at ansvaret bør vere hos politiet. Justisdepartementet er samd med Politidirektoratet når dei viser til fleire grunnar for å leggje dette ansvaret til politiet. Det skriv mellom anna at som ei følgje av kontrollen med tredjelandsborgarar som reiser inn og ut av Schengenområdet og gjennom behandlinga av søknadar om opphaldsløyve, fornya opphaldsløyve og permanent opphaldsløyve frå tredjelandsborgarar, har politiet god kompetanse til å kontrollere ulike id-dokumenter frå tredjeland. Politidirektoratet meiner og at behovet for kontroll av dokumenter er større her enn i saker som omhandlar EØS-borgarar. Direktoratet meiner saksbehandlarane ved skatteetaten (folkeregisteret) vil ha avgrensa moglegheiter for å opparbeide seg nødvendig kompetanse på verifisering av pass eller andre godkjende reisdokument for borgarar frå tredjeland.

Utlendingsdirektoratet peiker på at å skrive ut opphaldskort ikkje er eit enkeltvedtak og såleis ikkje passer så godt inn i dagens struktur i Utlendingsdatabasen. Likevel er det god grunn for å registrere tredjelandsborgarar i databasen da dei lettare vil kunne velje mellom regelverket i kapittel 13 og det allmenne regelverket. Utlendingsdirektoratet meiner at utlendingsforvaltninga bør ha ansvaret for å skrive ut opphaldskort fordi den nødvendige kompetansen kring spørsmål om identitet ligg hos politiet.

Vurderinga frå departementet

Dei involverte departementa og direktorata er samde i høringsframlegget. Det blir ført vidare i lovforslaget § 118.

8.4 Varig opphaldsbevis for EØS-­borgarar

Direktivet

For EØS-borgarar og familiemedlemmene deira som sjølve er EØS-borgarar, og som har rett til varig opphald, innfører direktivet ei frivillig ordning med varig opphaldsbevis, jf. artikkel 19. Det går der fram at så snart ein søknad om opphaldsbevis er levert, skal det skrivast ut eit bevis som stadfester den varige opphaldsretten til EØS-borgaren. Før utskriving av eit slikt opphaldsbevis skal opphaldet til EØS-borgaren i vertslandet vere kontrollert. Det er søkjaren som må godtgjere at vilkåra for å få varig opphaldsbevis er oppfylte, altså at vedkommande har opphalde seg samanhengande i landet i fem år med opphaldsrett. Artikkel 19 gir inga rettleiing med omsyn til kva dokumentasjon som kan krevjast for å skrive ut opphaldsbevis. Etter artikkel 21 kan kvar enkelt leggje fram alle typar bevis for å godtgjere at han eller ho har hatt opphald i landet utan avbrot i fem år.

Høringsframlegget

Det kan vere krevjande å godtgjere at ein har ein varig opphaldsrett, ettersom det fram til tidspunktet for varig opphaldsrett ikkje har vore noka fornying av opphaldsløyve slik tilfellet er etter dei allmenne reglane i 2008-lova. Dette er ein konsekvens av forslaget om at styresmaktene ikkje lenger skal sørgje for ein nærmare systematisk kontroll av om opphaldsgrunnlaget held seg i tida mellom registrering og fram til tidspunktet for varig opphaldsrett. Kva ein konkret bør krevje av dokumentasjon, kan fastsetjast nærmare i forskrift. Men det er grunn til å krevje meir enn det som skal til for å få registrert opphaldsretten sin etter artikkel 8, ettersom det no er tale om at styresmaktene skal godkjenne ein varig opphaldsrett. Overfor arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande kan det vere aktuelt å krevje konkret dokumentasjon på at eit arbeidsforhold har vart ved i fem år, til dømes ved framlegging av lønnsavrekningar eller skatteopplysningar, og dokumentasjon på opphald i landet ved opplysningar frå folkeregisteret og undersøking av reisedokument. Eit eventuelt avslag på søknad om varig opphaldsbevis må ein sjå på som enkeltvedtak som ein kan klage på etter forvaltningslova på vanleg måte.

Dei av høringsinstansane som har hatt merknadar, har støtta framlegget. Departementets lovforslag går fram av § 119.

