Ot.prp. nr. 88 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 27. april 1990 nr. 9 om regulering av eksporten av fisk og fiskevarer

Til innhaldsliste

4 Dei sentrale forslaga i høyringa

4.1 Fastsetjing av EFF som aksjeselskap, tilhøvet til aksjelova

Høyringsforslaget

Departementet foreslo at det i eksportlova § 2 første ledd blir slått fast at EFF skal vere eit aksjeselskap og at staten skal eige alle aksjane.

I utgangspunktet kan ikkje departementet sjå at det er behov for å gjere unntak frå aksjelova. Det kan likevel vere vanskeleg å ha oversikt over slike forhold, og det er derfor teke inn ei generell føresegn som seier at aksjelova skal gjelde med mindre noko anna følgjer av eksportlova.

Høyringsfråsegner

Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) støttar omgjering av EFF til aksjeselskap under føresetnad av at verksemda vidareførast som i dag og at selskapsforma sikrar næringa avgjerande påverknad på verksemda si operative rolle, funksjon og karakter.

Norges Fiskarlag har ikkje innvendingar til forslaget, men etterlyser ei vurdering av skatte- og avgiftsmessige konsekvensar som følgje av ei omgjering til aksjeselskap. Det blir peikt på at det ikkje er tilstrekkeleg at departementet har lagt til grunn at omgjeringa ikkje vil føre til endringar på desse punkta. Fiskarlaget etterlyser på eit generelt grunnlag at departementet i høyringsnotat om endringar av lovar og regelverk i større grad drøftar økonomiske konsekvensar for dei som blir omfatta av endringane.

Departementet si vurdering

Forslaget representerer den tekniske gjennomføringa av forslaget om å omgjere EFF til eit aksjeselskap. Når EFF er oppretta i medhald av eksportlova må endringar av EFF sin status også gjerast i lova. Samtidig blir det klargjort at staten ved Fiskeri- og kystdepartementet skal eige aksjane. Dette vil ikkje påføre staten kostnader. EFF har ein solid eigenkapital, og ein del av denne vil bli omgjord til selskapet sin aksjekapital. Det må vurderast nærare kor stor kapitalen skal vere. Som følgje av at det nye selskapet ikkje skal hente inn kapital frå allmenta, legg departementet til grunn at det nye selskapet blir oppretta som eit aksjeselskap, jamfør aksjelova, og ikkje som eit allmennaksjeselskap, jamfør lov 13. juni 1997 nr. 45 om allmennaksjeselskaper (allmennaksjelova).

Aksjelova har eigne føresegner om statlege aksjeselskap. Det følgjer mellom anna at Riksrevisjonen fører kontroll med forvaltinga av staten sine interesser i aksjeselskap. Aksjelova gjer rom for individuelle tilpassingar, og dei særeigne forholda som gjer seg gjeldande for EFF vil i hovudsak bli teke hand om gjennom fastsetjing av vedtekter. Eit døme på eit slikt særeige forhold er at det ikkje vil bli betalt ut utbytte.

Det vil vere lite truleg at føresegner etter eksportlova skal komme i motstrid med føresegner etter aksjelova. Det er likevel formålstenleg å ha ei særskilt regulering av dette spørsmålet for å unngå at det må gjerast juridiske vurderingar av kva for lov som skal gå føre, dersom ein slik situasjon likevel skulle oppstå. Utfallet av ei slik vurdering kan vere usikker, og med ei regulering som foreslått unngår ein at dette spørsmålet kjem på spissen.

FHL si fråsegn byggjer mellom anna på at organisasjonen ønskjer å oppretthalde sin noverande rett til å innstille på medlemmar til styret. Departementet vil understreke at det vil vere generalforsamlinga ved Fiskeri- og kystministeren som vel styret. Dei nærare detaljane rundt samansetjinga av styret vil bli kommentert under neste punkt. Departementet sitt forslag er elles tufta på det same omsynet som FHL peiker på, det vil seie at næringa skal ha avgjerande påverknad på verksemda. Det er såleis ingen usemje om dette. Når det gjeld fråsegna frå Norges Fiskarlag, vil departementet peike på at spørsmålet om plikt til å betale skatt og meirverdiavgift ikkje er styrande for departementet sitt forslag om omgjering av EFF. Departementet vil vise til omtalen av desse spørsmåla i kapittel 6.

4.2 Representasjon i styret

Høyringsforslaget

Departementet foreslo at eksportlova på same måte som i dag slår fast at styret skal vere samansett av representantar for eksportørar, produsentar, oppdrettarar og fiskarar. I tillegg foreslo departementet at eit fleirtal av dei tilsette kan krevje at eit medlem skal veljast av og blant dei tilsette. Denne medlemen skal komme i tillegg til dei sju som i dag sit i styret, og ikkje erstatte nokon. Forslaget om dei tilsette er nytt i høve til dagens regel, og er ei følgje av aksjelova. Aksjelova gjer også rett for dei tilsette å ha ein observatør i styret. Dette er ikkje omfatta av forslaget, og på dette punktet skil det seg såleis frå det som følgjer av aksjelova. EFF har i dag 46 tilsette. Dersom talet tilsette overstig 50, følgjer det av aksjelova at dei tilsette skal ha rett til å krevje at minst to medlemmer skal veljast av og blant dei tilsette. Forslaget inneber at det gjerast unntak også frå denne føresegna.

Forslaget inneheld ikkje detaljerte føresegner om samansetjinga av styret. Det vil bli gitt føresegner om dette i forskrift/vedtekter. I dag er til dømes detaljane om styret, under dette om kven som kan innstille på representantar, regulert i forskrift av 22. mars 1991 om regulering av eksporten av fisk og fiskevarer (eksportforskrifta). Departementet meinte likevel det var naturleg å kommenterte dette spørsmålet i høyringsnotatet.

