Ot.prp. nr. 75 (2002-2003)

Om lov om endring av lov 19. mai 1933 nr. 3 om tilsyn med næringsmidler mv. (endring av heimelsgrunnlag for næringsmiddelavgifta)

Til innhaldsliste

4 Merknader til endringsforslaget

Ei god dyrehelse vert i aukande grad sett i samanheng med mattryggleiken. Det arbeidet som vert gjort i samband med sjukdom og smittestoff som kan overførast frå dyr til menneske samt overvaking av reststoff og forbodne stoff, er òg viktig for mattryggleiken og ikkje minst forbrukarane si oppleving av mattryggleik. Erfaring syner òg at det ein tidlegare vurderte å vere reine dyresjukdommar, seinare har synt seg å ha innverknad på folkehelsa, til dømes kugalskap.

Den føreslåtte endringa i næringsmiddellova vil gje heimel til at ei avgift kravd inn med heimel i næringsmiddellova kan brukast til tilsyn og undersøking i heile matproduksjonskjeda. På den måten kan ein sjå matkjeda og kontrollen i samanheng fra jord/fjord til bord. I denne samanheng kan ein peike på at innsatsvarer som gjødsel, fôr og plantevernmiddel har avgjerande innverknad på mattryggleiken. Næringslivets Hovedorganisasjon, Kjøttindustriens Fellesforening, Næringsmiddelbedriftenes Landsforening og Norges colonialgrossisters forbund meiner at uttrykket «langs matproduksjonskjeden» kan sløyfast, då både produksjon, lagring, transport, frambod og import av næringsmiddel er omtala i lovas § 1. Departementet finn det likevel nødvendig å presisere dette i avgiftsheimelen, slik at det ikkje vil kunne vere tvil om at til eksempel næringsmiddelavgifta òg kan nyttas i andre underliggande etatar som i dag er med på sikre mattryggleiken i tillegg til Statens næringsmiddeltilsyn.

Når det gjeld «tilsyn» og «undersøkelse» er desse uttrykka berre vidareført frå det som allereie er ordlyden i paragrafen, og det ikkje meint å endre innhaldet i desse med denne proposisjonen.