Ot.prp. nr. 94 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apoteketaten mv.

Til innhaldsliste

2 Om forslaga

2.1 Lov om pensjonsordning for apotek­etaten

Departementet tek i høyringsbrevet opp følgjande forslag til endringar i lov om pensjonsordning for apoteketaten:

  • Det går fram av § 3 nr. 1 kva som skal reknast som pensjonsgivande tenestetid. Det vert foreslått å klargjere at betalt pensjonspremie er eit vilkår for at tenestetida kan reknast som pensjonsgivande tenestetid.

  • § 4 andre ledd gir heimel for at tid med permisjon utan lønn og anna mellombels fråvær vert rekna som pensjonsgivande tenestetid når det er bestemt i tariffavtale mellom Norges Apotekerforening og arbeidstakarorganisasjonane. Frå 1. mars 2001 er det fleire tariffområde i apoteksektoren. Norges Apotekerforening er ikkje lenger tariffpart. Det vert derfor foreslått at styret i Pensjonsordning for apoteketaten får fullmakt til å akseptere at tariffavtalar om slik medrekning får verknad i forhold til pensjonsordninga.

  • Endring av regelen om berekning av høgaste pensjonsgrunnlag i § 5 første og andre ledd. I høyringsbrevet vert det foreslått at høgaste pensjonsgrunnlag vert sett til 12 gonger grunnbeløpet i folketrygda. I dag er pensjonsgrunnlaget for apotekarar 120 prosent av høgaste faste tariffbestemte lønn for provisorar. For dei andre medlemmene er pensjonsgrunnlaget den faste tariffbestemte eller avtalte årslønna avgrensa oppover til pensjonsgrunnlaget for apotekarar.

  • Oppheving av ei særleg plikt for apotekarar til å stå i stilling inntil bevilling til å drive apotek er meldt til etterfølgjaren, jfr. § 6 nr. 1 andre ledd.

  • Heving av aldersgrense frå 68 år til 70 år, jfr. § 6 nr. 1 tredje ledd. Apotekarar og provisorar er dei einaste i dag som har 70 års aldersgrense.

  • Oppheving av særregel om tidspunkt for alderspensjon til apotekar, jfr. § 9 første ledd første punktum. Etter føresegna startar alderspensjon for apotekar frå den første dagen i månaden etter at ein ny innehavar tek over apoteket.

  • Oppheving av særregel i § 20 første ledd andre punktum om tidspunkt for utbetaling av enkje- eller enkjemannspensjon til ektefelle som var gift med ein apotekar. Etter føresegna startar enkje- eller enkjemannspensjonen frå og med den månaden apoteket vert overført til ein ny innehavar. Styret er gitt høve til å dispensere frå regelen, og kan yte pensjon frå eit tidlegare tidspunkt.

  • Oppheving av føresegn om avgrensing av pensjon i § 25. Det går fram av føresegna at eit medlem som tidlegare har vore medlem av privat kollektiv pensjonsordning, og gjennom denne pensjonsordninga er sikra rettar som ikkje vert samordna etter § 1 nr. 2 i lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser, ikkje kan få ein høgare pensjon etter lov om pensjonsordning for apoteketaten for seg og sine etterlatne enn at den saman med dei private pensjonsrettane utgjer full pensjon etter lovens føresegner.

  • Endring i reglar om premiefastsetting i § 29 nr. 2. I dag skal premien, og fordelinga av denne mellom arbeidsgivar og arbeidstakar, verte fastsett av Kongen etter at tariffpartane har hatt høve til å uttale seg. Det vert foreslått at departementet kan differensiere premien for dei ulike arbeidsgivarar.

  • Innføring av ein alternativ reguleringsmåte av pensjonsgrunnlaget. Slik § 34 lyder i dag, har styret i pensjonsordninga fullmakt til å bestemme at pensjonane skal aukast tilsvarande dei tariffbestemte lønnsaukane. Det vert foreslått at styret også kan bestemme at pensjonsgrunn­laget skal regulerast tilsvarande som grunnbeløpet i folketrygda.

2.2 Lov om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apoteketaten

Avtalefesta pensjon for medlemmer av Pen­sjonsordning for apoteketaten er både lovfesta og tariffesta. Lov 1. juli 1994 nr. 49 om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apoteketaten viser til tariffavtale, og det er tariffavtalen som i størst grad styrer korleis ein reknar ut ytingane. Etter § 2 i loven er det eit krav at Norges Apotekerforening er part i tariffavtalen. Men frå 1. januar 2001 er arbeidsgivaransvaret som Norges Apotekerforening tidlegare hadde, overført til Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH), og frå 1. mars 2001 vil også andre arbeidsgivarpartar vere aktuelle. Endringane i kven som er tariffavtalepart medfører eit behov for endring av lovteksten.

For at dei forskjellige tariffavtalane om AFP skal kunne omfattast av lov om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apoteketaten, foreslår departementet at det vert stilt krav om at tilknytinga til loven for tariffavtalene om AFP vert avgjord av styret i pensjonsordninga.

Til forsida