Det blei gitt to døme på korleis prosessen med å setje saman styret kan gjerast. Den eine modellen inneber oppretting av ein valkomité kor medlemmane utnemnast av generalforsamlinga og får eit mandat som må følgjast. Dersom valkomiteen gjer ei god jobb, vil generalforsamlinga få ein tilsvarande enkel jobb med å velje styret. Den andre modellen byggjer, med nokre modifikasjonar, på dagens modell kor utvalde organisasjonar har rett til å innstille på medlemmar, men med den skilnaden at dei må melde inn fleire kandidatar enn det styret skal bestå av. Dermed får generalforsamlinga i nokon grad ein valfridom.

I dag er innstillinga frå organisasjonane i realiteten avgjerande for samansetjinga av styret. Departementet sitt utgangspunkt var at det bør ha noko større fridom. Det overordna målet må vere at styret har legitimitet i næringa og at medlemmane oppfyller krav til kompetanse og personleg dugleik. Medlemmane sin oppgåve er ikkje å ta vare på særinteresser. Den tradisjonelle plasseringa av styrerepresentantar i dei klassiske «båsane» er mindre aktuell med dagens struktur i næringa, der større selskap har hand om heile verdikjeda frå fiske/oppdrett til marknadsføring/distribusjon til butikkar. Departementet la dessutan vekt på at ivaretakinga av EFF si rolle i den norske marknaden også må skje gjennom val av styre.

Høyringsfråsegn

Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening(FHL) peiker på at samansetjinga av styret er ein viktig føresetnad for EFF sin legitimitet i næringa. FHL åtvarar såleis mot å gjere næringa sin påverknad veikare, og føreset at dagens praksis vidareførast. Konkret foreslår FHL at ordlyden i eksportforskrifta om kven som kan innstille på representantar til styret, blir teke inn i eksportlova. Under alle omstende krev FHL at spørsmålet om innstillingsrett til styret avgjerast i samband med endringane av eksportlova og ikkje blir utsett til utforminga av selskapet sine vedtekter. FHL støttar forslaget om dei tilsette sin rett til plass i styret.

Fiskesalgslagenes Samarbeidsrådmeiner primærleddet sin representasjon i styret må styrkast. Dette vil styrkje EFF sin legitimitet i næringa, skape betre relasjonar mellom ledda i næringa og utløyse større verdiskaping.

Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL)viser til at ho ikkje er blant dei organisasjonane som i dag har rett til å innstille på representantar til styret, og går sterkt imot at denne ordninga blir vidareførd. Anten må begge organisasjonane for eksportørleddet få rett til å innstille, elles må det opprettast ein nøytral valkomité. Det visast også til at i dag er ingen av verksemdene som berre omset i den norske marknaden representert i styret, og at det nye styret difor må inkludere denne gruppa. NSL peiker også på at det berre er eksportørar som betaler avgift til EFF. Dersom også verksemder som utelukkande omset i den norske marknaden får yte tilskot med betaling av ei avgift, vil det vera lettare å ta eigarskap til marknadsaktivitetane i den norske marknaden. Tilsette i bransjegrupper bør ikkje sitje i styret. Dette bør med unnatak for dei tilsette i EFF vere ein einerett for verksemdene i næringa.

Norges Fiskarlagmeiner dagens modell for val av styret bør vidareførast. Den grunnleggjande regelen bør vere at representantar for primærprodusentane har fleirtal i styret. I dag har fangstleddet berre ein medlem. Dette må endrast. Fiskarlaget peiker også på at det nyttast svært lite midlar til generisk marknadsarbeid i Noreg. Dagens prioriteringar kan mellom anna ha samanheng med samansetjinga av styret. Departementet bør vurdere om det i lov eller forskrift skal fastsetjast at ein konkret del av eksportavgifta skal nyttast til marknadsarbeid innanlands.

Norges Råfisklagviser til høyringsfråsegna frå Norges Fiskarlag. Det understrekast at det er svært viktig at styret har ein representasjon som medverkar til å styrkje det vertikale samspelet i verdikjeda. Laget peikar også særleg på Fiskarlaget si fråsegn om det innanlandske marknadsarbeidet.

Landsorganisasjonen i Noreg (LO)er tilfreds med at departementet synest å leggje til grunn at gjeldande føresegner om kva slags grupper som skal vere representert i styret vidareførast. Det bør også gjerast eit tillegg i lova ved at det presiserast at styret også skal ha ein representant frå hovudorganisasjonen til dei tilsette i næringa. Organisasjonen føreset at føresegna i forskrift til eksportlova om kven som kan innstille på representantar til styret ikkje blir endra. Det peikast vidare på at trass i EFF sin spesielle karakter, bør dei tilsette sin representasjon i styret ikkje gjerast veikare enn det som følgjer av aksjelova.

EFFstøttar departementet si vurdering om at oppnemning til styret skal gjerast ut frå krav om kompetanse, personleg dugleik og ut frå at styret skal ha legitimitet i ei samla fiskeri- og havbruksnæring. Når det gjeld forslaget om kva slags prosedyre som skal nyttast ved samansetjing av styre, meiner EFF at avgjerda må byggje på kva som er mest eigna til å sikre at valprosessen og styret får legitimitet i næringa. EFF meiner forslaget om å vidareføre dagens ordning med enkelte modifikasjonar vil vere mest eigna. EFF er positiv til forslaget om at dei tilsette får rett til plass styret, men ønskjer ikkje å ha noka oppfatning om det formålstenlege i å gjere avvik frå aksjelova. Det peikast likevel på at talet på styremedlemmar vil ha innverknad på styret sin arbeidsform.

