Ot.prp. nr. 82 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 4. juni 1976 nr. 63 om samferdsel

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for forslaget

Det er viktig at kontrollinstansane har mogelegheit til å kunne ivareta kontrollfunksjonen innafor dei ressurser som er tilgjengelege. Utviklinga den seinare tid har vist at omfanget av ulovleg transport har auka, og manglande mogelegheit til kontroll og oppfølging av lovbrota kan ha medverka til auken. Departementet legg til grunn at endringar i lovverket med sikte på å effektivisere kontroll og oppfølging av ulovleg transport bør takast ut av den ordinære lovendringsprosessen med ny yrkestransportlov og gjennomførast snarast råd. Det vert vist til at yrkestransportlova ikkje vil kunne iverksetjast før det er utarbeidd eit komplett sett av forskriftertil lova. Det framlagde forslaget til endringar i samferdselslova vil kunne gjennomførast raskt, då lovendringane berre forutset mindre tekniske justeringar i forskriftene.

Problemet med persontransport mot vederlag utan løyvemessig dekning, såkalla piratdrosjer, synes å ha auka dei siste åra. I ein del større byar er det haldepunkt for å rekne med at ulovleg transport skjer i organiserte former. Miljøet som har oppstått rundt denne verksemda genererer etter alt å døme annan, alvorleg kriminalitet.

Oppblomstringa av piratdrosjer skuldast mellom anna ubalanse i marknaden for drosjer til visse tider. Medverkande årsaker til dette kan vere at det vert oppretta for få løyve, eller at køyreplikta ikkje vert overhalden. Det vert ofte vist til mangelen på sjåførar som grunn til at løyver er ute av drift når etterspurnaden er stor. Departementet viser til at løyvehavarar har ansvaret for å halde drosjene i drift (køyreplikt), og løyver skal etter føresetnaden kallast tilbake dersom dei ikkje vert drivne i samsvar med lov- og føresegner.

Det vert og drive ein del ulovleg godstransport, utan at det kan seiast noko sikkert om omfanget.

Større lastekøyretøy har ikkje alternativ bruk slik som personbilar har. Når slike køyretøy med last vert stogga i kontroll, vil det ofte vere haldepunkt for at transporten er løyvepliktig. Likevel må det kunne konstaterast at transporten er gjenteken eller av eit visst omfang. Det største problemet knytt til ulovleg godstransport er truleg at køyretøy registrert i (lovleg) eigentransport vert nytta til løyvepliktig verksemd. Det er ikkje sett krav til utdanning og økonomisk garanti for å drive eigentransport. Det representerer derfor òg konkurransevriding dersom slike køyretøy og vert nytta til å drive godstransport mot vederlag for tredjemann, utanfor ramma for den løyvefri eigentransporten.

Departementet ser det som viktig å leggje til rette for at kontrollstyresmakta kan følgje opp regelverket innanfor dei ressursane som er tilgjengelege.

Slik gjeldande samferdselslov er utforma, krev det relativt stor ressursinnsats frå politi og påtalestyresmakta for å kunne følgje opp lova på ein effektiv måte når det gjeld piratdrosjer og ulovleg godstransport. Samferdselslova er ei næringslovgjeving som m.a. set krav om at den profesjonelle transportutøvar skal ha løyve. Det er det som er formulert gjennom kravet til at transporten skal drivast mot vederlag for å vere løyvepliktig. Det ville elles ikkje vere i tråd med folk flest si rettsoppfatning om tilfeldig transport mot vederlag skulle vere løyvepliktig, anten det gjeld gods- eller persontransport. Ein stor del av den friviljuge innsatsen i lag og organisasjonar ville i prinsippet kunne verte råka dersom slik transport skulle falle inn under løyveplikta. Kontrollomfanget ville i så fall og bli betydelig.

Ulempen ved å halde sporadisk transport mot vederlag utanfor løyveplikt er at det krevst større innsats av ressursar for å kunne avdekke ulovleg transport. I regelen let det seg ikkje gjere å kunne fastslå på staden at den aktuelle transporten er lekk i ei verksemd som krev løyve. I praksis må det kunne leggjast fram bevis for at den ulovlege verksemda har hatt eit visst omfang/frekvens før det kan føre fram til påtale og ev. dom.

Etter departementet si vurdering vil driveomgrepet i gjeldande samferdselslov §§ 5 og 7 kunne differensierast noko for å effektivisere kontroll- og oppfølging av ulovleg transport, utan at det går vesentleg ut over det friviljuge transportarbeidet som er løyvefritt etter gjeldande rett.

Frå kravet om at det krevst løyve for å drivepersontransport med motorvogn utanfor rute er det gjort eit unntak for den som utfører persontransport mot vederlag dersom transporten har kome i stand ved at det har vore retta tilbod til ålmenta på offentleg plass.

Tilsvarande er kravet om at transporten skal ha eit visst omfang, under visse omstende, fjerna for godstransport mot vederlag der motorvogna er registrert på eigentransport.

Hovudregelen er framleis at det er den yrkesmessige transporten som krev løyve dvs. som etter gjeldande rett der ein driv person- eller godstransport mot vederlag.