8.5 Varig opphaldskort for ­tredjelandsborgarar

Direktivet

For familiemedlemmer som er tredjelandsborgarar og får varig opphaldsrett, gir direktivet reglar om varig opphaldskort som stadfester den varige opphaldsretten, jf. artikkel 20. Slikt varig opphaldskort skal skrivast ut innan seks månader etter at søknaden er levert. Søkjaren må godtgjere at vilkåra for varig opphaldskort er oppfylte. I motsetnad til for EØS-borgarar der det ikkje gjeld noka tidsavgrensing på opphaldskortet, skal dette opphaldskortet automatisk fornyast kvart tiande år. Ved fornyinga skal ein ikkje prøve opphaldsretten, men ein kan sørgje for ei oppdatering av opphaldskortet (bilete o.l.).

Det varige opphaldskortet avløyser det tidsavgrensa opphaldskortet, og utlendingen skal søkje før dette går ut. Også her ligg det føre ei plikt til å søkje om opphaldskortet, og det er høve til sanksjonar. Ved misleghald av plikta kan det krevjast auka behandlingsgebyr, mens sjølve opphaldsretten held fram så lenge han gjeld etter artikkel 16 mv. Gyldigheita til det varige opphaldskortet blir ikkje påverka av mindre enn to års samanhengande fråvær frå vertslandet. Meir enn to års fråvær påverkar gyldigheita, jf. artiklane 16 nr. 4 og 20 nr. 3. Artikkel 20 gir inga rettleiing med omsyn til kva som kan krevjast av dokumentasjon for å skrive ut eit varig opphaldskort. Det er søkjaren som må godtgjere at vilkåra er oppfylte. Dette kortet vil også tene som ei stadfesting på den sterke tilknytinga utlendingen har til landet. Etter artikkel 21 kan kvar enkelt leggje fram alle typar bevis for å godtgjere at han eller ho har hatt opphald i landet utan avbrot i fem år.

Eit eventuelt avslag på søknad om varig opphaldskort må ein sjå på som enkeltvedtak som ein kan klage på etter reglane i forvaltningslova som vil gjelde på vanleg måte.

Ingen av høringsinstansane har hatt merknadar til framlegget.

Departementets lovforslag går fram av § 119.

8.6 Meldeplikt

Direktivet

Artikkel 5 nr. 5 opnar for at medlemslanda kan påleggje personar som er omfatta av direktivet, ei plikt til å melde nærværet sitt i landet innan rimeleg tid. Tilsvarande reglar om meldeplikt følgjer i dag av direktiv 68/360/EØF og direktiv 73/148/EØF. Det nye elementet med direktiv 2004/38/EF er at praksis frå EF-domstolen er inkorporert i føresegna.

Alle som er omfatta av direktivet, kan få pålegg om meldeplikt. Det må i så fall setjast ein rimeleg frist for ei slik meldeplikt som ikkje gir uttrykk for ei ulik behandling. Direktivet stiller inga krav om å innføre meldeplikt. Ei meldepliktordning kan ikkje gå ut på anna enn at utlendingen melder nærværet sitt gjennom å dokumentere identiteten og nasjonaliteten sin. Det er det behovet kvart land har for å vite kven som oppheld seg på territoriet, som er bakgrunnen for at ein kan krevje meldeplikt.

Høringsframlegget

Manglande oversikt og kunnskap om arbeidsinnvandringa til Noreg kan vere problematisk, fordi det kan skape vanskar for innrettinga av den økonomiske politikken generelt, og fordi det blir vanskelegare å målrette tiltak og verkemiddel, til dømes mot sosial dumping eller nødvendige integreringstiltak. Høvet til å innføre meldeplikt og registreringsordning bør også vurderast på denne bakgrunnen.

Dei gjeldande registreringsordningane, til dømes dei som er knytte til systemet med løyve og registrering hos skattemyndigheitene, har vist seg mangelfulle når det gjeld statistikkbehov. Det er særleg utsende arbeidstakarar på kortvarige oppdrag og sjølvstendig næringsdrivande som til no har vore dårleg dekte av statistikk. Tenestemobiliteten har fått auka merksemd etter EU-utvidinga. Både i Norden og Europa elles er det framleis vanskeleg å rekne ut omfanget av denne typen mobilitet. Utstasjonerte arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande er ikkje omfatta av eventuelle overgangsreglar og blir heller ikkje fanga opp i statistikken over individuelle arbeidsinnvandrarar. Mottakarlanda har ulike reglar om registrering av tenesteytarar, til dømes til skattemyndigheitene. Der det finst statistikk, viser det seg at han ikkje er detaljert nok, og at han truleg undervurderer omfanget. Samstundes bør det takast omsyn til at direktivet tek sikte på nettopp å leggje til rette for mobilitet mellom landa utan administrative hindringar.