EFF ved tilsettegruppasluttar seg til EFF si fråsegn, men vil i tillegg gje desse kommentarane: Gruppa går på det sterkaste i mot departementet sitt forslag om å gjere avvik frå aksjelova når det gjeld dei tilsette sin rett til plass i styret. Dei tilsette har i langt tid sett det som ønskjeleg og formålstenleg å vere representert i styret. God innsikt i heilskapen i EFF si verksemd er viktig for den enkelte tilsette sin forståing av rolle og arbeidsoppgåver.

Departementet si vurdering

Departementet har etter ei nærare vurdering kome til at forslaget om å vidareføre ordlyden om at styret skal vere samansett av representantar for eksportørar, produsentar, oppdrettarar og fiskarar bør endrast. I forslaget er det mellom anna peikt på at endring av strukturen i næringa gjer det lite formålstenleg å operere med dei klassiske «båsane». Det avgjerande er å sikre at styret har legitimitet i næringa, og er samansett av personar som oppfyller krav til personleg dugleik og har den nødvendige kompetansen. Departementet meiner denne delen av ordlyden bør endrast til ei formulering som slår fast at styret skal vere representativt for næringa. I dette ligg ein plikt til å syte for at styret er forankra i og har legitimitet i næringa. Dersom ei gruppe innafor fiskeri- og havbruksnæringa skulle bli oversett ved samansetjing av styret, er det vanskeleg å sjå at lova sitt krav vil vere oppfylt. Dersom styret ikkje kan seiast å vere representativt, vil formuleringa gjere at samansetjinga av styret manglar heimel i lov. Departementet meiner at samtidig som det er nødvendig å ta omsyn til utviklinga av strukturen i næringa og såleis byggje inn nødvendig fleksibilitet, vil ei slik endring ikkje innebere fare for at ein sektor i næringa blir gløymd. Departementet sitt utgangspunkt er elles at tyngdepunktet i styret bør liggje på eksportørledda og ikkje primærledda.

Når det gjeld dei tilsette sin rett til plass i styret, har departementet funne grunn til å gjere endringar i forslaget. Det vil seie at det ikkje blir gjort unnatak frå aksjelova sine føresegner om dei tilsette sin representasjon i styret. Med det talet på tilsette som EFF har per i dag, vil eit fleirtal av dei tilsette ha rett til å krevje at eit styremedlem og ein observatør med varamedlem veljast av og blant dei tilsette. Dersom talet på tilsette overstig 50, vil eit fleirtal av dei tilsette kunne krevje at inntil ein tredel og minst to av styret sine medlemmar med varamedlemmar veljast av og blant dei tilsette.

Sjølv om EFF skil seg frå ordinære verksemder som har inntekt som formål, meiner departementet at omsynet til at dei tilsette får delta i styret på lik line med tilsette i andre aksjeselskap bør vere avgjerande. Betre oversikt over heilskapen i EFF si verksemd vil ha ein positiv effekt på forståing av eiga rolle og arbeidsoppgåver, jamfør det som er uttala frå tilsettegruppa i EFF.

Detaljane om samansetjinga av styret høyrer ikkje heime i lova. Framlegget frå FHL og LO om slik detaljregulering i lova, kan departementet derfor ikkje støtte. Spørsmålet er likevel av stor interesse for næringa, og departementet meinte det var naturleg å drøfte dette nærare sjølv om føresegnene blir fastsette i forskrift/vedtekt. Av dei to modellane som departementet la fram i høyringsnotatet legg departementet til grunn at den mest aktuelle synest å vere ei vidareføring av dagens modell med dei modifikasjonane som blei nemnd.

Med vidareføring meiner departementet at det blir presisert kven som skal ha rett til å innstille. Det vil ikkje nødvendigvis bety at dagens fordeling vidareførast uforandra. Målsetjinga må som nemnt vere eit best mogleg styre som samtidig er representativt og har legitimitet i næringa. Departementet meiner også at det vil vere formålstenleg at talet på kandidatar som innstillast skal vere høgare enn talet på styrerepresentantar. Generalforsamlinga vil då i nokon grad få ein valfridom.

Departementet vil vurdere nøye kven som skal ha rett til å innstille representantar til styret og talet på kandidatar som skal innstillast. Næringa vil få høve til å gje sitt syn på det som blir foreslått. I denne samanhengen vil departementet også ta omsyn til EFF si rolle på den innanlandske marknaden. Den pågåande debatten om styrking av marknadsarbeidet i Noreg vil kunne påverke spørsmålet om samansetjing av styret. Formålet må vere å sikre at også den del av næringa som omset på denne marknaden er representert i styret. Når det gjeld spørsmålet om korleis ein kan sikre at tilstrekkeleg med midlar blir sett av til innanlands marknadsarbeid, vil departementet mellom anna vurdere nærare om det bør leggjast noka form for føring på storleiken av budsjettet som gjeld innanlands marknadsarbeid.

4.3 Fordeling av forvaltingsoppgåver etter eksportlova – godkjenning av eksportørar

Høyringsforslaget

Det følgjer av eksportlova § 2 at EFF skal utføre dei oppgåvene som er fastsette i lova eller i forskrift. Departementet foreslo at det burde presiserast at dette gjeld med mindre noko anna er fastsett. Formålet var å gje ei klargjering slik at det ikkje skal vere tvil om at også andre organ kan bli tillagd oppgåver etter lova. Toll- og avgiftsdirektoratet har allereie oppgåver etter lova. Dette omfattar innkrevjing av eksportavgifta, kontroll med at eksportørane er godkjende og fastsetjing av avgifta ved den enkelte eksporten. Når det likevel blei foreslått ei presisering, hadde det samanheng med at det no også blir foreslått at Fiskeridirektoratet skal tilleggjast oppgåver etter lova.

