Ot.prp. nr. 94 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apoteketaten mv.

Til innhaldsliste

5 Når endringane trer i kraft. Overgangsføresegner. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at endringane i lov om pensjonsordning for apoteketaten trer i kraft frå den tid Kongen fastset. Endringa av aldersgrensa frå 68 år til 70 år, jfr. § 6 nr. 1 tredje punktum, vert foreslått å ikkje få verknad for dei som når loven trer i kraft har mindre enn 10 år igjen til aldersgrensa og som ikkje vel å vere omfatta av den nye aldersgrensa.

Endringa i § 5 om maksimalt pensjonsgrunnlag inneber at arbeidstakarar som etter lovendringa er i stilling med rett til medlemskap er omfatta. Pensjonistar er ikkje omfatta. Heller ikkje dei som før lovendringa har gått ut av pensjonsordninga, slik at dei ikkje lenger er vanlege medlemmer, er omfatta. Denne løysinga er ein konsekvens av at pensjonsgrunnlaget ved pensjoneringstidspunktet vert nytta for heile pensjonsoppteninga. Forslaga vil ikkje ha økonomiske konsekvensar for staten. For Pensjonsordning for apoteketaten vil kostnaden ved utvidinga av pensjonsgrunnlag i § 5 vere todelt. For det første vil det vere ein eingongskostnad ved å oppgradere opptente rettar. For det andre vil det vere ein auka kostnad for løpande opptening. Eingongskostnaden ved å heve maksimalt pensjonsgrunnlag til 10 gonger grunnbeløpet i folketrygda vil vere på ca. 60 millionar kroner. Den årlege kostnaden vil vere ca. 5 millionar kroner. Ved ei eventuell lønnsgliding vil den løpande meirkostnaden kunne stige. Pensjonsordninga dekkjer dei administrative kostnadene ved endringa. Pensjonsordningas bufferkapital er 230 millionar kroner pr 31. desember 2005.

Departementet foreslår at endringa i lov om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apoteketaten §§ 2 og 3 trer i kraft frå den tid Kongen fastset.

Til forsida