Ot.prp. nr. 86 (2008-2009)

Om lov om endringar i straffelova 1902 (forelding i saker om kjønnslemlesting)

Til innhaldsliste

4 Endringsforslaget

Det er usikkert når straffelova 2005 trer i kraft. Justisdepartementet meiner at det allereie no er behov for ei endring av utgangspunktet for foreldingsfristen i saker om kjønnslemlesting. I lovforslaget foreslår ein difor å føye til kjønnslemlestingslova §§ 1 og 2 i oppregninga i straffelova 1902 § 68 fyrste ledd anna punktum. Dette inneber at foreldingsfristen for kjønnslemlesting skal reknast frå den dagen fornærma fyller 18 år. Lovforslaget går dessutan ut på at denne endringa i straffelova 1902 skal setjast i kraft straks.

Realiteten i saka har vorte grundig handsama tidlegare. Justisdepartementet meiner difor det ikkje er naudsynt å sende spørsmålet på høyring.