Ot.prp. nr. 82 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 4. juni 1976 nr. 63 om samferdsel

Til innhaldsliste

5 Merknader til dei einskilde føresegnene i lovframlegget

Til § 5 nr. 1

Den som driv eiga næringsverksemd, treng etter samferdselslova § 8 ikkje løyve til transport av eige gods. Det gjeld anten det vert rekna direkte vederlag for transporten eller ikkje. Mogelegheiten til å drive eigentransport er eit naturleg alternativ for næringslivet framfor kjøp av eksterne transporttenester. Det er ikkje foreslått innskrenkingar i retten til å drive eigentransport.

Det har vore mogleg å spekulere i denne ordninga, ved at køyretøy registrert på eigentransport i utgangspunktet er tenkt nytta til løyvepliktig verksemd. Gjeldande regelverk fastset løyveplikt generelt for den som driv godstransport mot vederlag med motorvogn over 3.5 tonn. Grensene som er sett til løyve er m.a.o. den same for den som har eigentransport som for andre som ikkje har godsløyve, men som ved einskilde høve transporterer gods for utanforståande. Det medfører at det òg må påvisast at transporten har vore av eit visst omfang der eigentransportkøyretøy vert nytta til transport utanfor området for eigentransport. Innanfor dei ressursar kontrollstyresmakta rår over kan det ofte vere vanskeleg å påvise at grensene for løyveplikt er overskridne.

Omsynet til at næringslivet fritt skal kunne velgje korleis dei ønskjer å organisere transporten, strekkjer seg ikkje utover det å kunne transportere eige gods, eller gods han rår over i samsvar med definisjonen i samferdselslova § 8.

Når det såleis er gitt løyvfritak for bruk av eigentransport i næring, finn departementet det rimeleg at ev. bruk av motorvogn som ligg utanfor eigentransportområdet vert sett som ei forlenging av næringsbruken. Dvs. at det ikkje vert gjeven ein ny «kvote» for løyvefri bruk for slike køyretøy i den forstand at ein må oppfylle «drive»kravet. Det vil m.a.o. oppstå krav til løyve alt ved første gangs bruk utanfor eiga næring av motorvogn registrert på eigentransport, dersom transporten skjer i regi av den som driv eigentransport.

I § 5 andre ledd er krava utforma slik at løyvekrav oppstår når motorvogn registrert i eigentransport utfører godstransport for andre, når transporten kan sjåast som ledd i næringsverksemd.

Sporadisk transport for andre mot vederlag som ikkjekan reknast som ledd i næringsverksemd, kan halde fram utan løyve i samsvar med gjeldande rett. Dette vil t.d. vere tilfelle der idrettslag eller andre ideelle organisasjonar tek på seg flytteoppdrag for å skaffe inntekter til organisasjonen. Organisasjonen har ikkje eigne motorvogner, men medlemmene får låne motorvogn frå arbeidsgjevar og liknande. Så lenge transporten skjer i regi av organisasjonen, spelar det ingen rolle om eigar av motorvogna har eige løyve eller om den elles vert nytta i eigentransport for eigaren.

Til § 7 nr. 1

Paragrafen slår fast hovudregelen om at det krevst løyve for å drivepersontransport mot vederlag med motorvogn utanfor rute. Frå hovudregelen vert det gjort framlegg om eit unntak slik at den som tilbyr almenta transport mot vederlag òg må ha løyve, utan at det vert sett noko krav til omfanget av verksemda. Dette svarar til «utføre»omgrepet i § 5 slik det er gjort framlegg om. I praksis fører endringa til at løyveplikt oppstår sjølv om transport berre er utført ein gang, dersom transporten kjem i stand på liknande måte som for drosje ved at tilbod om transport vert retta til almenta på offentleg stad.

Etter som sporadisk persontransport mot vederlag under visse omstende blir undergitt løyveplikt, kunne kontrollomfanget verte stort, jf. at i prinsippet vil m.a. heile personbilparken vere kontrollobjekt. Departementet reknar likevel med at det ikkje vil by på større problem for kontrollstyresmakta å målrette kontrollen mot det segmentet i transportmarknaden som paragrafen er meint å råke.

Med offentleg plass meinast gater, vegar, oppstillingsplass m.v. som er opne for almen ferdsel. Det er ikkje ein føresetnad for å komme inn under løyveplikt at det er transportøren sjølv som tek initiativ, anten direkte eller gjennom å framtre på ein slik måte og under slike omstende at det kan oppfattast slik frå publikum si side at det vert tilbydd transport. Sjølve det å tilby transport utan noko meir er ikkje nok til at løyveplikt inntrer. Elles gjeld den generelle førsegna i samferdselslova § 26 om medverknad og freistnad på brot etter lova. Når det gjeld høvet til «freistnad», må ein i alle høve måtte krevje at handlingsfølgja er komen så langt at passasjeren har sett seg inn i bilen, etter føregåande avtale om transport mot vederlag.

Departementet understrekar at det framleis er eit krav om at det vert teke vederlag for transporten. Storleiken på vederlaget er utan betydning.

Framlegget til endring i paragrafen vil til ein viss grad kunne føre til at bevisproblema vert flytt over på spørsmålet om det er motteke vederlag for transporten. At det er ytt betaling for transporten er det likevel i regelen betydeleg lettare å kunne konstatere enn å kunne leggje fram dokumentasjon på at «drive» vilkåret etter gjeldande rett er oppfylt.