Forslaget om å gje Fiskeridirektoratet oppgåver etter lova byggjer på Statskonsult sin rapport som tilrår å skilje ut forvaltningsoppgåvene frå EFF, sjå nærare om rapporten under kapittel 2 og i vedlegg 1 til proposisjonen. I hovudsak gjeld dette kontrolloppgåver. Ein viktig del av desse oppgåvene er no godkjenning av eksportørar og forvalting av registeret. Eksportlova inneheld heimel for departementet til å fastsetje forskrift om godkjenningsordninga. Heimelen er vid og ramsar opp ei rekke vilkår som mellom anna kan stillast. Av eksportforskrifta følgjer det at godkjenning kan skje på grunnlag av at søkjar anten eig eller leiger eit produksjonsanlegg godkjend av Mattilsynet, eller er eigd av ei verksemd med eit slikt anlegg. Godkjenning kan også skje på grunnlag av at søkjar er registrert som kjøpar av fisk i første hand. Dersom ingen av desse vilkåra er oppfylte, kan søkjar bli godkjend ved å dokumentere at dei oppfyller økonomiske krav fastsett av EFF. Alle som blir godkjende må betale ei årsavgift på 15 000 kroner. Ved første gongs registrering må det betalast to år på forskot.

Departementet foreslo at kontroll med eksporten som ikkje allereie utførast av Toll- og avgiftsdirektoratet, overførast til Fiskeridirektoratet. Når det gjaldt godkjenning av eksportørar, ønskte departementet å vurdere ei forenkling og modernisering. Departementet presenterte to alternativ:

Alternativ 1 inneber at noverande ordning med godkjenning av eksportørar ikkje endrast, og at oppgåva overførast til Fiskeridirektoratet saman med dei andre forvaltningsoppgåvene. Overføring av godkjenningsoppgåva krev lovendring, medan dei andre kontrolloppgåvene kan overførast ved forskrift.

Alternativ 2 går ut på at eksisterande ordning med godkjenning av eksportørar forenklast og moderniserast, men framleis utførast av EFF. I dag inneheld ordninga ei omfattande mengd vilkår som grunnlag for godkjenning. Samtidig gir ikkje dette eit dekkjande bilete av den reelle situasjonen, då så godt som alle som betaler årsavgifta blir godkjende. Departementet sitt forslag tar utgangspunkt i denne realiteten, og inneber at betaling av årsavgift åleine skal vere avgjerande for godkjenning. Dette vil vere ei summarisk registreringsordning. Sidan EFF i sitt arbeide har stor nytte av å ha tilgang til oversikt over eksportørane, og at ei ordning som foreslått ikkje opnar for skjøn, meinte departementet at EFF framleis kunne ha denne oppgåva utan å komme i konflikt med omsynet bak grunngjevinga for å skilje ut forvaltningsoppgåvene.

Alternativ 2 vil innebere at ei eventuell nekting av å registrere ein eksportør vil kunne påklagast til departementet. Dersom dette alternativet leggjast til grunn, foreslo departementet at sletting av ein eksportør frå registeret berre skulle kunne skje på bakgrunn av at den årlege avgifta ikkje blir betalt. Overtredingar av reglane elles i eksportlova eller i forskrift vil ikkje kunne møtast med slik reaksjon. Då vil reaksjonen måtte vere sanksjonar etter lova si straffeføresegn.

Alternativ 2 utelukkar ikkje skjønsutøving fullstendig. I tilfelle kor ein eksportør søkjer om unntak frå plikta til å registrere seg, vil EFF måtte utøve skjøn. I praksis oppstår slike tilfelle berre unnataksvis, og har gjerne samanheng med enkeltståande tilfelle, til dømes i samband med vareprøvar. Departementet meinte dette ville vera kurante saker å handtere, og at faren for samanblanding av rollar ikkje vil vere stor.

Departementet viste også til at avgift inndriven i medhald av eksportlova kan nyttast til kontroll etter § 7 i lova. Utan omsyn til om ein vel forslag til alternativ 1 eller 2 vil Fiskeridirektoratet bli pålagt nye oppgåver, og eksportlova sitt system opnar for at avgiftsmidlane kan nyttast til økonomisk kompensasjon. Storleiken på kompensasjonen må tilpassast nivået på den aktuelle kontrollen.

Høyringsfråsegner

Fiskeri- og havbruksnæringens landsforeningmeiner alternativ 2 bør gjennomførast.

Norske Sjømatbedrifters Landsforeningmeiner forvaltningsoppgåver bør flyttast ut frå EFF, eventuelt bør dei minimaliserast.

Norges Fiskarlagpeiker på at innhaldet i ei framtidig eksportørgodkjenning i større grad bør tuftast på marknadsfaglege vurderingar. Laget si vurdering er først og fremst mynta på departementet sitt spørsmål om årsavgifta bør aukast, sjå punkt 4.5.

Fiskeridirektoratetser alternativ 2 som det mest formålstenlege.

Utenriksdepartementetmeiner alternativ 2 vil vere formålstenleg.

Fiskesalgslagenes Samarbeidsråduttalar at openheit og god kontroll med eksporten er nødvendig, og trur dette best vil bli teke vare på av Fiskeridirektoratet som har eit etablert samarbeid med tollvesenet og som forvaltar registeret over kjøparar i første hand.

