Ot.prp. nr. 75 (2002-2003)

Om lov om endring av lov 19. mai 1933 nr. 3 om tilsyn med næringsmidler mv. (endring av heimelsgrunnlag for næringsmiddelavgifta)

Til innhaldsliste

2 Gjeldende rett

Næringsmiddellova omfattar all produksjon, lagring, transport, frambud og import av næringsmiddel. Med næringsmiddel meiner ein etter lova einkvar mat- og drikkevare, under dette også drikkevatn. Lova avgrensast likevel av særlovgiving som regulerer særskilte næringsmiddel eller næringsmiddelproduksjon.

Lova har som primært føremål å verne og fremje folkehelsa ved blant anna å førebyggje tilverking og frambud av helseskadelege næringsmiddel, og regulerer dermed òg eventuell helsefare som kan oppstå i primærproduksjonen. Næringsmiddellova gjev heimel til å kunne fastsette forskrifter som pålegg private rettssubjekt å betale avgift til dekning av utgiftene ved det offentleges tilsyn og kontroll etter lova.

Næringsmiddelavgifta, jfr. forskrift 27 nov. 1992 nr. 875, er ei av de sentrale avgiftene på næringsmiddelområdet. Forskrifta er heimla i næringsmiddellova og landbrukskvalitetslova. Avgiftspliktig er ei kvar verksemd mv. som nytter norskproduserte råvarer til næringsmiddel samt importørar av næringsmiddel, halvfabrikata og råvarer, jf. forskrifta § 3. Satsane vert vurdert/revidert årleg i tilknyting med Stortingets behandling av St. prp. nr. 1 (statsbudsjettet). Vatn, kjøtt og fisk er unntatt fra næringsmiddelavgifta, men kjøtt og fisk er lagt under andre avgiftssystem. Næringsmiddellova har òg ein heimel til å legge på gebyr i tilknyting til særlege ytingar og ekspedisjonar, for eksempel ved utsteding av attester, eksportsertifikat, autorisasjonar eller godkjenning av verksemder eller produkt etc. Det er vidare heimel til å påleggje verksemda å dekke kostnadar tilsynet har knytt til ekstraordinære tiltak i samband med at verksemda gjentatte gonger har latt vere å etterkome pålegg. Dagens føresegner åpner òg for at utgiftene ved å ta ut, sende og undersøke prøver kan påleggast verksemda eller den driftsansvarlege om det føreligg brot på krav gitt i eller i medhald av lova.