Det følgjer av den uttømmande opprekninga i direktivets artikkel 8 nr. 3 at arbeidssøkjande ikkje blir omfatta av registreringsordninga. Den meldepliktsordninga som direktivet opnar for, kunne vore aktuell å innføre overfor personar som oppheld seg i landet som arbeidssøkjande slik at dei innan ein fastsett frist skulle melde seg for styresmaktene.

Departementet foreslo ei nærmare vurdering av kva for ei myndigheit som skulle få ansvar for å ta imot ei slik melding, men at det kunne verke tenleg å leggje dette til den myndigheita som fekk registreringsansvaret. Plikta til å registrere seg som arbeidstakar ville liggje føre så snart vedkommande har komme i arbeid, sjå avsnitt 8.2.

Ei meldeplikt vil ikkje kunne gå ut på meir enn ei enkel avklaring av personalia til vedkommande, formålet med innreisa og innreisetidspunkt. Eit misleghald av ei eventuell meldeplikt vil ikkje føre til at ein blir send ut av landet. I praksis vil mang­lande melding kunne gjere det vanskeleg for vedkommande å gjere sannsynleg eit krav på opphald etter artikkel 6 i direktivet i tilfelle der det var reist sak om bortvising fordi styresmaktene meinte at vedkommande hadde opphalde seg i landet utover den tillatne tidsperioden.

Departementet foreslo at dei praktiske detaljane omkring meldeplikta kunne regulerast i forskrift, også korleis ho burde formast for å kunne ta omsyn til nødvendige statistikkbehov og at lova burde innehalde ein forskriftsheimel om at slik meldeplikt kunne påleggjast.

Høringsinstansanes syn

Fleire av høringsinstansane, som Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon, Statistisk sentralbyrå og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet støttar ei innføring av ei meldeplikt for arbeids­søkjande som skal opphalde seg i landet utover tre månader. Dei skriv at det med ei meldeplikt vil vere lettare å ha kontroll med og få kjennskap til kven og kor mange arbeidsinnvandrarar som oppheld seg i landet.

Utlendingsdirektoratet seier at dette kan medføre ei dobbel meldeplikt da mange arbeids­søkjande vil registrere seg hos Arbeids- og velferdsetaten. Direktoratet ber departementet vurdere om ikkje dei registreringane som foretas allereie i Arbeids- og velferdsetaten og skattemyndigheitene blir gjort tilstrekkelege for dei formåla som er foreslåtte. Direktoratet ønskjer i alle tilfelle at alle registreringar skal kunne skje samtidig. Justisdepartementet sluttar seg til utsegna frå Politi­direktoratet som seier at ei eventuell meldeplikt bør administrerast av Arbeids- og velferdsetaten, og at ei meldeplikt må vurderast i forhold til andre regist­reringsordningar for å unngå dobbeltregistrering.

Vurderinga frå departementet

Departementet meiner det er nødvendig å innføre meldeplikt for arbeidssøkjande. Dette inneber at arbeidssøkjande som ikkje har skaffa seg arbeid innan tre månader etter innreise, må melde seg for utlendingsmyndigheitene. Ei plikt til registrering som arbeidstakar vil føreliggje så snart vedkommande har komme i arbeid, sjå lovforslaget § 117 fjerde ledd med forslag om nærmare regulering i forskrift.

Meldeplikta gjeld berre for arbeidssøkjarar, da det for arbeidstakarar, tenesteytarar, dei som rår over eigne midlar og studentar skal registrere seg ved opphald utover tre månader. Med ei meldeplikt for arbeidssøkjarar, ei registreringsordning for dei andre nemnde gruppene i tillegg til opphaldskort og -bevis, vil alle utlendingar frå EØS-området som skal opphalde seg i Noreg meir enn tre månader, vere omfatta av ei meldeplikt eller registreringsordning.

Ei meldeplikt for arbeidssøkjande vil gi betre kunnskap om arbeidsinnvandringa til Noreg og om kven som oppheld seg her. Meldeplikta vil berre innebere at arbeidssøkjaren dokumenterer sin identitet for styresmaktene.

Departementet viser til lovforslaget i § 111 fjerde ledd.

Til forsida