Ot.prp. nr. 76 (2006-2007)

Om lov om endringar i straffeprosessloven (avgrensa dokumentinnsyn og provføring)

Til innhaldsliste

3 Høyringa

Høyringsbrevet 15. november 2006 vart sendt til desse høyringsinstansane:

  • Departementa

  • Høgsterett

  • Lagmannsrettane

  • Asker og Bærum tingrett

  • Oslo tingrett

  • Bergen tingrett

  • Stavanger tingrett

  • Trondheim tingrett

  • Salten tingrett

  • Nord-Troms tingrett

  • Domstoladministrasjonen

  • Riksadvokaten

  • Statsadvokatembeta

  • Politidirektoratet (POD)

  • Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

  • ØKOKRIM

  • Den Norske Advokatforening

  • Forsvarergruppen av 1977

  • Den norske Dommerforening

  • Norges Juristforbund

  • Politiembetsmennenes landsforbund

  • Politiets fellesforbund

  • Det juridiske fakultet i Bergen

  • Det juridiske fakultet i Oslo

  • Det juridiske fakultet i Tromsø

  • Norsk forening for kriminalreform (KROM)

  • Rettspolitisk forening

  • Statsadvokatenes forening

  • Amnesty International Norge

  • Norsk senter for menneskerettigheter

Etter førespurnad fekk Den Norske Advokatforening 12. april 2007 sendt over brev frå riksadvokaten 7. juni 2006 til samtlege statsadvokatembeter og politimeistrar m.fl., sladda i medhald av offentlighetsloven § 5 a, jf. politiloven § 24 andre ledd.

Høyringsfristen var 19. februar 2007. Følgjande høyringsinstansar har gitt realitetsmerknader til høyringsnotatet:

  • Forsvarsdepartementet

  • Nedre Vestfold tingrett

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Det nasjonale statsadvokatembetet

  • Nordland statsadvokatembeter

  • Oslo statsadvokatembeter

  • Politidirektoratet

  • Politiembetsmennenes landsforening

  • Statsadvokatene i Møre og Romsdal

  • Den Norske Advokatforening

  • Forsvarergruppen av 1977

  • Norsk forening for kriminalreform (KROM)

  • Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

  • Politiets fellesforbund

Politidirektoratet har sendt høyringsbrevet vidare til alle politimeistrane og sjefane for Kripos, ØKOKRIM og Politihøgskulen. Politimeistrane i Vestfold, Rogaland, Oslo, Gudbrandsdal, Asker og Bærum, Midtre Hålogaland, Salten, Romerike og Hordaland og Kripos har kome med merknadar.

Hovudinntrykket frå høyringa er at fleirtalet av høyringsinstansane stør forslaget om å avgrense retten til dokumentinnsyn.

Utanriksdepartementet og Norsk senter for menneskerettigheter har peikt på at det er naudsynt å sjå på tilhøvet til menneskerettane. Dei har ikkje merknader til dei konkrete forslaga.

Følgjande høyringsinstansar har gitt uttrykk for at dei ikkje har realitetsmerknader:

  • Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • Barne- og likestillingsdepartementet

  • Finansdepartementet

  • Fornyings- og administrasjonsdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Kommunal- og regionaldepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Miljøverndepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Olje- og energidepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Høgsterett

  • Domstoladministrasjonen

Til forsida