Norges Råfisklaghar generelt gitt støtte til Fiskarlaget si høyringsfråsegn.

Landsorganisasjonen i Norgemeiner alternativ 1 bør følgjast.

EFFtilrår at alternativ 2 følgjast. Det visast til at erfaringane tilseier at terskelen for å bli tildelt eksportørgodkjenning i større grad kviler på evne eller vilje til å betale årsavgifta enn av det å oppfylle dei eksisterande krava for eksportørgodkjenning. Dei objektive vilkåra for godkjenning som eksportlova stiller, er i praksis dublert av anna regelverk. Det einaste unnataket er høvet til å bli godkjent på grunnlag av økonomi. Dette er likevel ikkje ein reell terskel, då regelen ikkje gjer høve til å stille krav ut over eit minimum. EFF meiner også at departementet bør gå gjennom kontrolloppgåvene i eksportlova, då dei har eit svært avgrensa nytteområde. Det peikast på at det er fastsett kontrollregime i tilgrensande lover kor formåla langt på veg omfattar dei same kontrolloppgåvene. Siktemålet bør vere å oppheve kontrolloppgåver etter eksportlova som er omfatta av anna regelverk.

Toll- og avgiftsdirektoratet (TAD)viser til at det ser ut som om forvaltingsoppgåver relatert til eksporten i all hovudsak skal handterast av Fiskeridirektoratet. Det blir gjort merksam på at tollvesenet utfører oppgåver etter eksportlova. Dette betyr likevel ikkje at TAD ser vanskar med forslaget, men det kjem inn som eit moment ved spørsmålet om økonomisk kompensasjon for utførte oppgåver. TAD meiner at det som følgje av oppgåvene med innkrevjing og fastsetjing av eksportavgifta bør få kompensert dei faktiske utgiftene. Dette utgjer om lag 400 000 kroner per år.

Konkurransetilsynetmeiner alternativ 2 bør veljast.

Finansdepartementeter positiv til forslaget om at godkjenningsordninga opphevast og byttast ut med ei registreringsordning, men meiner oppgåva likevel bør overførast til Fiskeridirektoratet saman med dei andre forvaltingsoppgåvene.

Justis- og politidepartementetpeiker på at presiseringa som klargjer at også andre enn EFF kan bli tillagt oppgåver etter eksportlova, er overflødig. JD har også enkelte andre merknader av lovteknisk karakter.

Departementet si vurdering

Departementet er einig med merknaden frå Justis- og politidepartementet om at det ikkje synest naudsynt å ta inn ei presisering i lova som klargjer at også andre kan bli tillagt oppgåver. Dette forslaget blir derfor ikkje vidareført.

Når ein ser bort frå oppgåva med å godkjenne eksportørane, hadde ingen av høyringsfråsegnene innvendingar mot at forvaltningsoppgåvene overførast til Fiskeridirektoratet. Det var noko ulike oppfatningar om departementet sine to alternative forslag om godkjenning av eksportørar. Fleirtalet av fråsegnene støtta alternativ 2. Finansdepartementet skilte seg ut ved å vere einig i at ordninga burde forenklast, men ueinige i at oppgåva framleis burde utførast av EFF.

Departementet viser til fråsegna frå EFF som peiker på at erfaringa med utføring av denne oppgåva er at den reelle terskelen for å bli godkjend først og fremst er betaling av årsavgifta. Dei andre vilkåra er i hovudsak vilkår som følgjer av anna regelverk. Departementet meiner tida er moden for å modernisere og forenkle regelverket, og dermed tilpasse det til det som er realiteten i dag.

Samtidig legg departementet til grunn at oppgåva bør utførast av EFF. Dette er formålstenleg fordi EFF i samanheng med utføring av oppgåvene sine har stor nytte av den oppdaterte adresseoversikta som registeret inneheld. Etter departementet si vurdering vil ikkje motførestellingane knytt til at EFF skulle ha forvaltingsoppgåver vere relevante i dette tilfellet. Det same gjeld faren for samanblanding av roller ved at EFF er ein fellesorganisasjon for næringa på den eine sida, samtidig som det på den andre sida skal føre tilsyn med den same næringa. Departementet legg vekt på at oppgåva med å godkjenne eksportørar vil vere standardisert og ikkje opne for skjøn. Berre i dei tilfella kor ei verksemd søkjer om unntak frå registreringsplikta, vil skjøn vere aktuelt. Erfaringa tilseier at dette er svært få tilfelle som vil bli enkle å handtere. Desse tilfella kan ikkje tilleggjast avgjerande vekt i høve til forslaget. Departementet vil også etter det nye forslaget, på same måte som i dag, ha fullmakt til å gje nærare føresegn om unnatak frå kravet om registrering.

Ingen av høyringsfråsegnene nemner forslaget om at berre manglande betaling av årsavgift skal vere grunnlag for sletting av eksportørar frå registeret. Departementet legg derfor til grunn at det er semje om at også denne delen av registreringsordninga bør vere fri for skjøn.

