Ot.prp. nr. 88 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 27. april 1990 nr. 9 om regulering av eksporten av fisk og fiskevarer

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget om å endre tilknytingsforma for EFF inneber at EFF blir eit eige rettssubjekt. Forslaga til endringar i eksportlova har ingen økonomiske konsekvensar i form av auka løyvingar over statsbudsjettet.

Ein konsekvens av gjennomføringa av lovforslaget er at forvaltningsoppgåver overførast til Fiskeridirektoratet. Dette har eit svært avgrensa omfang, og direktoratet sine kostnader vil bli kompensert gjennom overføring av midlar frå EFF. I denne samanhengen vil det vere behov ei for nær dialog mellom EFF og direktoratet for å sikre overføring av dei erfaringane og kunnskapane EFF har tileigna seg på dette området.

EFF vil få eit sjølvstendig resultatansvar, medan Fiskeri- og kystministeren vil ha ansvar for den overordna styringa, under dette kontroll med at verksemda blir driven forsvarleg og i samsvar med dei politiske måla og rammevilkåra som er fastsett for verksemda. Utforming av vedtekter for selskapet vil utgjere eit sentralt element i departementet si styring.

Når det gjeld EFF sitt høve til ta opp lån, legg departementet til grunn at EFF som hovudregel ikkje bør kunne ta opp lån i den private lånemarknaden. Det kan eventuelt etablerast ei særskilt føresegn i vedtektene til selskapet som fastset at opptak av lån berre kan skje etter godkjenning i generalforsamlinga. Det som her er sagt skal ikkje omfatte EFF sitt høve til å pådra seg kortsiktig gjeld til leverandørar og liknande.

Når det gjeld spørsmålet om EFF skal kunne gå konkurs, er departementet si haldning at det ikkje skal etablerast spesielle tiltak i så måte, og at konkurs i prinsippet vil kunne skje. Staten sitt økonomiske ansvar som eigar vil vere avgrensa til aksjekapitalen. I det som er sagt følgjer at staten må stå fritt til å vurdere endringar i eller avvikling av eksportavgifta, utan at det skal ha konsekvensar for det økonomiske ansvaret.

Omgjering til aksjeselskap utløyser spørsmål om aksjekapital. EFF har i dag ein solid eigenkapital, og det er naturleg at ein passande del av denne blir omgjort til aksjekapital, framfor at staten skulle løyve midlar til dette. Departementet legg til grunn at heile EFF sin eigenkapital bør inngå i opningsbalansen, og at det i samband med dette må vurderast nærare kor stor del av denne som skal utgjere selskapet sin aksjekapital. Behovet for statlege løyvingar er såleis ikkje til stades.

Departementet legg til grunn at utbytte av overskot ikkje skal vere aktuelt. Ei slik ordning ville komme i konflikt med grunnlaget for EFF si verksemd.

Kva slags konsekvensar ei omorganisering vil få for plikt til å betale skatt og avgifter elles, vil måtte avklarast nærare. Departementet legg til grunn at sjølv om utgangspunktet er at aksjeselskap har skatteplikt, jamfør skatteloven § 2–2 første ledd bokstav a, vil unntaket for selskap som ikkje har inntekt til formål få verknad, jamfør skatteloven § 2–32. Departementet legg også til grunn at spørsmålet om kven som frå 2007 framleis skal nyte godt av ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift, ikkje vil bli påverka av ei omgjering til aksjeselskap.

Når det gjeld plikt til å berekne meirverdiavgift, er EFF gitt eit særskilt fritak etter meirverdiavgiftslova. Departementet vil syte for å avklare om fritaket vil bli påverka av ei omorganisering.

Departementet legg til grunn at EFF etter omgjeringa skal bestå mest mogleg likt som i dag. Dette er mogleg fordi EFF allereie langt på veg har innretta verksemda si som eit aksjeselskap. Til dømes vil løns-, arbeids- og pensjonsavtaler bli vidareført i det nye selskapet, som etter etableringa vil drive verksemda si innanfor rammene for norske aksjeselskap. Når det gjelder pensjonsavtalene, vil det bli stilt krav om at det blir gjort avsetjingar til sikring av pensjonsforpliktingane.

Til forsida