Ot.prp. nr. 88 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 27. april 1990 nr. 9 om regulering av eksporten av fisk og fiskevarer

Til innhaldsliste

7 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget

Til § 2 (Eksportutvalget for fisk AS)

Første ledd slår fast at EFF skal vere eit aksjeselskap, og at aksjelova skal gjelde for EFF AS. Lovreguleringa er nødvendig som følgje av at EFF er oppretta i medhald av eksportlova. Føresegna klargjer at staten skal eige alle aksjane. Dette vil vere Fiskeri- og kystdepartementet. Som følgje av at det nye selskapet ikkje skal hente inn kapital frå allmenta, vil det vere aksjelova og ikkje allmennaksjelova som gjerast gjeldande for EFF. Det er presisert at aksjelova gjeld om ikkje noko anna følgjer av lova her. Føresegna om at staten skal eige alle aksjane inneber at eit eventuelt sal må skje ved endring av lova.

Andre ledd gjer reglar om styret. Føresegna er ein generell regel som er avgrensa til at styret skal vere representativt for fiskeri- og havbruksnæringa. I andre punktum er det gitt føresegn om at departementet kan gi nærare reglar om styret i forskrift. Dette tek sikte på at departementet skal ha høve til å gje reglar om samansetjinga av styret og ikkje vere tvunge til utelukkande å gjere dette i vedtektene. Dermed opnast det for at føresegn om styret kan fastsetjast både i forskrift og i vedtekter. Formuleringa vil vere eigna til å sikre at dei ulike sektorane i næringa blir representerte i styret. I dette ligg ein plikt til å syte for at styret er forankra i og har legitimitet i næringa.

Føresegna seier ikkje noko om dei tilsette sin representasjon i styret. Dette inneber ikkje at føresegna er ei uttømmande regulering av kven som kan oppnemnast til styret. Aksjelova sine reglar om dei tilsette sin rett til å velje representantar til styret vil gjelde ved sida av.

Tredje ledd inneber ikkje innføring av noko nytt i høve til noverande føresegn. Som følgje av at EFF omgjerast til aksjeselskap, står det ikkje lenger at EFF skal vere underordna departementet. Dette er ei naturleg følgje av omgjeringa. Når det står at EFF skal utføre dei oppgåvene som er fastsette i lova, inneber ikkje det at ikkje også andre kan utføre oppgåver etter lova. Departementet vil i eksportforskrifta overføre forvaltingsoppgåver til Fiskeridirektoratet. Dette vil vere kontroll med eksporten som ikkje Toll- og avgiftsdirektoratet utfører.

Fjerde ledd slår fast at forvaltingslova ikkje skal gjelde for EFF. Det er gjort unnatak for enkeltvedtak som EFF gjer etter § 3 i lova, det vil seie enkeltvedtak som gjeld registrering av eksportørar.

Til § 3 (Registrering av eksportører)

Første ledd slår fast at det er forbode å eksportere fisk og fiskevarer for den som ikkje er registrert i samsvar med reglane i loven. Formuleringa «lovens regler» skal også omfatte føresegner gitt med heimel i lova. Føresegna inneber at det i forskrift ikkje kan stillast andre vilkår for registrering enn at eksportøren har betalt årsavgift. Storleiken på avgifta vil bli fastsett i forskrift. Det presiserast også at sletting frå registeret berre kan skje som følgje av manglande betaling av avgift. Dersom ein eksportør går konkurs vil ein såleis måtte vente til neste forfall før eksportøren kan slettast frå registeret. Ved at avgifta er ei årleg avgift, med unnatak for dei to første åra, vil denne perioden vere av avgrensa lengde. Formålet med føresegna er at ordninga skal vere mest mogleg standardisert. Dette tener til å oppfylle det som erfaring har vist er realiteten i dag, samtidig som det gir høve for at EFF kan utføre denne oppgåva sjølv om det blir omgjort til eit aksjeselskap.

Andre ledd gir departementet fullmakt til å fastsetje forskrifter om at EFF skal utføre registreringsordninga og føre register over dei eksportørane som vert registrerte. Når det visast til at registeret skal førast over eksportørar som etter lova har rett til å eksportere fisk og fiskevarer, skal det også omfatte føresegner i forskrifter gitt med heimel i lova.

Til § 8 (opplysningsplikt) andre punktum

Føresegna inneber at departementet ved forskrift kan gi nærare føresegn om utstrekninga og gjennomføringa av den opplysningsplikta som er regulert i første ledd. Det vil til dømes seie eksportørane si plikt til å gje dei opplysningane til Fiskeridirektoratet som er nødvendige for at direktoratet skal kunne gjennomføre kontroll med at lova blir overhalde.

Iverksetjing og overgangsreglar

Nr 1 overlet til Kongen å fastsetje tidspunktet for når lova skal teke til å gjelde. Tidspunktet vil bli fastsett med omsyn til gjennomføringstidspunktet for omgjeringa. Siktemålet er at dette skal skje frå 1. juli 2005.

Nr. 2 fastset at omgjeringa av EFF til aksjeselskap skjer ved at alle eigedelar, rettar og forpliktingar i heilskap overførast frå EFF til aksjeselskapet, samtidig som staten skal få eigedomsrett til alle aksjane. Den selskapsrettslege stiftinga vil skje etter reglane om stifting av aksjeselskap i aksjelova.

Nr. 3 er ein særregel som sikrar at alle dei offentlege rettar, løyver og konsesjonar EFF har, overførast til det nye aksjeselskapet utan nærare løyve frå vedkommande offentlege tenestemakt. Forslaget vil lette omgjeringa, då det med heimel i den foreslåtte lovføresegna kan overførast offentlege rettar, løyver og konsesjonar utan ei individuell sakshandsaming. Det blir også foreslått ein særregel om omregistrering av eigedelar, rettar med vidare i offentlege registre i samband med omgjeringa. Føresegna gir grunnlag for å registrere overføring til aksjeselskapet ved at vedkommande tenestemakt gjer ei namneendring i vedkommande register.

Nr. 4 inneheld ei føresegn som hindrar kreditorar og andre rettshavarar å motsetje seg at aksjeselskapet i samband med omgjeringa overtek EFF sine forpliktingar. Dette vil kunne vere løpande kontraktar og avtalar. Ved omgjeringa til aksjeselskap er det føresett at alle slike kontraktar eller avtalar skal overførast til aksjeselskapet. I mangel av lovregulering ville medkontrahentar kunne nekte å samtykke i at slik overføring skal ha frigjerande verknad for EFF. Det går fram av forslaget at også staten er friteken for ansvar når forpliktinga er overført til aksjeselskapet. Med den organisasjonsformen EFF har i dag, vil det vere staten v/departementet som blir økonomisk ansvarlig for forpliktingar som eventuelt ikkje kan dekkjast av EFF sine eigne inntekter. Føresegna føreset at kreditorane sitt rettslege eller faktiske høve til dekking ikkje gjerast ringare som følgje av omgjeringa. Denne føresetnaden er oppfylt for EFF sitt vedkommande.

Til forsida