EFF peiker i si fråsegn mellom anna på at kontrollregimet etter eksportlova bør gåast gjennom med sikte på ei rasjonalisering. Det visast til at rekkjevidda er svært avgrensa, og at andre tilgrensa regelverk byggjer på formål som langt på veg tek vare på dei same oppgåvene som etter eksportlova. Departementet er langt på veg einig i dette. Det betyr likevel ikkje at det ikkje eksisterer kontrolloppgåver etter eksportlova ut over dei som Toll- og avgiftsdirektoratet utførar. Det vil også vere slik at nye kontrolloppgåver kan oppstå som følgje av avtalar med framande statar, eller som følgje av handelstiltak mot norsk sjømat. Det vil i alle høve vere formålstenleg at eksportlova har dei naudsynte heimlane for kontroll. Departementet meiner likevel at det bør gjerast ein gjennomgang av kontrolloppgåvene med sikte på å vurdere om ein utnyttar godt nok dei rammene for kontroll som lova inneheld. Det vil vere naturleg å sjå dette i samanheng med overføring av oppgåvene til Fiskeridirektoratet og spørsmålet om økonomisk kompensasjon.

Toll- og avgiftsdirektoratet har i si fråsegn gjort framlegg om 400 000 kroner i økonomisk kompensasjon for dei kontrolloppgåvene etaten utførar. Departementet vil vurdere dette på lik line med kompensasjon til Fiskeridirektoratet, men det føreset at også Finansdepartementet reiser problemstillinga og godtgjer at dette ikkje inneber ei særskilt ordning for fiskeri- og havbruksnæringa.

4.4 Tilhøvet til forvaltingslova og offentleglova

Høyringsforslaget

Departementet foreslo at lov 19. juni 1970 nr. 69 om offentlighet i forvaltningen (offentleglova) og lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltingslova) ikkje skal gjelde for EFF. Dette er i samsvar med det som gjeld for statsføretak, jamfør lov 30. august 1991 nr. 71 om statsføretak. For forvaltningslova blei det gjort unntak for EFF si verksemd med registrering av eksportørar. Føresetnaden var at dersom denne oppgåva blir lagt til EFF skal forvaltingslova gjelde for EFF når dei utfører denne oppgåva. Det inneber mellom anna at enkeltvedtak kan klagast inn for departementet.

Det normale utgangspunktet vil vere at forvaltingslova ikkje gjeld for EFF si verksemd når det organiserast som eit aksjeselskap. Det kan likevel ikkje utelukkast at det vil kunne vere tilfelle i enkelte situasjonar, til dømes dersom ei verksemd søkjer om tilskot til eit prosjekt. Departementet såg det ikkje som heldig at ein risikerer at søkjaren får høve til å klage eit eventuelt avslag inn for departementet. Bruken av midlane ligg til EFF innafor dei rammene som følgjer av lov og forskrift, og bør ikkje vere gjenstand for overprøving frå departementet si side.

Unntaket frå offentleglova må sjåast i samanheng med at EFF si verksemd i hovudsak omfattar marknadsfremjande tiltak for den norske næringa. Aktivitetane er av forretningsmessig karakter ved at formålet er å fremje verdiskapinga. Dersom EFF skal kunne utføre verksemda si på best mogleg måte, må utvalet ha tenlege rammer. Dette vil mellom anna innebere at andre ikkje skal kunne krevje innsyn i marknadsinformasjon som EFF har utarbeidd for næringa. Departementet meinte likevel at tilhøva i visse tilfelle kan tilseie ein anna løysing. I dei tilfelle EFF er tillagt forvaltingsoppgåver som til dømes registrering av eksportørar, bør unntaket tolkast innskrenkande. Departementet vil gjennom fastsetjing av vedtekter leggje føringar på retten til innsyn.

Høyringsfråsegn

EFFmeiner det er viktig å få avklart virkeområdet til dei to lovene. EFF er einig i departementet sitt forslag.

Toll- og avgiftsdirektoratet (TAD)har ingen motforestillingar mot forslaget, men peiker på at EFF spelar ei ikkje uviktig rolle i samband med behandling av saker der det til dømes er tvil om eksportavgifta. I slike tilfelle har EFF spelt ei viktig rolle med omsyn til oppklaring av saker i tida før ein eventuell formell klage blir sett fram. Slik TAD oppfattar saka, vil ikkje EFF på same måte kunne medverke i slike saker i framtida når forvaltingslova ikkje skal gjelde.

Justis- og politidepartementeter einig i at forvaltingslova ikkje generelt vil gjelde EFF si verksemd. Det peikast på at utforminga av lovteksten bør justerast noko for å få fram betre kva som meinast.

Departementet si vurdering

Ingen av høyringsinstansane har innvendingar til substansen i forslaget. Departementet har teke til etterretning forslaget frå Justis- og politidepartementet. Lovteksten er såleis presisert slik at forvaltingslova vil få verknad for enkeltvedtak som EFF gjer i samband med utføring av registrering av eksportørar. Når det gjeld TAD sin merknad, kan ikkje departementet sjå at forslaget skulle ha som verknad at EFF ikkje kan spørjast til råds i saker som gjeld spørsmål dei har særleg kompetanse på. EFF er likevel ikkje tillagt noka formell tenestemakt i dei saker som er lagt til tolltenestemakta. Den reelle verknaden av forslaget med omsyn til forvaltingslova er avgrensa til enkelte tilfelle kor det elles kunne vore tvil om forvaltingslova ville gjelde. Forslaget endrar såleis ikkje mykje i høve til kva som uansett ville vore situasjonen.

Når det gjeld forslaget om at offentleglova ikkje skal gjelde verksemda til EFF, har departementet i samråd med Justis- og politidepartementet, valt å ta dette ut. Bakgrunnen er forslaget til ny offentleg lov som vil bli lagt frem for Stortinget i vår.

Når EFF blir organisert som aksjeselskap, vil all anna verksemd i selskapet enn den del av verksemda der det fattast enkeltvedtak eller utferdast forskrift falle utanom gjeldande offentleglov, jf. offentleglova § 1. For EFF sitt tilhøve til ny offentleglov visast det til proposisjonen om ny offentleglov.

4.5 Storleiken på årsavgifta

Høyringsforslaget

Det følgjer av eksportforskrifta at eksportørane skal betale ei årleg avgift på 15 000 kroner. Ved første gongs registrering skal det betalast avgift for to år på forskot. Det er i dag registrert meir enn 500 eksportørar. Delar av næringa har teke til orde for at det bør verte vanskelegare å bli godkjend eksportør.

Eit nærliggjande verkemiddel er å auke årsavgifta. Storleiken på avgifta høyrer ikkje heime i eksportlova, men departementet valde likevel å reise spørsmålet i høyringa på bakgrunn av samanhengen med vilkåra for å bli godkjend eksportør. Høyringsinstansane blei såleis invitert til å komme med fråsegner knytt til denne problemstillinga.

Høyringsfråsegner

Norges Fiskarlag legg til grunn at det kan vere ein samanheng mellom kva slags verdiar som kan vinnast på marknaden og korleis ein organiserer eksporten både med omsyn til talet på eksportørar, opptreden, kompetanse med meir. Det er derfor urovekkjande og eit paradoks at høyringsnotatet ber preg av at det ikkje er tilstrekkeleg marknadskompetanse i grunngjevinga for val av eksportorganiseringa. Fiskarlaget ber departementet ta initiativ til å framskaffe meir marknadsfagleg kompetanse om dette saksområdet og at dette leggjast vekt på i kommande høyringar knytt til kva slags krav som bør setjas til å bli eksportør. Fiskarlaget er kjend med at departementet har gjennomført analysar innan dette saksområdet, men dette er ikkje nemnd i høyringsnotatet.

Norges Råfisklagstøtter generelt Fiskarlaget si fråsegn til høyringsnotatet.

Landsorganisasjonen i Norgepeikar på at mange norske eksportørar konkurrerer om dei same kundane internasjonalt, hovudsakeleg på pris. Samtidig veit vi at dei store kundane føretrekkjer få leverandørar. Få og store salsselskap kan medverke til å møte krava internasjonalt. Eitt verkemiddel er å auke årsavgifta, eit anna er å stramme inn på krava for å bli registrert som eksportør eller stimulere til samanslåing av eksisterande eksportørar.

Konkurransetilsyneter kritisk til at staten skal bruke ei avgift til å redusere talet på eksportørar. Ei auke av årsavgifta vil verke etableringshindrande, noko som kan føre til mindre konkurranse mellom eksportørane og at seljaren får mindre betalt for fisken.

Finansdepartementetkan ikkje sjå gode grunnar til å skape hindre for etableringa, og meiner det vil vere meir nærliggjande å setje ned avgifta.

EFFavgrensar si fråsegn til ei vurdering av dei marknadsfaglege omsyna som problemstillinga reiser. EFF legg til grunn at dei som meiner det bør bli vanskelegare å bli eksportør gjer dette ut frå ei oppfatning om at mange eksportørar jaktar på stadig færre kundar og at dette gir ein konkurranse som svekkjer dei prisane som eksportørane kunne oppnådd dersom dei var færre. EFF peikar på at ein studie gjennomført av Fiskeriforskning ikkje fann nokon samanheng mellom storleiken på føretaka og kva for prisar som blei oppnådd på same produkt. EFF meiner såleis at årsavgifta ikkje kan aukast på grunnlag av ei forståing om at større og færre føretak gir betre prisar. Fiskeriforskning sin studie viste at det var ei rekkje små føretak som oppnår relativt gode prisar. Ein auke i årsavgifta som inneber at desse fell i frå, vil representere eit samfunnsøkonomisk tap. Dersom avgifta aukast vil det også innebere at det blir vanskelegare for nye føretak å etablere seg, noko som i praksis medverker til å reversere den liberaliseringa som skjedde i 1991 då eksportlova blei spegelvend. Denne endringa blei gjort på bakgrunn av erfaringar om at systemet før 1991 hemma dynamikken i eksportleddet. Endeleg vil EFF vise til at det ein bør vere varsam med å innføre ordningar som gjer næringa meir uoversiktleg og mindre føreseieleg for kundar, finansinstitusjonar og andre enn det som gjeld for andre delar av norsk næringsliv. Eksporten av fisk og fiskevarar er neppe så forskjellig frå andre næringar at det tilseier offentlege tiltak for å avgrense talet på føretak i eksportleddet.

Departementet si vurdering

Dei fråsegnene som er mottekne gir ei god illustrasjon på dei ulike vurderingane av problemstillinga som gjer seg gjeldande. Departementet merkar seg at det er klare motførestellingar til trua på at det å auke årsavgifta vil vere eit effektivt verkemiddel. Departementet vil særleg peike på resultata av den studien som Fiskeriforskning gjennomførde og som EFF referer til. Eit utgangspunkt for departementet er at høve til å eksportere fisk og fiskevarer ikkje bør vere tilgjengeleg for alle. Det bør stillast visse krav for i det minste å unngå at useriøse aktørar med eit kort perspektiv deltek i eksporten. Det overordna målet må vere å skape attraktive partnarar for kundane. Korleis ein oppnår dette er det delte meiningar om. Det gjeld også om departementet bør leggje seg opp i problemet, eller om det løysast best av næringa sjølv. Departementet legg til grunn at det bør vere visse skrankar på retten til å eksportere.

Storleiken på årsavgifta har vore uendra sidan eksportlova blei sett i kraft 1. juli 1991. Departementet vil ta opp att dette spørsmålet i samanheng med endring av eksportforskrifta.

4.6 Namn på EFF og namneendring av eksportavgifta

Høyringsforslaget

Departementet inviterte høyringsinstansane til å komme med forslag til nytt namn på EFF. Grunngjevinga er at enkelte har reist problemstillinga om EFF bør få eit namn som betre speglar verksemda. Departementet la til grunn at eit eventuelt namneskifte berre ville vere aktuelt dersom det kjem inn eit forslag som er så godt at det kan forsvare kostnaden med å skifte namn. Det grunngjevast med at det gamle namnet er kjend og vel innarbeidd, ikkje berre i Noreg, men også internasjonalt.

Eksportlova gir ikkje berre heimel for årsavgift. Lova heimlar også avgift på det eksporterte produktet. Denne avgifta er på same måte som årsavgifta fastsett i eksportforskrifta, og blir ofte omtala som eksportavgift. Samtidig skal det også betalast avgift på eksporterte produkt etter lov 7. juli 2000 om avgift til forskning og utvikling i fiskeri-og havbruksnæringen. I forskrift av 11. oktober 2000 gitt med heimel i lova, er denne eksportavgifta omtala som FoU-avgift. Departementet meinte det ville vere formålstenleg at også avgift på eksporterte produkt etter eksportforskrifta fekk sitt eige namn. Dermed unngår ein tvil om kva som meinast når ein refererer til omgrepet eksportavgifta. Departementet signaliserte derfor at det i seinare endring av eksportforskrifta vil foreslå at avgift på eksporterte produkt etter eksportforskrifta skal få namnet marknadsavgift. Denne vil saman med FoU-avgifta utgjere eksportavgifta.

Høyringsfråsegner

EFFhar vurdert namnespørsmålet og er kome til at det vil foreslå at det gamle namnet vidareførast.

Utanriksdepartementetmeiner at EFF ikkje bør endre namn.

Norges Fiskarlagpeikar på at det må gjerast ei grundig kostnad-nytte-vurdering dersom spørsmålet om å endre dagens namn skal vurderast.

Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL)foreslår at EFF får namnet «Markedsrådet for Norsk Sjømat AS». NSL er også positive til at avgifta på eksporterte produkt etter eksportforskrifta får namnet marknadsavgift.

Departementet si vurdering

På bakgrunn av fråsegnene legg departementet til grunn at det ikkje er aktuelt å endre namnet til EFF. Omgjering til aksjeselskap vil formelt innebere at namnet i lova justerast slik at det blir Eksportutvalget for fisk AS. Vidare tek departementet sikte på å fastsetje i eksportforskrifta at avgifta på eksporterte produkt skal heite marknadsavgifta.

4.7 Endring av heimel til å gje føresegn om opplysningsplikt

Høyringsforslaget

Eksportlova gir i fleire av føresegnene heimel for departementet til å fastsetje forskrift om ulike emne. Med eitt unntak er alle heimlane til å gje forskrift lagt til departementet. Unntaket gjeld heimel for Kongen til å gje forskrift om nærare føresegner for eksportørane si plikt til å gje dei opplysningane som er naudsynte for forvaltinga si sakshandsaming etter lova.

Departementet meinte denne heimelen burde liggje til departementet på same måte som dei andre heimlane til å gje forskrifter. Departementet kunne ikkje sjå at det var gode grunnar til at denne heimelen skulle liggje til Kongen. Fleire av dei heimlane som ligg til departementet må vurderast som viktigare. Det blei også vist til at Stortinget fører kontroll med gjennomføringa av eksportlova ved at det anna kvart år blir lagt fram ei stortingsmelding om desse forholda.

Høyringsfråsegner

Ingen av høyringsinstansane hadde merknader til forslaget.

Departementet si vurdering

Formålet med å endre denne føresegna er å skape konsekvens i lova sitt system. Det gir ikkje god meining at alle dei andre heimlane til å gje forskrifter er lagt til departementet, medan denne eine heimelen som ikkje kan sjåast å vera særskilt viktig samanlikna med dei andre heimlane, er lagt til Kongen. Den praktiske konsekvensen av noverande system er at eksportforskrifta er fastsett av Kongen, sjølv om dette berre skulle vere nødvendig med omsyn til føresegna om opplysningsplikta. Departementet foreslår derfor at denne føresegna endrast slik at heimelen til å gje forskrift om opplysningsplikt overførast til departementet.

4.8 Føresegner om iverksetjing og overgangsreglar

Høyringsforslaget

Departementet foreslo at lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

Departementet la også fram forslag om overgangsreglar som skal gjelde ved omgjering av EFF til aksjeselskap. Dette omfatta føresegn om at alle eigedelar, rettar og forpliktingar i sin heilskap skal overførast frå EFF til det nye aksjeselskapet. Staten skal samtidig bli eigar av alle aksjane. Det blir óg foreslått at alle offentlege rettar, løyver og konsesjonar EFF har skal overførast til det nye aksjeselskapet utan nærare løyve frå vedkommande offentlege tenestemakt. Likeins blei det foreslått ei føresegn om omregistrering av eigedelar, rettar med vidare i offentlege register, som følgjer av omgjeringa. Departementet foreslo også ei føresegn som sikrar at kreditorar og andre rettshavarar ikkje kan motsetje seg at det nye aksjeselskapet overtek EFF sine forpliktingar i samband med omgjeringa.

Høyringsfråsegner

Det blei ikkje motteke noka fråsegn om desse forslaga.

Departementet si vurdering

Departementet legg til grunn at det ikkje blir gjort endringar i forslaga i høyringsnotatet. Det er departementet sitt siktemål at lovendringane trer i kraft 1. juli 2005.

Til forsida